I går var det september, i dag er den første skikkelege haustmånaden i gang. September bør jo begynne som ei forlenging av sommaren og gje oss ein stegvis overgang til hausten. Men i går skreiv eg om regn og atter regn, i dag kunne eg ha skrive om ein mild soldag. Rett nok ikkje heilt utan regndropar, for kva skal me vel krevje no til dags?
I år får eg ikkje haustferie, så då spørst det om det vert så mykje meir godvêr heller. For nett denne ferien har ofte vorte velsigna med sol og milde brisar. Det har eg vore innom for eit par år sidan, då haustferien var strålande, og eg skreiv om ein tur i eit minst like flott oktobervêr.
I gamle dagar var eg altså lærar på Kvinnherad vidaregåande skule, som før det heitte Kvinnherad gymnas. I mange år var det fast regel å ta ein fjelltur med elevane om hausten. Etter kvart som skulen voks og vart stor, var det eit tungt maskineri å administrere slike turar. Til dømes var det vanskeleg å arrangere nett dei vêrtilhøva me ønskte oss og finne høvelege løyper når me skulle til fjells med allslags ungdommar, frå dei superspreke friluftselskarane til dei lataste stovegrisene.
Eitt av dei første åra skulle me rett og slett opp på fjella me ser frå Husnes, Nordfjell, Svaneheio og Mjelkhaug. Meteorologane hadde lova oss ein blank og nydeleg dag, men då me samlast ved Reset for å gå opp frå Teigen, låg skodda tjukk. Det var sterke røyster for å avlyse heile prosjektet, men så begynte me likevel på oppstiginga. Ikkje langt oppe i lia vart skodda tunnare og tunnare, og før me kom så langt som til Kokkelberg, var det strålande blå himmel, sol og vindstille.
Me nytte turen i fulle drag innover Svaneheio, me klatra til Mjelkhaug, åt nista, sola oss og var lukkelege, og etter kvart tykte me at dagen leid så langt at me dessverre laut tenkje på nedtur.
Det var likevel noko som mangla på ein strålande fjelltur: utsikta. Under oss låg eit tjukt, kvitt lag av ull og sperra for utsynet. Det var berre oss og fjellet, himmelen og sola.
Då me kom ned i bygda att, tykte alle synd på oss som hadde rota oss til fjells i den sure skodda ...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar