Det får våge seg om du er lei av å lese om saueskolteproduksjon. Her kjem eit nytt innlegg om saka. Eg garanterer at det vert det siste eg skriv om nett dette emnet på minst to månader. Om det skulle dukke opp endå eitt når maten skal smakast tett oppunder jul, får du berre hoppe over det.
For ein gongs skuld vert dette ein biletkavalkade. Det har seg slik at for mange år sidan bygde Per granne seg eit røykeri rett nedanfor eigedommen sin. Og sidan det står på fellesarealet, seier han at dette er offentleg tilgjengeleg for alle grunneigarane. Det har fleire komponentar, som du snart skal få sjå. Men først kan me sjå på plasseringa i lendet:
Så går me litt nærare og ser på sjølve omnen. Det er ein enkel jernkasse med laust tak og ei lita luke framme. Frå baksida går det røyr opp til røykhuset. På den to-tre meter lange vegen opp dit kan røyken få kjøle seg litevetta:
Og så har eg med meg ein assistent som klypper opp einebar. Dette er ein vokster me har rikeleg av like ved røykeriet.
Må eg få presentere røykhuset som Per har bygt.
Her skal røyken kome opp og godgjere skoltane, eller kva det no er me skal røykje. For nokre veker sidan røykte eg flesk her i dette huset, flesk som som smakar røykt flesk når me steikjer det. Og som vert mykje billegare enn svenskeflesk, ei vare me ikkje så lett får tak i her i Valo.
Her heng dei og ventar på røyken, dei femten skoltane. No ser dei slik ut:
Når bålet er på sitt heitaste og einebaret svir, kan me trekkje oss tilbake og vente til me lyt fylle på meir brensel.
Får håpe grannane hadde late att glasa og fått inn klesvasken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar