Mathias vart fødd den 4. november 1867, fortel kyrkjeboka. Foreldra kom frå grannekommunen Gaular og budde i Flekke, både Østen ("Ystein", sa dei) og Anne Lovise (Lovisa, kalla dei henne. Ho var halvsyster til oldemor mi) . Dei hadde ikkje kjøpt og flytt til Ovahogsgarden enno. Dei fekk skøyte til det bruket i 1873.
Så ser me i dette utskriftet frå emigrantprotokollen at Mathias no var Gaardmandssøn og drog ut den 26. juli 1890, 22 år gammal. Eg veit ikkje så mykje om kva han hadde drive med før den dagen, men han gjekk i alle fall på folkehøgskulen i Sogndal ein vinter.
I motsetning til dei fleste immigrantane slo han inn på ein akademisk karriere og vart prest, gifte seg og fekk sju born med den første kona Hendrikke. Så gifte han seg med Inga etter at Hendrikke var død, men i dette ekteskapet var det ikkje born. Sommaren for femti år sidan fotograferte eg grava hans ved kyrkja i Thompson Valley ved byen Mondovi i Wisconsin. Inne i sakristiet ligg ein bibel med namnet hans innskrive, ei minnehelsing frå kyrkjelyden.
Han vart altså knappe 69 år, om lag like gammal som eg er no. Tek eg ikkje feil, vart dottersonen David Evenson fødd same året som Mathias døydde. Så Dave hadde ikkje noko personleg minne etter den bestefaren som han snakka om då han var på vitjing i Bergen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar