lørdag 21. mai 2011

ELDSTEBROREN VÅR


 
Eg hadde ikkje tenkt å skrive om dette idag, men no gjer eg det likevel. Eg orkar ikkje og får ikkje til å skrive så mange orda. Men eg skriv likevel.
   Eldstebroren, Arne, døydde brått og uventa i dag på sykkelferie i Portugal. Han var saman med den nest eldste broren, Steinar, og damene deira. Dei drog heimanfrå glade og forventningsfulle i går, begynte å sykle i dag, så fekk Arne eit illebefinnande og gjekk bort før noko kunne gjerast med det.
   Arne vart sytti år. Så sprek og vital han var, kunne ingen ha tenkt seg noko slikt på lang, lang tid.  Eldstebroren er ikkje meir.

1 kommentar:

  1. Dette var trist å lesa, Reidar. Mi djupe medkjensle oppi denne tragiske hendinga.

    SvarSlett