Denne dagen for nøyaktig førti år sidan var ein fin solskinssundag, ein klar, blank seinsommardag. Han vart av dei aller største me har hatt. Iallfall når me ser tilbake og tenkjer på kva som kom ut av dagen.
Utpå natta vakna Anne av uroleg mage og trudde det var beigen, som strilane seier, eller magesykje. Det var ikkje spesielt vondt, men etter kvart skjønte ho at det var noko anna på gang enn beigen. Men slikt som dette hadde ho ikkje vore borti før. Ho hadde fått instruks om å rekne på rier og intervall mellom riene før det var snakk om å leggje seg inn på kvinneklinikken. Føremiddagen gjekk utan at ho fekk nokon klar mistanke om at fødselen var alarmerande nær. Fødselsrier skulle smerte meir enn dette.
Så tok me affære, eg gjekk og fann tak i ein telefon og ringde kvinneklinikken. Dei drog på det: kor lang tid var det mellom riene? Det visste ikkje eg så nøye, og Anne hadde knapt hatt noko svar om hadde vore med meg i telefonboksen. Så eg skar igjennom med ei halv skrøne og sa at det var så smertefullt at ho måtte få kome inn no. OK, sa dei med tvil i røysta.
Så ringde eg etter drosje i same slengen, og få minuttar etterpå var me i farten. Klokka 15.30 kom me inn døra på klinikken, og dei plasserte meg på venterommet med beskjed om å vente litt, så skulle eg få kleda hennar med meg heim. Etter ei lita stund kom det ei dame og sa at fødselen var i gang. Kleda, som eg skulle vente på, kom ikkje. I halv fem-tida kom det ei dame og fortalde at ”no er det hele over, du kan komme inn og hilse på di!” Bevares! Der låg Anne, matt og blid, og borte i ei lita seng låg ein eldraud skapning og roa han ned.
Men så vart han ein habil sprinter. Gratulerer med førtiårsdagen, Rune!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar