I 1955 laga filmen "Blackboard Jungle" bruduljar. I opningssekvensen får me høyre Bill Haleys "Rock Around the Clock", ein låt som mange ser på som startskotet for den høgt elska og djupt forakta musikkforma Rock 'n Roll. Seint på året signerte Elvis sin første platekontrakt. Sommaren 1957 var rocken komen til Flekke, nærmare bestemt inn på løa vår.
Ein liten analyse kan avsløre to kanalar: Brørne mine gjekk på Falchs Pensjonat- og Realskole i Dale der det kom ungdom frå det ganske land, ikkje minst frå kjempestore byar som Oslo, Bergen og Trondheim. Ein ungdom som vart gripen i rockeopptøyar då filmen Rock Around the Clock gjekk i Bergen i 1956, vart send til skulen i Dale, for eksempel.
Men den utløysande årsaka til rockemønstringar på løa vår nokre sundagskveldar sommaren 1957 var nok byungdommane som var på ferie i Flekke. Ei heil lita røys av ungdommar frå Bergen og andre fjerne strøk ferierte i bygda hos nære eller fjerne slektningar og vener. Dei fraterniserte villig med oss innfødde og innvigde oss i trendar ute i den vide verda. Somme av dei hadde grammofon - platespelar heitte det no - og bunkar med små 45-plater i ymse fargar. Papen opna for at sønene fekk stå ansvarleg for tilskipingar på løa, og låvegolvet låg vel til rette for danseføtene. I høystålet fanst det mjuke og gode kvileplassar. Snart ljoma rocken utover bygda. Elvis, Tommy Steele, Fats Domino, Paul Anka, Jerry Lee Lewis ... you name it.
Sjølv var eg berrre tolv år og aller nådigast med på kjøt og flesk ei stund utover kvelden. Ungdommar i Flekke som hadde passert tenåra, kikka innom, riste på hovudet og mumla noko om å få tak i ein trekkspelar. Somme spreidde rykte om usømelege øvingar i høyet.
Papen og mamma sette lite pris på musikkforma, men var nok fornøgde med at sønene heldt seg heime, så dei fann seg i skrammelet ei stund utover sundagsnatta. Men dei skulle no stå opp klokka seks og mjølke, og så var det slått, slått og atter slått. Så etter midnatt gjekk papen ut på gongen ved soverommet og skrudde ut sikringane til uthusa. "Men trur du ikkje at han dare byfyren hadde batteri på spelaren sin!" avslutta han då han seinare gjorde greie for det nyttelause tiltaket sitt.
tirsdag 27. juli 2010
mandag 26. juli 2010
RAPPORT FRÅ BÆRHAGEN
For snart åtti år var det Karl Flekke som eit par år åtte garden heime, og han planta nokre bærbusker nedanfor stova. Tretti år seinare planta mamma fleire solbærbusker ovanfor eldhuset. Papen forærte alle buskene ein god klatt møk kvar bidige vår, og dei lønte denne gjerninnga med rikelege mengder rips, solbær og stikkelsbær.
Så gjekk det om lag femten år, og Anne og eg flytte til Husnes med vår veksande familie. Eg skar ned ein der stiklingar av rips- og solbærbuskene ein vår me var i Flekke, og dei slo rot i hagen i Furuvegen. I 1983 grov me dei opp og planta dei på Eikelandsberget i den nye hagen vår der.
Men dei var helst pjuskne og gav lite avling i fleire år. Eg var på nippet til å ruske dei opp og hive dei på bålet. Dei fekk likevel ein ny sjanse; eg heiv på rikeleleg med kalk og litt seinare på våren ekstra rikeleg med fullgjødsel. No skjønte buskene at noko stod på, og dei fekk fart på seg. Dei siste åra har dei bore raust med både rips og solbær. Solbæra vert til saft, og mykje av ripsen no til dags vert dessertbær. Safta er høgt verdsett av alle som får smake. Ho har jamvel vore nytta til Kir Royal. Sukra rips er ein bankers når sønene er heime. Barneborna er litt meir skeptiske, iallfall ho eldste, som er hos oss no. Sigurd ville svært gjerne ha sukra rips med vaniljesaus, men utan bæra. Sausen derimot!
Me har ein heil liten skog med mynte - to sortar - i krydderkassen vår. Eg har komponert ein gele av rips med mynte. Han smakar herleg, problemet er at det berre er eg som vil ha. Svigermor mi var forresten glo etter den vanlege ripsgeleen som eg produserte.
No er det grenser for kor mykje saft og gele me to gamle treng, og dermed vert noko av ripsen ført tilbake til naturen, til glede for trast og skjor. I fleire år hausta me litt bær ved sjølvplukk på Haktorsens gartneri, og seinare i hagen på Valen sjukehus. Begge delar er avvikla no, så det kjem vel med at me er sjølvforsynte og vel så det.

lørdag 24. juli 2010
MENNESKETS BESTE VEN
No i hundedagane er det tida for å sende ein tanke til denne vår beste ven, som det heiter. Ja, hunden kan følgje deg i tjukt og tunt, han stiller opp for deg når du plystrar på han og kan ta på seg dei suraste plikter. Men så kan ein undrast om mennesket er hundens beste ven. Ofte har han vorte omtalt med forakt, ja, det halvveges banneordet "Ka hon'n" (normalisert: "Kva hunden!" ) er nesten sidestilt med ord som er brukte om svært vonde figurar. Ordet kynisk er avleidd frå det greske ordet for hund: kynos, altså er du hundeaktig når du er kynisk. Det har ikkje hunden fortent, spør du meg. Eit hundeliv og gå i hundane er andre uttrykk for hundeforakt, noko gode vener burde avstå frå. Så eg lurer på om me har gjengjeldt venskapen på ein verdig måte.
Anne er frå øya Selbjørn. Det er eit merkeleg namn, og kanskje avleidd frå (norrønt:) Salbjǫrn, som skulle tyde bjørnen i salen, altså ein bjørn inne i stova. Dette må vere ei omskriving av ordet hund, noko som er typisk for ein type ordbilete i gammalnorsk tid som dei kallar for kjenningar. Dei kunne til dømes kalle silda for sjøpil og pila for bogesild. Skipet vart omtalt som bølgjehest, osb. Men kvifor vart øya kalla Selbjørn og ikkje rett og slett Hund, som kan ha vore det gamle namnet på øya? Ei anna øy i kommunen heiter Hundvåkøy. Jau, å seie ordet hund på sjøen, var farleg, eit tabuord det følgde ulukke med. Men når dei låg der og pilka pale i heiden tid, kanskje ute med Marsteinen, kunne dei peike på øya og seie: "Skal me ro inn åt Selbjørn?" og verte forstått. Ei festleg namnetolking, som større fagfolk enn eg har konstruert. Men kvifor kalle øya Hund då, viss heile dette resonnementet held? Tja, det var vanleg å bruke dyrenamn på øyar og fjell, sikkert fordi dei såg likskap. Øya kunne minne om ein kvilande bissevov, tippar eg.
Men dei tok frykteleg feil når dei trudde at det var farleg å seie ordet på sjøen. Eg har prøvd, og det gjekk fint kvar gong. Dessutan gjekk det fint å ha Bobbi med i båt før i tida.

fredag 23. juli 2010
HUNDEDAGANE
I dag begynner hundedagane og varer ein månad. Det heiter seg at det var egyptarane som fann opp nemninga på denne varmaste perioden i året. I stjernebiletet Store hund kom den mest lyssterke stjerna Sirius - Hundestjerna - til syne. Egyptarane i oldtida laut lite på teikn i sol, stjerner og måne fordi dei ikkje hadde kalender frå Rema 1000 på veggen og heller ikkje internett og tekst-tv. Slik var det her i landet og. Så prøvde dei etter beste evner å tolke vêr og andre viktige fenomen ut frå primstav og himmelteikn. Ja, nordmennene hadde primstaven dei, det trur eg ikkje egyptarane hadde.
Når det var snakk om å spå vêret, var det dessverre nokså sprikjande tolkingar dei la for dagen: Kjem hundedagane med godvêr, skal dei gå ut med styggevêr. Alternativt: Det vêret me har når hundedagane år inn, skal vare heile perioden, altså ein månad. Eller: Det vert same vêret når dei går ut som når dei går inn. Elles skal ein vere på vakt mot hundar i den perioden. Dei er utsette for hundegalskap. Maten vert raskare skjemd i hundedagane, mjølka surnar lettare, lik i sjøen flyt opp, i det heile er det ei tid ein må tenkje seg om og vere på vakt mot både trolldom og djevelskap.
Me fekk iallfall ein flott inngang, sol og godvêr i fleng i dag. Mykje tyder på at godvêret held seg nokre dagar. Eg tenkjer me held fast på variant to ovanfor. Men eg ser mørkt på garnfiske. Det er meldt fare for store mengder maneter i sjøen framover. Og det er noko hundenskap å få i garna.

torsdag 22. juli 2010
HØNS PÅ SOMMARLEIR
Nei, når dette er skrive, kjem det ikkje fleire bloggar om høner. Iallfall ikkje på lenge.
Mamma, som til vanleg var ei forsiktig, jordnær kone, fann ein gong på noko heilt aparte. Det var sommar, og som før fortalt kunne nokon kvar verte irritert over hønene som gjekk omkring, skeit der det passa dei, var i vegen, kakla og varp i hytt og pine. Så ho fann rett og slett på at dei skulle få flytte opp om bøgarden og bu der om sommaren. Der oppe ligg to kjempesteinar, så store som hus. Me kallar dei Storestaua og Eldstaua. For ikkje-sunnfjordingar legg eg til at staue er det same som stove/stue (>gammalnorsk: stófa). Storestaua kvilte på eit par andre steinar og berg slik at det var eit godt, turt rom under henne, bra høgt fremst, og smalare lenger innunder. Her kan det ha budd folk i steinalderen, tenkte eg. Men ho kan ha rast ned frå fjellet Hellaren lenge etter den tid. Under Hellaren var det og godt mogleg å bu, der var det eit stort innhukk der regnet aldri nådde til. Men Hellaren ser du ikkje på biletet nedanfor. På toppen var Storestaua flat, og det voks blåbær og buskvekstar. På Eldstaua voks det faktisk liljekonvall. Men ho låg godt nedi bakken utan noko stort, godt opphaldsrom under seg.
Det var under Storestaua hønene skulle få bu. Dei fekk seg vagl og verpekasse med på sommarleiren, og me bar dei pent og pynteleg på plass. Mat fekk dei og. Sommardagen var på hell, det kvelda og skymdest. Men kva så? Me såg nokre kvite dottar som kom baksande ned bakkane. Hønene ville heim allereie første kvelden. Dei ville såvisst ikkje bu under Storestaua, endå så vel alt låg til rette. Snart hadde dei fleste kome seg heim att. Men det mangla ei. Dagen etter viste det seg at eitt eller anna utyske, bjørn, ulv, rev eller hønsehauk, kanskje ein røyskatt, hadde kverka henne, og berre delar av hamen låg att oppom garden.
Mamma laut erkjenne at hønsa i motsetning til sauer og kyr ikkje trong sommarferie.

Her ser du hønseruta. Storestaua ligg rett ovanfor bøgarden, og Eldstaua ligg eit lite steinkast unna.
onsdag 21. juli 2010
BLÅ HØNER
Ein dag eg kom bort på låven vår i Flekke i gamle dagar, trefte eg ei av dei frittgåande hønene våre, fin og blå i fjørdrakta kome stolt spankulerande ned låvebrua. Rett etter kom ei til, og endå ei... Dei hadde fått ein dus, blågrå farge, nokså ulik den kvite italienarfargen dei vanlegvis skulle ha. Kva skal dette tyde?
Jau, inne i ein krok låg det ein sundriven sekk med Odda Trollmjøl, eit gjødningsstoff dei produserte i det som no er nabobygda vår. Denne pulveriserte gjødsla var blå og populært å spreie på snøen der han låg litt for lenge på vårparten. Snøen smelta raskare, og graset fekk ein god start. Av ein eller annan grunn rulla hønene seg der, forfengelege som dei var. Bror Arne forklarte fenomenet slik: "Det var nok ei høne som prøvde det, og så tykte dei andre at ho vart flott og gjorde likeeins."
Men egga vart ikkje blå.

tirsdag 20. juli 2010
EKLE DYR
Eg støttar bloggkollega Gunnar i synet på egg (18. juni 2010), og eg kjem ikkje unna at egga kjem frå høna. Høner er i og for seg ålreite dyr, men dei kunne vere plagsame stundom. Heime hadde me og nokre få høner, som regel passeleg til eige forbruk av egg. Dei gjekk fritt omkring, og sommars tid kunne du treffe dei på dei mest irriterande plassar i og kring løa. Og når me kom med høylass og merra tok full peising opp låvebrua, kunne du forlite deg på at det fauk opp ei kaklande høne mellom frambeina på øyken, så det var nære på at både merr og lass kunne hamne utanfor låvebrua. Eller når me ville strekkje oss ei kort stund i ein høydunge, risikerte me eit KAKAKAKA og flaksande hønevenger oppetter dei brune, halvnakne kroppane våre.
Ein sommar bror Steinar og eg streva som hardast med slått og turrhøy, kvelvde eg meg nedpå i middagskvilda og duppa av ei kort stund. Bror Steinar kunne fortelje då eg atter kom til sans og samling, at eg hadde snakka i søvne og fordømt eggprodusentane våre på det hardaste: "Høner! Ekle dyr!"
Men egg er godt!

mandag 19. juli 2010
MIDT I SLÅTTEN
Ja, slik var det for femti år sidan og i dei næraste åra før og etter. Sjuande sans-dagboka mi frå 1960 fortel ikkje så mykje, men den sommaren førte eg nøye rekneskap med framdrifta i slåtten, spesielt med dei høylassa me fekk i hus. Og det vart til slutt 86 lass, dei siste to kom i hus laurdag sjette august. I tillegg hesja me litt hå. Eg har notert at berre fem av høylassa var høy på brøy, altså høy som var turka på bakken. Dei lassa tok me inn allereie onsdag den sjette juli. Det tyder på at sommaren ikkje var av dei mest brennheite. Kanskje noko slikt som i år? Når det var gode høgtrykkperiodar, brøydde me nokså mykje høy, ikkje minst oppe i bakkane. Elles var det hesjing, hesjing og atter hesjing. Så lat meg minne om ein tidlegare blogg.
For femti år sidan i går var me komne opp i femti lass, og me (rettare sagt merra) var driftige og trilla inn fem lass den dagen. Men for femti år sidan i dag var det ikkje noko turrhøytaking. Det var vel ein regnvêrsdag, tenkjer eg. Og når eg driv og siterer meg sjølv, kan du klikke her og sjå kva turrhøytaking gjekk ut på:
Til di orientering: Me turka alt høyet fram til 1962, og først i 1963 kom det opp siloar. Då var nyeløa under bygging.
Slåtten var ei uhyre hektisk tid, men likevel fekk me tid til litt bading, litt fotballspeling om kveldane, litt fisking og litt av kvart. Og så vart me så brune at byfolket misunnte oss. Me misunnte dei som kunne drive dank heile sommaren.

søndag 18. juli 2010
PARTIR C'EST MOURIR UN PEU
Såpass lærte eg i fransk på gymnaset, eit fag eg ikkje var glad i, men som eg seinare studerte, har undervist i gjennom eit par mannsaldrar (viss me reknar unge menn), og til ei viss grad praktisert på om lag femten turar til opphavslandet dei siste femten åra.
Å reise vekk er å døy litt. Det kan kjennast slik stundom, samtidig som forventningane om å kome til ein annan stad sukrar vemodet med avreisa. Å seie farvel er ein nær slektning av oppbrotet. I dag sa me farvel til to store og to små, som har vore her ei veke. Det gjev oss ei intens lukkekjensle å ha glade barneborn i og kring huset. Dei er fulle av liv og lyst, dei fer høgt og lågt, dei syner begeistring når dei er begeistra og græt når det er grunn til det. Det siste har nesten ikkje skjedd denne veka. Det er både smigrande og undergjerande når folk viser direkte at dei er glade i deg, som når dei kom springande til møtes med oss med sol i fjeset og armane utslegne.
Rett etter frukost drog både Tore (superonkel), Britt Kristin, Rune, Frida og Sigurd mot Bergen. No er det stille i huset, berre mor Anne som jublar når Brann scorar mot Stabæk eller bannar når bortelaget får mål. Den yngste sonen er og ser kampen. Barneborna med foreldre er nok komne om bord på Hurtigruta som skal ta dei med til Ålesund og meir familiegjesting der, før dei fer heim att til Trondheim.
Att sit me med ei kjensle av fred og glede. Bra å få litt ro i sinnet så me kan samle og sortere inntrykka. Men og litt sakn. Eit godt sakn. For me kjem til å sjå dei att, om att og om att. Dette var ikkje ei avreise som minner om varig bortgang.
Til slutt: Hjartelege gratulasjonar skal mor til dei to små ha: Britt Kristin fyller førti år i dag! Me hadde nokre enkle seremoniar på morgonkvisten før dei drog. Pakkar, song og god frukost. I dag har me dessutan fått nokre solstrålar.

lørdag 17. juli 2010
SNIGLEKRIGEN
Eg sveipte innom temaet for nokre veker sidan. Det same gjorde bloggkollega Gunnar, som har sin eigen metode i snigklekrigen.
Då eg var gutunge og sprang i stuttbukse og leikte med båtar i kjelda borte i tunet, hugsar eg berre to snigleslag: Små gråsniglar og store svartesniglar. Mange år seinare såg mamma ein snigel av eeit nytt slag. Han var stor og nesten kvit, og ho var overtydd om at han måtte vere sjuk. Om ho dermed tykte så synd i han at ho let vere å avlive beistet, veit eg ikkje, men det dukka visst opp fleire slike. No dukkar dei opp i alle regnbogens fargar, så å seie. Og beista med den i og for seg vakre brunfargen skal visstnok vere dei verste.
Somme betaler barneborn for å plukke sniglar. Andre kjøper i dyre dommar med sniglekverk, sniglefeller, elektrisk sniglegjerde og eg veit ikkje kva. Sjølv har eg ein grei og enkel metode. Eg fyller litt vatn opp i ei bøtte, tek på meg ein plasthanske, plukkar dei og hiv dei i bøtta, kluftar dei tjue-tretti meterane ned til sjøen og hiv bøtteinnhaldet utpå. Seinare fiskar eg lyren som har mykje større glede av utyska enn eg har.
På turane våre til Frankrike ber me rett som det er om ein forrett med sniglar, seks stykke pent danderte i husa sine oppstilte på eit slags rundt fat utforma med passande søkk til sniglehusa. Innhaldet smakar varmt smør og kvitløk (to ingrediensar som det ikkje er spart på i denne retten), og så ein litt underleg bismak - rettare sagt: sniglesmak. Godt er det, iallfall når me kan skylle dei ned med ein slurk kvit vin.
Eg las i ei avis for eit par år sidan om nokon som prøvde å stelle til og ete brunsniglar på same måten, utan at det gav meirsmak. Eg seier iallfall nei takk til den retten.

fredag 16. juli 2010
STYLTRENE ER KLARE
Så var det Frida og Sigurd sin tur. Dei var med og gjorde dei ferdige, hjelpte til med å skru klossane på plass og var nyttige assistentar ved høvlebenken i kjellaren.
Sigurd tykte det var stas, men han ville mykje heller lage ferjer. Jamvel om her er ei røys med heimelaga treferjer i huset, og endå fleire i Bekkjarvik.

Frida var mykje meir villig til å lære å gå på dei, og det tok berre ti minutt før ho meistra kunsten. I mellomtida var både mor, onkel og bestefar oppå ulike styltrepar som finst i heimen.
torsdag 15. juli 2010
HEIME FORLENGST
Ferieturen var over sundag etter tre veker med meir enn 5500 km bilkøyring, eit par ferjeturar og ein togtur. Me var innom seks EU-land og eitt EFTA-land i tillegg til vårt eige land. Temperaturen steig til om lag 36 grader og heldt seg om lag på det nivået nokre dagar. Då var det greitt å sitje i avkjølt bil og suse vidare. Gardasjøen var forresten sval og god å væte seg i.
Same kvelden som me kom heim, opna me sommarpensjonatet for to born, ei svigerdotter (må me vel seie sjølv om dei ikkje er lovformeleg gifte) og to små barneborn. Og no går dagane med heimekos og besteforeldrelege gleder.
I dag begynte Sigurd (fire år) og eg å lage styltrer til han og Frida (seks år). Dei skal me gjere ferdige i morgon. Så vert det leksjonar i styltregåing. Blogglesarar med godt minne vil vite at dette temaet har me vore innom før.

Abonner på:
Innlegg (Atom)