Det er på tide å brette opp armane, fyre opp maskina og arbeide seg ut or bloggtørken som har ridd meg i over to veker no. Men har eg noko eg har lyst i skrive om, då? Sidan bloggkamerat Gunnar skreiv om sniglar hin dagen, kan eg gjere det same, men med ei anna vinkling. Med fare for at eldste bror min stemner meg for injuriesøksmål eller noko slikt.
For lenge, lenge sidan, under den store krigen som herja før eg var fødd, var ein liten krabat ute og leika seg i tunet heime i Flekke. Eg kan tenkje meg at det nyss hadde regna, og då var det mykje spennande å finne på for smågutar. Han kom inn att til mamma si noko så dugeleg tilgrisa på kleda og nevane, ein seig, ekkel skit som ikkje så lett lét seg fjerne. "Kva har du drive på med, Arne?" ville mamma vite. "Eg har leika med kuler," opplyste den seinare så reinslege karen. "Kuler?" "Ja, kom og sjå!" Og borte i tunet låg det fleire godt ihopkrølla sniglar og kvidde seg på at kuleleikaren skulle kome tilbake.
Eg trur ikkje nokon av dei var brune, forresten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar