lørdag 24. oktober 2026

KATARSIS OG SYNTESE

Aristoteles var ein vismann som mellom mykje meir gav oss ein modell for framdrifta i ein klassisk tragedie, og for den saks skuld fasar me kan gjennomgå i livsofsen. Han viste til ein tredelt prosess: hybris-nemesis-katarsis. Mennesket - eller den tragiske helten - gjer seg skuldig i overmot, hybris. Gudane straffar overmotet med ein mørk lagnad, nemesis. Dette kan ende i ein reinsingsprosess, katarsis, som fører til noko betre og edlare. 

Godt og vel to tusen år seinare kom Hegel med ein modell som liknar: dialektikken. Ei utsegn, eit tilhøve eller ein tilstand (tesen) møter si motsetning (antitesen), og endar dermed i ei høgare eining (syntesen). 

Kva har så dette med meg og bøllefrøsoga å gjere? Me kan sjå på Aristoteles først: Mitt overmot var den tilstanden eg var inne i då eg var ferdig med gymnaset og meinte at verda låg open og at alt var mogeleg. Altså hybris. Så viste det seg at alt ikkje var så lett, eg vart forbigått og fekk ingen lærarjobb på Flekke skule. Nemesis. Men eg hadde sendt fleire søknader og vart tilsett på Nordanger skule på Radøy, eit par timars tur frå Bergen by. Katarsis. For det viste seg å vere eit lykkeleg val. Eg budde i ei romsleg, billig leiligheit på loftet i skulehuset, koste meg med kjekke skuleborn, fekk nye vener, god råd (tykte eg) og rimeleg kort veg til Bergen, der eg hadde massevis av slekt og vener, til dømes tidlegare skulekameratar som no studerte på universitet. Det vart nokre byturar, og det vart gjenvisittar frå by'n til Nordanger. Eg fekk smak på både bergensmiljøet og studentlivet. Så då eg sa farvel til Radøy, visste eg at eg skulle immatrikulere meg og gje meg i kast med filologien ved Universitas Bergensis.

Svært forenkla kunne Hegel kanskje ha stilt opp eit dialektisk skjema slik: Tesen: Søknad Flekke skule. Antitesen: Avslag på søknaden. Syntese: Jobb på Nordanger skule.



I morgon skal eg drøfte i kor stor grad eit smededikt frå Harald Kjølås fekk avgjerande verknad på livsvegen min.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar