Nei, det går smått om me ser på gradestokken (9 kuldegrader i dag tidleg) og på dei kvite viddene, på juklane ved takrenna og det sterkt minkande vedladet i garasjen. Men sola kjem og kjem. I dag runda ho heile Halsnøy og gladde ikkje før ti på fem. Her er ho nesten ferdig for i dag. Det lovar vår! Når Svanhild og Gunnar i Thailand les dette, tenkjer eg dei kneggjar rått og tørkar sveitten i bortimot tretti graders varme.
Ja, me har kneggja rått og lenge etter dette innlegget.
SvarSlettEg skal avstad berrføtt på trimturen min langs Thailandgulfen. Når eg kjem heimatt skal eg lesa bloggen din på ny. Då vert det kneggjereprise, trur eg