torsdag 5. januar 2012

UNYTTIG LÆRDOM

No på mine gamle dagar går tankane tilbake til så mangt, som du sikkert har merka viss du les bloggen min Til dømes tenkjer eg stundom på alle dei åra eg har brukt på skulegang og utdanning. Mangt og mykje har eg vore innom og lært. Såleis har eg lagt ned mykje tid og krefter i tileigning av unyttig lærdom. Eller i strev med å lære slikt som eg ikkje greidde å lære skikkeleg. Og som eg ikkje fekk bruk for.
   I år underviser eg i fransk og historie. Til all lukke er det sjeldan elevane spør om kva dei skal bruke det til, det som eg prøver å få dei til å lære. Slike spørsmål kom oftare før. No spør dei sjeldan. Og viss dei spør, seier eg kanskje at det er opp til dei sjølve. Når det gjeld historie, seier eg stundom at det får dei i alle fall ikkje bruk for. Det er heilt unyttig, viss dei då ikkje skal verte historielærarar. Og det er det dei færraste som, skal. Fransk får dei i alle fall ikkje bruk for viss dei ikkje lærer det. Viss dei ikkje lærer seg noko fransk, kan dei ikkje bruke det til noko anna enn skrekk og åtvaring.
   Det var litt om elevane mine. Eg er ikkje så glup til å fortelje dei kva som er vitsen med å lære om føydalismen eller kong Sverre. Eller om gerundiv i fransk. (Det siste greier eg aldri å lære frå meg, forresten. Føydalismen er greiare.) Men viss dei hadde spurt, kunne eg ha fortalt dei om alle timane. dagane, vekene og åra eg har brukt på unyttig kunnskap.
   Her har eg bloggmat for store delar av 2012. Så du får følgje med!

2 kommentarer:

  1. Du lyt tenke over kva nytte me lesarar kan ha av din unyttige lærdom, om du no aktar å fylle opp bloggen din med slikt. Så må du hugse at det er noko som kallast "livsvisdom", og som er samansett av nyttige og unyttige element i komplekse strukturar.

    SvarSlett
  2. Eg meiner at det er heilt unyttig tid å lese bloggane mine. Du kan korkje kle deg i dei eller ete dei. Det siste du skriv, skal eg tenkje nøye gjennom.

    SvarSlett