Så stod eg i ankomsthallen i det internasjonale terminalbygget på Kennedy-flyplassen i eit mylder
av framande og kjende meg heimlaus, frendelaus og lite kjend og lika på leiken
ille. Eg skulle jo vidare, eg skulle finne flya til North Western Airlines, og
dei gjekk visstnok frå ein annan stad på den digre flyplassen som no låg meir
og meir innhylla i kveldsmørkret, trass i alle lysa. Men så såg eg ei dame frå
det islandske flyet vårt, og eg visste at ho skulle same vegen og var kjend i
dette landet. Ein føremon med all ventinga på Island var at mange av oss vart
litegrann kjende med kvarandre. Og ho der var norsk, gift med ein amerikanar og
skulle heim etter ein ferietur i gamlelandet. Så då hekta eg meg på henne, så å
seie.
Me gjekk på ein
buss som flytte oss nokre hundre meter til ein annan inngang, og etter litt
meir venting sat eg på eit nytt fly, eit jetfly denne gongen.
No kjende eg meg
bra ovanpå og småsov mykje av vegen vidare. Me var nedom Detroit og Milwaukee
før me landa i Minneapolis. No var det midt på natta og nesten folketomt i
hallane på flyplassen. Då eg kom inn dit, runga det over høgtalarnettet at ein person
med eit namn som kunne vere mitt eige, skulle melde seg i ein informasjonsskranke.
Eg har eit etternamn som byr på
uttaleproblem for utlendingar, ikkje minst for engelsktalande.
Jau, dei hadde eit
telefonnummer til meg som eg skulle ringje, så skulle eg verte henta. Nummeret
var sjølvsagt fullt av både tal og bokstaver, slik amerikanske nummer kunne
vere, og det same var talskiva i telefonboksen. "Kan du hjelpe meg?"
spurde eg ein kar i nærleken, og han sa eg skulle ringje O for Operator. Eg så
gjorde. Eg bad om å få ringje med noteringsoverføring (altså at dei eg ringde til, skulle betale for samtalen), og leksa opp telefonnummeret. Då ville telefonsentralbordet vite kva eg heitte,
og ikkje berre det: Eg måtte stave namnet mitt. No dreiv me lite med staving på
engelsk der heime på Firda gymnas, utan at eg dermed vil klandre
engelskopplæringa vår. Eg heiv meg uti det, og litt stamming og fomling etter dei rette lydane vart
det nok. Men då eg var halvveges ute i etternamnet, sa det i den andre enden:
"Ou kei, dæts enoff!" Og snart stod eg og snakka med firmenningen
min, David Allan Evenson.
Han hadde om lag
førti engelske mil å køyre for å plukke meg opp. Han og fleire frå familien
hadde sete i timevis og venta på meg dagen før, stakkars folk, men så hadde dei
funne ut at dei kunne vente heime og heller gjere det på denne måten.
Det vart ikkje så mykje
prat på den korte vegen til River Falls denne natta. Me kom fram til ein småby og eit fint
hus med ein stor hage med ein stor plen. Dave viste meg vegen ned i kjellaren,
det beste og svalaste rommet no i den intense sommarvarmen. Etter tre døgn utan å vere ute or kleda, kunne eg endeleg stupe
opp i ei herleg seng og sove.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar