Dette vert siste leksjonen i tipse- og undervisningsserien min om privatisering og konkurranseutsetjing. I alle fall i denne omgangen. No ser eg stadig vekk at dei tek emnet på alvor både i riksmedia og i dei politiske partia. Men dei går ikkje langt nok. Dei er for feige. Jamvel Høgre og Frp, som seier at dei vil opne for mykje meir i denne retninga. Og Ap er altfor pysete. Når det stormar litt kring Adecco og andre edle firma, seier Ap at dei er imot, men når dei vil spare ei krone eller ikkje gidd noko anna, hankar dei inn private firma og lausarbeidarar frå gata.
Nei, lat oss kome vidare: Kongen vår er ein aldrande herre, og fuglane veit kor lenge han held koken. No må me vere om oss og privatisere denne geskjeften før son hans kjem springande og påstår at han har arverett til jobben. Me må kunne gå ut i heile EØS-området og endå lenger med eit anstendig anbod. Sist me gjorde det, kom det ein dansk prins og ei engelsk prinsesse. Men Michelsen og Nansen hadde jobba for lite med anbodspapira, så det kom ikkje fleire tilbydarar, og oppseiingsvilkåra vart altfor tåkete. Me må høyre meir på høgresida i politikken, me kan ikkje ha slikt stillingsvern som me har i dag.
Det må stillast krav: Ein aktuell kandidat må kunne gå på ski, kunne føre ein seglbåt og gjennomføre ein nyttårstale med nokolunde forståeleg uttale. Monarken må vere i stand til å stå på ein balkong og vinke ein times tid ein gong i året. Elles skal me ikkje krevje for mykje. Viss det er ei kvinne, må ho kunne snakke med hestar, englar og daudingar.
Formålet med privatisering og konkurranseutsetjing skal som kjent vere sparing, og her er det pengar å hente. Istadenfor å tilby den nye monarken løn og apanasje, må me kunne snu på flisa og krevje at vedkomande skal betale for å få jobben. Kvifor ikkje? Det er sikkert mange kaksar i inn- eller utland som kan hoste opp nokre millionar. Kva med Stein Erik Hagen eller han Røkke? Viss til dømes Gaddafi og sønene hans kjem seg levande unna det rotet han har stelt til i Libya, har dei nok salta ned nokre milliardar som kan gravast fram når det trengst. Viss ikkje gamlingen sjølv vil, tek me ein av sønene. Rett nok bur dei ikkje i EØS-området, men likevel. Byr dei høgt nok, er det ingen ting å stusse på.
Men først må dei lære seg å gå på ski og føre ein seglbåt.
Du har høgtflygande tankar no, bror. Kva med ein serie med vår- og vérteikn?
SvarSlettMinnest at Vellekarane hadde eit sikkert vårteikn, nemleg når ungane byrja springe rundt ungdomshuset - 1, 3, 10 og 20 rundar......
Du seier noko. Eg undrast på om eg har vore innom temaet før. Men om så: Me kan ta det opp att til drøfting og utgreiing.
SvarSlett