Ei lite barn kom til verda for 95 år sidan og vart døypt i Laksevåg kyrkje med det staute namnet Ragnvald. Den tjue år gamle mamma hans valde å kalle opp seg sjølv. Eiter eit halvt års tid hamna han og bestemora mi på Årevollen, og hausten 1919 flytte han til Flekke.
Papen hadde ofte bursdag på helgedagar. Det hadde seg slik at gamle bededag var helgedag og vart feira fredag før helgemessesundag. Difor kom den 31. oktober år og anna på denne dagen. Ikkje før i 1950 vart denne helgedagen fjerna.
Me og papen hadde eit anna etternamn enn bestemora, onkel og tante i by'n, og han som dei kalla for bestefaren vår, og som døydde i tysk konsentrasjonsleir under krigen. Dette begynte eg å undre meg over i tiårsalderen, så eg spurde papen korleis det hadde seg. Han tenkte seg litt om og svarte: "Da ska eg fortelje deg enj aen gong." Så gjekk det ei tid - me var forresten på spasertur heim frå eit besøk på Ilkjen - og eg spurde på nytt. Han gav meg same svaret:"Enj aen gong." Men "trie gånnjin marka da seg," heitte det heime. Då sat han utanfor huset med eit vaskefat med varmt vatn og skulle ta skjeggstubbane. Det var laurdag ettermiddag, fint ver og nesten helg. Då fortalde han enkelt og greitt at han ikkje var son til Franz Kaarstad, men var fødd lenge før bestemora gifte seg og at han hadde ein far han aldri hadde møtt. Heilt greitt det, eg kan ikkje hugse at eg tykte det var så merkeleg. I dag hadde papen vore 95 år om han hadde levd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar