Me hadde skoltesundag i går i Bekkjarvik. No er det å seie at eg har ikkje eigenhendig flådd, salta og røykt skoltane i år. Liekeeins som i fjor gjekk me på krambua og kjøpte. Dei kom frå Voss, heitte smalahove, var svidde og ikkje flådde, var i meste laget salta og skamrøykte. Alle rundt bordet (Anne, Tore og eg) var samde om at sjølvgjort er velgjort. Sist me flådde skoltar sjølve, var Tore delaktig. I år har eg fått mykje sneiord frå den kanten for at eg ikkje har kome meg til med flåing sjølv. Men neste år, seier han, neste år får eg goood tid til å hente heim skoltar og flå. Ja, hente frå slaktehuset i Ølen, meiner han nok. Så drastisk er ikkje han heller at han meiner eg skal til skogs og jage heim smale til flåing.
I barndommen min brukte dei gamle å vise fram eit bein som ligg i overgangen frå tunge til svelg i saueskolten. "Sjå her," sa dei og heldt beinet opp i vêret mellom tommelen og peikefingeren, "her er da beine so gjere at sauen ikkje kan snakke!" Sjølv har eg nok gjort det same gong etter gong. Men i går var det Anne som i triumf rette fram beinet: "Her er det beinet du snakkar om, som gjer at sauen ikkje kan snakke!"
Eit slikt bein har nok ikkje eg bak i kjeften.
Nei slikt bein har du ikkje. Du snakkar jo ein god del, er artikulert og ofte ivrig.
SvarSlettNå gjeld det å ikkje snakke over seg ...