tirsdag 12. februar 2013
HESTEKJØT
Det var då eit fæla oppstyr no om dagane om funn av hestekjøt i ymse matslag nede i Europa. I gamle dagar fekk me rett som det var høyre at hestekjøtet hamna i pølsene. Åt me pølse, var det heilt sikkert iblanda ein del hestekjøt. Sa folk. Likevel åt me pølsene våre med den største ro. Me kunne jamvel våge oss til å nemne gamlemerra når me sat til bords og pølsestubbane dampa på fatet. Ho vart send til slaktehuset for femti år sidan og er omtalt fleire stader i gamle blogginnlegg.
Så går tankane til ein sommardag for snart atten år sidan. Me var på vår lengste biltur til då og hamna på eit slott i Alsace. No har eg tenkt å nemne det med slottet i morgon og kjem såleis til å skrive tre blogginnlegg i omsnudd kronologi frå same julidagen i 1995.
Me rusla ut om kvelden i den svært yndige småbyen Saverne, nokre få kilometer frå Strasbourg. No skulle me finne oss ein koseleg plass med god mat og lekker drykk. Som me ofte gjer, rusla me gate opp og gate ned og titta på menyane. Den første staden verka svært tiltalande, og på menyen ved inngangsdøra såg Anne noko som ho meinte var biff. "Vel, det er iallfall hestekjøt," opplyste fransklæraren ho hadde med seg. "Då skal me iallfall ikkje inn der!" slo hestehataren fast. Ho vart i tidleg barndom vitskremd av ein hest på frifot. Ein fjording, faktisk! Skulle difor tru at ho kunne nyte daude hestar, men den gong ei.
Me rusla vidare, men Saverne er ein liten by, og me kom ikkje over noko som me absolutt ønskte oss. Då foreslo Anne at me kunne gå tilbake til den der første plassen og be om biffen deira. Der såg det så koseleg ut! Eg var med. Eg undra meg litt, men nemnde ikkje hesten.
Snart sat me med glitrande raud drykk i glasa og kvar sin velangande tallerk med eit par stivpynta kjøtsneier på. Anne skar eit stykke og togg ivrig. Me skåla og avanserte vidare inn mot midten av tallerkane. Anne rulla med augo og braut ut med andakt i røysta: "Veit du, Reidar, dette må vere det beste oksekjøtet eg nokon sinne har ete!" Vel, eg drog på det, var einig i smaksdommen, men nemnde i forbifarten at det var no ikkje nett oksekjøt. "Å?" "Hugsar du ikkje at eg sa i stad at det var hestekjøt?" spurde eg forsiktig. "Cheval betyr hest. Ein kavaler er i røynda ein hestekar."
Me åt pent opp, men eg trur ikkje maten smakte henne fullt så godt etter denne oppklarande samtalen.
I går kveld såg me den gamle, svært gode filmen "Siderhusreglane". Djupstrukturen i filmen er at me bør lyge når det er i det godes teneste. Det burde eg ha gjort i Saverne i 1995.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ja saninga kan vera vond å vite, Reidar. I det store og heile burde me lyga meir for kvarandre i kvardagen. Det kan auka livsgleda og trivnaden, særleg rundt bordet.
SvarSlettHadde eg berre visst kva slangekjøt vert kalla her i Thailand...
Ikkje lær deg det! Eller få dei til å lyge ...
SvarSlett"..og naar du drikker Vatn so tru at det er Vin
og naar du slaktar Kalven so tru at det er Svin
- d*er Trui som gjerer det mesta!"
(I. Aasen)