No kjem det meir mimring frå gamle dagar i Flekke. Dei som er luta leie av slikt skriveri, kan finne ein annan blogg å lese, til dømes den som min eks-nabo, eks-kollega m.m. Gunnar held seg til: gunnares.blogspot.com Han lever heldigvis mykje i notida.
Men altså: Når det vart arrangert dans i ungdomshuset i Flekke, kalla me det for fest. Det galdt forresten dansefestar i andre forsamlingshus òg. Var det i jula, heitte det juleball. Men oppskrifta i åra rett før og rett etter 1960 var nokså lik: Det vart hyrt inn ein spelemann som kunnne traktere trekkspelet. Han sat på scenekanten og spelte. Me stod på den delen av golvet som vende mot utedøra. Nokre få fekk seg sitjeplass på benkene langs langveggene. Stundom låg det einkvan der og sov utpå kvelden. Dei av oss som dansa, brukte den delen av golvet som var nærast scenekanten. Gutane baud opp. Men utpå kvelden ein gong eller to kunngjorde spelemannen "damenes". Då kunne jentene by opp. Når det var skotårsfest, men det var det berre kvart skotår, kunne jentene by opp med dei ville. Dei dansane det gjekk mest på, var vals, tango, reinlender og swing (eller rock.) Den sistnemnde trengde seg meir og meir inn på dansefestane utetter sekstiåra. Unntaksvis kom det ein pariserpolka eller springpolka.
Nede i billettluka sat billettøren og selde billettar til kroner to eller to femti per stykk. I trappeoppgangen stod billettkontrolløren og tok imot billettar for dei som skulle opp i salen, eller delte ut ein billett til den som skulle ut og lufte seg, gå på do eller ut og drikke knurr. Eit par handfaste karar var vakter og greip resolutt inn mot uro av alle slag.
Festen begynte gjerne klokka ni, og klokka to var det slutt. Ti på to kunngjorde spelemannen at no kjem dei tre siste. Frå klokka tolv var det vanleg å slutte billettsalet og sleppe inn gratis dei stakkarane som stod nede ved utedøra og ikkje tok seg råd til å betale. Men det hende seg at me tøygde den tida litt, og då prøvde dei seg med krav om juridiske rettar til å sleppe billettkjøp etter midnatt. Å nei, det einaste dei kunne påberope seg, var sedvane.
Har eg fått med det viktigaste no? Viss ikkje, les eller syng visa "Stå med glans" av Kjartan Fløgstad. Vestlandsfanden har visa på plate.
Ja slik var det. Det var på det viset me gutar blei festlege menn.
SvarSlettEnnå i dag kallar eg det fest, sjølv om eg berre svingar kona litt over stovegolvet.
Forresten: Ein litt omskriven versjon av visa "Stå med glans" finst og i VHS opptak der du og underteikna spelar sentrale roller i framføringa ved Kvinnherad Grand Prix på Husnes Samfunnshus. Det var vel eingong på 80-talet. Opptaket ligg i skapet mitt, men burde vel ligga på youtube.
Det hugsar eg godt. Eksisterer verkeleg videoen? Bruk youtube! Får våge seg om ein av musikantane (Helge Mikal) gremma seg over den kunstnarlege kvaliteten på song og musikk då han såg oss i opptak.
SvarSlettJobbar med saka. Må først overføra VHS til PC/DVD. Det tek litt tid, men utstyret er på veg.
SvarSlett