I går då eg skreiv om lagsavisa i Flekke ungdomslag, tenkte eg fælt på det namnet avisa fekk då ho vart skapt for godt hundre år sidan. (Viss eg ikkje hugsar feil, var det i 1909. Nei, eg hugsar sjølvsagt ikkje at ho vart til, men eg har bladd i den eldste handskrivne avisprotokollen!) Det er den haken med namnet Bondeguten at me ungar av hankjønn i Flekke, var ikkje gutar. Me var katar, anten me no var bønder eller ikkje. Ein kate-katen-kata-katanje. Eg har ikkje granska utbreiinga av dette målføreordet, men eg tvilar på at det var særleg kjent utanfor heimekommunen vår. Og om det var utbeidd i heile Fjaler, er eg òg usikker på. Kanskje lesarar av dette kan supplere med opplysningar? (Sjå kommentarfeltet nedanfor.) Derimot har eg snappa opp at ordet har funnest i fleire bygder på Nordvestlandet, utan at eg har høyrt det i bruk andre stader. I Flekke var ordet gutar stundom brukt om ungkarar, men sjeldan om ungar. Dei tre gamle ugifte brørne på grannebruket ”i Gara” kalla me ofte for garagutane. Forresten er det sagt at gamle far deira, Søren, kalla eldste sonen Ola for sveinen og dei to andre for gutane.
Viss eg her i Kvinnherad – til dømes i historietimen i morgon – tiltalar ein elev og seier at ”du er ein kjølen kate”, vert nok dei som høyrer etter kva eg seier, nokså undrande i blikket. Adjektivet og gradsadverbet kjøle er sterkt utbreidd blant dei som seier kate. Som adjektiv tyder det fæl, som adverb svært. Det går an å seie at ”dæ kjøle hett” ein glovarm sommardag. Og me kan seie ”ein kjølen varme” utan at me motseier oss sjølve. Det er eit sømmelegare synonym for ordet jævla. Men me flekkingar har ikkje monopol på ordet kjøle. Svigerdotter mi frå Surnadal på Nordmøre brukar kjøle (med tjukk l) i tide og utide. Flott!
No sit eg her i god avstand frå barndomsbygda Flekke, der eg ikkje har budd fast på 49 år. Kanskje alt dette eg har skrive om ovanfor har endra seg. Kanskje hugsar eg feil på somme punkt. Så viss du har rettingar eller tilleggsopplysningar, lyt du berre bruke kommentarfeltet. Det er forresten fullt lovleg og hjartans velkome for deg som ikkje er flekking å bruke det òg.
Kate vert brukt både innover og utover Dalsfjorden. Arnold Sletteland brukte kate i ei revyvise til Dale Ungdomslag "Eg e ein rotekate i frå Dale". Bygd på Ein Edvard Personmelodi/vise. Elles er det nok berre her ordet vert brukt. Når eg har gjort ungdommane på skulen merksame på dette, har dei vorte litt stolte og vorte endå meir medvitne. Flekkingane er ofte dei mest språkmedvitne av ein eller annan grunn.(Bakralarsen som spøkjer i bakgrunnen?)
SvarSlett