tirsdag 13. oktober 2009
SALMEBOK MED GUMMIBAND
Me er på Flekke skule att, for godt og vel femti år sidan. Skulen var tredelt, så sjette og sjuande årssteget var samla i ein klasse. Eg gjekk nok i sjuande og Knut David Hustveit i sjette då dette hende.
Knut'n hadde ei velbrukt og sliten Nynorsk Salmebok til skulebruk. Boka kløyvde seg opp i fleire hefte. Men Knut David visste råd: Eit gummiband av den brune små, avlangt elliptiske typen. Han vikla det kring salmeboka så ho skulle hange i hop. Boka var like god, ho, alle salmane fanst, det var berre å hekte gummibandet av og bla varsamt i veg.
Eit gummiband kunne brukast til meir enn å halde salmeboka i hop, hadde Knut funne ut. Ein dag tok han og strekte ut gummibandet på linjalen, sikta på Anny Vassliås og fyrte av. Salva trefte som ho skulle, Anny skvatt på pulten sin, tok seg til ansiktet, plukka opp gummibandet og avslørte syndaren med ein gong. Men gummibandet ville ho ikkje gje ifrå seg. Kva skulle Knut David då gjere med salmeboka? Han måtte ha att gummibandet. Då var det godt å ha meg som alliert. Så når me to samla kreftene, måtte Anny gje seg og levere frå seg gummibandet til den rettmessige eigaren, og salmeboka vart på ny samla til ei bok.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar