Du verda! Eg reknar med at du las bloggen i går om den franske lunsjen. Eg tenkte som så at me skulle gå gjennom leksa og deretter rigge til klasserommet for det planlagde måltidet. Eg var forresten litt spent på om dei stilte opp med noko spennande å ete, slik me hadde snakka om.
Då eg kom innom døra på 016, sat dei der og skein. Alt var klart, pultane var arrangerte til eit langbord, haugevis med mat på bordet og blide elevar sat klare til innsats. Dei hadde jamvel fått bakaren på Halsnøy til å bake pariserbrød, lange grove baguettar. Her var ein diger salatbolle, quiche lorraine, ostar, kjeks og kaker. Då var det berre for meg å hente dei franske ostane mine, dra opp ein tusjbart og få på plass alpehua.
Dei fire modigaste elevane følgde eksempelet mitt og teikna seg snurrbart, dei og. Leksa får vente til torsdag.
tirsdag 29. mars 2011
mandag 28. mars 2011
VIVE LA FRANCE
Eg er mellom anna fransklærar. Det er nok takka vere eit sett av tilfeldige disposisjonar og val i ungdomstida. Eg fann ein gong ut at eg skulle studere fransk, ikkje så mykje på grunn av eldhug for faget, men meir av praktiske og taktiske grunnar som eg knapt hugsar no. Det handla sikkert om å skaffe seg ein fagkombinasjon som kunne gje gode jobbutsikter utan at eg trong slite meg forderva med rettingsarbeid viss eg hamna i skuleverket. Den gongen var faget eit såkalla munnleg fag i gymnaset, og lærarar flest dreiv lite med skriflege prøver.
Eg har knapt vore nokon stor frankofil. I motsetning til mange tykkjer eg ikkje eingong at det er noko spesielt vakkert språk. At det skal vere så flott til å uttrykkje dei skjønnaste nyansar i dikting og filosofi er eg direkte ueinig i. Det er eit heilt greitt språk og sikkert vel og bra for franskmenn. For elevane mine er det både gåtefullt og ubegripeleg.
Men ein ting skal dei ha, desse franskmennene: Dei har eit flott land, og dei har mykje god mat og drikke i dette landet. Og gamle kulturminne. Dei siste sytten åra har Anne og eg vore innom landet i gjennomsnitt minst ein gong i året, og me storkosar oss. Om fjorten dagar skal me til Paris og vere der fire dagar. Det vert femte gongen me er der i byen, like mange gonger som me har vore i Nice. Me gler oss.
Eg er ein nokolunde keisam embetsmann i teneste for Hordaland fylke, møter til timane mine og underviser (viser under, som ein ordsjonglerande kollega seier) med grunnlag i læreplanar og forskrifter. Men ein hende gong slår eg meg laus i fransktimane og arrangerer fransk lunsj med franskelevane mine. Rett nok liknar det lite på ein skikkeleg déjeuner. Den franske lunsjen er som ein norsk middag, varmrett og gjerne ein dessert. Kanskje ein pichet med husets vin attåt. Eg og franskklassen tyr til kaldmat, oftast ost og brød eller kjeks. Men gjerne franske ostar. Og raudbrus.
Franskmenn går ikkje med alpehue, ikkje har dei bart eingong. Men i morgon tek eg på meg alpehua mi og får nokon til å teikne ein svart snurrbart under nasen. Dette påfunnet har eg tradisjon for å handheve. Nett då slepp eg å gå usynleg gjennom korridorane på veg til fransktimane mine.
Sønene mine har måtta bite i seg å vere elevar på den vidaregåande skulen der far deira var lærar. Det har sikkert vore verre for dei enn for meg. Iallfall den gongen midt på nittitalet då son min i ein korridor på skulen trefte far sin ("gamlingen" som han kalla meg på den tida) med alpehue og bart. Han vart så opprørt at han nærmast gjekk til åtak og ville fjerne attributtane mine. Nyttelaust. Eg fekk min franske lunsj med elevane mine, me song om vindrikkande riddarar av det runde bordet, gumla ost og kjeks og gløymde lekser og vrange verb for ei stund.
I morgon er det ny runde. Salut!

torsdag 24. mars 2011
MACKØL OG EKKEL KNURR
Somme av dei bloggteksane mine som handlar om gamle dagar i fødebygda mi nord i Sunnfjord, er publiserte på ei lokal nettside. Ein flittig sunnfjording har funne ut at stykka har kulturhistorisk interesse, og sidan han styrer med denne nettsida (fjaler.origo.no), har han fått lov å "stele" med han vil frå bloggane mine. Det er eitt emne som har vekt stor interesse og avla mange kommentarar på den nettstaden: knurr. Difor tenkte eg som så at eg lyt skrive meir om det.
Me hadde ikkje vore så nøgne med avrenning frå siloane våre dei første åra etter at den nye løa vår vart bygd. Krava var vel ikkje særleg strenge på den tida. Så silosafta rann ned i ei grov og etter nokre hundre meter ut i fjorden. Det var til vanleg godt drikkevatn i denne grova, men ikkje i høysesongen.
Nokre unggutar i Flekke ville prøve kunsten å bryggje knurr. Det var sommar og godt råd å setje dunken ute i det fri. Dei stasjonerte seg nede ved utlaupet til grova. Der var det lett å finne rikeleg med ferskvatn. Truleg var dei ikkje så tyrste mens dei bryggja, så dei smakte ikkje på vatnet. Men då dei fulle av forventningar skulle smake på knurren nokre dagar seinare, fekk dei noko å tenkje på. Eg veit ikkje kva som hende med vara, om dei tvinga fluidet i seg eller tømde det ut.
På Sandane i gymnastida mi var det ikkje uvanleg at somme elevar bryggja. Kva skulle dei elles gjere? Nærmaste ølbutikk var i Høyanger. Ein gutegjeng gjorde seg føre, venta til brygget klarna, tappa det pent opp på mjølkeflasker og slo botnfallet i dass. Men då skimta dei ein del småmakk på botnen, truleg dauddrukne og uskadeleggjorde. Spørsmålet var om ølet var drikkande. Men etter modne overveielsar kom dei til at dei hadde laga mackøl, som hadde eit svært godt ord på seg.
Desse karane brukte som sagt mjølkeflasker til å lagre ølet på. Hugsar du dei gamle brune mjølkeflaskene? Ein av gutane kom innom hybelen til kompisen sin, og der stod ei full mjølkeflaske på bordet, og det var ikkje mjølk som var i henne. "Det var jævla fint øl på denna flaska, blankt som vatn! Får eg smake?" spurde gjesten. Det fekk han, sette flaska for munnen og drakk. "Men det var jo vatn," sa han med sorg i stemma.

tirsdag 22. mars 2011
LIBYA OG VESTEN
No undrast eg. Eg beundrar ikkje Gaddafi. Eg beundrar ikkje Vestens tidlegare innsats i arabarverda. No står me der, like i nærleiken, med kampfly og mannskap. Samstundes er det full kløyving i verda om kva som må hende. Kva slags maktbruk skal ein ty til? Kva er målet med maktbruken? Kven skal stå på kommandobrua og styre aksjonane? Kven skal me ta mest omsyn til: store og små makter, Vesten, arabiske granneland, oljeselskapa, folket i Aust-Libya, folket i Vest-Libya, våpenprodusentane, offiserane, politikarar hist og her? Me har rota oss opp i ei ny røre, og eg veit verken ut eller inn.
Alle me veloppdregne vesteuropearar er opprørte av Gaddafis maktbruk mot sine eigne landsmenn. Det skulle berre mangle. Me er ikkje like harme når israelarar bombar Gaza (kor mange born vart drepne i Gaza i dag, trur du?), eller kvar gong amerikanarar bombar afghanske landsbyar. Ok, me skal ikkje setje ugjerningar opp mot kvarandre på denne måten, men kva tiltru har den muslimske verda til dei som bombar? Nei, dette er ei skikkeleg røre.
Men er me villige til å gå inn med våpen og verne om fredelege demonstrantar i Aust-Libya? Det kunne truleg ha spart ein del liv og kanskje medverka til å snu kampen mot GaddAfi, viss det er dét me vil. Det er berre det at då ville me blø meir enn om me hiv ut nokre bomber frå eit fly. For oss er det reinslegare å krige frå 20 000 fot.
Vel, kva er det me vil med aksjonane? Velte regimet? Då seier Vesten både ja, nei og veit ikkje. Heilgardering. Men å verne om sivile liv skulle vere eit hovudsiktemål ifølge FN-resolusjonen. Ja, viss bombinga oppnår det, så berre køyr på.
Og kven skal styre ståket? Mange vil vere med, men ingen vil ta ansvaret. Viss NATO eller USA tek styrespaken, knurrar russarane. Det same gjer faktisk franskmennene. Tyrkarane toar sine hender. Og amerikanarane vil absolutt sleppe ansvaret. Dei har meir enn nok å styre med for tida, men vil ikkje sleppe heilt taket om saka likevel. Franskmenn og engelskmenn er hissige kleggar som vil markere seg, same kva. EU og NATO veit ikkje kva dei vil.
Men FN, då? Dei har jo sagt ja takk til aksjonar. Men der sit Peer Gynts medsamansvorne og utbasunerer: " Tænke det , ønske det, ville det med, men gøre det, nei, det skønner jeg ikke!"
Nei, eg veit verken ut eller inn. Kanskje kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hyllar FNs initiativ, burde verte øvstkommanderande og samordne aksjonane? Så kan ho late oss lærarar vere i fred ei stund.

torsdag 17. mars 2011
FRÅ TREKVITT TIL MAGNOLIA
Det rommet me ser inn i her, brukte me som soverom i seksten år. Det var inngang frå gangen og vegg i vegg med stova. Så ønskte Anne seg så inderleg ei støre stove. Me opna veggen mot den gamle stova, ho som i grunnen framleis er hovudsalongen vår, der me tek imot kaffigjester, har juletreet og pakkar ut julegåvene når der er aktuelt, og har den finaste salongen, den i brunt skinn. Den nye stova vart kledd med brei, fin vekselpanel og er fjernsynsstove og fast opphaldsrom om kveldane - bortsett frå julafta og når me har kaffigjester eller liknande. Eg har meir enn ein gong omtalt henne som Annestova, noko som mi kjære frue vert irritert av.
Så har det hendt seg at ho tykkjer at dei gamle trekvite panelveggene har vorte for mørke for dei gamle augo våre, og at heimen i det store og heile treng litt fornying. Dette er grunnen til kaoset på dette biletet:
Og det skal verte meir som dette biletet viser. Og her ser du faktisk litt av det originale panelet med fine, breie furubord. Snart vert det òg magnoliafarga, men først må me flytte den digre veggseksjonen, dore spikrar, sparkle spikarhol og smørje på grunning.
Då nærmar me oss stunda når kan me setje oss ned i ei lysare Annestove!

onsdag 16. mars 2011
VÅRTEIKN VED UNGDOMSHUSET
Bror Steinar tipsa meg for nokre dagar sidan om å skrive om vårteikn, og han viste til nokre karar i Flekke som såg det som eit lovande vårteikn at me gutane i bygda begynte å springe rundt ungdomshuset. Ja, springinga hugsar eg godt, men ikkje at det vart omtalt som vårteikn.
Den vanlege organiseringa av desse løpa var sterkt inspirert av skeiseløp. Skeiseløp var den mest populære medieidretten i glansdagane til radioen frå femtitalet og eit par tiår framover. Laurdagar og sundagar på etterjulsvinteren sat heile det norske folket klistra til radioen med nervane i heilspenn og blyant og papir i nevane. Rundetider vart noterte, sluttider og poengsum kom på plass i tilhøyrande rubrikkar, og endeleg kunne Hjallis, Gontsjarenko eller Kupper'n få laurbærkransen over skuldrane.
Etter mønster frå dei klassiske skeisedistansane sprang me ein runde, tre rundar, fem rundar og ti rundar rundt ungdomshuset. Rett nok måtte me opp ei trapp før første langsida og deretter ned ei trapp i neste sving, elles var ikkje løypa ulik ei skeisebane. Litt kortare, heldigvis. Noka ytre og indre bane var det ikkje råd å få til, men me sprang to og to likevel. Me mangla stoppeklokke, men dei største gutane hadde armbandsur med sekundvisarar. Det heldt i massevis for oss. Me skipa til noregs-, europa- og verdsmeisterskap, men eg hugsar ikkje om det vanka laurbærkransar i ei eller anna form.

tirsdag 15. mars 2011
PÅ FEST
No kjem det meir mimring frå gamle dagar i Flekke. Dei som er luta leie av slikt skriveri, kan finne ein annan blogg å lese, til dømes den som min eks-nabo, eks-kollega m.m. Gunnar held seg til: gunnares.blogspot.com Han lever heldigvis mykje i notida.
Men altså: Når det vart arrangert dans i ungdomshuset i Flekke, kalla me det for fest. Det galdt forresten dansefestar i andre forsamlingshus òg. Var det i jula, heitte det juleball. Men oppskrifta i åra rett før og rett etter 1960 var nokså lik: Det vart hyrt inn ein spelemann som kunnne traktere trekkspelet. Han sat på scenekanten og spelte. Me stod på den delen av golvet som vende mot utedøra. Nokre få fekk seg sitjeplass på benkene langs langveggene. Stundom låg det einkvan der og sov utpå kvelden. Dei av oss som dansa, brukte den delen av golvet som var nærast scenekanten. Gutane baud opp. Men utpå kvelden ein gong eller to kunngjorde spelemannen "damenes". Då kunne jentene by opp. Når det var skotårsfest, men det var det berre kvart skotår, kunne jentene by opp med dei ville. Dei dansane det gjekk mest på, var vals, tango, reinlender og swing (eller rock.) Den sistnemnde trengde seg meir og meir inn på dansefestane utetter sekstiåra. Unntaksvis kom det ein pariserpolka eller springpolka.
Nede i billettluka sat billettøren og selde billettar til kroner to eller to femti per stykk. I trappeoppgangen stod billettkontrolløren og tok imot billettar for dei som skulle opp i salen, eller delte ut ein billett til den som skulle ut og lufte seg, gå på do eller ut og drikke knurr. Eit par handfaste karar var vakter og greip resolutt inn mot uro av alle slag.
Festen begynte gjerne klokka ni, og klokka to var det slutt. Ti på to kunngjorde spelemannen at no kjem dei tre siste. Frå klokka tolv var det vanleg å slutte billettsalet og sleppe inn gratis dei stakkarane som stod nede ved utedøra og ikkje tok seg råd til å betale. Men det hende seg at me tøygde den tida litt, og då prøvde dei seg med krav om juridiske rettar til å sleppe billettkjøp etter midnatt. Å nei, det einaste dei kunne påberope seg, var sedvane.
Har eg fått med det viktigaste no? Viss ikkje, les eller syng visa "Stå med glans" av Kjartan Fløgstad. Vestlandsfanden har visa på plate.

søndag 13. mars 2011
KNURR
Eg nemnde produktet knurr i siste bloggen min. Så skreiv eg at du kunne google viss du ikkje visste kva det var. Det lèt seg gjere med litt fantasi, men du bør kople søkjeordet med eit anna stikkord, til dømes øl eller heimebrygg. Elles kjem det opp ei endelaus rekkje med sider om ein liten, sinna fisk. Og det var ikkje det dei hadde på norgesglasa me fann borte med ungdomshuset i gamle dagar.
No tek eg det steget å foreslå ei oppskrift. Få tak i ein trettiliters dunk av til dømes glas eller plast. Helst skulle det vel ha vore ei lita tretønne. Gå på butikken og kjøp fire kilo sukker, to pakkar gjær, ei lita flaske tomtebrygg og ein liter maltekstrakt. Løys alt saman opp i lunka vatn. Pass på at vatnet ikkje vert for varmt, gjærsoppen likar ikkje det. Så har du alt i hop opp i dunken og fyller han med meir lunka vatn. Men pass på at dunken ikkje vert smikkfull. Det må vere litt klaring på toppen, for viss du er heldig, skal det snart skumme kraftig. Rist godt om og set dunken i romtemperatur. Ikkje skru korken heilt att. Har du gjærlås, kan den brukast no.
No må du vere sterk i karakteren og vente minst ei veke, helst to. Når du ser og høyrer at det ikkje knurrar i dunken lenger, er brygget truleg utgått. Ta ei lita smaksprøve. Viss det ikkje smakar søtt lenger, er det teikn på suksess. No kan du godt setje det litt kjøleg og late det klarne litt før du smakar meir. Hugs på at dette er kraftige saker, så drikk med andakt. Eller slå det i do, viss det ikkje fall i smak, eller gje det til ein granne du mislikar.
Eg har forresten ikkje sagt at du skal lage noko slikt, eg berre foreslår ei av tusen oppskrifter på knurr.

torsdag 10. mars 2011
FLEKKE UNGDOMSHUS
Bror Steinar vil at eg skal skrive om vårteikn, og så nemner han i same farten ungdomshuset heime. Då trur eg sanneleg at det kan passe med nokre tekstar om denne sentrale kulturinstitusjonen i barndomsbygda mi.
Som du ser - i nedre biletkant – ligg det ikkje mange steinkasta frå tunet vårt, i grensa mellom garden til mamma og papen og garden til Finn og Helene. Den trondhjemske postvei skimtar me òg i nedre høgre biletkant.
Det hender at eg skryter - og ikkje heilt utan grunn - av at eg er fødd og oppvaksen rett utanfor veggen i ungdomshuset i Flekke, og at det pregar meg meir enn noko anna, vere seg arv eller miljø. Det er lov å overdrive i godt lag. Men det nære grannelaget til dette huset har vore til mykje glede og nytte i oppveksten. I tidlegare bloggar har eg nemnt litt om kva ungdomslaget fekk å seie for overgangen til vaksenlivet.
Men huset har hatt verdiar på ulik vis. Når det var dansefestar og andre festar i barndommen min, høyrde me godt sjauen frå ungdomshuset. Det skapte stemning og glede i sinnet, sjølv for oss som var for små til å gå på nett dei festane. Viss me var seint oppe, hende det seg òg at me såg vaksne ungdommar i underlege positurar kring husveggene. Neste morgon sende mamma oss på ekspedisjon. Flaskeplukking. På bøen vår, nede i Tunbakkurda (til venstre for ungdomshuset), bak dass (usynleg på biletet) og jamvel på sjølve ungdomshusplassen fann me flasker i ymse utgåver og fasongar. Dei me ikkje kunne pante, fekk mamma til saftflasker. Me lukta på dropane i botnen og undra oss over at nokon hadde appetitt på slikt. Stundom dukka det opp eit stort norgesglas, og då vart mamma ekstra glad, for dei var dyre i innkjøp. Utetter hausten og vinteren hadde me mykje glede av rips- solbær- og stikkelsbærsafta som stod lagra i kjellaren. Kanskje me ikkje hadde hatt så rikhaldig saftlager utan ungdomshuset?
Du kan vel gjette kva som hadde vore på norgesglasa? Knurr, ja! Viss du ikkje veit kva knurr er (var), kan du prøve å google.
Til slutt ein vits: Gamle Kristoffer kom til dokteren og klaga over synet. Kanskje ham måtte ha seg briller. Dokteren spurde om å få sjå dei brillene han hadde, men Kristoffer forklarte at han aldri i sitt liv hadde brukt noko slikt. "Men du har jo eit tydeleg merke etter briller over naserota," sa dokteren. "Nei, da e tå norgesglaset, da, doktar," sa Kristoffer.
onsdag 9. mars 2011
PRIVATISERING, FASE FEM: HEILT KONGE
Dette vert siste leksjonen i tipse- og undervisningsserien min om privatisering og konkurranseutsetjing. I alle fall i denne omgangen. No ser eg stadig vekk at dei tek emnet på alvor både i riksmedia og i dei politiske partia. Men dei går ikkje langt nok. Dei er for feige. Jamvel Høgre og Frp, som seier at dei vil opne for mykje meir i denne retninga. Og Ap er altfor pysete. Når det stormar litt kring Adecco og andre edle firma, seier Ap at dei er imot, men når dei vil spare ei krone eller ikkje gidd noko anna, hankar dei inn private firma og lausarbeidarar frå gata.
Nei, lat oss kome vidare: Kongen vår er ein aldrande herre, og fuglane veit kor lenge han held koken. No må me vere om oss og privatisere denne geskjeften før son hans kjem springande og påstår at han har arverett til jobben. Me må kunne gå ut i heile EØS-området og endå lenger med eit anstendig anbod. Sist me gjorde det, kom det ein dansk prins og ei engelsk prinsesse. Men Michelsen og Nansen hadde jobba for lite med anbodspapira, så det kom ikkje fleire tilbydarar, og oppseiingsvilkåra vart altfor tåkete. Me må høyre meir på høgresida i politikken, me kan ikkje ha slikt stillingsvern som me har i dag.
Det må stillast krav: Ein aktuell kandidat må kunne gå på ski, kunne føre ein seglbåt og gjennomføre ein nyttårstale med nokolunde forståeleg uttale. Monarken må vere i stand til å stå på ein balkong og vinke ein times tid ein gong i året. Elles skal me ikkje krevje for mykje. Viss det er ei kvinne, må ho kunne snakke med hestar, englar og daudingar.
Formålet med privatisering og konkurranseutsetjing skal som kjent vere sparing, og her er det pengar å hente. Istadenfor å tilby den nye monarken løn og apanasje, må me kunne snu på flisa og krevje at vedkomande skal betale for å få jobben. Kvifor ikkje? Det er sikkert mange kaksar i inn- eller utland som kan hoste opp nokre millionar. Kva med Stein Erik Hagen eller han Røkke? Viss til dømes Gaddafi og sønene hans kjem seg levande unna det rotet han har stelt til i Libya, har dei nok salta ned nokre milliardar som kan gravast fram når det trengst. Viss ikkje gamlingen sjølv vil, tek me ein av sønene. Rett nok bur dei ikkje i EØS-området, men likevel. Byr dei høgt nok, er det ingen ting å stusse på.
Men først må dei lære seg å gå på ski og føre ein seglbåt.

søndag 6. mars 2011
VINTERFERIE? TJA...
Det er kvinnene i heimen som er den store målgruppa for den delen av forretningsstanden som satsar på oppussing, fornying og ommøblering av heimane. Viss Frode, Teigen eller Møbelringen hadde hatt god nok teft, skulle dei ha invitert alle konene i bygda på vinaften med kanapear og samtidig synt fram det nyaste nye eller litt gammalt nytt i krambuene eller katalogane som kunne freiste husfruene over evne.
No var det verken Frode, Teigen eller Møbelringen som overtydde Anne om at me måtte friske opp heimen med ein del kvitmåling her og der, ikkje det eg veit. Korsomer: Dei trekvite dørene, listene og vindaugskarmane som har stritta mot alle framstøyt frå målarfirma i tjueåtte år er no i ferd med å verte magnoliakvite. Det same er spisekroken med sin grøne tapet og brystningspanel i perlefasmønster.
Siste delen av vinterferien har gått til dette prosjektet, og det er langt frå fullført. Den fine fjernsynsstova med liggjande breitt vekselpanel skal òg til pers.
Variatio delectat, hadde Caesar sagt. Men Julius Gaius hadde nok råd til å leige handverkarar. Eg fattar ikkje kvifor eg kom på nett desse avslutningsorda.

onsdag 2. mars 2011
UT I SKODDA
Me hadde ei framifrå helg i Trondheim, dobbelfeiring for to små barnebarn som har bursdagar på denne tida. Men måndag føremiddag var det duka for heimtur. Bilen vår stod utolmodig og venta på det som før heitte Liland parking ved Flesland, og tanken var å køyre derifrå til Bekkjarvik og ta eit par vinterferiedagar der. Me sjekka inn på Værnes i god tid, flyet skulle ta av klokkka 14.10. Brått lyste det frå infotavla: ny avgangstid klokka 15.40. Me gjekk og småbanna og fordømte SAS, som påstår dei er så punktlege. Men så kom det annonsering over høgtalarane at Flesland flyplass hadde vore stengt heile dagen på grunn av skodde, og at flyet vårt iallfall ikkje kunne gå før nærmare fire. Me laut tilgje SAS og vende harmen vår mot vêrgudane. I firetida vart me endeleg slusa inn på eit fly som skulle vidare til Stavanger, og me såg lysare på stoda. Men rett før flyet tok av, fortalde dei at dette kunne verte ei lang reise. Dei håpa å kunne hive oss av på Flesland, men viss det ikkje gjekk, laut me sitje på til Stavanger.
Omsider tok me av, og då me nærma oss Bergen, var skodda tjukk som graut, så dei krinsa rundt i Hordaland i påvente av ei lita lysning. Men nei, etter ein dryg halvtime gav dei opp og fortalde at no går ferda til Stavanger. Jaja, me kunne ikkje protestere.Ferda gjekk lenger mot sør, og undervegs såg me heim. Ikkje skodde over ytre Kvinnherad. I sekstida var me på Sola, og der fortalde dei at dei skulle sende oss med buss til Bergen. Bagasjen vår kom tydelegvis ut heilt til slutt, før me kunne springe til bussen. Fleire bussar var allereie på veg nordover. Sjåføren hadde god tid, eller måtte ordne både eitt og hitt før me omsider trilla av garde i sjutida. Kunne me nå fram og ta siste ferja til Austevoll klokka halv tolv? Neppe!
Turen nordover var i og for seg koseleg. Seta i bussen var gode, og me var heldige med ferjene. God lapskaus på ferja frå Sandviksvåg. Men klokka var over elleve før me trilla inn til Flesland flyplass. Me kunne nok ha plaga sonen vår på Bønes med overnatting, men håpa at SAS ville spandere hotellrom på oss. Lang, lang venting i kø med folk som hadde opplevd skoddekaoset og trong hjelp. Endeleg var det vår tur ved skranken, for berre å verte fortalde at dei dessverre ikkje hadde noko ansvar for oss no når me var komne fram til reisemålet.
Vel, då laut me ordne opp sjølve, og passeleg molefonkne prøvde me først det nærmaste hotellet. Der var det fullt, så dei dirigerte oss til Thon på Kokstad. No henta eg bilen, me kom til Thon nærmare halv eitt, og dei gav oss nøklane til ein diger suite, som slett ikkje var billig. Men på det tidspunktet kunne me ha pantsett begga husa våre for å få ei seng tilgjengeleg. Me kunne ta kvelden! Endeleg!
Skodde i Holmenkollen? Kva er det dei sutrar for? Dei visste at det var eit skoddehòl der dei bygde ny milliardbakke og inviterte til "tidenes skifest"! Flesland er nesten aldri stengd på grunn av skodde, men det var han altså den 28. februar 2011.

fredag 25. februar 2011
PRIVATISERING OG KONKURRANSEUTSETJING, FASE FIRE: STORTINGET
Me nærmar oss lokalvala, så den neste framstøyten min for konkurranseutsetjing og privatisering kjem for seint til at me kan gjere noko særleg med dei. Men me kan fokusere på saka i den komande valkampen og bane vegen for den neste. Stortingsvalet. Adecco – eg skreiv nesten adeccoligaen, for ein liga må det vere – har vist oss vegen. Her er mange kjellarar, garasjar og tilfluktsrom der me han late arbeidarane slappe av ein time eller to før neste økt. Dei har og skapt eit genialt system der arbeidarane betaler firmaet for å arbeide, ikkje omvendt, slik me er vane med.
Men så til neste framstøyt: Privatisering av politiske organ, Storting, fylkesting, kommunestyre og slikt. Eg ser for meg at me skal begynne med Stortinget. Tykkjer me at dei 169 godt betalte og høgt pensjonerte representantane gjer like for seg? Nei, her må det vere råd å leggje ut ein skikkeleg anbodsrunde, gjerne i heile EØS-området. Dessutan slepp me ein slitsam og dyr valkamp. Eg ser ikkje heilt klart for meg detaljane enno, men ein felles entreprise kan truleg gje oss ei mykje billigare og mykje betre teneste. Dersom anbodsvinnaren skjer ned til beinet og lurer folket til å arbeide tredoble skift eller noko slikt, kan det kanskje klare seg med førti-femti representantar. Og så må dei betale litt meir enn løna si tilbake til firmaet, for det skal jo tenast pengar på tiltaket. Tilbydarane må sjølvsagt fordele dei på ulike parti slik at det vert litt futt i debattane. Me må ha posisjons- og opposisjonsparti, det har me tradisjon for. Det er eit rimeleg krav at karane må gå med slips og kvinnene i tekkelege kjolar.
Forresten: Under stortingsbygningen er det ein stor garasje. Der er det sikkert plass til å hive inn nokre senger i ein krok så dei nye representantane kan ta ein liten strekk mellom øktene. Det vert spennande om det vert Adecco eller eit selskap frå Sicilia som får tilslaget, der pris, kvalitet og fagre ord i anbodet er skikkeleg avstemte.
Eg vil forresten ha ein liten prosent av overskotet, sidan det er eg som har lansert ideen.
torsdag 24. februar 2011
PRIVATISERING, FASE TRE: LOOK TO USA
Eg vil framleis presentere gode råd til dei politikarane som slåst for privatiserings- og konkurranseutsetjing, slik fleirtalskoalisjonen i våre to største byar gjer og har gjort i årevis. Me må ikkje late oss stanse av avsløringane som NRK har gjort av slaveliknande tilstandar for arbeidsstokken ved adecco-sjukeheimane i Oslo.
Det er mykje som står att enno av offentleg styre og stell, så me har nok å ta tak i. Forsvaret er ein sjølvsagd arena. Då amerikanarane gjekk til krig mot Irak for snart åtte år sidan, vart mange kostbare og lukrative brikker i det store spelet overlate til private firma. Det er på tusenvis av tungt væpna private vakter i Irak, betalte av amerikanske private vaktselskap, som igjen får si velfortente løn av amerikanske skattebetalarar. Eit anna døme var og er Halliburton, eitt av dei konserna som fekk milliardkontraktar av Pentagon for å følgje invasjonsstyrkane med ymse forsyningar i form av varer og tenester. To menn hadde sete tungt inne i styreverv og eigarposisjonar i firmaet: visepresident og høgre hand for G.W. Bush, Dick Cheney og forsvarsminister Donald Rumsfeld. Eg har ikkje sagt at dei misbrukte verva sine for å tene nokre lusne milliardar, det må me ikkje tru, for det har dei sjølve avsanna. Heller ikkje at tanken bak invasjonen var å tene nokre dollars.
No gløymer eg nesten norsk politikk. Men look to Uniten og lær av onkel Sam! Me må tenkje stort og setje norsk militærverksemd ut på anbod. (Forresten gløymde Cheney og Rumsfeld å leggje kontraktane ut på anbod, det hasta slik for dei at dei berre henta inn Halliburton, som sat klar med forsyningstenestene det var bruk for). Me veit at det finst mykje godt privat iniativ som kan rykkje inn og skyte minst like presist og billig som soldatane våre i dag. Då kan forsvarsministeren vår sleppe å bli møtt med nasevise spørsmål frå journalistar viss det oppstår tvil om tiltaka, ho kan svare at dette er det militærforetaket som må svare på, dei må løyse sakene sine sjølve, ho har ikkje ansvar, berre syter for at den som byr lågast får anbodet. Viss politikarane følgjer rådet mitt, kan snart yankeeane looke to Norway igjen.
Og har me ikkje to gilde gutar i fengsel i Kongo som kan kjøpast heim og overta til dømes rolla til forsvarssjefen og generalinspektøren i hæren? Dei veit mykje meir om sakene enn eg og du, kjære lesar.

onsdag 23. februar 2011
PRIVATISERING, FASE TO
No når privatiseringsiveren av sjukeheimstenester i hovudstaden og andre stader er kome under press og skandalisert, må me slå tilbake på andre frontar. I går skreiv eg om å konkurranseutsetje lærarjobbar. Det har tydelegvis falle i god jord, for eg har ikkje teke imot ein einaste protest. Men kanskje me skal gå varsamt fram? Eg ser for meg at me kan ta ut nokre høvelege oppgåver og sende ut på anbod. Fylket vårt - arbeidsgjevaren min sidan 1973 - gjer det meir og meir. No skal all organisering av tenestereiser ut på anbod. Det skal verte slutt på at eg reiser som eg sjølv vil viss eg skal på kurs, ekskursjon eller møte, eg skal vende meg til det reisebyrået som fylket plukkar ut. Eg får ikkje gå på reisebyrået på Husnes og sitje i ein godstol mens me drøser om opplegget. Eg bør ikkje lenger tinge billigbillettar på Norwegian til meg sjølv og elevane mine om det skulle kome på tale med ein slik oslotur som me var på i haust. Kanskje like greitt, eg sparer meg for styr og strev, kanskje vert det for dyrt for elevane og skulen, så eg sparer meg for heile ekskursjonen.
No ser eg at delar av jobben min vert så vanskjøtta at det er like godt at dei funksjonane vert konkurranseutsette og privatiserte. Då tenkjer eg på vurderingsbiten. Vurdering er som fortalt i går det nye satsingsområdet, vurderingane skal verte betre, altså er dei for dårlege trass i mine snart trettiåtte år som lærar i vidaregåande skule. Nei, kjære fleirtalsgruppering i fylkestinget, skjer igjennom og privatiser dette, kutt det ut or arbeidet til oss udugelege lærarar og set det ut på anbod! Det er dessutan den trasige delen av arbeidet mitt, eg likar best å tråkle i hop undervisningsopplegg, greie ut om slikt eg har greie på og snakke med elevane om det. Prøver, stilar, ymse heimearbeid og karaktersetjing er eit heft og eit herk. Eg kan godt undervise meir viss ein anbodsvinnar kjem inn og ordnar med vurderingsbiten, ein som forstår kodane til Direktoratet.
Og elevane vert fornøgde, for den som no skal setje karakterane, må sjølvsagt leggje inn som siktemål og premiss i anbodet sitt at dårlege karakterar skal vekk.
Viss me lukkast med dette, vert neste steg i privatiseringa at me konkurranseutset eksamen. Helst med utlysing i heile EØS-området.

tirsdag 22. februar 2011
PRIVATISERING, FASE EIN
No vil eg inn i politikken. Men først må eg minne om at eg framleis er lærar, at det er noko som heiter Kunnskapsløftet som stiller nye krav til lærarane, skulane og skuleeigarane om mangt og mykje som ikkje handlar om kunnskap, og at fylket vårt vil premiere dei flinke lærarane og meiner at det ikkje skal verte nokon kunst å sortere ut dei. Så då skal me kutte ut alt som heiter samarbeid, men konkurrere oss imellom om gunsten og velviljen til elevane. Då er det karakterane me må gjere noko med, og di betre karakterar, di meir fornøgde elevar, di mindre klager, for ikkje å snakke om saksøking. Derfor må me passe oss vel for å gje karakterar under fem, til dømes. Til nød ein firar til den største unnasluntraren i klassen. Men berre dersom me veit at foreldra ikkje er såpass bemidla og oppegåande at dei vil saksøkje oss.
Då har me i tillegg funne ut av det som skal vere eit prioritert satsingsområde i til dømes Hordaland fylkeskommune: betre vurderingspraksis. Viss den skal verte betre, tyder det på at den gamle prasisen ikkje var særleg bra. Me underviste godt, men me vurderte dårleg. Me risikerte, fekk me fortalt, at foreldra med dei feitaste lommebøkene kom på skulen med høgt gasjerte advokatar og ville vite korfor djevleungen ikkje hadde fått betre enn fire i standpunktkarakter endå rakkaren stort sett kunne lese og skrive namnet sitt viss han fekk bruke datamaskin. Her måtte me dokumentere i detalj at den håpefulle hadde fått alle tenkjelege sjansar til å nå alle tenkjelege mål i læreplanen når det passa krapylet å verte prøvd på ein måte som var tilrettelagd etter krava i opplæringslova om individuell tilrettelegging.
Så var det det med privatisering. Fram til eg om godt og vel eit år trekkjer meg tilbake som heiltids pensjonist, skal eg gå hardt inn for den privatpraktiserande læraren som leverer anbod på utlysing der skulen vil ha den billigaste læraren som gjev dei beste karakterane. Me kan lett tenkje oss modellen: timeløn dividert med gjennomsnittskarakteren i klassen. Den som då kjem ut med lågaste faktoren, vinn anbodet. Så enkelt, så effektivt.
Når eg vert pensjonist, skal eg år om anna ta del i desse anbodsrundane og prøve ut teorien i praksis. Til så lenge skal eg selje ideen til dei politikarane som vil ha meir konkurranse blant lærarane og meir privatisering. Hugs at det er lokalval til hausten!

mandag 21. februar 2011
BURSDAGAR
Dei flagga på Kvinnherad vidaregåande skule i dag. Ikkje alle kjende til grunnen for det og spurde meg, som går der som ein sjuande far i huset og har vore på skulen i uminnelege tider. Eg sa at det var på grunn av bursdagar, mellom andre var barnebarnet mitt sju år i dag. Ikkje alle skjønar at eg er ein tullebukk og lurte på om dei skulle tru meg.
Men Frida Karoline har feira, og sju år har gått sidan den nybakte papen hennar ringde og forkynte den glade bodskapen, la telefonen ned til den vesle munnen og lét den lukkelege bestefaren høyre nokre små gryntelydar.
At monarken vår òg har bursdag på denne dagen, kjem heilt i skuggen, sjølv om det kanskje var han dei heiste flagg for i dag både på skulen vår og mange andre stader. Men det er Frida sin dag!
søndag 20. februar 2011
ONOMATOPOIETIKON
I alle språk (trur eg, eg har ikkje vore borti alle dei seks tusen språka i verda) er det ein del ord som hermer etter lydar som har å gjere med det som ordet står for. Litt pussig er det likevel at folk i ulike land oppfattar lydane ulikt og har ulike ord for det som me skulle tru var den same lyden. Norske hanar seier kykeliky, til dømes, men franske hanar seier cocorico.
I sommar var me innom Dresden, og der gjekk eg forbi eit apotek. Eg kom på at Anne heldt meg ansvarleg for å ha halde henne vaken mest heile natta, og ho heldt det for sannsynleg at dei andre teltarane på campingplassen sikkert hadde sove dårleg òg. Så eg gjekk inn på apoteket og ville ha eit middel mot snorking. Men kva heiter vel snorking på tysk? Ikkje visste eg, så eg drog ein snorkelyd som eg meinte ho burde forstå. "Ah, gegen Schnupfen," sa ho, og eg nikka og trudde ho forstod. I etterkant viste det seg at det ordet tyder snufsing, ho trudde vel at eg var forkjølt. Endå eg prøvde å lage ein svært sterk og tydeleg snorkelyd. Trøyste oss for tyskarane, viss dei lagar slike lydar når dei snufsar!
Nei, tyskarane, dei schnarchen. Franskmennene må ronfler. Engelskmennene snore. Italienarane plar russare eller ronflare, mens spanjolane likar å roncar. Eg tykkjer at me og franskmennene er dei som får best til å etterlikne lyden når me skal snakke om han, til dømes forklare fenomenet for ein apotekar. Ja, det italienske alternativ to er òg bra, der er dei nesten samde med franskmennene. Me har forresten eit ord til, å ryte, som òg gjev eit sant inntrykk av ulyden.
Sist fredag var eg på Haugesund sjukehus og fekk ei ublid behandling for å minske rabalderet eg er skulda for. Dokteren, ei tilsynelatande hyggjeleg ung dame, stakk først nåler inn i kjeften og sprøytte inn giftstoff som lamma palatum molle. Deretter sende ho inn radiofrekvensbølgjer, ikkje for at eg skulle få ta inn Radio Luxembourg direkte, men for å skade strukturen inst der inne i kjeften i von om at det skal danne seg arrvev som stivar opp dette blaute partiet inst i ganeseglet.
No går eg rundt med sårt og raudt svelg og opphovna drøvel. Både i går natt og i natt snorka eg som aldri før og måtte evakuere inn på eit anna rom. Men dokteren påstår at det først blir verre, så betre.
Håpar ho, håpar Anne, håpar eg.

onsdag 16. februar 2011
TØFFE PENSJONISTDAGAR
For tjueåtte år sidan bygde me oss hus. Me stod på, tidleg og seint, både mora, faren og dei tre ungane våre, ein stor, ein liten og ein midt imellom. Dei tre gutane gjekk på skule, i barnehage og på lut (faxelut?) og kaldt vatn mens mamma og pappa skjøtta sine jobbar om dagen og dreiv på i det som skulle verte nytt hus om ettermiddagen og kvelden. Me sparkla og måla, tapetserte og snikkerte, pussa og spikra. Her vart mykje trekvitt, og det skulle få vere trekvitt etter den tids mote. Treverket fekk ein omgang med grønsåpe og faxelut. Veggene av trefiberplater fekk for det meste strie eller vanleg tapet.
Gjennom åra har det skjedd litt her, litt der med det opphavlege. Men mykje er som det var for tjueåtte år sidan. Til dømes er alle vindauge i heile huset og dørene i første etasje framleis ubehandla furu, som rett nok ein gong i tida fekk litt lut på seg. Dessutan panelte me det som før var soverommet i første etasje med vakker, brei liggjande furupanel og opna opp rommet mot stova.
No meiner kvinna i huset at det er på tide å friske opp ein del av dette treverket. Kvitt skal det verte, rettare sagt: magnolia. Magnolia er ein vakker eksotisk blome, ikkje heilt kvit, men mange sortar er noko i den duren. No må det seiast at veggene i den indre delen av stova allereie har fått magnoliafarge, av ferdigmåla huntonittplater som me har spikra opp for eit par år sidan, og som gjev oss eit falskt inntrykk av ståande panel. Skorsteinen og brannmuren har fått den same fargen, det same har dørene på kjøkkenskåpa.
Så no går pensjonistdagane mine (måndagar og onsdagar) til pussing, flikking og måling. Det er eit pirkearbeid som sikkert passar for pensjonistar. Døra og vindaugskarmane i karnappet er allereie i hamskiftet. Meir skal det verte. Her er fleire vindauge, og så skal veggene i spisestova til pers, har eg skjønt.
Men i morgon er eg ikkje pensjonist. Då er det meir eller mindre lærevillige tenåringar, fransk, historie og samfunnskunnskap som står på programmet.

torsdag 10. februar 2011
MAGNETISK LYD
Bror Steinar kjøpte ein av desse nymotens bandspelarane for snart femti år sidan. Det var eit mirakel, han kunne ta opp stemmene våre så me fekk høyre korleis me snakka, og me oppdaga at den stemma andre høyrer, ikkje er nett lik den du høyrer sjølv frå din eigen munn. Han kunne kople spelaren til den nye radioen vår og ta opp musikk, ja, me kunne på det viset høyre opp att og om att den slageren me likte best i augneblinken.
Så budde eg på hybel i Bergen med mellom andre Anders, og han sveid av ein bra snutt av studielånet og kjøpte seg lydbandspelar. Den hadde me mykje glede av. Mellom anna sat han og eg for førtito år sidan ein sein kveld i Lægdene og moroa oss med å lage eit reportasjeprogram om jubilanten Anders i høve tjuetoårsdagen (!) hans, der han no sat på gamleheimen og såg tilbake på eit uvanleg innhaldsrikt liv. Sjølve tykte me at me var løgne.
For snart trettiåtte år sidan hamna eg på noko dei kalla gymnasklassane i Kvinnherad. Ei av dei rause investeringane som nyleg var teken, var innkjøp av to Tandberg lydbandspelarar. Den eine er nok forlengst skrota. Men den andre eksisterer, ein kollega overtok han då me rydda og raserte mykje gammalt før oppussinga av skulen skulle iverksetjast for snart to år sidan.
No står det antikke Tandberg-vidunderet oppe på hemsen vår. Eg har nemleg lånt med meg det uerstattelege bandopptaket frå tjuetoårsfeiringa til Anders og etlar meg til å overføre det til datamaskinen og deretter til ei CD-plate. Så i dag fekk eg utlevert lydbandspelaren med ein tom spole, klar til dyst. Eg sette i gang, men akk oh ve, den herlege lydbandspelaren frå gamle Vebjørn Tandberg sin verdskjende fabrikk er ikkje heilt som han var. Han fuskar med lyden, rett og slett. Eg trur det er ei kopling eller to inni maskinen som sviktar litt. Likevel: Eg fekk ut ein nesten brukbar kopi av bandet til Anders.
Og så har eg liggjande nokre spolar som bror Steinar eig. Dei tok eg med meg for mange år sidan for å kopiere dei over på kassettar. Det gjekk skeis. Men kanskje dei vil late seg digitalisere?
Viss han gamle Tandberg vil, då.

onsdag 9. februar 2011
CORNELIS
Han var ikkje frå Fresvik utanfor Vik i Sogn, sjølv om han var galen nok til å kunne ha vore sogning. Nei, Cornelis Vreeswijk var frå Ijmuiden i Nederland og kom til Sverige som tolvåring. Når eg høyrer han syngje, kjem eg nesten i feriestemning, for me har ei plate med eit utval av visene hans som me stappar inn i spelaren og høyrer på når me køyrer på sommartur. Dessutan har me med oss nokre plater med ei herleg blanding av gamle og nye svisker som me set på og kanskje trallar med når me krusar gjennom sommarlandet på veg til det europeiske kontinentet.
Men altså: I kveld var me og såg filmen om Cornelis. Det var ei sterk og fengslande stund. Hans-Erik Dyvik Husby ("Hank von Helvete") er nifst lik rollefiguren sin, har same stemma og same figuren, og livsstilen hans ein lang periode har nok fellestrekk med livet til Cornelis.
Me besteborgarar som har levd eit passeleg afireliv, har godt av å lytte litt til Cornelis. Og trass alt går eg òg stundom med trasiga skor.

tirsdag 8. februar 2011
STOVEGRIS
Det er berre å tilstå. Eg er vorten ein stovegris. Ved nyttår tenkte eg som så at når berre snøen forsvinn, skal eg kome meg ut kvar bidige dag ei stund, kanskje begynne litt lett jogging, eller i det minste spasere ein tur. Om det ikkje nett var eit formelt formulert nyttårsforsett, var det like i nærleiken. Men på den tida var det så glatt og fælt på vegane og blautsnø eller isete stiar i skogen, så det var ikkje særleg tillokkande. No er vegane berre og greie både for gange og jogging, og ikkje har det regna særleg verken i dag eller i går. Så for den del burde eg lett ha kome meg ut.
Men nei. Etter skuletid og middag var det så herleg å strekkje seg i sofaen at alt anna vart utsett og gløymt. Ja, eg sov søtt og tungt - eg veit ikkje kor lenge. Og før eg fekk tenkt meg om, foreslo Anne ein kopp kaffi. Dermed var det gjort. Så begynte fjernsynet å lokke med førkveld, vestlandsrevy og dagsrevy, avisene måtte finlesast, epost og andre nyhende på pc'en laut sjekkast, og før me visste ordet av det, sat me og åt kvelds, sette på ein dvd-film (ingen ringare enn den svenske politimannen Martin Beck), og no sit eg og skriv med dårleg samvit.
Trass alt: Eg fekk nedpå ein liten blogg i dag òg. God natt!

mandag 7. februar 2011
FEBRUAR MELLOM TVIL OG TRU
Me har hatt den vinteren me har hatt bruk for i år. Det tykkjer både konemor og eg. Det er slutt på den tida ein jubla for dei første snøfillene, grov fram ski og kjelke og sørgde når dei siste kvite flekkene vart omskapte til skit og søle og rann sin veg.
Om me ser vekk frå fjoråret og denne vinteren, har me som regel hatt flust opp med vårteikn her på Eikeland på denne tida. I dei beste åra har dei aller første snøklokkene blenkt imot oss tidleg i februar. Og krokusane har ikkje vore mykje seinare. No går eg kring huset og glor etter vårteikn som ikkje finst. Rett nok ser eg i dei første toppane på ein del av løkblomane våre, og det er tydeleg at snøklokkene har tenkt å spire i år og. Men eg må leite lenge for å få auge på til dømes tulipanspirer. Ofte har dei vore desimeteren og vel så det over molda ved juletider. Kjem ikkje våren snart, tru? Vel, me har berre den sjuande februar i dag. Me risikerer mykje vinter framleis. Som i fjor. Asj!
Men no er trass alt snøen vekke her heime. Det var han ikkje på strekninga Mundheim-Venjaneset då me var til by'n i helga. Over Hålandsdalen var det full vinter. Høge snøkantar og kvitt på alle bøar og bakkar. Is på vatna. Ikkje rart at skiskytejentene har hatt gode kår der oppe. Kva skulle dei elles finne på om vintrane? Skyte hare? Sitje inne ved omnen og lese Romantikk?
Vel, her er det tøya forlengst. Kanskje me er kvitt den verste vinteren? Eg trur me nærmar oss tida for snøklokker, krokus og vår. Noko skal me ha å sjå fram til. Og tru på.

søndag 6. februar 2011
TILBAKE TIL KVARDAGEN
Det kjennest nesten som om me har vore vekke i vekevis. Me drog til Bergen onsdag, sjekka inn på hotell Terminus og budde der to dagar, rettare sagt: netter. Fredag ettermiddag for me til Lysefjorden i Os og vitja våre gamle, gode vener Sunniva og Anders, og i ettermiddag kom me heim til kaldt hus, fyrte og fyrte, og fann smått om senn vegen tilbake til dagleglivet vårt.
Den formelle grunnen til byopphaldet var todelt. Eg var der i embets medfør, og Anne var med meg som moralsk og sosial støtte. Fase ein: Eg og nokre fleire kollegaer var på ekskursjon med ein flokk elevar. Dei var først på teateret onsdag kveld. (Anne og eg kutta ut det, me hadde sett La cage aux Folles før jul). Torsdag var me på historieekskursjon på Bryggen, Håkonshallen og Rosenkranztårnet. Så sende me elevane heim torsdag ettermiddag og kunne puste ut. Fredag var den årlege fagleg-pedagogiske dagen i Bergen, der universitetet og andre institusjonar stiller opp og byr på fagleg påfyll for kunnskapshugrande lærarar. Eg kan stolt berette at eg i år fekk med meg fem timar i strekk med forelesingar, og eg pendla mellom jussbygget og Raftohuset for å rekke dei leksjonane eg ønskte. Anne stilte opp på to av dei, og då trur eg ho kom nokså nær snittet for somme av kollegaene mine.
Så endeleg, utpå ettermiddagen fredag, var me på plass i stova hos Sunniva og Anders. Og no er me her igjen. Neste utflukt vert ein trondheimstur om knappe tre veker. Då er det born og barneborn som skal vitjast.

tirsdag 1. februar 2011
REVOLUSJONENS RØST
Me ventar med spenning på det som hender i Egypt. Eit autoritært styre står ved randa av stupet. Eitt av mange store spørsmål er kva som kan kome i staden. Og kva med framtida til dette fattige, rasande egyptiske folket? Ein vellukka revolusjon er eit sjeldsynt fenomen , og dei fleste revolusjonane har ført med seg mykje smerte, vonbrot og lidingar. Ja visst gör det ont när knoppar brister, seier svenskane. Me får aldri svar på om det ville vore betre om slike fryktelege omveltingar som verda har sett fleire døme på, hadde vore unngått. Den franske. Den russiske. Den kinesiske. Kolonifrigjeringar. Me ser at det var ille før revolusjonane. Me ser at det var gode grunnar for raseriet hos folka som reiste seg. Men ikkje ein gong historikarane kan svare på om dei samfunna kunne ha fått ei meir menneskevenleg utvikling om revolusjonane ikkje hadde brote ut..
Så veit me at ein del dramatiske omveltingar har fått ein lukkeleg utgang. Noko av det mest utrulege var då austblokka kasta av seg åket for godt og vel tjue år sidan. Fredeleg, frodig og verdig. Våre små norske opprør i 1814, 1884 og 1905 var pyntelege sundagsskulefestar. Men den første var ikkje heilt problemfri på kort sikt. Dei første åra etter 1814 var tunge og tronge før framgangen melde seg. Opprøret i 1814 var forresten ikkje eit breitt folkeleg opprør og heilt ueigna som samanlikningsgrunnlag når me tenkjer på dagens Egypt.
I mai 1964 skreiv eg sidemålsstil til eksamen artium om diktet "Revolusjonens røst" av Rudolf Nilsen. I siste del av oppgåva spurde dei om diktet hadde nokon relevans i vår tid. Der fekk eg eit problem, og eg løyste det med at me i vårt land hadde det så fortreffeleg at det ikkje var aktuelt med noka samfunnsomvelting slik han Rudolf tenkte seg då han skreiv diktet midt på nitten tjue-talet. Men viss eg hugsar rett, skreiv eg noko slikt som at einskildmenneske hadde stundom bruk for sin eigen vesle "indre revolusjon", for me var på ingen måte fullkomne som menneske.
Truleg er det litt seint for Mubarak i Egypt å tenkje slik.

mandag 31. januar 2011
NATTARBEID
Mange av bloggane mine har eg skrive seint på kvelden når eg burde ha vore komen under dyna. Men det er sjeldan at eg sit oppe og putlar med mitt til klokka eitt-to-tre. Det gjorde eg ofte før i tida. Når stilebunken låg der og peikte nase til meg, sette eg meg godt til rette i sofaen og arbeidde til langt på natt. Då var det fred i huset, dårleg sikt ut glaset og slutt på fjernsynsprogram. Alle hadde gått til sengs, og eg fekk både ytre og indre arbeidsro til det eg måtte få unna. Hadde eg i tillegg lova elevane å dele ut stilane dagen etter, var dét eit treffsikkert våpen i tillegg til alle dei andre. Og når siste stilen var retta, kunne eg daudtrøytt, men lukkeleg gå til sengs og vakne neste morgon, nesten like trøytt, men framleis lukkeleg med tanke på at arbeidet var gjort for denne gongen, og at eg skulle unne meg ei dugeleg middagskvild seinare på dagen. Den viktigaste innvendinga mot tiltaket var det Anne som kom med når eg velte meg opp i senga så ho vakna, same kor stille eg prøvde å vere.
På gymnaset hadde eg ein døgnrytme som skilde seg ut frå vanane til dei to flittige førdianarane eg var nabo til der i huset i Bukta. Dei sette seg ned og gjorde lekser etter skuletid. På den tida kvilte eg middag. Når dei var ferdige med matematikken og fysikken sin (begge gjekk på reallinja), kom dei og banka på døra mi og ville ha meg med på eit slag kort eller jentebesøk (eit par jenter budde i nabohuset), kanskje eit slag kort med jentene. Og når hine to karane gjekk til sengs, var det tid for meg til å fare over dei viktigaste leksene.
Høyr kor stille det er i og kring huset no! Ein svak dur frå datamaskinen, om lag som eit vindsus med flau vind. Ingen ting å sjå ute, anna enn nokre lys på Halsnøy. Synd at eg må på skulen i morgon, elles kunne eg ha sete ei stund til. Men no sit eg sjeldan og rotar til eitt-to-tre om natta.
God natt!
søndag 30. januar 2011
DET SPØRS OG TRIVIAL
Til jul i år - nei, i fjor må eg vel seie no - kjøpte me oss eit Trivial Pursuit-spel til hyggje og glede for oss og dei sønene som kom heim. Me sat i timevis og vreid hovuda vår over alle dei ekle spørsmåla. Nei, me storkosa oss. Denne helga var Tore heime, og me opna framdøra på den store omnen vår og laga peis, sette oss ved salongbordet med Trivial-spelet og dreiv på til langt over midnatt. Då gav me oss utan å kåre nokon vinnar.
For meir enn tjue år sidan kom eg heim frå eit ærend i Oslo med eit liknande spel: Geni. Foreldre og søner slo i hel mang ei kveldsstund med spørsmål av alle slag. Den yngste, Tore, var ikkje alltid like begeistra. Når du trilla og flytte deg på brettet, var det ikkje alltid du fekk spørsmål. Normalt var det ei ulempe, for det var eit hefte i konkurransen. Men Tore tykte det var godt: "Å, der slapp eg spørsmål!" ropte han med glad røyst når han kom på dei felta. No ser han annleis på det.
Quiz-feberen har teke seg opp dei siste åra. Det er etter mitt syn ei bra utvikling. (Men har me ikkje eit betre ord på norsk?) Kunnskap er lett å bere, det kan lett verte for lite og sjeldan for mykje kunnskap inne i eit hovud. Seier læraren som sit og skriv dette.
For om lag seksti år sidan greidde NRK å samle Noreg til eitt rike med laurdagsunderhaldninga på radioen. Leif Rustad med Rundtomkring i Store studio og ikkje minst Rolf Kirkvaag med Det spørs-programmet sitt var det ingen som ville gå glipp av. Me sat klistra til radioapparatet, store og små. Kirkvaag lanserte ein enkel og grei spørjeleik innpakka i litt koseprat. Deltakarane fekk velje mellom ulike emne, til dømes sport, geografi, musikk og lett blanding. Det revolusjonerande med programmet var at det var pengar å tene. Du kunne hoppe av undervegs, doble og vinne meir, eller tape heile gevinsten: ti kroner etter eitt rett svar, deretter tjue, førti og åtti, som var toppgevinst. Kringkastingssjefen var svært skeptisk til denslags pengespel og heldt på å stanse heile opplegget.
Men Kirkvaag fekk trumfa det gjennom, og mønsteret var lagt for tallause spørjeleikar både i heimen og i guteflokken i Flekke. Utan pengepremiane, naturlegvis. Eg for min del likte best geografispørsmåla og pugga land, elvar og hovudstader. Litt av det heng att framleis.
Og takk for det.

torsdag 27. januar 2011
DYR STRAUM
Dei kranglar framleis om den dyre straumen. Me fekk og eit par halvfeite rekningar, ei her og ei for det andre huset, det i Bekkjarvik, som ho mor i huset eig i lag med sønene sine. Der har me vore nøydde å ha på ein lunk både høgt og lågt så vatnet ikkje skal fryse, og slik at det skal vere buandes når me tek oss ei helg der vinters tid. I fjor på dene tida kom me ut der i sprengkulden. Det gjekk nesten eit døgn før me fekk opp temperaturen slik at me tykte me kunne nyte livet. Lukka var betre ennn åtferda: Vatnet var ikkje frose då me kom, anna enn i springen og badekaret oppe på badet. Hadde ikkje sisterna på dassen til badet oppe hatt ein liten lekkasje, hadde stoda truleg vore mykje verre.
På fjernsynet i kveld krangla dei for n-te gong. Somme vil fjerne el-avgifta. Det er ein fascinerande tanke, særleg for storsløsarane som har oppvarma basseng og kablar i innkjørsla til hyttepalassa dei har i fjellet. Her kan dei spare store summar, så dei kan skru opp tempen endå meir. Viss det ikkje er firmaet som betaler.
I gamle dagar, altså nokre få tiår sidan, hadde me to prisar på straumen. Først ein fast, låg pris på eit abonnement på til dømes tre kilowatt. Deretter ein høg pris på overforbruket. Målarane hadde to hjul, eitt som surra og gjekk stort sett heile tida, og eitt som sette seg i sving viss me brukte meir enn det faste abonnementet. Me passa på å skru av omnane viss me skulle setje på fleire kokeplater. Me slo gjerne av varmtvasstanken mens me vaska klede. På den måten prøvde me å unngå for mykje overforbruk, og produsentane slapp slike toppar som elles ville oppstå. Trudde me, for me rekna med at folk flest var fornuftige og sparsame. Så kom det ein dag at kraftlaga fann ut at dei ville selje meir og meir, så då var det ut med denne ordninga og inn med einprissystemet. Om me brukte ti tusen watt eller fem hundre watt, var prisen per kilowattime den same.
No vil dei skaffe oss nye målarar (som me skal betale sjølve, sjølvsagt.) Dei rapporterer inn forbruket vårt minutt for minutt til skiftande marknadsprisar. Det har ein svak likskap med det gamle systemet. Viss me passar på, kan me skru av når straumen er dyr og pøse på når han er billeg. Det er kanskje ikkje så dumt.
Men dei første åra i livet mitt hadde me vippe. Er det nokon som hugsar denne innretninga? Vippa var ein streng herre. Hadde heimen eit abonnement tre kilowatt, var det plent uråd å bruke meir. Då mørkla vippa heile huset, og det nytta ikkje å slå ho på att før me hadde slått av ein omn eller ei kokeplate.
På den første hybelen min i Bergen var det ei endå strengare regulering: sikringar på seks ampère. Enkel hovudrekning (volt ganga med ampère = watt) tilseier at dei tolte om lag 1500 watt. Då kunne dei finne på å ryke mens eg speilte meg egg og flesk. Det gjorde eg både tidt og ofte, og sikringane rauk tidt og ofte. Hadde eg ikkje reservesikringar i huset då, vart både varmeomnen og kokeplata kalde til dess eg fekk fat i nye. Dermed sparte eg mykje straum, men sikringane var ikkje gratis!

onsdag 19. januar 2011
RISENGRYNSGRAUT
For eit par dagar sidan nemnde eg at eg var heime nokre dagar frå gymnaset og gjorde gagns arbeid. Eg var ikkje heilt framand for matlaging, men nett å koke risengrynsgraut haddde eg vore lite borti. Ein dag hadde me planlagt nett den retten, syster Liv, mamma og eg. Kanskje kom ønsket frå ein av oss to yngste. Mamma laga til høvelege mengder med ingrediensar og sette prosjektet i gang. Så måtte ho utføre eit anna ærend, kanskje kalvane skulle matast, kanskje noko heilt anna. Eg fekk i oppdrag å passe grauten.
Eg rørte om med faste mellommrom og passa på så det ikkje kokte over. Men kunne dette verte graut? For meg såg det ut som ei tunn suppe. Her måtte det i meir gryn! Tenkte eg. Og fann grynposen, tømde oppi ein slump så til begynne med og rørte om i gryta.
Men skulle du ha sett? Etter ei stund var det slett ikkje suppe, og knapt nok graut heller - det vart meir som halvstivna betong. Mamma dukka opp og tok kontrollen. Ho lo og skjente om einannan, spedde på med meir mjølk - myyykje mjølk - og graut vart det etter kvart. Myyykje graut!
Me åt oss gode og mette både den dagen og neste dag, og endå vart det rikeleg til riskrem den tredje dagen. Og kanskje ein kremrest til kvelds. Såleis var det eit lukketreff for den ukyndige kokkelærlingen. Riskrem er godt! Me har det som regel i jula. Me kokar rikeleg med risengrynsgraut julafta tidleg om dagen, og set av ein slump til dessert etter den salta torsken andre juledag.
Før hadde me ofte risengrynsgraut om laurdagane. No for tida går det mest på havregrynsgraut. Eg har omsider lært å koke begge sortane. Så verda går framover i visdom og vokster på visse område. Trass alt.

tirsdag 18. januar 2011
BERRE SKRIV I VEG DU
Det seier eg ofte til elevar som har problem med å kome i gang med ei skriveoppgåve. Berre begynn å skrive noko, ver ukritisk, det er ikkje så nøye kva du skriv i starten. Tankane kjem etter kvart som du skriv, ein laus idé avlar ein klårare tanke, og før du veit ordet av, har du skrive eit langt stykke. Då kan du gå tilbake og stryke, redigere eller rette på det du har skrive. Ja, kanskje du rett og slett veit med deg sjølv kva du burde ha skrive, slik at du stryk heile greia og rablar ned ein ny tekst. Som folk har sagt til det vart ein klisjé: Vegen vert til mens du går, båten vert til mens du seglar.
Den norsklæraren som skriv dette, er ikkje einig med dei som seier at du skal begynne med ein flott disposisjon før du formar ut teksten. Eg har andre erfaringar. Eg skreiv likt og ulikt ei lang stund før eg sette opp disposisjonen. Så skreiv eg det endelege arbeidet, og det vart nokså ulikt kladden.
No skal eg tilstå at eg ikkje alltid fekk så flotte karakterar på arbeida mine i gymnastida. Men stundom glimta eg til. Det same skjedde seinare i livet. Såleis er ikkje denne oppskrifta ein sikker vinnar. Men eg røpar henne stadig for elevar som sit og slit med dei første linjene. Innleiinga til eit arbeid bør forresten skrivast heilt til slutt.
Dataskriving er ikkje så eigna for denne metoden som den gamle måten med blyant (eller grøn kulepenn, som eg har brukt ein god del) og papir. Då laut me skrive to gonger viss me ikkje tok sjansen på å levere ein råkladd. No skriv ikkje elevane to gonger. Dei fiklar og flikkar på førsteutkastet. Det same gjer eg når eg skriv noko (blogggar, til dømes). Då vert ikkje formuleringane så finpussa og gjennomprøvde som når du skriv for andre (eller tredje) gong.
Jaja, så vart det ein tekst i kveld og. Då eg begynte, ante eg ikkje kva det skulle verte, om eg i det heile fekk lirt av meg nokre linjer. Men eg skreiv i veg, eg, og før eg sluttar, må eg nett sjå korleis eg opna denne teksten.

mandag 17. januar 2011
DEI SOM IKKJE KAN GJERE NOKO
Eg les for tida ein roman om nokre skrullingar i Paris. Mellom fleire finurlege innslag dukka denne utsegna opp: Folk som kan gjere noko, dei gjer det. Dei som ikkje kan gjere noko, underviser. Dei som ikkje kan undervise, underviser dei som underviser. Dei som ikkje kan undervise dei som underviser, dei er politikarar. Eg kjenner meg råka, men gler meg over at eg verken underviser på lærarhøgskular eller er politikar. Trass i at eg burde verte fornærma, hadde eg ei viss glede av påstanden, endå så urimeleg han er. Sjølv har eg alltid teke politikarar i forsvar og sagt at dei stort sett gjer så godt dei kan. Me er ueinige, men ingen kan gjere alle til lags, og det skal i alle fall ikkje politikarane prøve på. Så dei politikarane som trur dei kan det, bør iallfall ikkje undervise, ikkje eingong dei som underviser.
Men eg har stundom spurt meg sjølv om eg kan gjere noko - noko anna enn å undervise. Eg kan (eller kunne) renne opp hesjar, hesje i dei, ta or dei høyet når det er turt og plukke dei ned etterpå. Problemet er at det er ein kunnskap eg har lite nytte av, og det ville vere vanskeleg å livnære seg av noko slikt. Då står att å konstatere at eg truleg vil greie å vere pensjonist. No har eg nokre år forsøkt å vere pensjonist eit par dagar i veka, og det går stort sett bra. Måndag er pensjonistdag. Dessverre sprakk eg både i dag og førre måndag. Eg rota meg bort på skulen på nokre møte. Så no må eg skjerpe meg. Viss eg ikkje meistrar å vere pensjonist når eg sluttar som lærar, kva skal eg då finne på? Hesje?

søndag 16. januar 2011
KYR I SPAGAT
Kyrne står til vanleg trygt og turt på båsen sin i det lune fjøset på denne tid av året og slepp å ta seg fram på isete vegar. Men før dyrlækjaren - oksens argaste fiende - begynte å farte rundt og inseminere, laut dei stundom ut ein tur, om det så var høgste vinter. Då eg gjekk i andre klasse på gymnaset, bad eg meg fri nokre dagar for å vere heime som avløysar mens papen var i by'n og vølte eit vondt kne. Eg kunne ha skrive mykje om dette oppdraget, men det får i så fall kome stykkevis og delt når det høver. Mamma, seksårgamle syster Liv og eg styrte heim, fjøs og lade etter beste evne.
Ein dag var det ei kyr* som løypte. Det vil seie at ho gjerne ville vitje aksjeoksen, som stod trygt og turt på båsen sin i Hustveit-floren. Eg la ei grime på henne, løyste henne frå båsen og drog av garde. Kyra følgde meg villig og forventningsfullt. Det var berre det at me hadde hatt ein snørik vinter som no hadde slege over til mildvêr. Dermed var alle vegar like glatte som skeisebana i Karuizawa, der Kupperen nett hadde mista to verdsrekordar og tapt for Jonny Nilsson i VM den helga. Men eg og kyra visste råd. Me tok oss fram over bøar og bakkar og prøvde så godt me kunne å unngå hålkete vegar.
Tvers gjennom tjukkaste Flekke renn det ei lita elv, og me skulle over til den andre sida. Til vanleg er ikkje det noko problem, det er fleire bruer å velje mellom. Kyra og eg tok peiling på Finnbrua, som låg nærast. Problemet var at der var det glattpolert is etter alt regnet som hadde kome dei siste par dagane. Nett slik som vegane her på Valen har vore fleire gonger i vinter. Og der kunne me ikkje gå ved sida av vegen. Ei elv er ei elv om ho er lita og puslete, me laut gå over brua, som kanskje er ti-femten meter lang. Kyra likte det ikkje, men ho gav ikkje opp. Aksjeoksen var på hi sida, og no nærma det seg.
Men midt på brua gjekk kyra ned i spagat. Fire kubein gleid ut i kvar si retning, og kyra sklei på magen ein meter eller to. Heile denne turen skulle ha vore filma, for eg hugsar lite av detaljane, men eitt bilete sit godt festa i minnet. Kyra i spagat midt på Finn-brua. Eit syn for gudar.
Mirakuløst nok kom me oss over og ned i Hustveit-tunet. Aksjeoksen var meir enn glad for å få eit oppdrag og sleppe ut or den trygge, turre floren ei kort stund. Og kyra fekk løn for den heltemodige innsatsen. Korleis me kom oss heim, hugsar eg ikkje. Kanskje me gjekk den andre vegen, ned i vegeskiftet, opp Gòta og Tunbakken og heim.
Skal tru kva kyra fortalde romveninnene sine etter at ho var komen vel og vakkert på båsen att? Dei trudde sikkert at ho bløffa.
*Eg bryt norma og skriv kyr i eintal i denne teksten. Slik me seier det på dei kantar av landet.

lørdag 15. januar 2011
PÅ GLATTISEN
Denne vinteren har me trent opp balansenervane og ekvilibrismen i kroppane våre. Fleire gonger har den hardstappa snøen på vegane forvandla seg til klinkande is. Brekka frå postkassane og ned til huset vårt er ein av dei skumlaste strekningane i så måte. Og det er ikkje alle stader at salt og sand har gjort føret særleg tillokkande for fotgjengarar. Anne har fått seg broddar, eller rettare sagt solar med eit slags grovt sandpapir som ho trer på støvlettane. Det hjelper litt. Eg stolar på balanseevna mi. Snart får eg vel ein trykk i tynet som eg aldri gløymer, viss han då ikkje vert så hard at eg gløymer han med ein gong.
I går kveld forserte me oss frå Valen Sjukehus (der me parkerte bilen) og ned til den gamle nyrestaurerte bua på Valekaia. Der var dei ei samkome me var inviterte på. Det var eit vågestykke å balansere seg ned brekka. Me hadde ei festleg stund, det var feiring av vår tidlegare gode granne Reidar Handeland, som har fått kulturprisen i Kvinnherad for framifrå innsats for kulturminne i bygda, og som blant mykje, mykje meir har vore ei drivande kraft for å få restaurert sjøbua me sat i. Då me skulle heim att, var det kuling og horisontalt regn. Me hadde utstyrt oss til spasertur heim, hadde med lommelykter og regndressar, men heldigvis fekk me haik heim att. Difor er me heile og utan blåflekker i dag.
Utpå føremiddagen i dag spaserte me til Valen og henta bilen, og det var ikkje mindre utfordrande. Gang- og sykkelstien var framleis delvis iskledd, men me meistra føret enno ein gong! I kveld skal me og gå tur på islagd veg, men no er me så veltrente at me kanskje gløymer å stiltre oss fram. Viss eg ikkje bloggar i morgon, er det truleg dette som har hendt.

fredag 14. januar 2011
NY BLOGGTØRKE, PRESTASJONSANGST OG PRIMTAL
Nei, alt står vel til. Eg er frisk, Anne er rimeleg oppegåande, og helger og kvardagar renn ut mellom fingrane våre som før. Eg har inga god forklaring på denne fjorten dagars bloggtørken. Det eg kan seie, er at eg ved nyårsskiftet gjekk og tenkte på om det var råd å skrive nokre djupe tankar om det gamle eller det nye året. Då køyrde eg meg fast. Eg greidde ikkje å kome på noko glupt, eller glupt nok til å formidle den kresne lesarskaren min. Ikkje kom eg på noko tankepirrande frå barne- og ungdomsåra heller, bortsett frå slikt som eg har skrive før. Som då Steinar og eg gjekk julebukk i varmtvasskartongen.
Og det nye året? Seier dette talet meg noko? 2011? Har me nokre gode jubileum i år som ein historielærar kan fortelje om? Hundreårsminne? Tusenårsminnne? Smått med det. Roald Amundsen og gjengen gjekk til Sydpolen i 1911, og det vert nok omtalt i år. Det same gjeld det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania, oppretta for to hundre år sidan, midt i krisetida under napoleonskrigane. Kalmarkrigen begynte i 1611, men den krigen er det få som går rundt og tenkjer på. Frå 1563 till 1718 var me (Noreg og Danmark) i krig med svenskane så å seie uavladeleg. Var det fleire hundreårsminne? Sikkert for nokon, ein eller annan stad i verda. Me lèt jubileumssporet liggje.
2011 er primtal. Det hadde vore fascinerande viss eg hadde vore realist. Matematikarar er frå seg av begeistring for primtal og konkurrerer om å finne flest mogleg av dei i talrekkja. Ved nærmare ettersyn viser det seg at det ikkje er så storveges at årstalet i år tilhøyrer denne eksklusive talkategorien. Det er for mange primtal i talrekkja til det, og det er ikkje så mange år mellom kvart.
Har me noko stort i vente i 2011? Det veit me ikkje, det vil vise seg. Me har verken store jubileum, viktige vendingar i livet eller vidløftige planar å sjå fram til i år. Eg tenkjer det vert eit heilt greitt år. Kanskje det beste på lenge? Kanskje eg framleis skriv ein og annan blogg ved neste nyårsleite, slik at eg kan kome tilbake til saka.

fredag 31. desember 2010
RATTKJELKEN
Då rattkjelkane kom på moten midt på femtitalet, tok handelsmann Odd heim to eksemplar av sorten til butikken sin i Flekke. Den eine hamna hos nevøen hans, Erik Sølvberg. Den andre kjøpte papen vår til gutane sine. Rattkjelken vår vart litt plaga av meigskjørheit etter kvart. Meigjernet rauk, vart sveisa i hop, men rauk på nytt. Kjelken til Erik hadde betre jern, men treverket forfall med tida.
Til slutt gav eg opp håpet om å få fiksa kjelken vår til rennbar stand. Då gjorde eg ein grei handel med Erik. Eg kjøpte kjelkevraket hans for ti kroner. Det kan ha vore første året mitt på realskulen, og eg var enno ung nok til å ha glede av kjelkerenning. Så gjekk eg i gang i snikkarbua vår, som var i eit siderom på låven (skurelemmen, det vil seie lemmen over vognskuret.) Der stod høvlebenken, der hadde papen ein del verkty, og der låg det ein slump fjøler som eg gjorde meg nytte av. Eg reiv av alt det skrøpelege treverket på Sølvberg-kjelken, saga, slissa, høvla og pussa. Nokre nye skruar måtte eg og koste på meg. Til slutt fekk vidunderet eit par strøk lakk, og der stod han og blenkte, rattkjelken, så god som ny.
Men då lakken var turr, var vinteren så godt som over, og kjelkeføret med den. Kjelken vart sett på vent. Det gjekk nesten eit år, og det vart vinter og kjelkeføre atter ein gong. No var det diverre slik at eg òg var bortimot eit år eldre og hadde ikkje lenger den same gleda av kjelkerenning. Det å verte vaksen er sterkt oppskrytt. Mange barnslege gleder går dukken i den prosessen. Likevel vart kjelken til glede og nytte. Syster Liv vart etter kvart stor nok til å renne på rattkjelke. Og med broren/kjelkebyggjaren si hjelp fekk ho mang ei kjelkeferd før ho meistra kunsten på eiga hand.
Seinare trur eg nok at niesene mine i Flekke nytta seg av kjelken før han vart kondemnert for godt. Ja, kanskje dei eldste sønene mine så vidt fekk oppleve han?
Du får orsake meg for det skrøpelege biletet eg har av rattkjelken min, men du ser kanskje at det er ein kjelke? Frå jula 1964, med mi åtteårige syster bak rattet.

torsdag 30. desember 2010
KJELKEFØRE
Me bur på ein stad der det er råd å sigle på kjelke. Det har eg ikkje gjort denne jula. Men eg sigla på akebrett i slutten av februar då me var i Trondheim.
Vinteren som beit seg så fast her allereie i november, har opna for strålande kjelkeføre ned vegen i byggjefeltet. Spesielt den nedste delen er svært trygg med tanke på bilar, og her har det vore ein hektisk kjelketrafikk no i jula. Ungar, småbarnsforeldre med avkom og besteforeldre med kjelkeglade barneborn har utfalda seg på det lystelegaste. Dei brukar både gammaldagse trekjelkar med og utan ratt, og meir moderne av plast. Men rattkjelken vår ligg godt forvart øvst oppe under garasjetaket. Me har ikkje hatt ungar i den rette alderen på besøk denne jula.
I barndomsbygda mi, Flekke, var det framifrå vilkår for kjelkerenning, anten me rende ned Tunbakken og Gòta eller i andre bakkar kringom. Og så var det riksveg 570, som for mange år sidan miste nullen og nøyer seg med talet 57. Frå Stav til Flekke var det ein samanhangande unnabakke - rett nok svært slakk dei fleste stader, men dog: Meir enn tre kilometer var denne kjelkeløypa. Ikkje strøydde dei med salt eller sand, og på svært glatte dagar når bilistar og fotgjengarar forbanna føret, for me ungane eller halvvaksne styvingane i flokk og rad med rattkjelkar og andre kjelkar innover så langt me gad dra doningane våre, sparka frå og fekk oss ei lang ferd fram att til vegeskiftet. På nokre slakke strekningar, til dømes frå Tyrvedalsbrua og forbi Instekvia, var det oftast nødvendig å sparke frå litt viss me ikkje hadde topp glid. På somme kjelkar sat det både to og tre, og på den lange Hustveit-kjelken gjekk det nesten eit heilt blandakor. Dei sprekaste labba og drog kjelkane heilt opp til Stav. Det hende seg og at folk som gjekk på realskulen i Dale, tok med seg kjelkar med skulebussen om morgonen, parkerte dei på Stav, gjekk av bussen på heimvegen og rende heim. Eller er dette noko eg har drøymt? Me snakkar trass alt om hendingar som ligg minst femti år tilbake i tida.

mandag 27. desember 2010
PÅ RØYSEKATTJAKT
Eg las og las om friske, norske gutar som tente seg nokre kroner og stor heider med å veide på dyr og fugl i skogen: rev, mår, røysekatt, rype og storfugl. Bøkene til Halvor Floden, Ivar Strompdal, Knut Gjengedal og Mikkjel Fønhus var fulle av slike karar, som vinters dagen spente på seg skiene, drog til skogs og sette snarer og feller. Då måtte no eg kunne gjere noko liknande? No hadde eg lite greie på jakt og fangst, og det var smått om slik tradisjon heime. Men eg hadde sett røysekatt oppe under Hellaren rett over tunet vårt i Flekke. Under Hellaren var det ei stor urd, som sikkert var ein perfekt heim for røysekatten. Eg måtte prøve.
På ei eller anna vis hadde eg lært å lage røysekattfelle. Ho såg slik ut:
Eg fann ei skikkeleg god og tung steinhelle. Så hadde eg altså smidd til tre spiler. Nr. 1 heldt steinen oppe. Den hadde eit godt hakk som spil nr. 2 støtta seg på. Spil nr. 2 kvilte på underlaget. Åtepinnen hadde to funksjonar. Først og fremst var det der at røysekatten skulle finne godbiten, som så skulle verte hans bane. Men åtepinnen var dessutan tilsmidd slik at han heldt dei to andre spilene på plass. Eg var på stabburet og skar ein ørliten fleskebit, fann ei øskje fyrstikker inne med omnen og tok utstyret med til skogs. Ja, steinhella låg allereie klar på åstaden. På tredje eller fjerde forsøket fekk eg fella til å stå. Det skulle lite til før hella datt ned om ein var bort i åta. Fleskebiten vart lett svidd og lukta freistande. Så var det å gå heim og vente.
Neste dag var eg oppe og såg. Fella var ramla ned. Med bankande hjarte letta eg på steinen. Ikkje noko vilt å sjå, berre ein flatklistra fleskebit. Nytt forsøk. Ny dag. Etter skuletid opp og sjå. Nei, i dag stod fella slik eg hadde forlate henne. Dette jegerlivet var hardt og fullt av vonbrot. Men eg gav ikkje opp. Eg kveikte ei fyrstikke og gav fleskebiten ei ekstra oppfrisking. Det lukta pirrande.
Tredje dagen låg steinen nede. Spennande! Eg letta opp, og jamen var det fangst! Ei spissmus! Eg kjende ei viss glede over at fella faktisk fungerte. Men eg var ikkje ute etter spissmus, så vonbrotet var større enn gleda.
Etterpå fortalde eg jakthistoria til Peter Kåre, syskenbarnet mitt. Men han var imponert, han. Fella fungerte jo fint! Iallfall på mus.

søndag 26. desember 2010
HEIMEMUSA OG FJELLMUSA
Både i går og i dag gjekk yngsteguten Tore og eg ein god skitur innover Handelandsdalen. I går var det ikkje mange som hadde vore føre oss, og mykje av siste biten byttest me om å brøyte ny løype.I dag vardet eit godt spor heile vegen. Tore knipsa nokre herlege vintermotiv.
Då me kom tilbake til Feto i dag, såg eg ei lita mus som baska på i laussnøen. Ho bykste nokre sprett framover, tok enkelte pauser og kom seg om sider fram til den hola i snøen der ho truleg feira jul. Og forsvann før Tore kom på plass og kunne fotografere henne.
Eg reknar med at det var ei fjellmus. Eller skogmus, viss det er noko som heiter slik. To av favoritteventyra til ungane våre var Heimemusa og fjellmusa og Katten og musa som budde i lag. Då me budde på studentbyen på Natland i Bergen og eldsteguten Rune var to-tre år, tok han ofte eit raskt avbrekk i uteleiken, kom på døra og ville ha opplese det sistnemnde eventyret. Så i full fart tilbake til kompisane.
Det er noko yndig sympatisk med desse småmysene. Ikkje rart at Alf Prøysen med Musevisa si gjorde det vanskelegare å rydde vekk desse beista frå hus og heim. Eg vart glad då eg såg musa ved Feto og unnte henne både langt liv og god helse. Ho har sikkert funne seg ein grei heim, langt frå kattar og musefeller. Ved Feto, eit par kilometer inne i dalen, har folk frå Valen sjukehus bygd ei kvile- og grillhytte der turfolk kan setje seg, ete nista, skrive seg inn i turboka og jamvel grille ein pølsestomp om det er ønskjeleg. Det vankar ofte ein smule til musa på ein slik stad.
Men for heimemusa kan eg for min del styre mi begeistring. Eit par gonger på dei tjuesju åra me har budd her, har me opplevd å få mus i kjøkkenskåpet. Då er eg nådelaus, må eg tilstå. Første gongen var eg dårleg førebudd, men kom meg omsider på butikk og kjøpte to musefeller. Sist det hende, vart moroa kortvarig for den stakkars musa. Då eg opna kjøkkkenskåpet under vasken, pila ho inn i stova og gøymde seg bak veggseksjonen. Så sette eg opp ei musefelle med freistande agn, kanskje ein ostebit, eg hugsar ikkje sikkert. Det gjekk toppen fem minutt, så vart freistinga for stor for den vesle musa. SMAKK! sa det i fella. Det var det heile. Eg vil ikkje ha mus i mtt hus. Men gjerne i Handelandsdalen

fredag 24. desember 2010
REPETISJONAR
Eg er lærar, har juleferie og kan ta meg tid til å reflektere over livet og lærargjerninga. Det med repetisjon er svært sentralt i yrket vårt. Som i livet. Elevane må få friska opp det nyleg innlærte skal det sitje. Sitje ei stund iallfall. Og ei repetisjonsøkt til i høveleg avstand frå den første, gjer prosessen endå meir effektiv.
Livet er òg avhengig av repetisjonar. I dag har me ein av dei. Julafta. Her har me nokre rituale som tek seg opp att år etter år. Ungane er dei verste. Me må for all del ikkje prøve å kutte ut risengrynsgrauten med mandel, eller endå verre: pinnekjøtet.
No har Vårherre - eller ein av hans undersåttar, han som ordnar med vêret - fått det for seg at me skal ha mengder av snø i jula. Det vart gale i fjor, og i år er det endå verre. Og jula er ikkje innringd enno. Truleg har dei skamlytta på Irving Berlins heilage julesalme om White Xmas. Denne jøden som slett ikkje brydde seg om jula. Nett som Jesus, som òg var jøde og ikkje feira jul, det me veit.
Eg sjekka bloggen frå i fjor på solvendingsdagen, mest for å unngå å gjenta meg sjølv. Eg såg det at eg gjerne kunne ha kopiert det meste og brukt i år òg. Til min skrekk og gru såg eg at eg allereie i fjor skreiv om blårevføre (blårævføre), slik at det eg skreiv hin dagen, var den reine repetisjonen. Slik kan det gå med ein bloggar som er for mykje opphengd i fortida. Det skal noko til å halde styr på kva ein allereie har sleppt ut i cyberspace.
Vel, mykje av dagen i går og dagen i dag har gått til å moke snø. Om att og om att. Når trappa opp i vegen var gåandes i, og eg hadde brøytt farbare stiar rundt huset og bort vegen, og eg glad og nøgd med innsatsen gjekk inn att i den varme stova, gjekk det ti minutt, så var alt like tilsnødd igjen. Gong på gong. I dag tidleg var det endå verre enn nokon gong. I dag har eg dessutan grave fram og aust båten Sofie Karoline, som ligg og duppar nede ved moloen. No kan skuta få ei fredeleg jul, og det håpar eg de andre får òg. Snart set me på grauten, så då vert det ikkje lange stunda før saueribbene kjem i gryta, og etter kvart alle dei andre repetisjonane.
Gledeleg jul!

onsdag 22. desember 2010
GODT EG ER FRISK
For då er det ikkje så farleg om det er eit stykke veg til sjukehus. Heller ikkje om eg vert så kritisk låk at dei må sende meg med helikopter.
Me har eit lokalsjukehus på Stord. Viss det passar med snøggbåten, tek det bortimot ein time å kome dit. Skal me køyre sjølve, går det nesten halvannan time. Så har eg ei lita sak som fører til at eg ikkje får traktement på Stord, men må til sjølve sjefsforetaket i Helse Fonna: Haugesund sjukehus. Dit har eg køyrt tre gonger på ei god veke. Kvart besøk har teke toppen eit kvarter. (Då reknar eg ikkje tida på venterommet.) I dag var det unnagjort på under ti minutt. For å få denne vesle sjekken reiste eg heimanfrå klokka ti, tok ferja til Skånevik, som forresten gjekk om Matre på den turen, så om lag ni mils køyring til sjukehuset, og omsider heimtur der eg laut innrette meg på kvart på fire-ferja. Heime vel halv fem. Seks og ein halv time spandert på ein liten timinutts sjekk i nase og svelg. Kan godt hende at dei kunne ha fiksa dette på Husnes (ti minutt å køyre.)
Eg klagar ikkje, eg berre nemner det. Sidan eg er frisk og kjekk (tja, iallfall bråkjekk stundom), er det greitt nok med ein haugsundtur eller tre i veka. Men tanken går til sjukehusdebatten, som har rasa i det siste og plaga det største regjeringspartiet. Eg er sanneleg ikkje sikker på kva eg skal meine. Det eg likevel ser, er at feige politikarar frå dei fleste parti har gitt frå seg styringa og overlate den til helseforetaka, som skal drive som om dette først og fremst er butikk. Såleis prøver Stoltenberg å ro som aller mest i motvinden til skuta hans legg seg heilt på tverke; han skuldar på foretaka som han har vore med å etablere. Siv Jensen var på Husnes for nokre dagar sidan og sa (viss ho er rett sitert i Kvinnheringen) at ho støtta lokalsjukehusa, og at fagfolk og ikkje politikarar skulle styre helsevesenet. Såleis greidde ho å seie ja og nei til lokalsjukehusa i same setninga: dersom fagfolka får styre (økonomar? legar?), er lokalsjukehusa dømde til å verte fjerna eller i beste fall reduserte til eit minimum. Tyngda av desse "ekspertane" ønskjer seg store einingar med sentraliserte funksjonar og kostnadseffektiv drift. Men det torde ho ikkje seie.
Forresten: Vert eg skikkeleg sjuk, trur eg at eg vil få kome til Haukeland. Eg er ikkje eit hår betre enn Jensen. Eg er for og imot alle alternativa.

tirsdag 21. desember 2010
DEN STORE BULKEDAGEN
Eg greier ikkje å dy meg, eg lyt hengje ut broder Steinar ein liten smule. Ikkje for å hengje han ut, men altså: I kveld hadde dei eit lite innlegg i dagsrevyen om den store bulkedagen, 22. desember, altså i morgon. Det gjer dei rett i. Det er den dagen i året det er registrert mest bulking på bilar. Folk hastar av garde til butikken, glatt er det og ofte laber sikt. Så går det slik det må. Denne åtvaringa frå NRK kan bli dyr for bilverkstadene, men spare bilistane og forsikringsselskapa for store summar.
For noko slikt som førti år sidan var Steinar heime i Flekke og skulle feire jul. Han lånte bilen til vår bror Arne for å køyre til Dale og kjøpe ei julegåve til bileigaren og familien hans. På vegen, som her og der var smal og svingete, oppstod det ein situasjon som påførte den lånte bilen ein høveleg bulk. Ikkje verre enn at Steinar'n fekk utretta ærendet og kjøpte ein vase eller noko slikt. Sjølvsagt gjorde han opp med broren sin for tort og svie på bilen. Men seinare når me sat i stova heime hos Arne, sukka Steinar og peikte på vasen: "Ditta e den dyraste julegåva eg noken sinne he kjøpt!"
I morgon skal eg køyre til Haugesund eit nødvendig ærend. Eg skal tenkje på NRK, bilen, føret, bror Steinar og vasen til Arne. Men julegåvene har eg allereie kjøpt.

mandag 20. desember 2010
KVA VISSTE ME, KVA ANTE ME?
Wikileaks har avslørt saker som har vekt stor brudulje. Men var det så overraskande?
For det første: At supermakta USA gjer alt det som ei stormakt alltid har gjort for å halde fast på stormaktsstatus, spionert på vener som fiendar, pressa, lokka og intrigert. Var det nokon som trudde at våre gode vener i vest er velsigna med større moral enn andre makter? Det britiske imperiet? Romarriket? Sovjet? Det Tyske Riket? Ludvigs og Bonapartes Frankrike? Kina?
For det andre: Går me rundt og trur at norske borgarar med utsikter til rikdom, spenning og utfordringar er noko betre enn andre i andre land når det gjeld å utføre skjulte tenester for den som byr høgast? Pensjonerte offiserar og politifolk kan knepa, er friske og oppegåande og synest sjølvsagt at det er gøy å samarbeide med den amerikanske ambassaden om snusing og smugkikking etter inkjeanande nordmenn som vekkjer mistanke eller mistanke om mistanke - eller rett og slett har meiningar dei ikkje likar.
For det tredje: Me burde vite at einskilde innslag i embetsverk og ymse andre interessegrupper gladeleg brukar list, makt og høve til å påverke dei folkevalde. Me som har levd nokre år, har sett den glimrande engelske serien om embetsmannen og ministeren - som etter kvart vart statsminister - og alle dei krumspringa denne embetsmannen stelte i stand for å få viljen sin igjennom. Berre skøy? Neppe.
Makta vil fjerne peikefingeren i staden for snusket han peikar mot. Ikkje lat det skje!

søndag 19. desember 2010
ATTER EIN SKOLTESUNDAG
I fjor laut eg skrive om skoltesundag utan skoltar. I år er det litevetta betre. Me har meiska oss med skoltar så vomma stod i spenn. Noko liknande gjorde yngsteguten, Tore, som kjøpte seg ein skolt, drog til blåhuset vårt i Bekkjarvik, heldt helg der og kokte skolten sin i dag. Frå Trondheim kom det ei litt sår tekstmelding frå Vegard, som gjerne skulle ha servert seg den same retten. Me trøysta han med at me ikkje åt opp alt og har gøymt ein bra slump som han får når han kjem heim til jul. Kva Rune har gjort med og tenkt om saka, har me ikkje fått rapport om.
I år var det kjøpeskoltar av vossaslaget, svidde med skinnet på. Smakte gjorde det likevel. Passeleg salta og røykte. Om eg nokon gong kjem i gang att med flåing, er eit ope spørsmål. Men Tore var ikkje god på meg her i haust då han frette at eg hadde forsømt flåinga i år igjen.
På Husnes var det ingen i grannelaget som hadde røykeri som me kunne nytte til å gje skoltane ein siste finish før dei vart hengde til turk oppe på mørkeloftet våret i Furuvegen. Då rigga eg meg til med utegrillen vår, fekk skikkeleg fyr på han og fylte på med vått einebar oppå glørne til det vart ein dugeleg haug. Så kom rista, og oppå den stabla eg dei nysalta saueskoltane i ein endå dugelegare haug. Over det heile tredde eg den største kartongen eg fann i blindkjellaren, og der stod det provisoriske eldhuset mitt og osa ein time eller to. Det hende at elden slo opp i einebaret så dei nedste skoltane vart småsvidde før eg fekk sløkt. Desto betre tenkjer eg dei smakte!
Naboar som gjekk etter vegen stansa opp og glodde fælt, og dei modigaste torde spørje kva i all verda eg heldt på med. Vår gode granne og bloggkollega Gunnar ( gunnares.blogspot.com) underheldt i neste juleselskap med at han ein sur haustdag, ein laurdags morgon då han glytte ut soveromsglaset, såg han at han Reidar stod der i ausande regnvêr og grilla smalahove ute på plenen.
Men skoltane smakte som dei skulle, dei fekk den sneven av røyksmak som høyrer til. Og så vart det skoltesundag av rette slaget! År etter år etter år.

onsdag 15. desember 2010
BLÅREVFØRE
Slike dagar som den me har hatt i dag - ja, eg kan leggje til dei siste dagane - hende det seg me hadde då eg gjekk på gymnaset òg. Eg budde ute i Bukta oppe i Mardal, og me hadde tre kilometer skuleveg å sykle. Vinters tid var det ikkje alltid noka enkel øving. Første kilometeren, før me kom ned til riksvegen ut til Rygg, var det ein uopplyst grendeveg, ikkje alltid godt brøytt, og strøing med salt eller sand var det ingen som tenkte på. Eg kan ikkje hugse at det førte til alvorleg forseintkoming, merkeleg nok. Men det kan vere minnet som sviktar.
Me var tre gutar som haddde kvart sitt rom oppe i andre etasje. Vertsfolket var eit barnlaust par i førtiåra. Kvar morgon tok verten, han Magne, ein tur opp trappa og banka på dørene våre før han gjekk på jobb. Og når føret på vegen var for gale, brukte han å opplyse: "Dæ e blårevføre i dag!" Me skjønte kva han meinte, men eg er framleis usikker på kva uttrykket hans siktar til. Dei dreiv mykje med pelsdyravl i Gloppen den gongen, og det gjer dei sikkert enno, trass i all den avsky næringa vekkjer, spesielt i urbane strøk. Blåreven var eit populært dyr i desse farmane. Men han var vel aldri ute på glattisen? Blåreven stod trygt og turt i buret sitt, han. Kan Magne ha meint at dette føret lett valda ei blå ræv på dei som meistra det dårleg?
Det er best å trø varleg, her er spøkje glatt ute no. Ekte blårevføre. Eller blårævføre?

tirsdag 14. desember 2010
STOREBROR HAR BURSDAG
For tretti år sidan fekk eg noko alvorleg å tenkje på. Eldstebroren fylte 40. Det var uverkeleg og nesten nifst ha ein bror som forlet dei nokolunde ungdommelege trettiåra og gjekk inn i det nokså alderdommelege desenniet førtiåra. Det var eit varsel om at eg om fire og eit halvt år måtte gjennomomføre det same spranget.
I dag fyller Arne 70. Det er ikkje fullt så nifst som den gongen i 1980. I helga var me i lag, alle syskena med kjærastar, ja, ikkje Liv, ho stilte singel. Sekstiniåringen var sprek og ungdommeleg i rørsler og hamlét. Det er ei trøyst for oss som òg er over den første ungdommen og vel så det.
For snart seksti år sidan såg han slik ut når han klappa hunden vår, Lukki, i tunet heime i Flekke:
Til lukke med dagen, kjære storebror!
Abonner på:
Innlegg (Atom)