Eg var i gravferd i går. Ein gammal og god kamerat frå tida
i Bondeungdomslaget i Bergen var gått bort. Magne Ro, yngst i ein syskenflokk på 12,
vart 84 år.
Magne var ein ordens kar, og heldt greie på korleis ein
burde føre seg og korleis ting og tang skulle ordnast og ha sin faste plass.
Såleis sytte han for å måle ”jenterom” og ”guterom” på dørene til dei to store
romma med seks dobbeltsenger på utferdsstaden Selsvik, han tykte lite om at
sedløysa no var i ferd med å breie seg ved at ungdommen fann på å blande seg nattestider på tvers av
kjønn….
Magne, Kåre, Kirsten og Annbjørg på Kaffistova. |
Ein måndag ettermiddag i februar 1970 hende det noko
spanande: Eg hadde som vanleg ete middag på Kaffistova på Torget, og Magne Ro
og eg gjekk derifrå i lag.Då me kom rett rundt hjørnet der kafe ”Dovre” var den
gongen, kom ein gammal mann farande ut på fortauet og bad oss komme og hjelpe,
det var to mann som bråka oppe på kafeen. Me følgde med han, og der kom to
typar ut i gangen. Han gamle mannen sa at dei hadde tatt kassen, og at me måtte
følgje etter dei.
Me så gjorde, og rundt hjørnet bad me ein drosjesjåfør som
stod der om å varsle politiet. Då trudde eg at dei hadde foke på oss, men det
gjorde dei no ikkje, og me følgde etter dei eit lite stykke bak. Den eine hadde
ei Colaflaske som han truga oss med, ”dersom me ikkje kom oss vekk så….” Så
skildest dei, eg følgde etter den eine
og Magne etter den andre, og bak oss eit par jenter i tenåra.
Etter ein samanstøyt i Kong Oscarsgate, heldt eg meg noko
lenger bak, og miste han i eit smau noko seinare. Så ringde eg politiet frå
isbaren ”Snorre” i Fensal, og måtte møte på stasjonen. Han karen Magne hadde
halde auga med, hadde dei teke, men han sa berre at han ikkje kjende han som han hadde vore saman med. Dei andre
involverte – jentene og kafestyrarinna var og der, ranarane hadde truga henne
med Colaflaska og teke 150 kroner or kassa.
Så var det gjennomgang i fotoregistret, og biltur med
politiet kring i sentrum for å sjå etter karen som dei no hadde fått mistanke
til, utan at me såg han. Men i avisa dagen etter var det nemnt at dei hadde
funne han.
Du Steinarbror har jamen levd eit meir dramatisk liv enn eg har vore klar over. Eg har avslørt elevar som juksar, elles har eg ikkje drive mykje forbrytarjakt.
SvarSlett