onsdag 11. juli 2012

GODT HUGS - GODT MINNE

Eikeviken, eller "BakarLarsen" som han vart kalla  i dalegtale heime, var mellom anna norsklærar. Eg fekk ikkje oppleve han bak kateteret, på realskulen hadde me derimot i mi tid ein annan dugande norsklærar, Oddleif Fagerheim.
Bror Reidar, derimot, som tok sine første steg fram mot eiga lærargjerning i krysningstida mellom den gamle realskulen og den nye ungdomsskulen i Dale, hadde kanskje den gleda å verte inspirert av BakarLarsen til å bli bloggar?
Eg hugsar Eikeviken i eit anna høve leggje ut om skilnaden på "minnest" og "hugsar" - han meinte at mange brukte desse orda feil. Såleis skulle det heite: "Eg minnest konfirmasjonsdagen min, og hugsar enno det presten sa...". Eller var det omvendt? "Eg hugsar konfirmasjonsdagen min, og minnest det presten sa..."
- Nei, det hugsar eg ikkje....eller bør eg heller seie at det kan eg ikkje minnest?
No er det ikkje tvil om at bror Reidar har eit langt betre langtidsminne enn eg har, noko som er naudsynt for å halde liv i bloggen "Tankar om no og då". Men eg trøystar meg med at langtidsminnet gjerne plar utvikle seg med åra, omvendt proporsjonalt med korttidsminnet. No skal eg vare meg vel for å insinuere at det byrjar å skorte på langtidsminnet til bror Reidar etter at han vart pensjonist på heiltid, men det synest å verte lenger mellom blogginnlegga....
Kanskje Reidar protesterer?
Bror Reidar hadde forresten alt tidleg eit velutvikla minne. Såleis har eg ofte  fått høyre om då mamma og papen skulle fortelje at han var ventandes til verda. Eg hadde gjerne som 2-åring plass "i myljo" i dobbeltsenga, og vart fortald at eg kanskje skulle få ei syster. Då reiste eg meg i senga og utbasunerte: "D'æ'kje plass te noka syste i dinje sengjinne". Ja, ja - så laut det vel verte ein bror, då, og systa laut vente i 11 år til - då var venteleg plassen "i myljo" ledig....
Men eg minnest at då Reidar som liten fekk fortalt denne same episoden, visseleg ikkje for første gong, påstod at det hugsa han godt.....
Ein annan kar som det går mange strofer etter hadde eit liknande godt hugs, han kunne td seie som så: "Eg minnest det som det var i går! Det var endåtil den våren ho mor gjekk med meg.....". Desse strofene skulle utvilsamt vore nedskrivne, sjølv om dei nok gjer seg best i munnleg framføring. Som til dømes: "Det var god termos, det! Eg miste han i snøen ein vinter eg var i skogen og hogg ved. Då våren kom og snøen var vekke, fann eg han att og tok ein slurk av kaffien - men fy ..... som eg brende meg!".
Eller "Det var god klokke, det! Eg kom til å knuse glaset på klokka som eg hadde i vestlomma, og sekundvisaren tok til å veiva seg inn i vestforet. Og hadde eg ikkje vore så eldande snar å få av meg vesten, så hadde ho knipe meg i hel!".
Kanskje det kunne vere ei oppgåve for Sogelaget om å samle desse sogene i skriftleg form før forteljarane som hugsar dei alle døyr ut? Å spørje Arne som var aktiv i Sogelaget er i alle høve for seint, men kanskje bror Reidar?
Eg berre spør!

7 kommentarer:

  1. No trur folk sikkert at eg har pensjonert meg frå blogging. Det har eg ikkje tenkt, nei. Eg har berre teke ein liten bloggferie. Men eg kjenner meg ikkje kalla til å snuse opp og gjenfortelje stubbane etter han Daniel i Dale. Men no ser eg at han Steinarbror er godt i gang ...

    SvarSlett
  2. Eg hugsar "dobbeltsenga" til besta og bestefaren, og den var lita! Eg tenkte alltid at den var altfor lita til bestefaren, han som var så god og rund. Kan ikkje skjøne at det i tillegg var plass til nokon "i myljo"...

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt tenkt. Men to moment må nemnast: Onkelen var litt mindre den gongen. Og det var ikkje same senga som du hugsar, Mari!

      Slett
  3. Sogelaget arbeider med Danielsogene. Det har berre vore litt vanskeleg å få nokon til å tende på oppgåva.

    SvarSlett
  4. Torbjørn Igelkjøn15. august 2012 kl. 16:34

    Som de kanskje kjenner til står det litt om denne Danielsen i Dalsfjordboka, og eg meiner også å ha sett noko i eit julehefte frå 1998(?). Også eg håpar nokon kan ta opp tråden, og få skrive ned desse historiene før dei forsvinn for godt.

    Det hadde elles vore moro å få vite meir om bakgrunnen til både Danielsen og slekta hans, som etter det eg veit skal ha budd m.a. på Elde og på Ungholmen ytst i Flekkefjorden (Lars "på Holma"). Kven var eigentleg desse "splintane" som budde langs ved Flekke- og Dalsfjorden for over 100 år sidan. Her er ein vel kanskje allereie for seint ute, om ein ser vekk frå namn og årstal frå folketeljingar og kyrkjebøker.

    Elles har eg ikkje lese så mykje på bloggen enno, men eg har sett at her er mykje interessant for slike som meg som lurer på korleis det var å vekse opp i Flekke i "gamle dagar". Flott side, Reidar og Steinar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Torbjørn. Eg veit ikkje så mykje om han Daniel, men her er no litt å begynne med:

      http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=113925

      Slett
    2. Torbjørn Igelkjøn16. august 2012 kl. 23:58

      Denne lenka var eg ikkje klar over, så eg seier takk for den.

      Dalsfjordboka ligg for tida fritt tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, og på side 91 finn ein stykket om Daniel: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010052003049

      Elles har eg funne dette .pdf-dokumentet om "båtfolket", dvs. taterane som reiste rundt fjordane her på Vestlandet: http://www.haugalandmuseene.no/wp-content/uploads/downloads/2011/08/De_baatreisende_pa_Vestlandet.pdf

      Slett