torsdag 17. mars 2011

FRÅ TREKVITT TIL MAGNOLIA

Det rommet me ser inn i her, brukte me som soverom i seksten år. Det var inngang frå gangen og vegg i vegg med stova. Så ønskte Anne seg så inderleg ei støre stove. Me opna veggen mot den gamle stova, ho som i grunnen framleis  er hovudsalongen vår, der me tek imot kaffigjester, har juletreet og pakkar ut julegåvene når der er aktuelt, og har den finaste salongen, den i brunt skinn. Den nye stova vart kledd med brei, fin vekselpanel og er fjernsynsstove og fast opphaldsrom om kveldane - bortsett frå julafta og når me har kaffigjester eller liknande. Eg har meir enn ein gong omtalt henne som Annestova, noko som mi kjære frue vert irritert av.
   Så har det hendt seg at ho tykkjer at dei gamle trekvite panelveggene har vorte for mørke for dei gamle augo våre, og at heimen i det store og heile treng litt fornying. Dette er grunnen til kaoset på dette biletet:



Og det skal verte meir som dette biletet viser. Og her ser du faktisk litt av det originale panelet med fine, breie furubord. Snart vert det òg magnoliafarga, men først må me flytte den digre veggseksjonen, dore spikrar, sparkle spikarhol og smørje på grunning.
   Då nærmar me oss stunda når kan me setje oss ned i ei lysare Annestove!

2 kommentarer:

  1. Ja dette vil eg tru blir bra.
    Men gjer deg ikkje arbeidslaus til du vert pensjonist :-)

    SvarSlett
  2. No uttalar du deg som fagmann. Eg drøymer om å kunne liggje på sofaen heile dagane i den nyoppussa stova. Men det er nok feil tankegang.

    SvarSlett