søndag 19. august 2012
REISERADIOEN
I dag mens me sat og kosa oss med frukostbordet, sende dei den siste utgåva av Reiseradioen for denne sommaren. Det er eit program som i aukande grad er prega av likegyldig skvalder mellom to menneske i eit trongt kott av eit studio på Marienlyst, og av uspennande musikkinslag innimellom blablablaet.
Skal tru om desse unge menneska veit kva ein reiseradio var? Ein gong i tida var dei vanlege stoveradioane nokre tunge praktmøbel som sjølvsagt ikkje burde flyttast på. Men så var det somme som skaffa seg reiseradioar, radioar som gjekk på batteri og kunne takast med kvar det skulle vere. Batteria i dei eldste modellane eg hugsar, var tunge og klumpete.
Men tidene forandrar seg. Eldstebror Arne kom i ung alder heim med ein Mascot, som viste seg å vere eit snedde vidunder av ein radio som gjekk på lommelyktbatteri! Korleis kunne dei få til noko så lite og hendig? Jau, her var det brukt små transistorar og ikkje radiorøyr i form av lampar som slukte straum og trong god plass.
Radioen du ser her, var det bror Steinar som kjøpte for 51 år sidan. Etter kort tid betalte eg han ut og overtok vidunderet. Som sagt, radioen kunne vere med overalt, til dømes følgde han Kalle og meg på ei fjellferd frå Sandane til Førde då andre gymnasåret vårt var slutt. Høgt oppe i gloppefjella kunne me høyre om Profumo-skandalen i England og Kings Bay-debatten her heime. I mange, mange år var det frå dette apparatet eg fekk mykje av dei viktigaste impulsane frå den store verda.
No har radioen i ei årrekkje hatt det til felles med Reiseradioen i Nrk at han har halde hus i eit trongt kott, men i motsetning til namnebroren har han vore tagal sidan eldste guten vår flytte heimanfrå og kanskje endå lenger. Då han tok ei generalopprydding i sakene sine i sommar, dukka radioen opp.
Mykje vart ført til Sunnhordland interkommunale miljøverk etter ryddeaksjonen, men me var samde om at vår gamle Kurer Transi måtte skånast.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eit klokt val.
SvarSlettPhilips var vel av dei fyrste som kom med bærbare transistorradioar i Europa. Ein slik fekk eg på Igelkjøn for omlag 20 år sidan. Denne hadde ein sundrusta batterihaldar med gamle lekete batteri. Batteri og haldar vart kasta og erstatta med eit oppladbart røykvarslarbatteri frå Clas Ohlson. Dessutan var hjulet for lydstyrken laust, men her var det berre å skru til ein skrue. Dermed var radioen så god som ny.
SvarSlettDei fyrste reiseradioane var, som du nemner, store tunge kolossar med radiorøyr og batteri med 90 V anodespenning og med 1,5 V for glødespenning og til lyspæra. Desse heitte også Kurér, og vart ein stor eksportsuksess for Radionette. Far min skaffa seg ein slik då han gjekk på lærarskulen.