Wikileaks har avslørt saker som har vekt stor brudulje. Men var det så overraskande?
For det første: At supermakta USA gjer alt det som ei stormakt alltid har gjort for å halde fast på stormaktsstatus, spionert på vener som fiendar, pressa, lokka og intrigert. Var det nokon som trudde at våre gode vener i vest er velsigna med større moral enn andre makter? Det britiske imperiet? Romarriket? Sovjet? Det Tyske Riket? Ludvigs og Bonapartes Frankrike? Kina?
For det andre: Går me rundt og trur at norske borgarar med utsikter til rikdom, spenning og utfordringar er noko betre enn andre i andre land når det gjeld å utføre skjulte tenester for den som byr høgast? Pensjonerte offiserar og politifolk kan knepa, er friske og oppegåande og synest sjølvsagt at det er gøy å samarbeide med den amerikanske ambassaden om snusing og smugkikking etter inkjeanande nordmenn som vekkjer mistanke eller mistanke om mistanke - eller rett og slett har meiningar dei ikkje likar.
For det tredje: Me burde vite at einskilde innslag i embetsverk og ymse andre interessegrupper gladeleg brukar list, makt og høve til å påverke dei folkevalde. Me som har levd nokre år, har sett den glimrande engelske serien om embetsmannen og ministeren - som etter kvart vart statsminister - og alle dei krumspringa denne embetsmannen stelte i stand for å få viljen sin igjennom. Berre skøy? Neppe.
Makta vil fjerne peikefingeren i staden for snusket han peikar mot. Ikkje lat det skje!
Eit såpass vettig innlegg syns eg det var rett å dele på facebook. Så nå ligg det der også...
SvarSlettGodt sagt, Reidar! Einig med Gunnar: Her bør det leka litt ut til folket:D)
SvarSlettTakk skal de ha, eg deler det gjerne med folket. (Og truleg skal eg ikkje søkje visum til USA oftare.)
SvarSlett