torsdag 19. mars 2009
SUNDAGSSKULE, KVITE SOKKAR OG ARAKNOFOBI
Til vanleg har ikkje desse tre stikkorda mykje med kvarandre å gjere. Ja, sjølvsagt kan ein gå på sundagsskule i kvite sokkar. Det gjorde eg ein gong.
Dette minnet er så svakt, så svakt at det nesten ikkje er verdt å nemne. Eg ser for meg dei to eldre brørne mine leiande på veslebroren som skal få lov å vere med dei på sundagsskule. Veslebroren har lange kvite sokkar, sikkert fordi han er litt oppstasa sidan det er sundag og han skal få vere med storebrørne sine på sundagsskulen. Meir hugsar eg ikkje om det. Sundagsskulen i Flekke vart nok nedlagd før eg kom så langt at eg kunne gå der som vanleg deltakar.
Det er ikkje berre eg som har skrekk for vevkjerringar. Skrekk og skrekk - han sit ikkje djupt. Men eg likar ikkje så godt desse småkrypa, iallfall ikkje når dei kravlar på meg. Då støkk eg litt og feiar dei vekk.
Det andre minnet om dei kvite sokkane har eg frå ein dag eg sat på stovegolvet og leika meg med bror Arne i nærleiken. Brått kjem det ei vevkjerring kravlande over golvet, og då tek Arne den eine foten min med kvite sokkar på og fører han mot vevkjerringa. Eg er ikkje sikker på om han ville gjere fant, eller om han rett og slett ville bruke den sokkekledde foten min til å krase udyret. Eg skreik opp, kan du vite, og mamma kom raskt til og redda meg. Arne fekk det tilsnakket han fortente, og vevkjerringa redda livet. Men kva med sokkane? Sjå bilete ved bloggen den 14. februar!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar