Den første hesa du ser her, er lita, ikkje så høg som ho kan sjå ut til, kanskje sytti-åtti centimeter, og ikkje så mange rom. Men så er ho konstruert til ære og glede for sukkerertene våre, som skal få klatre og tøye seg til vêrs. Her ser du forresten dei fløyelsblomane som ikkje fekk vere med på biletet hin dagen.
Så dette er ei av dei minste hesjane eg har vore med på å renne opp. Men i femtiåra og inn på sekstitalet hadde me der heime dei lengste hesjane i Flekke, og for det eg veit i heile verda. Oppe i bakkane kunne me strekkje ut hesjar på meir enn hundre rom. Eg meiner å hugse at me hadde ei hes på 139 rom ein gong, men om det var rekorden, er eg usikker på. Eit rom (som var avstanden mellom to hesjestaurar) kunne vel vere om lag ein meter breitt. Og så var me så heldige at øvste bakkane våre syntest over halve bygda, så folk fekk retteleg nyte synet.For yngre generasjonar og andre utan allmennkunnskapar kan eg opplyse at hesjane vart brukte til høyturking. Merra, sauene, kyrne og kalvane levde av høyet i vinterhalvåret, og turt måtte det vere skulle det halde seg. Seinare kom siloane og overtok mykje av strevet med hesjing og turrhøy. Og då forhaustaren kom, var slåtten knapt noka skikkeleg onn lenger. For ikkje å snakke om rundballealderen, som me no er inne i.
Når me hadde stabilt høgtrykk og godvêr, turka me på bakken, me brøydde. Så oppe i bakkane har me sloppe dei lange hesjane i 1956, då dette andre biletet vart teke. (Dette biletet har eg vist fram før, sjå august i fjor.) Dei lengste hesjane du ser midt oppe i bakkane, er vel på tett oppunder hundre rom. Eg er lei meg, eg trur ikkje me har bilete av rekordhesa eller noka hes tett oppunder den lengda. Men du kan no sjå på biletet og tenkje deg om lag kvar ho strekte seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar