søndag 18. oktober 2009
SPAR ESS
Flekke var ei skikkeleg kortspelbygd og er det kanskje enno. Me lærte tidleg kunsten å halde gnavkorta, og ikkje mykje seinare fekk me smaken på vaksne kortstokkar og spelte raudskjegg, mattis, kasino, whist, amerikanar, gris, vriåttar og jamvel bridge. Papen likte å spele kort, og han avla tre søner slik at det vart eit bridgelag til slutt. Jamvel dottera spelte kort, men ikkje mamma vår, så vidt eg hugsar.
Flekkegubbane samlast stundom i ungdomshuskjellaren til bridgeturneringar. Då hende det nok at me ungane gjekk og keik inn glasa og prøvde å følgje med. Ein av oss var Erik Sølvberg. Han såg handa til onkelen sin og ropte begeistra ut så alle i kjellaren høyrde: "Jamen sit ikkje onkel Odd med spar essen!"
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar