Å bere staur var eitt av fleire tunge gjeremål i den hektiske sommarsesongen. Hesjestaurane kunne nok køyrast på høyvogna eller møkakjerra, elles bar me dei på plass. Då måtte ein lesse passeleg opp på skuldrane, elles vart det sprik og kaos. Prøvde me med meir enn ti i slengen, visste me at me tok sjansar.
Statsminister Per Borten (regjeringssjef hausten 1965 til våren 1971) var bonde og visste kva han snakka om når det gjaldt staurbering. Då den borgarlege firepartiregjeringa hans gjekk i oppløysing, sa han at gjerninga som leiar for ei slik regjering var som å bere staur. Då skal me vite at det var femten staurar (Borten medrekna) i denne staurbøra, fordelte på fire parti og med svært sprikjande syn på EF.
Men kva med Jens? No er det tjue staurar med, og det skal ei sterk herd og ei mirakuløs koordinasjonsevne til å gå eit stykke veg i kupert lende med eit slikt lass. Rett nok kjem staurane frå berre tre parti, men likevel... Berre han ikkje ramlar så staurane fyk til alle kantar.
Det er to slags vedgåingar moderne politikarar ikkje kan fordra å kome med, sjølv om pressa og alle andre veit at det burde dei gjere om dei var ærlege: Det eine er at staurane sprikjer. Dei vil ikkje fortelje at dei sant å seie er ueinige. Etter mi meining må ei regjering - som alle andre grupperingar med to eller fleire personar - kunne seie utan å skjemmast at her er det sterkt delte meiningar. Det andre er at ein må kunne skifte syn i ei sak. Det er inga skam å snu, og det kan ein politikar tilstå utan å skjemmast. Eg vil tru at ein politikar veks på å seie at "eg tok feil, no vil me prøve å finne ei betre løysing."
Så får me sjå om det vert master i Hardanger, og om regjeringa sprekk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar