fredag 23. oktober 2026

NEPOTISME I KAMPEN MOT EIT BØLLEFRØ

I går fortalde eg om korleis skulestyreformannen i Fjaler avslørte mine mørke sider som bøllefrø, og om faren for at eit slikt frø kunne få innpass på Flekke skule. I dei dagar var det eit skulestyre  i kvar kommune, utpeikt av dei folkevalde, og i demokratisk ånd hadde dei det endelege ansvaret for mellom anna lærartilsetjingar. Så kom dagen då lærarar med eller utan utdanning skulle tilsetjast i fjalerskulane for skuleåret 1964-65. Sjølvsagt var det ingen med fullført utdanning som søkte. Slike var nesten ikkje å oppdrive. Men nokre med eksamen frå gymnas var det, og ein av dei var eg. Skuleinspektøren hadde foreslått meg, som hadde ein brukbar engelskartium. Men skulestyreformannen villle det annleis. Han heldt ein god tale til fordel for ein sambygding i slekta hans, nyutklekka frå Voss gymnas om eg minnest rett. Guten måtte få prøve seg i dette yrket, og han trong tene seg nokre kroner som startkapital når han seinare skulle utdanne seg vidare. Meinte skulestyreformannen. Han nemnde nok ikkje høgt at den andre aktuelle kandidaten visstnok var eit bøllefrø. Kva han hadde kviskra  til andre i skulestyret, veit ingen i dag. Enden på visa vart at kandidaten til skulestyreformannen vann avrøystinga og var dermed tilsett. 

Hadde Harald Kjølås tenkt så langt då han dikta nidvisa eg skreiv om onsdag? Hadde Ragnhild sett føre seg at hennar kolportering av orda til Harald skulle råke meg på dette viset? Det får me aldri vite, dei er dessverre døde begge.

Nokre dagar seinare trefte papen syskenbarnet sitt, Hjalmar'n i Dala, som sat i skulestyret og var med på møtet. Papen spurde kvifor dei tilsette ein kar med realartium og ikkje med engelskartium når engelsk var presisert i utlysinga. Nett denne detaljen var ikkje  nemnd på møtet, fortalde Hjalmar'n. "Men eg røysta no på han Reidar, eg. Og etter møtet kom skulestyreformannen bort til meg og spurde om eg gjorde det fordi me var i slekt." Då fekk papen vatn på mølla og fortalde at den nytilsette fyren var nett like mykje i slekt med skulestyreformannen som eg og Hjalmar'n. "Å, da va gale at eg ikkje visste da! sukka Hjalmar'n i Dala.

Nei, no hadde Kjølås heilt utan å ane det sabotert eit steg i min mogelege karrierestige. Men ofte går livet vidare på eit anna vis enn det du tenkte deg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar