torsdag 2. august 2012

(G)JENTER OG NYNORSK


I går vart det sett i verk nye rettskrivingsreglar for nynorsk.
Gulruss 1959
Siste store omvelting i så måte var vel innføringa av ny læreboknormal  i 1959. Etter at Oddleifen hadde terpa i tre år på realskulen på ein av yndlingsreglane at ”de skal hugse at ordet gjente kjem av gut, og skal difor skrivast med g!”, kom han i ein av dei siste norsktimane før eksamen med ei retting: Til eksamen var det no vedteke at ein skulle kunne nytte den nye læreboknormalen, slik at det no var høve til å skrive jente, sjølv om det aldri så mykje var avleidd av ”gut”, noko eg sterkt mistenkjer den gode Fagerheimen for å ha funne på sjølv.

Norsklæraren
Førebels er det ikkje utgitt ordlister eller anna tilfang å rette seg etter, men trøysta lyt vere at ein vert ikkje ilagd straff om ein bryt rettskrivingsreglane. Såleis kjem eg nok til å skrive slik eg sjølv vil, liksom Frode Grytten og vil gjere. Mange vil nok gråte ein skvett fordi det ikkje lenger skal vere lovleg å skrive soli og fjelli, godt då at ein slepp å skrive solen og fjellene.
Kva så med (g)jentene?
Eg minnest den gamle vitsen om dei to aldrande herrane som sat og mimra. Den eine sa: ”Hugsar du då me var unge og sprang etter jentene?” Og den andre svara: ”Ja, men eg kan ikkje minnest kvifor….!”.

Me får tru at nynorsken og jentene held seg sunne og friske lenge enno!

1 kommentar:

  1. I dag kom eg heim frå to vekers opphald i Trondheim og Austevoll, og i bunken av post låg det eit tjukt brev frå Språkrådet. Der fann eg brosyren eg hadde tinga om dei nye rettskrivingsreglane. Eg har nok halde meg innanfor denne norma i lang tid som lærar - og langt på veg privat. Elles er eg samd med Grytten og bror Steinar. Nei, Oddleifen har nok tulla der, gjente kjem ikkje av gut eller omvendt.

    SvarSlett