Om lag slik såg ho ut på den tida eg for første gong var med og feira bursdagen hennar. Då ho naut denne frukosten, hadde det gått nokre månader sidan omtalte feiring, me var nyforlova og vel forlikte.
Det er eit svært rundt år ho fyller. Del det på to, del det ein gong til på to, del det du då fekk, på to, del det på to ein gong til og endå ein gong. Og del det på to for siste gong. Kva fekk du då?
For førtifire år sidan var eg med for første gong og feira dagen hennar. Sjølve bursdagen begynte nok klokka tolv den festnatta. Me var nokre få selskapsløver og selebrerte henne og eit par av veninnene hennar som hadde bursdagar nett på den tida. Strengt teke burde eg ha sete heime på hybelen på Lægdene og lese meg opp til eksamen i historie, som gjekk av stabelen i dei dagar. Men kva gjer ikkje riddaren for ei jomfru?
Den bursdagen hennar eg hugsar best, var ti år etter den eg no har skrive om. Me budde på Husnes, me var svært så etablerte med tre fortryllande gutar, me feira trettiårsdagen til Anne, og me venta gjester frå Os: Sunniva, Anders og dottera deira. Dei skulle kome med herøysundsbåten om kvelden, og Anne drog av garde med Asconaen og skulle hente. Det var snakk om ei mils køyring. Den hausten kom vinteren tidleg, det var kuling og snøkave,og slett ikkje noko vêr å dra ut i. Eg sat att åleine med dei tre smårollingane og venta.
Då tida var moden for heimkome, var det ingen bil, ingen Anne og ingen bjørkelofamilie å sjå eller høyre. Tida gjekk, eg vart meir og meir fælen. Ute ulte det, og snøen fauk horisontalt, vertikalt, og i endelause mengder. Klokka gjekk, ein halv time, tre kvarter, ein time over tida. Hugs at det ikkje var mobiltelefonar i kvar ein lomme på den tida; skulle du ha noko slikt, måtte du betale ein formue og ha svært god plass, dei var store som amerikakoffertar. Nei, me hadde ikkje eingong fasttelefon på den tida. Ikkje lett å finne ut kva for grusam ulukke som hadde hendt. Eg såg for meg ein bil som låg endevend utfor ein hammar med ei sundslegen trettiårs jente, eg heldt på å sprengjast av panikk. Kva skulle eg seie til gutane, som lurte på kvar mamma vart av?
Der kom det folk på døra! Lensmann og prest, kanskje? Nei, under over under, inn kom tre store festsugne og ein liten søvnig snømann, alt vel, båten var berre halvannan time for sein på grunn av uvêret.
Heldigvis har eg sjåføren enno! Men i kveld er det ikkje snø i lufta, temperaturen er oppunder ti varmegrader og det er vindstille.
Me har hatt ei roleg feiring med yngsteguten. Ingen gjester frå Os i år, nei! Og herøysundsbåten er innstilt for fleire år sidan.
....og me fekk ingen invitasjon, endå det var ein svært rund dag! Er de slutta å bake kake, kanskje....?
SvarSlettDet vart bakt ei kake. Og me hugsar med stor glede dagen for tjuefire år sidan då de kom uvarsla heilt frå Åsane... Det haddde gått fint i dag og!
SvarSlett