No er eg på tunn is, for eg er ikkje heilt sikker på detaljane i denne leiken. Så det er framleis lovleg å bruke kommentarfeltet nede på sida.
Me ser for oss eit juleselskap eller liknande. Det kan godt vere både små og store med, tanter, onklar, besteforeldre og syskenborn. Ein av gjestene sit på ein stol - forundringsstolen - og ventar på å få høyre kva folk meiner om henne. Ein annan gjest går rundt og får folk til å kviskre ein karakteristikk, kva dei tykkjer om den som sit på stolen. Det kan gå på utsjånad eller veremåte, karakter eller karakterbrest. Det er lov, ja nærast ein fordel for leiken, at du lyg ein del. Kjem du med krenkjande utsegner som ligg nær sanninga, kan festen vere spolert. Finn heller på noko spinnvilt, eller sei noko pent. Hugs at det er ein leik, og at me skal ha det kjekt.
Når alle har kviskra vurderinga si til den som samlar i hop påstandane, går vedkomande til personen på forundringsstolen og seier: "Ja, no har eg reist langt og lenger enn langt, og alle så snakkar dei om deg." "Kva seier dei, då?" spør den på stolen. Og får til dømes høyre som så: "Jau, somme seier at du har så forferdeleg lang nase, andre seier at du er dum som ein sau, nokon seier at du er eit uvanleg snilt menneske, enkelte seier at du lagar så gode kaker, ... " Forteljaren siterer i veg, og når han har sitert alle, skal den på forundringsstolen velje ut den verste eller den beste karakteristikken og prøve å gjette kven som har sagt det. Og når ho kjem fram til den rette, skal vedkomande i forundringsstolen.
Skal tru om det ikkje var om lag slik?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar