På denne dagen for nøyaktig seksti år sidan fekk eg ein bursdagstur utanom det vanlege, slik bror Steinar har nemnt i
ein tidlegare kommentar. Mamma og pappa rakk å få unna fjøsstellet, mate og pynte tre smårollingar og kome seg av garde med båt til ungdomsstemne i Holmedal. Det var sundag og strålande vêr. Kanskje dei sløyfa stemnegudstenesta denne gongen (sjå bloggen i går). Eg hugsar av naturlege årsaker ikkje all verda frå dagen, men minnest dei same momenta som Steinar alt har nemnt og litt til. Det var rigga til utescene, og den var det råd å klatre i, fann Steinar og eg ut. Eit klart høgdepunkt var at me fekk å ete noko som heitte iskrem, og som me aldri før hadde smakt. Eg plukka litt småstein i lommane, og dei andre undrast på kva eg ville med dei. Men eg ville ha dei med heim.
I 75-årsskrifet for Sunnfjord ungdomslag står det mellom anna at Ragnvald Vaage heldt stemnetale sundagen. Så har eg altså fått oppleve livs levande denne diktarkongen her frå Kvinnherad! Han skreiv så kjekke barnebøker, tykte eg då eg var liten.
Då me kom heim og ned reina til tunet, heiv eg småsteinen frå Holmedal slik at det skulle liggje noko der som minne frå den flotte dagen me hadde hatt, tenkte eg. Eg trur eg hugsar at eg tenkte om lag slik.
Og det gjer godt å tenkje på no og, at der ligg steinar frå Holmedal i tunet heime som har lege der i seksti år, då Aun Sang Suu Kyi og eg feira fireårsdagane våre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar