Takk til alle som trufast og tolmodig har opna bloggen min i sommar, og hjarteleg takk til bror Steinar som har freista å halde litt liv i nettsida mens eg har teke ferie. Men no skal eg skjerpe meg og få nokre tekstar av garde dei nærmaste dagane.
Sist eg skreiv, gjorde eg eit ørlite nummer av at den siste skuledagen min var over, og at pensjonistlivet no hadde teke over for godt. No ser eg det slik at det er dagen i dag eg bør feire. Dei siste åtte vekene har det vore ein relativt normal sommarferie. Men i dag begynner dei på skulen att, dei arme krypane som enno held ut i arbeidslivet på skulen med den keisame forkortinga KVV, og som held hjula i gang, byggjer landet og skaper innkome til seg sjølve og syter for skattepengar til pensjonane våre.
Eg har fabla om å markere denne dagen skikkeleg. Få med den nyutsprotne medpensjonisten Karl Johan, som òg er ein god granne, opp i vegen med ein ølkasse og kvar sin fluktstol, så kunne me sitje der på morgonkvisten og geipe, le og peike nase til kollegane våre då dei skulle på jobb i dag tidleg. Men som med så mange andre av dei gode ideane mine vart det med tanken, berre.
I staden stod eg opp klokka fem og fekk av garde den nest eldste sonen vår, som hadde seg ei veke heime hos papen og mamma. Dermed var det slutt på omsorgsarbeidet vårt denne sommaren, som byrja med ei veke hundepass frå og med den tredje juli, utvikla seg med vitjingar av born og barneborn og gjenvitjing og barnepass ei lita veke i Trondheim.
Men no er eg altså i gang med dag ein i det nye livet. Så får me sjå kor det går.
Du går harde tider i møte, men du meistrar nok det og.
SvarSlettSkjønar eg deg rett, har du hatt (blogg)ferie frå 22.juni til 16.august. Som lærar ville du nok potestert på at det var ferie, men tvihalde på at det meste var avspasering.... Eller???
SvarSlettJa, det er rett, det. Du kan sjå at eg har blogga både i helger og feriar i årevis. Difor må eg få avspasere litt.
SvarSlettDet som er eit minus ved pensjonisttilværet er at ein ikkje har ferie, og dermed heller ikkje får feriepengar.
SvarSlettElles er det jo mange føremunar, som å reise på barnebillett td utan å gå i barndommen...
Om nokre år er det vel barndommen pensjonisten hugsar... T.
SvarSlettIkkje om nokre år, den hugsar han allereie.
SvarSlett