I desse dagar er me manisk opptekne av dette landet heilt sør i verda. Somme tenkjer lite på anna enn nett det som skjer på fotballbanene, andre får med seg eit frodig landskap, eit sydande folkeliv og eit samfunn med mange motsetningar.
Omkring 20. mars i år skreiv eg eit par innlegg om landet slik me såg det då eg var elev på Firda gymnas. I dag går eg tilbake til realskulen då eg sleppte fantasien laus med nokre visjonar. Eg tykt nok at eg tok grueleg hardt i då eg såg heile tjue år fram i tida. No er dette femti år sidan. Men altså: Eg var i Sør-Afrika. Eg gidd ikkje skrive av stilen, så då får du sjå han slik som lærar Strand og eg såg han:
Artig sak det der. Synd du ikkje såg 50 år fram i tid, så kunne du vitja fotball VM i same slengen
SvarSlettJa, men det hadde vore toskje å vite resultata allereie ...
SvarSlett