søndag 27. september 2009
VONDT SAMVIT
Det har eg saktens hatt stundom, men sjeldan så gale som ein gong for godt over femti år sidan. Eg var kanskje ti år eller vel så det. Bror Steinar, som er ein av dei mest moralsk høgverdige menneske eg kjenner, fann på litt av kvart i dei dagar. Ein dag lokka han meg på tur inn i Stavsdalen, det var noko han ville vise meg. Så drog han fram ein halvfull tipakning med sigarettar som han hadde fått tak i. Fyrstikker hadde han og. Eg visste godt at røyking var både ulovleg og fårleg, men lét meg freiste til å prøve. Korleis eg tykte det smakte den gongen, kan eg ikkje hugse. Men me fekk no knekt eit par sigarettar kvar.
Etterpå kom samvitet over meg, eg vart nesten på gråten då eg tenkte på kva eg hadde gjort. Eg lurte på om eg skulle lette hugen min med å fortelje mamma at eg hadde røykt, men slo det ifrå meg.
Tida lækjer ein del sår. Etter kvart som dagane og vekene leid, vart det lettare å leve med skamma. Men det gjekk nokre år før eg prøvde røyking på nytt, og då vart ikkje samvitsgnaget så sterkt. Seinare i livet har eg begått ein del fest- og ferierøyking i ny og ne, men det siste året har det ikkje vore såpass eingong.
lørdag 26. september 2009
Å VERTE RIK I EIN FART
Den draumen vart tend i mange då Norsk Tipping sette i gong med fotballtipping i 1948. Så langt tilbake hugsar eg ikkje noko om tippinga. Men midt på femtitalet var det fleire i Flekke som delte draumen om snarleg velstand. Papen heiv seg med og sende inn nokre rekkjer i ny og ne. Tjuefem øre rekkja kosta det, og på ein kupong var det plass til åtte rekkjer, trur eg. Og eg meiner å hugse at førstepremien kunne ryke opp i hundre tusen.
Ein dag fylte papen ut ei rekkje med berre einarar. I eksperttipset i Bergens Arbeierblad hadde dei foreslått elleve einarar, så han slengde like godt på den tolvte og. Laurdags kvelden, etter barnetimen og på slutten av nyheitene som kom klokka sju i radioen, kom tipperesultatet. Steinar og eg kappsprang i floren og forkynte jublande at papen hadde vunne tolv rette. "Kva for ei rekkje var det på?" spurde papen, og me opplyste at det var den med berre einarar. "Då verte da ikkje rare premien," sa papen. Men han drøymde nok om ei viss betring i privatøkonomien, og eit par tusenlappar kunne det verte. Store pengar, det og, sjølv om det langt frå vart nokon toppremie. Skal tru kva mamma og papen drøste om etter at dei var lagde.
Etter kunngjeringa i floren heiv eg meg på sykkelen og ville dele nyhendet med Jan Hovlandsdal. Eg var knapt innom døra komen før Jan ropte ut: "Bakar-Odd'n har vunne tolv rette!" Eg repliserte med at det hadde papen og.
Neste dag, då dampen kom og alle flekkingane oppdatert seg på alt nytt i bygda, kom det for ein dag at det var fleire i Flekke som hadde tippa tolvaren. Og papen innsåg, nøktern som han var, at det knapt vart mange hundrelappar i premie. Måndags kvelden hadde dei talt opp alle kupongane og rekna ut premien: Tjuefem kroner for tolv rette! Så var alt med det gamle att.
onsdag 23. september 2009
EKKEL BRUS
Det var ikkje for mange jamaldringar i grannelaget vårt i "sjølve" Flekke. Etter at Jan Hovlandsdal kom til bygda, var eg av og til med han, ja, i nokre periodar var me mykje i lag. Jan var tre år eldre enn meg. Knut David var eitt år yngre og den guten som var tettast opp til meg i alder. Faktisk var me ikkje så mykje i lag før me kom opp i storskulen eit stykke. Då var eg meir med Hildur Leirpoll, som var eit år eldre. Og så hadde eg brør, men dei hadde som regel sine. Steinar og eg var nok ein del i lag, iallfall når Steinar fann på fantestykke.
Brus var ikkje kvardagsdrykk for oss. Det vart som regel råd med ei flaske jonsokafta, og med hol i korken gjekk me og smatta på brusflaskene våre til det mot slutten var att berre eit tjukt lag med kjekssmular på botnen av flaska. Appelsinbrus var populært, gul og fin farge og ein pen etikett med ei avskoren appelsin.
Ein vakker dag fann Steinar og eg ei tom appelsinbrusflaske på stabburet, pissa på henne og kunne konstatere at produktet vart slåande likt originalvara. Glinsande gult, og med litt skum på toppen. Om Hildur kom oppom, eller om me henta henne, hugsar eg ikkje. Men brått var ho der, og me kunne stolt fortelje at me hadde appelsinbrus, og at ho godt kunne få smake. Ho sette med glede flaska til munnen, men vart djupt vonbroten då ho kjende smaken.
søndag 20. september 2009
EIN AV DESSE ROLEGE DAGANE
Her er fint lite å skrive om. Og eg har hatt skrivesperre i nokre dagar når det gjeld bloggen. Det er ingen god grunn til det. I dag har Anne og eg rusla ein tur i Handelandsdalen med kvar si korg. Det regna då me stod opp, det regna då me var vel heimkomne, men sola skein og alt var vakkert mens me gjekk tur. Korgene våre var like tomme då me kom heim, bortsett frå to hatleneter. Sopp fann me ikkje. Det er svært sjeldan at me har sett så lite etande sopp.
På vegen heim var me på epleslang. Nei, det var avtalt og heilt lovleg. Me plukka ei øskje full med filippaeple og ei bytte med ein sort sure eple som skal vere gode til mos og sylte.
Iallfall dei to yngste gutane har nok lagt særskilt merke til datoen i dag. Hunden vår, Bobbi, feira alltid bursdag på denne datoen. Me visste ikkje nøyaktig kva dag ho var fødd, men me fastsette datoen, som i det minste er temmelg nær den rette. No er det 27 år sidan, og ho har vore daud i over tolv av dei åra. Men me har ikkje gløymt henne. Og den vegen me gjekk i dag, gjekk ho tur mange, mange gonger.
mandag 14. september 2009
VALVAKE
Anne og eg gjekk i strålande haustvêr til Valen skule i dag og røysta for den raudgrøne regjeringa. Det kan godt hende me vert sitjande ei stund i kveld, men eg tvilar på at det vert så seint som i gamle dagar.
Første valvaka eg kan hugse, var i 1963, då kommunevalet var så seint som den 23. september. Det hadde vore ein høgdramatisk sommar og haust i norsk politikk. I august laut Gerhardsen gå, og om lag fire veker etterpå kom han att. Arbeidarpartiet prøvde å gjere kommunevalet til ei meiningsmåling for eller mot AP-regjering. Dette lukkast dei nok med til ei viss grad. Arbeidarpartiet gjorde eit skikkeleg godt val.
Eg var heime frå Firda Gymnas på haustferie. Godt utrusta med eple frå hagen vår og kaffi frå kjøkkenet sat eg og høyrde radio til langt på natt. Som medlem i AUF-laget på Sandane likte eg det eg høyrde. Men magen min mislikte mengda av eple og kaffi og slo seg skikkeleg vrang utpå morgonsida.
For nokså nøyaktig førti år sidan (pluss seks dagar) skulle domen fellast over Borten-regjeringa. Første delen av kvelden var eg ute hos bror Steinar og høyrde på resultat. Då eg utpå kvelden var på veg heim til studentbyen på Fantoft, var Trygve Bratteli nær ved å late seg hylle som ny statsminister. Heime på Fantoft sat Anne og Rune (me visste ikkje då at den femten dagar gamle guten vår skulle heite Rune) og lytta spent. Gutlarven burde ha vore i seng for lenge sidan, men dette var for spennande for han. Anne la seg etter ei lita stund, men Rune og eg sat og følgde med. Me måtte etter kvart erkjenne at SF miste dei to representantane dei hadde hatt i Oslo og Nordland. Finn Gustavsen måtte ut or Tinget! Dermed vart det framleis borgarleg fleirtal, så knapt som mogeleg.
Eg blanda meg ei stor krus appelsinsaft og trøysta meg med. Og han som sat i armkroken min rette truten sin mot krusa og smatta. Så han fekk smake, og drakk med god apetitt av krus. Femten dagar gammal. Men Borten heldt fram som statsminister i eitt og eit halvt år til.
søndag 13. september 2009
13. SEPTEMBER
Den datoen seier meg lite og ingen ting, bortsett frå at det er dagen idag. Yngsteguten Tore var heime i helga. Me snakka om bloggen, og han meinte at eg godt kunne skrive litt om "No", ikkje berre "Då". Så eg kunne skrive om kva eg hadde gjort i dag, sa han. Vel, vel. Endeleg fekk me ein solblank dag etter mykje regn og gråvêr dei siste vekene. Eg har vore godt forkjøla eit par dagar, kjende meg tett og tung då eg kom frå jobb fredag, og i går hosta og grylte eg, var ikkje i toppform, "berre halvannan mann", som kollega og ven Arild ville seie. Anne var livredd for og halvsikker på at eg hadde fått svineinfluensa, noko eg kjende meg skråsikker på ikkje var rett diagnose. Eg tok to paracet og eit par supar hostesaft før eg la meg - på einerom - og sovna godt, sveitta dugeleg i natt og vakna i rimeleg bra form.
Me skulle eigentleg ha gått til skogs i godvêret og sett etter tytebær og sopp. Men me vart ved heimen. Eg plukka halvannan liter bjørnebær i krattet nedanfor eigedommen vår, som eg sukra og fraus.
Etter middag - herleg omnssteikt panne med kyllinglår og ymse grønsaker - unnte me oss ei god middagskvild. Og då Tore drog og skulle heim til seg sjølv om ettermiddagen, sat me på bort i Porsvika til Kari og Helge, som hadde bedt oss på kaffi.
No er me heime, Anne ser på fotball på fjernsynet, ute er det ein skarlagensraud kveldshimmel i vest, og eg sit og skriv.
torsdag 10. september 2009
ØRKENENS SKIB FORLET OASEN
Eg tykte ikkje nett at Bjerkebakken til herr og fru Noven var nokon oase. Eg vart nok ofte lei alle dei gjeremåla som følgde med. Men det kom nokre kroner av det. Stundom stakk dei til meg nokre få kroner inntulla i papir, som løn for strev. Pengane kom vel med, ein ung mann hadde sine utlegg, anten det var blad og bøker eller snop.
Noven vart som før fortalt, senil og smårar. Ein vakker dag hjelpte eg og fleire med meg han ut i ein bil som sende han til sjukehuset på Tronvik. Jenny budde heime nokre år åleine før ho hamna på gamleheimen i Dale. Eg vil tru at broren Christian sytte for begge omflyttingane. Eg prøvde ein gong å seie opp jobben min, men då vart fru Noven så fortvila at eg slo det frå meg. Men då eg skulle til Sandane for å gå på gymnas, var det ingen veg utanom, og ho skjønte at eg laut velje henne vekk for å få meg ein akademisk karriere. Håkon Hellevik tok over for meg.
Gustav Noven bar me til grava i 1963. Jenny var ikkje i gravferda. Sjølv døydde ho i 1968, nærmare 90 år. Ein del flekkingar var i gravferda, og somme av dei kunne fortelje at dei aldri hadde sett henne...
Og Bjerkebakken med hus og hage stod tomt i årevis, heilt til testamentet etter Christian Bekker vart fullbyrda.
onsdag 9. september 2009
INNE I LÅSEN
På slutten av tida i Bjerkebakken var Gustav Noven nokså redusert, for å seie det mildt. Han vart senil, tullete og knapt god til å gå. Alzheimer, kanskje? Eg, som kom med mjølk, fekk stadig nye oppgåver. Eg gjekk ærend og handla, og vinterstid saga eg og bar inn ved, brøytte snø og bar inn vatn når springen var tom. Det var ei kjelde som ikkje fraus, rett utanfor tomta deira.
I kjellaren var det mykje som interesserte meg. Stort sett heldt eg nok fingrane vekke frå snikkarmaskinane. Men sylinderlåsen fekk ikkje vere i fred. Herr og fru Noven var sikkert redde for tjuvpakk og hadde skaffa seg dobbel lås på kjellardøra. Sikkert på dei andre dørene og. I kjellardøra var det ein vanleg gammaldags lås, men i tillegg påmontert ein moderne sylinderlås. Korleis fungerte den, skal tru? Lykelen var jo full av hakk i ulik djupne. Hugs at dette var om lag femti år sidan! Eg var ikkje van med sylinderlåsar og slike lyklar. Så eg skrudde sund låsen og granska han. Der kom forlåte meg sylindrane dettande ut! Sylindrar i ulik lengd. Eg prøvde etter fattige evner å skru det heile i hop att. Men då verka ikkje lykelen lenger. Eg prøvde å sortere sylindrane endå ein gong. Ikkje tale om at eg fekk det til!
Eg fortalde Jenny at låsen ikkje verka lenger, eg fekk ikkje lykelen rundt. Bakgrunnen for den dysfunksjonelle låsen nemnde eg ikkje. "Men får du ikke døren igjen slik at rotter op mus holdes ute? Jau, døra er i orden den, og ho kan låsast med den gamle låsen, kunne eg trøyste henne med.
Det enda med at eg tok på meg å kjøpe ein ny lås og setje på. Det eg fekk tak i, vart ei innretning med hengjelås, som eg monterte på utsida. Fru Noven var vel aldri ned og sjekka, og om så hadde vore, ville ho sikkert ha godteke løysinga.
Men enno den dag i dag veit eg korleis ein sylinderlås er konstruert.
tirsdag 8. september 2009
ØRKENENS SKIB
Ut gjennom femtiåra og fram til eg begynte på gymnaset i 1961 hadde eg min daglege spasertur med eit halvfullt mjølkespann opp til Novahuset og heim att med eit tomt. Jenny og Gustav Noven var venlege sjeler og stort sett greie arbeidsgjevarar. Jenny var faktisk seksten år eldre enn mannen sin. Ho var fødd i 1879, mens Gustav var fødd i 1895. Jenny Noven var folkesky og var aldri å sjå utanfor hagen sin. Ho var aldri ned til Flekke, mens Noven - så lenge han var frisk nok - hadde sine daglege turar med ryggsekken sin.
Bror til Jenny var den ikkje ukjende Christian Bekker. Han var ofte på vitjing hos systera si og svogeren. Bekker hadde talegåver og fantasi, og han elska ein sofistikert prat. Han såg tydelege samanhengar mellom ein oase i ørkenen og Bjerkebakken - heimen til herr og fru Noven der oppe i Finnbakkane. Og der kom eg voggande med mjølk til gards, nett som dromedaren som kryssar ørkenen med verdfulle forsyningar til dei som bur i oasen. Dermed døypte han meg for "Ørkenens skib".
mandag 7. september 2009
STORE OG LILLE MELKEVEI
I 1952 flytte Jenny og Gustav Noven til Flekke. Dei bygde seg hus under bøgarden øvst i Finnbakkane, kort veg og lett synleg frå tunet heime. Så det fall naturleg å avtale med mamma og papen om dagleg mjølkeleveranse frå oss. Her var det dessutan tre lettføtte gutar som kunne frakte mjølka til tuns. Det var vel snakk om ein eller halvannan liter dagleg.
Me slapp gjere det gratis. Anten det no var lagt inn i avtalen eller det kom av godvilje frå Noven si side, veit eg ikkje. Men med det månadlege oppgjeret stod det blått på kvitt med skjelvande gubbehand og rettskriving frå 1907: "Gutterne kroner 5."
Det kan vel hende at dei eldre brørne mine dominerte i jobbsamanhengen den første tida, her som elles. Men etter kvart trekte dei seg ut av denne lukrative forretningsdrifta, og eg vart ståande att med heile ansvaret. Så då måtte eg gå kvar bidige dag med eit dinglande mjølkespann inn i Vegeskiftet (den vegen finst ikkje lenger), opp stien langs Finnbakkane og inn grinda til Noven, byte spannet med eit tomt spann som stod på trappa, og så heim att. Men ved kvart månadsskife kom løna i form av ein blå papirfemkroning. Og pengane kom vel med.
Ein mjølketransport i mykje større målestokk gjekk gjennom Finn-tunet, over Finn-brua og til mjølkebukken som papen, garakarane og Finn i fellesskap hadde sett opp attmed riksvegen. Etter at meieriet i Bygstad kom, og dei leverte fersk mjølk istadenfor å kinne smør, var det her at mjølkebilen plukka opp dei store aluminiumsspanna til første etappe på den lange transporten til Bygstad.
Erik Sølvberg og Steinarbroren gjekk ein vakker dag i gong med å innføre gatenamn i Flekke. Då vart vegen inn til mjølkebukken døypt for Store Melkeveien og traseen opp til Noven fekk namnet Lille Melkeveien. Men namna fekk nok ikkje gjennomslag verken i Statens kartverk eller på folkemunne.
torsdag 3. september 2009
THE TIMES, THEY ARE A-CHANGIN' - OGSÅ I SJØEN
No etter at eg vart førti prosent pensjonist, kan eg stundom tillate meg å setje og dra garn midt i veka. I dag tidleg var eg ute på ein blikkstille fjord og drog eit garn rett bortanfor berget vårt. Det vart ein fiskemiddag og ein krabbekvelds til oss to. Faktisk laut eg plukke ut fem krabbar or garnet, men dei fleste var nokså tomme, dessverre. Men me fekk rikeleg mat til ein velsmakande kvelds. No i sommar har me hatt ein del slike måltid. Me har fått ein del krabbar, men dei har vore skrøpelegare enn det me har vore vane med her ved Høylandsundet. Ikkje veit eg kva som er grunnen.
Men den største skilnaden på garnfisket mitt no og før er det med kråkebollane. For nokre år sidan var det kviafullt å dra garn, for dei var smikkfulle med kråkebollar. I sommar har eg ikkje sett ein einaste kråkebolle. Ikkje ein! Då det florerte med desse ekle, piggete beista, sa folk at det kom av overbeskatning av steinbit. Steinbiten var så glad i kråkebollar og var den einaste fienden dei hadde, meinte somme. Men steinbiten kan iallfall ikkje ta skulda for at kråkebollane er vekke; då skulle ein tru at det gjekk steinbit i garnet stundom. Nei, eg har ikkje sett ein einaste steinbit i år. Og ikkje kråkebollar heller, som sagt. Kråkebollerogn er forresten ein delikatesse lenger sør i verda. Den tid dei fylte opp stranda her, prøvesmakte eg denne delikatessen. Kakka toppen av eit par store eksemplar og slurpa i meg rogna. Det smakte ikkje så verst, men eg nøgde meg med eit par smaksprøver.
tirsdag 1. september 2009
THE TIMES THEY ARE A-CHANGIN'
Bob Dylan har rett. Og folk på min alder seier alt for ofte at det meste var betre i gamle, gode dagar. Det var det ikkje. Somt var, men bevaremegvel! For 70 år sidan i dag gjekk Tyskland til åtak på Polen og innleidde det verste barbariet Europa har sett.
Men det var noko heilt anna eg tenkte å nemne. Me hadde skuleval på Kvinnherad vidaregåande skule i dag. Frp fekk over 40 % av røystene. Resten vart nokolunde jamt fordelt på dei seks andre stortingspartia, Raudt og Miljøpartiet. Enkelte brukar utfallet som teikn på at framtida høyrer Frp til. Monn det. På Firda Gymnas i 1961 hadde me faktisk òg skuleval, noko som forresten var uvanleg på den tida. Venstre var den soleklare vinnaren. Kommentarane gjekk då på at dette var eit frampeik om framtidig styrkeforhold i politikken. Femten år etterpå var Venstre nesten utradert som parti. I 1973 hadde me skuleval for dei om lag hundre elevane på det som då heitte Kvinnherad gymnas. SV og Raud valallianse fekk over femti prosent! Dei raudaste elevane rekna med at revolusjonen var like om hjørnet. Tidleg på åttitalet storma Høgre fram som det desidert største partiet på Kvinnherad vidaregåande skule, med Frp på slep som eitt av dei største etter Høgre. Men i 1985 var det SV som segla opp som den store valvinnaren på skulen vår. Slik har det svinga, og eg trur me skal vere varsame med å spå om framtida. Tidene skifter, men kva veg dei vender, er uråd å spå. Iallfall for meg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)