mandag 12. oktober 2009
SOPP, SOPP, SOPP
Endeleg er det sopptid. I haust har me stort sett vorte avskremde frå soppturar av styggevêr og væte. Me har hatt nokre få, små ekspedisjonar, men det har ikkje kome så mykje i korga. Ikkje før i går. Då plukka me forresten i eit par plastposar som me hadde med oss i tilfelle av tilfelle. Me rekna ikkje med nokon særleg fangst. Men me enda med å kome heim med ein bra haug, mest piggsopp og traktekantarell. Soppen vart forvella og frosen. I dag gjekk me i det strålande solskinet med klare intensjonar om å sanke traktekantarell. Me gjekk ikkje fånyttes. Me kom heim med to stappfulle korger. Soppen vart reinska og spreidd utover badegolvet, og der skal han få turke seg godt inn. Deretter hamnar han på glas fram til han vert brukt i supper, stuingar, omelettar og gryteretter.
Anne og eg begynte i det små og orientere oss om soppar og matauk mens me budde på Husnes for om lag tretti år sidan. Den gongen fekk me ha marka for oss sjølve, stort sett. Det var ein og annan kantarellplukkaren, men folk flest såg rart på oss når dei trefte oss. Etter kvart har fleire og fleire kasta seg ut i denne risikosporten. Forresten trur eg det var fleire for nokre år sidan. Og sant å seie var me flittigare før, me og. Men så er ikkje hushaldet vårt så stort lenger.
Heime i Flekke fekk me ikkje opplæring i dette. "Uff, titte då meg," sa onkel Anders ein gong då han såg at me hadde plukka sopp. Men bestemora vår på Ilkjen hadde kunnskap om sopp. Eg veit ikkje kvifor ho ikkje formidla det vidare til borna sine. Kan bestefaren ha sett seg imot? Men genane til bestemora har nok vandra vidare, så både eg og syskena mine (iallfall brørne, systa veit eg beint fram ikkje) har utvikla seg til ivrige sopplukkarar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar