mandag 26. juli 2010

RAPPORT FRÅ BÆRHAGEN

For snart åtti år var det Karl Flekke som eit par år åtte garden heime, og han planta nokre bærbusker nedanfor stova. Tretti år seinare planta mamma fleire solbærbusker ovanfor eldhuset. Papen forærte alle buskene ein god klatt møk kvar bidige vår, og dei lønte denne gjerninnga med rikelege mengder rips, solbær og stikkelsbær.
   Så gjekk det om lag femten år, og Anne og eg flytte til Husnes med vår veksande familie. Eg skar ned ein der stiklingar av rips- og solbærbuskene ein vår me var i Flekke, og dei slo rot i hagen i Furuvegen. I 1983 grov me dei opp og planta dei på Eikelandsberget i den nye hagen vår der.
   Men dei var helst pjuskne og gav lite avling i fleire år. Eg var på nippet til å ruske dei opp og hive dei på bålet. Dei fekk likevel ein ny sjanse; eg heiv på rikeleleg med kalk og litt seinare på våren ekstra rikeleg med fullgjødsel. No skjønte buskene at noko stod på, og dei fekk fart på seg. Dei siste åra har dei bore raust med både rips og solbær. Solbæra vert til saft, og mykje av ripsen no til dags vert dessertbær. Safta er høgt verdsett av alle som får smake. Ho har jamvel vore nytta til Kir Royal. Sukra rips er ein bankers når sønene er heime. Barneborna er litt meir skeptiske, iallfall ho eldste, som er hos oss no. Sigurd ville svært gjerne ha sukra rips med vaniljesaus, men utan bæra. Sausen derimot!
   Me har ein heil liten skog med mynte - to sortar - i krydderkassen vår. Eg har komponert ein gele av rips med mynte. Han smakar herleg, problemet er at det berre er eg som vil ha. Svigermor mi var forresten glo etter den vanlege ripsgeleen som eg produserte.
   No er det grenser for kor mykje saft og gele me to gamle treng, og dermed vert noko av ripsen ført tilbake til naturen, til glede for trast og skjor. I fleire år hausta me litt bær ved sjølvplukk på Haktorsens gartneri, og seinare i hagen på Valen sjukehus. Begge delar er avvikla no, så det kjem vel med at me er sjølvforsynte og vel så det.

  

1 kommentar:

  1. Me har og avslutta den seriøse delen av plukkinga. Nå har me ovelete resten til barnebarn og trast. Ungane lagar alskens samsurium av bær, sukker, dill, timian og "ka vett eg". Eg er tvungen til å smaka, men klarer ikkje å identifisera alle ingrediensane.
    Litt rar i magen i kveld ....

    SvarSlett