Me har hatt haustferie denne veka. Det som i gamle dagar vart kalla potetferie. I Danmark hadde dei kartoffelferie. Det rurale Danmark vart ille plaga av at landmandsbørnene rett og slett skulka skulen ei veke i oktober. Dei var nøydde til å vere med og ta opp kartoflane. Så innførte dei like greitt ein kartoffelferie utpå hausten.
I vårt land var det og poteter å ta opp. Det var til dømes mange osloungar som drog på landet og tente seg nokre kroner på potetopptaking. Eg kan ikkje hugse at denne onna var grunn god nok til ekstra skulefri då eg var gutunge og me verkeleg laut leggje for dagen ein innsats for å få potetene or jorda. Men så gjekk me på skulen berre annankvar dag, så det var godt høve til å tyne litt arbeidsinnsats ut or oss likevel. Og ordet potetferie trur eg ikkje eg hadde høyrt før eg kom på gymnaset og me hadde månadslov i slutten av september. Kanskje me hadde to dagar fri, til og med?
Ei heil veke skulefri om hausten er eit nokså ungt fenomen for min del. Eg torer ikkje tippe kva tid me innførte det på skulen vår, men eg hadde vore mange år i arbeid før ordninnga kom. Talet på arbeidsdagar har ikkje minka av den grunn; me har like mange undervisningsdagar no som for trettifem år sidan, til dømes.
Me har ikkje teke poteter i haustferien. Dei tok me opp for nokre veker sidan. Då var me i Bekkjarvik i helga og henta årets grøde. Eit lite nybrot på tre-fire kvadratmeter gav oss eit par bytter gode poteter. I dag har me hatt nest siste resten til middag. Elles har det vore rolege dagar utan mykje å skrive om. Eg har sett og drege garn og teiner nokre gonger, men med magert resultat. Både fisken og skaldyra er tydelegvis bortreiste på haustferie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar