I dag gjer me oss klare til den store utfarten. Viss alt går som det bør, tek me danskebåten frå Stavanger i morgon, tråklar oss sør gjennom EU og heim att den 11. juli. Du treng sikkert ikkje leite etter nye bloggar på denne sida med det første. Skulle eg kome over ein datamaskin i det store utlandet, kan eg nok finne på å skrive nokre ord. Men dei har så toskje tastatur, dei manglar nokre bokstavar. Ja, danskane har kanskje noko som er brukbart. mest truleg vert det ikkje noko av.
Truleg vert det telt ein del netter i år og. Det har vorte mange teltturar fram gjennom åra. Viss me slår opp eit telt på ein norsk campingplass, kjenner me oss skrekkjeleg gamle. I utlandet er det folk i alle aldrar som finn på slikt. For ein del år sidan - eg var nyleg vorten bestefar og var begynt å kjenne på alderen - var det ei kjerring i naboteltet ein plass i Frankrike som skrytte av at ho var oldemor. Me snakkar no om at den me skal begynne på i morgon, er kanskje siste lange bilturen med telt og greier. Men det har me visst sagt før og. Me får sjå.
God sommar!