mandag 19. oktober 2009
SKULEPOKER
Papen lærte oss faktisk å spele poker. Han bedyra at me ikkje måtte spele om pengar. men me kunne spele om til dømes fyrstikker, eller rett og slett berre spele utan å satse.
På sløyden hadde me dei siste åra ein ambulerande lærar som hadde sløyd med oss i fjorten dagar kvart år. Han heitte Alfred Wang og var faktisk frå den kommunen me bur i no, utan at eg har høyrt nokon nemne han heromkring. Han var ein flink lærar og tolmodig og snill med oss.
Eg er ikkje sikker på kva år det var, men det var nok eitt av dei to siste på Flekke skule. Me hadde sløyd, men i friminutta hende det seg at eg tok fram kortstokken og fekk nokon med meg på eit slag. Me spelte vel både poker (utan pengar, vil eg tru, for pengar var det smått om) og andre spel.
Men ein dag fekk eg høyre av ein som gjekk i Dale på realskule at læraren der, Per Bakkebø, fekk fortalt av Wang at han hadde sett nokre skuleungar i Flekke som spelte kort, og "skal tru om det var poker dei spelte; dei delte iallfall ut fem kort." Då skratta Bakkebøen og sa at det skulle vore moro å slengje i Årøyen at ungane i Flekke spelte poker på skulen. Meir høyrde eg ikkje om den saka.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar