I dag, 31. oktober, er det den gamle helgemesseafta. Me er mange i min generasjon som ikkje skjønar det aukande hysteriet kring helgemesse, dagen til ære for dei døde og dei heilage. Halloween må det heite no, og dei amerikanske julebukkaktige skikkane med mykje dødssymbolikk har vorte ei kjær gåve for handelsstanden. Ungane (og dei vaksne som kastar seg med) syng nok ikkje den fortreffelege salmen om då Ribe-biskopen Hans Adolf Brorson såg inn i himmelen der det aula av avdøde: "Den store Hvide Flok vi se som tusind Bjerge fuld af Sne..."
Den geskjeftige livlegen til den steingalne kong Christian den 7., herr Struensee, tok ikkje berre kontroll over helsestellet ved hoffet i København i 1770, han tok like godt kontroll over heile statsapparatet. Han oppnådde mangt og mykje dei to åra han fekk styre på før han vart avsett og avretta. Han avskaffa sensuren og innførte prentefridom, han gjorde dronninga gravid, og han iverksette avskaffing eller flytting av ei lang rekkje kyrkjelege festdagar. Tredje påskedag, tredje pinsedag og tredje juledag skulle ikkje lenger vere helgedagar. Og helgemessedag (allehelgensdag, halloween) vart flytta frå 1. november til første sundagen i november. Der rauk det ein ekstra helgedag, bortsett frå dei åra då den første kom på ein sundag.
Det har vore litt att og fram med desse kyrkjelege markeringane. I mange år heldt dei bots- og bededagen om våren. Men då var det så mange andre helgedagar, så dei flytte han til hausten, til fredag før helgemesse. Så fann dei ut at det var for gale å bruke ein yrkedag til bøn og botsøvingar. Dermed flytta dei dagen til siste sundagen i oktober.
Den 31. oktober, altså dagen i dag, er ein merkedag på fleire vis. For 495 år sidan i dag spikra (eller teipa?) den obsternasige munken Marin Luther opp på kyrkjedøra i Wittenberg eit ark med 95 gode argument mot avlatshandelen som paven dreiv med. Då vart det rabalder.
For 98 år sidan vart papen min fødd på denne datoen. I mange år var det slik at det var store sjansar for at dagen fall på ein helgedag, anten på ein sundag eller på bots- og bededagen.
Men papen gjekk nok ikkje kring i bygda med fantasifull utklednad og forkynte knask eller knep på bursdagen sin. Ikkje det eg kan hugse.
I følgje boka" Eit Syn for Gudar", vart flyttinga av bededag diskutert i Fjaler Kommunestyre. Ein representant hadde sovna og vakna midt i debatten. Kommentaren hans var: De må gjerne flytte bedagjen, men då får de flytte han inn til Dale, for dei skal no ha alt.
SvarSlett