mandag 28. oktober 2013

GYMNASBRAKKO

Slik ser gymnasbrakko ut i dag.

Eg har truga med å skrive om saker og ting som hende for tretti-førti-femti år sidan. Så no kjem det nokre glimt frå brakkelivet på syttitalet.
   Ordet brakke assosierer me gjerne med to forhold: tyskarar og rallarar. Under krigen smelte tyskarane - eller like gjerne krigsfangar eller nordmenn som jobba for okkupantane, opp brakker i hopetal. For det første hadde dei brave krigarane allereie bomba eller brent ned ein del hus her og der. Så noko måtte kome i staden. For det andre var det på det meste om lag 350 000 tyskarar her i landet på slutten av krigen, for det meste soldatar. Dei stakkars folka laut jo ha ei stad å bu. Og for det tredje oppretta dei ein del fangeleirar der brakkene stod på rekkje og rad.
   Mange av tyskarbrakkene vart brukte og misbrukte i fleire tiår etter krigen, ja, det finst visst framleis ei og anna i full bruk.
   Rallarar - anleggsarbeidarar - også kalla slusk - vart eit vanleg fenomen her i landet frå slutten av attenhundretalet. I dei første tiåra etter 1900 aula det av dei: Bergensbanen og andre jernbaner og vegar vart bygde, fossefall lagde i røyr og stolte fabrikkbygningar reiste seg i Odda, Notodden, Høyanger, Sauda og kvar det no var. Og brakker laut klare seg for dei som bygde landet så lenge de bygde. Når ein jernbanestubb eller ei demning var ferdig, kunne rallaren så å seie ta brakka på ryggen og flytte henne til ein annan anleggsplass. Ei brakke er rask å reise og rask å plkke ned, og i våre dagar kan dei faktisk vere både funksjonelle og trivelege. Eg vil tru at anleggbrakkene langs den nye jernbana over Hardangervidda var både gisne og utrivelege. Men det var før mi tid.
  Kvar vil eg hen med dette? Jau, då eg kom og begynte som lærar på det som den hausten fekk namnet Kvinnherad gymnas, var ei nesten nybygd brakke, fin og trekvit, eitt av dei husa som omkransa skuleplassen på Undarheim skule. Byggverket vart kalla Gymnasbrakko i mange år etter at me flytte ut våren 1979. Så om eg har budd fint lite i brakke, har eg arbeidd ein del år i eit slikt utskjelt hus. Ja, mens dei for fem-seks år sidan pussa opp den vidaregåande skulen på Husnes og bygde eit nybygg i same slengen,  underviste eg og fleire med meg ein del timar i nokre brakker som dei kom trillande med, og som vart fjerna etter at dei hadde gjort like for seg.
   Gymnasbrakko står ved  Undarheim skule enno, og har tent ulike pedagogiske føremål i førti år. Som så mangt ein sleit med i gamle dagar, står brakketida i syttiåra i ein eigen, rosa glans. Med rette og urette.

3 kommentarer:

  1. Dæman så fint me hadde det i den brakko ! Språktimar, forfattavitjing, musikktimar med rektor "Greit. Me kan syngja den, men det må ikkje verta ein sleger". Tider !

    SvarSlett
  2. Det er uvanleg at eg kommenterer eigne innlegg. No må eg korrigere og supplere litt: Eg gløymde eit viktig moment då eg skreiv om brakkeliv. Sjølvsagt har me eit viktig døme som må nemnast: Militærbrakker. Då må eg tilstå at eg budde femten månader i slike brakker. I Stjørdalen og i Bodø. Men desse brakkene var verken vakre eller særleg flyttbare, Dei var trauste kolossar som står i mannsaldrar.

    SvarSlett
  3. Les bloggen din med stor gleda, Reidar! Mange og underlege minne dukkar opp i samband med dette inlegget om brakker. Folkehøgskulen på Eid og gymnasår på Husnes. Brakkene på Risnes i Søraletableringa...

    SvarSlett