Såpass lærte eg i fransk på gymnaset, eit fag eg ikkje var glad i, men som eg seinare studerte, har undervist i gjennom eit par mannsaldrar (viss me reknar unge menn), og til ei viss grad praktisert på om lag femten turar til opphavslandet dei siste femten åra.
Å reise vekk er å døy litt. Det kan kjennast slik stundom, samtidig som forventningane om å kome til ein annan stad sukrar vemodet med avreisa. Å seie farvel er ein nær slektning av oppbrotet. I dag sa me farvel til to store og to små, som har vore her ei veke. Det gjev oss ei intens lukkekjensle å ha glade barneborn i og kring huset. Dei er fulle av liv og lyst, dei fer høgt og lågt, dei syner begeistring når dei er begeistra og græt når det er grunn til det. Det siste har nesten ikkje skjedd denne veka. Det er både smigrande og undergjerande når folk viser direkte at dei er glade i deg, som når dei kom springande til møtes med oss med sol i fjeset og armane utslegne.
Rett etter frukost drog både Tore (superonkel), Britt Kristin, Rune, Frida og Sigurd mot Bergen. No er det stille i huset, berre mor Anne som jublar når Brann scorar mot Stabæk eller bannar når bortelaget får mål. Den yngste sonen er og ser kampen. Barneborna med foreldre er nok komne om bord på Hurtigruta som skal ta dei med til Ålesund og meir familiegjesting der, før dei fer heim att til Trondheim.
Att sit me med ei kjensle av fred og glede. Bra å få litt ro i sinnet så me kan samle og sortere inntrykka. Men og litt sakn. Eit godt sakn. For me kjem til å sjå dei att, om att og om att. Dette var ikkje ei avreise som minner om varig bortgang.
Til slutt: Hjartelege gratulasjonar skal mor til dei to små ha: Britt Kristin fyller førti år i dag! Me hadde nokre enkle seremoniar på morgonkvisten før dei drog. Pakkar, song og god frukost. I dag har me dessutan fått nokre solstrålar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar