Slik opna min
klassekamerat, svirebror og gode ven Harald Kjølås eit smededikt retta mot meg,
eit lyrisk stykke som fekk fatale konsekvensar. Det skal me skal kome tilbake
til. Åstaden var klasserom nr. 5 på Firda Gymnas tidleg på 1960-talet. Kanskje
diktet stod i vår handskrivne klasseavis Det Times, som Harald og eg redigerte
og lét sirkulere i klassen, ettersom kvart nummer berre vart utgitt i eitt
eksemplar, kanskje var det eit frittståande papirark som vart sendt rund. Nett
den detaljen har eg gløymt. Alle moroa seg, også bøllefrøet som var skyteskive
for dette sleipe åtaket. Bøllefrøet hadde kanskje allereie vore ute med eit
liknande skriftstykke mot Harald Kjølås, som seinare i livet figurerte som ein
høgt akta og æra redaktør i Sunnmørsposten. Eller så kom bøllefrøet med eit
nådelaust tilsvar, vil eg tru. No kunne denne poetiske perla lett gått i
gløymeboka, hadde det ikkje vore for Ragnhild, som skreiv nokre av russeportetta
i det heftet me gav ut i samband med russerevyen om hausten siste skuleåret. Her
vart me alle i hop presenterte med foto og personalia, slik mang ei russeavis
har hatt som eit sentralt trekkplaster. Og eg vart då introdusert slik:
"Du
Kyrkjebø, du Kyrkjebø, du er eit frykteleg bøllefrø, syng Kjølås, men det er
vanlegvis ikkje sant."
Så stod det nokre linjer til, det meste trur eg var
hyggjeleg og velmeinande. Og attmed var det eit svart/kvitt foto i passformat,
som utpå våren også dukka opp på russekortet. No vart heftet selt der me var og
spelte revyen, på Sandane, Skei, Førde, Høyanger, Dale og Måløy. Så det var
ikkje få som fekk nyss om Harald Kjølås si avsløring av eit bøllefrø. Også i min
heimkommune, sidan me var i Dale og spelte revyen i eit stappfullt ungdomshus.
Det skulle få fatale konsevensar. Men det kjem me tilbake til.
