Du verda! Eg reknar med at du las bloggen i går om den franske lunsjen. Eg tenkte som så at me skulle gå gjennom leksa og deretter rigge til klasserommet for det planlagde måltidet. Eg var forresten litt spent på om dei stilte opp med noko spennande å ete, slik me hadde snakka om.
Då eg kom innom døra på 016, sat dei der og skein. Alt var klart, pultane var arrangerte til eit langbord, haugevis med mat på bordet og blide elevar sat klare til innsats. Dei hadde jamvel fått bakaren på Halsnøy til å bake pariserbrød, lange grove baguettar. Her var ein diger salatbolle, quiche lorraine, ostar, kjeks og kaker. Då var det berre for meg å hente dei franske ostane mine, dra opp ein tusjbart og få på plass alpehua.
Dei fire modigaste elevane følgde eksempelet mitt og teikna seg snurrbart, dei og. Leksa får vente til torsdag.
tirsdag 29. mars 2011
mandag 28. mars 2011
VIVE LA FRANCE
Eg er mellom anna fransklærar. Det er nok takka vere eit sett av tilfeldige disposisjonar og val i ungdomstida. Eg fann ein gong ut at eg skulle studere fransk, ikkje så mykje på grunn av eldhug for faget, men meir av praktiske og taktiske grunnar som eg knapt hugsar no. Det handla sikkert om å skaffe seg ein fagkombinasjon som kunne gje gode jobbutsikter utan at eg trong slite meg forderva med rettingsarbeid viss eg hamna i skuleverket. Den gongen var faget eit såkalla munnleg fag i gymnaset, og lærarar flest dreiv lite med skriflege prøver.
Eg har knapt vore nokon stor frankofil. I motsetning til mange tykkjer eg ikkje eingong at det er noko spesielt vakkert språk. At det skal vere så flott til å uttrykkje dei skjønnaste nyansar i dikting og filosofi er eg direkte ueinig i. Det er eit heilt greitt språk og sikkert vel og bra for franskmenn. For elevane mine er det både gåtefullt og ubegripeleg.
Men ein ting skal dei ha, desse franskmennene: Dei har eit flott land, og dei har mykje god mat og drikke i dette landet. Og gamle kulturminne. Dei siste sytten åra har Anne og eg vore innom landet i gjennomsnitt minst ein gong i året, og me storkosar oss. Om fjorten dagar skal me til Paris og vere der fire dagar. Det vert femte gongen me er der i byen, like mange gonger som me har vore i Nice. Me gler oss.
Eg er ein nokolunde keisam embetsmann i teneste for Hordaland fylke, møter til timane mine og underviser (viser under, som ein ordsjonglerande kollega seier) med grunnlag i læreplanar og forskrifter. Men ein hende gong slår eg meg laus i fransktimane og arrangerer fransk lunsj med franskelevane mine. Rett nok liknar det lite på ein skikkeleg déjeuner. Den franske lunsjen er som ein norsk middag, varmrett og gjerne ein dessert. Kanskje ein pichet med husets vin attåt. Eg og franskklassen tyr til kaldmat, oftast ost og brød eller kjeks. Men gjerne franske ostar. Og raudbrus.
Franskmenn går ikkje med alpehue, ikkje har dei bart eingong. Men i morgon tek eg på meg alpehua mi og får nokon til å teikne ein svart snurrbart under nasen. Dette påfunnet har eg tradisjon for å handheve. Nett då slepp eg å gå usynleg gjennom korridorane på veg til fransktimane mine.
Sønene mine har måtta bite i seg å vere elevar på den vidaregåande skulen der far deira var lærar. Det har sikkert vore verre for dei enn for meg. Iallfall den gongen midt på nittitalet då son min i ein korridor på skulen trefte far sin ("gamlingen" som han kalla meg på den tida) med alpehue og bart. Han vart så opprørt at han nærmast gjekk til åtak og ville fjerne attributtane mine. Nyttelaust. Eg fekk min franske lunsj med elevane mine, me song om vindrikkande riddarar av det runde bordet, gumla ost og kjeks og gløymde lekser og vrange verb for ei stund.
I morgon er det ny runde. Salut!

torsdag 24. mars 2011
MACKØL OG EKKEL KNURR
Somme av dei bloggteksane mine som handlar om gamle dagar i fødebygda mi nord i Sunnfjord, er publiserte på ei lokal nettside. Ein flittig sunnfjording har funne ut at stykka har kulturhistorisk interesse, og sidan han styrer med denne nettsida (fjaler.origo.no), har han fått lov å "stele" med han vil frå bloggane mine. Det er eitt emne som har vekt stor interesse og avla mange kommentarar på den nettstaden: knurr. Difor tenkte eg som så at eg lyt skrive meir om det.
Me hadde ikkje vore så nøgne med avrenning frå siloane våre dei første åra etter at den nye løa vår vart bygd. Krava var vel ikkje særleg strenge på den tida. Så silosafta rann ned i ei grov og etter nokre hundre meter ut i fjorden. Det var til vanleg godt drikkevatn i denne grova, men ikkje i høysesongen.
Nokre unggutar i Flekke ville prøve kunsten å bryggje knurr. Det var sommar og godt råd å setje dunken ute i det fri. Dei stasjonerte seg nede ved utlaupet til grova. Der var det lett å finne rikeleg med ferskvatn. Truleg var dei ikkje så tyrste mens dei bryggja, så dei smakte ikkje på vatnet. Men då dei fulle av forventningar skulle smake på knurren nokre dagar seinare, fekk dei noko å tenkje på. Eg veit ikkje kva som hende med vara, om dei tvinga fluidet i seg eller tømde det ut.
På Sandane i gymnastida mi var det ikkje uvanleg at somme elevar bryggja. Kva skulle dei elles gjere? Nærmaste ølbutikk var i Høyanger. Ein gutegjeng gjorde seg føre, venta til brygget klarna, tappa det pent opp på mjølkeflasker og slo botnfallet i dass. Men då skimta dei ein del småmakk på botnen, truleg dauddrukne og uskadeleggjorde. Spørsmålet var om ølet var drikkande. Men etter modne overveielsar kom dei til at dei hadde laga mackøl, som hadde eit svært godt ord på seg.
Desse karane brukte som sagt mjølkeflasker til å lagre ølet på. Hugsar du dei gamle brune mjølkeflaskene? Ein av gutane kom innom hybelen til kompisen sin, og der stod ei full mjølkeflaske på bordet, og det var ikkje mjølk som var i henne. "Det var jævla fint øl på denna flaska, blankt som vatn! Får eg smake?" spurde gjesten. Det fekk han, sette flaska for munnen og drakk. "Men det var jo vatn," sa han med sorg i stemma.

tirsdag 22. mars 2011
LIBYA OG VESTEN
No undrast eg. Eg beundrar ikkje Gaddafi. Eg beundrar ikkje Vestens tidlegare innsats i arabarverda. No står me der, like i nærleiken, med kampfly og mannskap. Samstundes er det full kløyving i verda om kva som må hende. Kva slags maktbruk skal ein ty til? Kva er målet med maktbruken? Kven skal stå på kommandobrua og styre aksjonane? Kven skal me ta mest omsyn til: store og små makter, Vesten, arabiske granneland, oljeselskapa, folket i Aust-Libya, folket i Vest-Libya, våpenprodusentane, offiserane, politikarar hist og her? Me har rota oss opp i ei ny røre, og eg veit verken ut eller inn.
Alle me veloppdregne vesteuropearar er opprørte av Gaddafis maktbruk mot sine eigne landsmenn. Det skulle berre mangle. Me er ikkje like harme når israelarar bombar Gaza (kor mange born vart drepne i Gaza i dag, trur du?), eller kvar gong amerikanarar bombar afghanske landsbyar. Ok, me skal ikkje setje ugjerningar opp mot kvarandre på denne måten, men kva tiltru har den muslimske verda til dei som bombar? Nei, dette er ei skikkeleg røre.
Men er me villige til å gå inn med våpen og verne om fredelege demonstrantar i Aust-Libya? Det kunne truleg ha spart ein del liv og kanskje medverka til å snu kampen mot GaddAfi, viss det er dét me vil. Det er berre det at då ville me blø meir enn om me hiv ut nokre bomber frå eit fly. For oss er det reinslegare å krige frå 20 000 fot.
Vel, kva er det me vil med aksjonane? Velte regimet? Då seier Vesten både ja, nei og veit ikkje. Heilgardering. Men å verne om sivile liv skulle vere eit hovudsiktemål ifølge FN-resolusjonen. Ja, viss bombinga oppnår det, så berre køyr på.
Og kven skal styre ståket? Mange vil vere med, men ingen vil ta ansvaret. Viss NATO eller USA tek styrespaken, knurrar russarane. Det same gjer faktisk franskmennene. Tyrkarane toar sine hender. Og amerikanarane vil absolutt sleppe ansvaret. Dei har meir enn nok å styre med for tida, men vil ikkje sleppe heilt taket om saka likevel. Franskmenn og engelskmenn er hissige kleggar som vil markere seg, same kva. EU og NATO veit ikkje kva dei vil.
Men FN, då? Dei har jo sagt ja takk til aksjonar. Men der sit Peer Gynts medsamansvorne og utbasunerer: " Tænke det , ønske det, ville det med, men gøre det, nei, det skønner jeg ikke!"
Nei, eg veit verken ut eller inn. Kanskje kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hyllar FNs initiativ, burde verte øvstkommanderande og samordne aksjonane? Så kan ho late oss lærarar vere i fred ei stund.

torsdag 17. mars 2011
FRÅ TREKVITT TIL MAGNOLIA
Det rommet me ser inn i her, brukte me som soverom i seksten år. Det var inngang frå gangen og vegg i vegg med stova. Så ønskte Anne seg så inderleg ei støre stove. Me opna veggen mot den gamle stova, ho som i grunnen framleis er hovudsalongen vår, der me tek imot kaffigjester, har juletreet og pakkar ut julegåvene når der er aktuelt, og har den finaste salongen, den i brunt skinn. Den nye stova vart kledd med brei, fin vekselpanel og er fjernsynsstove og fast opphaldsrom om kveldane - bortsett frå julafta og når me har kaffigjester eller liknande. Eg har meir enn ein gong omtalt henne som Annestova, noko som mi kjære frue vert irritert av.
Så har det hendt seg at ho tykkjer at dei gamle trekvite panelveggene har vorte for mørke for dei gamle augo våre, og at heimen i det store og heile treng litt fornying. Dette er grunnen til kaoset på dette biletet:
Og det skal verte meir som dette biletet viser. Og her ser du faktisk litt av det originale panelet med fine, breie furubord. Snart vert det òg magnoliafarga, men først må me flytte den digre veggseksjonen, dore spikrar, sparkle spikarhol og smørje på grunning.
Då nærmar me oss stunda når kan me setje oss ned i ei lysare Annestove!

onsdag 16. mars 2011
VÅRTEIKN VED UNGDOMSHUSET
Bror Steinar tipsa meg for nokre dagar sidan om å skrive om vårteikn, og han viste til nokre karar i Flekke som såg det som eit lovande vårteikn at me gutane i bygda begynte å springe rundt ungdomshuset. Ja, springinga hugsar eg godt, men ikkje at det vart omtalt som vårteikn.
Den vanlege organiseringa av desse løpa var sterkt inspirert av skeiseløp. Skeiseløp var den mest populære medieidretten i glansdagane til radioen frå femtitalet og eit par tiår framover. Laurdagar og sundagar på etterjulsvinteren sat heile det norske folket klistra til radioen med nervane i heilspenn og blyant og papir i nevane. Rundetider vart noterte, sluttider og poengsum kom på plass i tilhøyrande rubrikkar, og endeleg kunne Hjallis, Gontsjarenko eller Kupper'n få laurbærkransen over skuldrane.
Etter mønster frå dei klassiske skeisedistansane sprang me ein runde, tre rundar, fem rundar og ti rundar rundt ungdomshuset. Rett nok måtte me opp ei trapp før første langsida og deretter ned ei trapp i neste sving, elles var ikkje løypa ulik ei skeisebane. Litt kortare, heldigvis. Noka ytre og indre bane var det ikkje råd å få til, men me sprang to og to likevel. Me mangla stoppeklokke, men dei største gutane hadde armbandsur med sekundvisarar. Det heldt i massevis for oss. Me skipa til noregs-, europa- og verdsmeisterskap, men eg hugsar ikkje om det vanka laurbærkransar i ei eller anna form.

tirsdag 15. mars 2011
PÅ FEST
No kjem det meir mimring frå gamle dagar i Flekke. Dei som er luta leie av slikt skriveri, kan finne ein annan blogg å lese, til dømes den som min eks-nabo, eks-kollega m.m. Gunnar held seg til: gunnares.blogspot.com Han lever heldigvis mykje i notida.
Men altså: Når det vart arrangert dans i ungdomshuset i Flekke, kalla me det for fest. Det galdt forresten dansefestar i andre forsamlingshus òg. Var det i jula, heitte det juleball. Men oppskrifta i åra rett før og rett etter 1960 var nokså lik: Det vart hyrt inn ein spelemann som kunnne traktere trekkspelet. Han sat på scenekanten og spelte. Me stod på den delen av golvet som vende mot utedøra. Nokre få fekk seg sitjeplass på benkene langs langveggene. Stundom låg det einkvan der og sov utpå kvelden. Dei av oss som dansa, brukte den delen av golvet som var nærast scenekanten. Gutane baud opp. Men utpå kvelden ein gong eller to kunngjorde spelemannen "damenes". Då kunne jentene by opp. Når det var skotårsfest, men det var det berre kvart skotår, kunne jentene by opp med dei ville. Dei dansane det gjekk mest på, var vals, tango, reinlender og swing (eller rock.) Den sistnemnde trengde seg meir og meir inn på dansefestane utetter sekstiåra. Unntaksvis kom det ein pariserpolka eller springpolka.
Nede i billettluka sat billettøren og selde billettar til kroner to eller to femti per stykk. I trappeoppgangen stod billettkontrolløren og tok imot billettar for dei som skulle opp i salen, eller delte ut ein billett til den som skulle ut og lufte seg, gå på do eller ut og drikke knurr. Eit par handfaste karar var vakter og greip resolutt inn mot uro av alle slag.
Festen begynte gjerne klokka ni, og klokka to var det slutt. Ti på to kunngjorde spelemannen at no kjem dei tre siste. Frå klokka tolv var det vanleg å slutte billettsalet og sleppe inn gratis dei stakkarane som stod nede ved utedøra og ikkje tok seg råd til å betale. Men det hende seg at me tøygde den tida litt, og då prøvde dei seg med krav om juridiske rettar til å sleppe billettkjøp etter midnatt. Å nei, det einaste dei kunne påberope seg, var sedvane.
Har eg fått med det viktigaste no? Viss ikkje, les eller syng visa "Stå med glans" av Kjartan Fløgstad. Vestlandsfanden har visa på plate.

søndag 13. mars 2011
KNURR
Eg nemnde produktet knurr i siste bloggen min. Så skreiv eg at du kunne google viss du ikkje visste kva det var. Det lèt seg gjere med litt fantasi, men du bør kople søkjeordet med eit anna stikkord, til dømes øl eller heimebrygg. Elles kjem det opp ei endelaus rekkje med sider om ein liten, sinna fisk. Og det var ikkje det dei hadde på norgesglasa me fann borte med ungdomshuset i gamle dagar.
No tek eg det steget å foreslå ei oppskrift. Få tak i ein trettiliters dunk av til dømes glas eller plast. Helst skulle det vel ha vore ei lita tretønne. Gå på butikken og kjøp fire kilo sukker, to pakkar gjær, ei lita flaske tomtebrygg og ein liter maltekstrakt. Løys alt saman opp i lunka vatn. Pass på at vatnet ikkje vert for varmt, gjærsoppen likar ikkje det. Så har du alt i hop opp i dunken og fyller han med meir lunka vatn. Men pass på at dunken ikkje vert smikkfull. Det må vere litt klaring på toppen, for viss du er heldig, skal det snart skumme kraftig. Rist godt om og set dunken i romtemperatur. Ikkje skru korken heilt att. Har du gjærlås, kan den brukast no.
No må du vere sterk i karakteren og vente minst ei veke, helst to. Når du ser og høyrer at det ikkje knurrar i dunken lenger, er brygget truleg utgått. Ta ei lita smaksprøve. Viss det ikkje smakar søtt lenger, er det teikn på suksess. No kan du godt setje det litt kjøleg og late det klarne litt før du smakar meir. Hugs på at dette er kraftige saker, så drikk med andakt. Eller slå det i do, viss det ikkje fall i smak, eller gje det til ein granne du mislikar.
Eg har forresten ikkje sagt at du skal lage noko slikt, eg berre foreslår ei av tusen oppskrifter på knurr.

torsdag 10. mars 2011
FLEKKE UNGDOMSHUS
Bror Steinar vil at eg skal skrive om vårteikn, og så nemner han i same farten ungdomshuset heime. Då trur eg sanneleg at det kan passe med nokre tekstar om denne sentrale kulturinstitusjonen i barndomsbygda mi.
Som du ser - i nedre biletkant – ligg det ikkje mange steinkasta frå tunet vårt, i grensa mellom garden til mamma og papen og garden til Finn og Helene. Den trondhjemske postvei skimtar me òg i nedre høgre biletkant.
Det hender at eg skryter - og ikkje heilt utan grunn - av at eg er fødd og oppvaksen rett utanfor veggen i ungdomshuset i Flekke, og at det pregar meg meir enn noko anna, vere seg arv eller miljø. Det er lov å overdrive i godt lag. Men det nære grannelaget til dette huset har vore til mykje glede og nytte i oppveksten. I tidlegare bloggar har eg nemnt litt om kva ungdomslaget fekk å seie for overgangen til vaksenlivet.
Men huset har hatt verdiar på ulik vis. Når det var dansefestar og andre festar i barndommen min, høyrde me godt sjauen frå ungdomshuset. Det skapte stemning og glede i sinnet, sjølv for oss som var for små til å gå på nett dei festane. Viss me var seint oppe, hende det seg òg at me såg vaksne ungdommar i underlege positurar kring husveggene. Neste morgon sende mamma oss på ekspedisjon. Flaskeplukking. På bøen vår, nede i Tunbakkurda (til venstre for ungdomshuset), bak dass (usynleg på biletet) og jamvel på sjølve ungdomshusplassen fann me flasker i ymse utgåver og fasongar. Dei me ikkje kunne pante, fekk mamma til saftflasker. Me lukta på dropane i botnen og undra oss over at nokon hadde appetitt på slikt. Stundom dukka det opp eit stort norgesglas, og då vart mamma ekstra glad, for dei var dyre i innkjøp. Utetter hausten og vinteren hadde me mykje glede av rips- solbær- og stikkelsbærsafta som stod lagra i kjellaren. Kanskje me ikkje hadde hatt så rikhaldig saftlager utan ungdomshuset?
Du kan vel gjette kva som hadde vore på norgesglasa? Knurr, ja! Viss du ikkje veit kva knurr er (var), kan du prøve å google.
Til slutt ein vits: Gamle Kristoffer kom til dokteren og klaga over synet. Kanskje ham måtte ha seg briller. Dokteren spurde om å få sjå dei brillene han hadde, men Kristoffer forklarte at han aldri i sitt liv hadde brukt noko slikt. "Men du har jo eit tydeleg merke etter briller over naserota," sa dokteren. "Nei, da e tå norgesglaset, da, doktar," sa Kristoffer.
onsdag 9. mars 2011
PRIVATISERING, FASE FEM: HEILT KONGE
Dette vert siste leksjonen i tipse- og undervisningsserien min om privatisering og konkurranseutsetjing. I alle fall i denne omgangen. No ser eg stadig vekk at dei tek emnet på alvor både i riksmedia og i dei politiske partia. Men dei går ikkje langt nok. Dei er for feige. Jamvel Høgre og Frp, som seier at dei vil opne for mykje meir i denne retninga. Og Ap er altfor pysete. Når det stormar litt kring Adecco og andre edle firma, seier Ap at dei er imot, men når dei vil spare ei krone eller ikkje gidd noko anna, hankar dei inn private firma og lausarbeidarar frå gata.
Nei, lat oss kome vidare: Kongen vår er ein aldrande herre, og fuglane veit kor lenge han held koken. No må me vere om oss og privatisere denne geskjeften før son hans kjem springande og påstår at han har arverett til jobben. Me må kunne gå ut i heile EØS-området og endå lenger med eit anstendig anbod. Sist me gjorde det, kom det ein dansk prins og ei engelsk prinsesse. Men Michelsen og Nansen hadde jobba for lite med anbodspapira, så det kom ikkje fleire tilbydarar, og oppseiingsvilkåra vart altfor tåkete. Me må høyre meir på høgresida i politikken, me kan ikkje ha slikt stillingsvern som me har i dag.
Det må stillast krav: Ein aktuell kandidat må kunne gå på ski, kunne føre ein seglbåt og gjennomføre ein nyttårstale med nokolunde forståeleg uttale. Monarken må vere i stand til å stå på ein balkong og vinke ein times tid ein gong i året. Elles skal me ikkje krevje for mykje. Viss det er ei kvinne, må ho kunne snakke med hestar, englar og daudingar.
Formålet med privatisering og konkurranseutsetjing skal som kjent vere sparing, og her er det pengar å hente. Istadenfor å tilby den nye monarken løn og apanasje, må me kunne snu på flisa og krevje at vedkomande skal betale for å få jobben. Kvifor ikkje? Det er sikkert mange kaksar i inn- eller utland som kan hoste opp nokre millionar. Kva med Stein Erik Hagen eller han Røkke? Viss til dømes Gaddafi og sønene hans kjem seg levande unna det rotet han har stelt til i Libya, har dei nok salta ned nokre milliardar som kan gravast fram når det trengst. Viss ikkje gamlingen sjølv vil, tek me ein av sønene. Rett nok bur dei ikkje i EØS-området, men likevel. Byr dei høgt nok, er det ingen ting å stusse på.
Men først må dei lære seg å gå på ski og føre ein seglbåt.

søndag 6. mars 2011
VINTERFERIE? TJA...
Det er kvinnene i heimen som er den store målgruppa for den delen av forretningsstanden som satsar på oppussing, fornying og ommøblering av heimane. Viss Frode, Teigen eller Møbelringen hadde hatt god nok teft, skulle dei ha invitert alle konene i bygda på vinaften med kanapear og samtidig synt fram det nyaste nye eller litt gammalt nytt i krambuene eller katalogane som kunne freiste husfruene over evne.
No var det verken Frode, Teigen eller Møbelringen som overtydde Anne om at me måtte friske opp heimen med ein del kvitmåling her og der, ikkje det eg veit. Korsomer: Dei trekvite dørene, listene og vindaugskarmane som har stritta mot alle framstøyt frå målarfirma i tjueåtte år er no i ferd med å verte magnoliakvite. Det same er spisekroken med sin grøne tapet og brystningspanel i perlefasmønster.
Siste delen av vinterferien har gått til dette prosjektet, og det er langt frå fullført. Den fine fjernsynsstova med liggjande breitt vekselpanel skal òg til pers.
Variatio delectat, hadde Caesar sagt. Men Julius Gaius hadde nok råd til å leige handverkarar. Eg fattar ikkje kvifor eg kom på nett desse avslutningsorda.

onsdag 2. mars 2011
UT I SKODDA
Me hadde ei framifrå helg i Trondheim, dobbelfeiring for to små barnebarn som har bursdagar på denne tida. Men måndag føremiddag var det duka for heimtur. Bilen vår stod utolmodig og venta på det som før heitte Liland parking ved Flesland, og tanken var å køyre derifrå til Bekkjarvik og ta eit par vinterferiedagar der. Me sjekka inn på Værnes i god tid, flyet skulle ta av klokkka 14.10. Brått lyste det frå infotavla: ny avgangstid klokka 15.40. Me gjekk og småbanna og fordømte SAS, som påstår dei er så punktlege. Men så kom det annonsering over høgtalarane at Flesland flyplass hadde vore stengt heile dagen på grunn av skodde, og at flyet vårt iallfall ikkje kunne gå før nærmare fire. Me laut tilgje SAS og vende harmen vår mot vêrgudane. I firetida vart me endeleg slusa inn på eit fly som skulle vidare til Stavanger, og me såg lysare på stoda. Men rett før flyet tok av, fortalde dei at dette kunne verte ei lang reise. Dei håpa å kunne hive oss av på Flesland, men viss det ikkje gjekk, laut me sitje på til Stavanger.
Omsider tok me av, og då me nærma oss Bergen, var skodda tjukk som graut, så dei krinsa rundt i Hordaland i påvente av ei lita lysning. Men nei, etter ein dryg halvtime gav dei opp og fortalde at no går ferda til Stavanger. Jaja, me kunne ikkje protestere.Ferda gjekk lenger mot sør, og undervegs såg me heim. Ikkje skodde over ytre Kvinnherad. I sekstida var me på Sola, og der fortalde dei at dei skulle sende oss med buss til Bergen. Bagasjen vår kom tydelegvis ut heilt til slutt, før me kunne springe til bussen. Fleire bussar var allereie på veg nordover. Sjåføren hadde god tid, eller måtte ordne både eitt og hitt før me omsider trilla av garde i sjutida. Kunne me nå fram og ta siste ferja til Austevoll klokka halv tolv? Neppe!
Turen nordover var i og for seg koseleg. Seta i bussen var gode, og me var heldige med ferjene. God lapskaus på ferja frå Sandviksvåg. Men klokka var over elleve før me trilla inn til Flesland flyplass. Me kunne nok ha plaga sonen vår på Bønes med overnatting, men håpa at SAS ville spandere hotellrom på oss. Lang, lang venting i kø med folk som hadde opplevd skoddekaoset og trong hjelp. Endeleg var det vår tur ved skranken, for berre å verte fortalde at dei dessverre ikkje hadde noko ansvar for oss no når me var komne fram til reisemålet.
Vel, då laut me ordne opp sjølve, og passeleg molefonkne prøvde me først det nærmaste hotellet. Der var det fullt, så dei dirigerte oss til Thon på Kokstad. No henta eg bilen, me kom til Thon nærmare halv eitt, og dei gav oss nøklane til ein diger suite, som slett ikkje var billig. Men på det tidspunktet kunne me ha pantsett begga husa våre for å få ei seng tilgjengeleg. Me kunne ta kvelden! Endeleg!
Skodde i Holmenkollen? Kva er det dei sutrar for? Dei visste at det var eit skoddehòl der dei bygde ny milliardbakke og inviterte til "tidenes skifest"! Flesland er nesten aldri stengd på grunn av skodde, men det var han altså den 28. februar 2011.

fredag 25. februar 2011
PRIVATISERING OG KONKURRANSEUTSETJING, FASE FIRE: STORTINGET
Me nærmar oss lokalvala, så den neste framstøyten min for konkurranseutsetjing og privatisering kjem for seint til at me kan gjere noko særleg med dei. Men me kan fokusere på saka i den komande valkampen og bane vegen for den neste. Stortingsvalet. Adecco – eg skreiv nesten adeccoligaen, for ein liga må det vere – har vist oss vegen. Her er mange kjellarar, garasjar og tilfluktsrom der me han late arbeidarane slappe av ein time eller to før neste økt. Dei har og skapt eit genialt system der arbeidarane betaler firmaet for å arbeide, ikkje omvendt, slik me er vane med.
Men så til neste framstøyt: Privatisering av politiske organ, Storting, fylkesting, kommunestyre og slikt. Eg ser for meg at me skal begynne med Stortinget. Tykkjer me at dei 169 godt betalte og høgt pensjonerte representantane gjer like for seg? Nei, her må det vere råd å leggje ut ein skikkeleg anbodsrunde, gjerne i heile EØS-området. Dessutan slepp me ein slitsam og dyr valkamp. Eg ser ikkje heilt klart for meg detaljane enno, men ein felles entreprise kan truleg gje oss ei mykje billigare og mykje betre teneste. Dersom anbodsvinnaren skjer ned til beinet og lurer folket til å arbeide tredoble skift eller noko slikt, kan det kanskje klare seg med førti-femti representantar. Og så må dei betale litt meir enn løna si tilbake til firmaet, for det skal jo tenast pengar på tiltaket. Tilbydarane må sjølvsagt fordele dei på ulike parti slik at det vert litt futt i debattane. Me må ha posisjons- og opposisjonsparti, det har me tradisjon for. Det er eit rimeleg krav at karane må gå med slips og kvinnene i tekkelege kjolar.
Forresten: Under stortingsbygningen er det ein stor garasje. Der er det sikkert plass til å hive inn nokre senger i ein krok så dei nye representantane kan ta ein liten strekk mellom øktene. Det vert spennande om det vert Adecco eller eit selskap frå Sicilia som får tilslaget, der pris, kvalitet og fagre ord i anbodet er skikkeleg avstemte.
Eg vil forresten ha ein liten prosent av overskotet, sidan det er eg som har lansert ideen.
torsdag 24. februar 2011
PRIVATISERING, FASE TRE: LOOK TO USA
Eg vil framleis presentere gode råd til dei politikarane som slåst for privatiserings- og konkurranseutsetjing, slik fleirtalskoalisjonen i våre to største byar gjer og har gjort i årevis. Me må ikkje late oss stanse av avsløringane som NRK har gjort av slaveliknande tilstandar for arbeidsstokken ved adecco-sjukeheimane i Oslo.
Det er mykje som står att enno av offentleg styre og stell, så me har nok å ta tak i. Forsvaret er ein sjølvsagd arena. Då amerikanarane gjekk til krig mot Irak for snart åtte år sidan, vart mange kostbare og lukrative brikker i det store spelet overlate til private firma. Det er på tusenvis av tungt væpna private vakter i Irak, betalte av amerikanske private vaktselskap, som igjen får si velfortente løn av amerikanske skattebetalarar. Eit anna døme var og er Halliburton, eitt av dei konserna som fekk milliardkontraktar av Pentagon for å følgje invasjonsstyrkane med ymse forsyningar i form av varer og tenester. To menn hadde sete tungt inne i styreverv og eigarposisjonar i firmaet: visepresident og høgre hand for G.W. Bush, Dick Cheney og forsvarsminister Donald Rumsfeld. Eg har ikkje sagt at dei misbrukte verva sine for å tene nokre lusne milliardar, det må me ikkje tru, for det har dei sjølve avsanna. Heller ikkje at tanken bak invasjonen var å tene nokre dollars.
No gløymer eg nesten norsk politikk. Men look to Uniten og lær av onkel Sam! Me må tenkje stort og setje norsk militærverksemd ut på anbod. (Forresten gløymde Cheney og Rumsfeld å leggje kontraktane ut på anbod, det hasta slik for dei at dei berre henta inn Halliburton, som sat klar med forsyningstenestene det var bruk for). Me veit at det finst mykje godt privat iniativ som kan rykkje inn og skyte minst like presist og billig som soldatane våre i dag. Då kan forsvarsministeren vår sleppe å bli møtt med nasevise spørsmål frå journalistar viss det oppstår tvil om tiltaka, ho kan svare at dette er det militærforetaket som må svare på, dei må løyse sakene sine sjølve, ho har ikkje ansvar, berre syter for at den som byr lågast får anbodet. Viss politikarane følgjer rådet mitt, kan snart yankeeane looke to Norway igjen.
Og har me ikkje to gilde gutar i fengsel i Kongo som kan kjøpast heim og overta til dømes rolla til forsvarssjefen og generalinspektøren i hæren? Dei veit mykje meir om sakene enn eg og du, kjære lesar.

onsdag 23. februar 2011
PRIVATISERING, FASE TO
No når privatiseringsiveren av sjukeheimstenester i hovudstaden og andre stader er kome under press og skandalisert, må me slå tilbake på andre frontar. I går skreiv eg om å konkurranseutsetje lærarjobbar. Det har tydelegvis falle i god jord, for eg har ikkje teke imot ein einaste protest. Men kanskje me skal gå varsamt fram? Eg ser for meg at me kan ta ut nokre høvelege oppgåver og sende ut på anbod. Fylket vårt - arbeidsgjevaren min sidan 1973 - gjer det meir og meir. No skal all organisering av tenestereiser ut på anbod. Det skal verte slutt på at eg reiser som eg sjølv vil viss eg skal på kurs, ekskursjon eller møte, eg skal vende meg til det reisebyrået som fylket plukkar ut. Eg får ikkje gå på reisebyrået på Husnes og sitje i ein godstol mens me drøser om opplegget. Eg bør ikkje lenger tinge billigbillettar på Norwegian til meg sjølv og elevane mine om det skulle kome på tale med ein slik oslotur som me var på i haust. Kanskje like greitt, eg sparer meg for styr og strev, kanskje vert det for dyrt for elevane og skulen, så eg sparer meg for heile ekskursjonen.
No ser eg at delar av jobben min vert så vanskjøtta at det er like godt at dei funksjonane vert konkurranseutsette og privatiserte. Då tenkjer eg på vurderingsbiten. Vurdering er som fortalt i går det nye satsingsområdet, vurderingane skal verte betre, altså er dei for dårlege trass i mine snart trettiåtte år som lærar i vidaregåande skule. Nei, kjære fleirtalsgruppering i fylkestinget, skjer igjennom og privatiser dette, kutt det ut or arbeidet til oss udugelege lærarar og set det ut på anbod! Det er dessutan den trasige delen av arbeidet mitt, eg likar best å tråkle i hop undervisningsopplegg, greie ut om slikt eg har greie på og snakke med elevane om det. Prøver, stilar, ymse heimearbeid og karaktersetjing er eit heft og eit herk. Eg kan godt undervise meir viss ein anbodsvinnar kjem inn og ordnar med vurderingsbiten, ein som forstår kodane til Direktoratet.
Og elevane vert fornøgde, for den som no skal setje karakterane, må sjølvsagt leggje inn som siktemål og premiss i anbodet sitt at dårlege karakterar skal vekk.
Viss me lukkast med dette, vert neste steg i privatiseringa at me konkurranseutset eksamen. Helst med utlysing i heile EØS-området.

tirsdag 22. februar 2011
PRIVATISERING, FASE EIN
No vil eg inn i politikken. Men først må eg minne om at eg framleis er lærar, at det er noko som heiter Kunnskapsløftet som stiller nye krav til lærarane, skulane og skuleeigarane om mangt og mykje som ikkje handlar om kunnskap, og at fylket vårt vil premiere dei flinke lærarane og meiner at det ikkje skal verte nokon kunst å sortere ut dei. Så då skal me kutte ut alt som heiter samarbeid, men konkurrere oss imellom om gunsten og velviljen til elevane. Då er det karakterane me må gjere noko med, og di betre karakterar, di meir fornøgde elevar, di mindre klager, for ikkje å snakke om saksøking. Derfor må me passe oss vel for å gje karakterar under fem, til dømes. Til nød ein firar til den største unnasluntraren i klassen. Men berre dersom me veit at foreldra ikkje er såpass bemidla og oppegåande at dei vil saksøkje oss.
Då har me i tillegg funne ut av det som skal vere eit prioritert satsingsområde i til dømes Hordaland fylkeskommune: betre vurderingspraksis. Viss den skal verte betre, tyder det på at den gamle prasisen ikkje var særleg bra. Me underviste godt, men me vurderte dårleg. Me risikerte, fekk me fortalt, at foreldra med dei feitaste lommebøkene kom på skulen med høgt gasjerte advokatar og ville vite korfor djevleungen ikkje hadde fått betre enn fire i standpunktkarakter endå rakkaren stort sett kunne lese og skrive namnet sitt viss han fekk bruke datamaskin. Her måtte me dokumentere i detalj at den håpefulle hadde fått alle tenkjelege sjansar til å nå alle tenkjelege mål i læreplanen når det passa krapylet å verte prøvd på ein måte som var tilrettelagd etter krava i opplæringslova om individuell tilrettelegging.
Så var det det med privatisering. Fram til eg om godt og vel eit år trekkjer meg tilbake som heiltids pensjonist, skal eg gå hardt inn for den privatpraktiserande læraren som leverer anbod på utlysing der skulen vil ha den billigaste læraren som gjev dei beste karakterane. Me kan lett tenkje oss modellen: timeløn dividert med gjennomsnittskarakteren i klassen. Den som då kjem ut med lågaste faktoren, vinn anbodet. Så enkelt, så effektivt.
Når eg vert pensjonist, skal eg år om anna ta del i desse anbodsrundane og prøve ut teorien i praksis. Til så lenge skal eg selje ideen til dei politikarane som vil ha meir konkurranse blant lærarane og meir privatisering. Hugs at det er lokalval til hausten!

mandag 21. februar 2011
BURSDAGAR
Dei flagga på Kvinnherad vidaregåande skule i dag. Ikkje alle kjende til grunnen for det og spurde meg, som går der som ein sjuande far i huset og har vore på skulen i uminnelege tider. Eg sa at det var på grunn av bursdagar, mellom andre var barnebarnet mitt sju år i dag. Ikkje alle skjønar at eg er ein tullebukk og lurte på om dei skulle tru meg.
Men Frida Karoline har feira, og sju år har gått sidan den nybakte papen hennar ringde og forkynte den glade bodskapen, la telefonen ned til den vesle munnen og lét den lukkelege bestefaren høyre nokre små gryntelydar.
At monarken vår òg har bursdag på denne dagen, kjem heilt i skuggen, sjølv om det kanskje var han dei heiste flagg for i dag både på skulen vår og mange andre stader. Men det er Frida sin dag!
søndag 20. februar 2011
ONOMATOPOIETIKON
I alle språk (trur eg, eg har ikkje vore borti alle dei seks tusen språka i verda) er det ein del ord som hermer etter lydar som har å gjere med det som ordet står for. Litt pussig er det likevel at folk i ulike land oppfattar lydane ulikt og har ulike ord for det som me skulle tru var den same lyden. Norske hanar seier kykeliky, til dømes, men franske hanar seier cocorico.
I sommar var me innom Dresden, og der gjekk eg forbi eit apotek. Eg kom på at Anne heldt meg ansvarleg for å ha halde henne vaken mest heile natta, og ho heldt det for sannsynleg at dei andre teltarane på campingplassen sikkert hadde sove dårleg òg. Så eg gjekk inn på apoteket og ville ha eit middel mot snorking. Men kva heiter vel snorking på tysk? Ikkje visste eg, så eg drog ein snorkelyd som eg meinte ho burde forstå. "Ah, gegen Schnupfen," sa ho, og eg nikka og trudde ho forstod. I etterkant viste det seg at det ordet tyder snufsing, ho trudde vel at eg var forkjølt. Endå eg prøvde å lage ein svært sterk og tydeleg snorkelyd. Trøyste oss for tyskarane, viss dei lagar slike lydar når dei snufsar!
Nei, tyskarane, dei schnarchen. Franskmennene må ronfler. Engelskmennene snore. Italienarane plar russare eller ronflare, mens spanjolane likar å roncar. Eg tykkjer at me og franskmennene er dei som får best til å etterlikne lyden når me skal snakke om han, til dømes forklare fenomenet for ein apotekar. Ja, det italienske alternativ to er òg bra, der er dei nesten samde med franskmennene. Me har forresten eit ord til, å ryte, som òg gjev eit sant inntrykk av ulyden.
Sist fredag var eg på Haugesund sjukehus og fekk ei ublid behandling for å minske rabalderet eg er skulda for. Dokteren, ei tilsynelatande hyggjeleg ung dame, stakk først nåler inn i kjeften og sprøytte inn giftstoff som lamma palatum molle. Deretter sende ho inn radiofrekvensbølgjer, ikkje for at eg skulle få ta inn Radio Luxembourg direkte, men for å skade strukturen inst der inne i kjeften i von om at det skal danne seg arrvev som stivar opp dette blaute partiet inst i ganeseglet.
No går eg rundt med sårt og raudt svelg og opphovna drøvel. Både i går natt og i natt snorka eg som aldri før og måtte evakuere inn på eit anna rom. Men dokteren påstår at det først blir verre, så betre.
Håpar ho, håpar Anne, håpar eg.

onsdag 16. februar 2011
TØFFE PENSJONISTDAGAR
For tjueåtte år sidan bygde me oss hus. Me stod på, tidleg og seint, både mora, faren og dei tre ungane våre, ein stor, ein liten og ein midt imellom. Dei tre gutane gjekk på skule, i barnehage og på lut (faxelut?) og kaldt vatn mens mamma og pappa skjøtta sine jobbar om dagen og dreiv på i det som skulle verte nytt hus om ettermiddagen og kvelden. Me sparkla og måla, tapetserte og snikkerte, pussa og spikra. Her vart mykje trekvitt, og det skulle få vere trekvitt etter den tids mote. Treverket fekk ein omgang med grønsåpe og faxelut. Veggene av trefiberplater fekk for det meste strie eller vanleg tapet.
Gjennom åra har det skjedd litt her, litt der med det opphavlege. Men mykje er som det var for tjueåtte år sidan. Til dømes er alle vindauge i heile huset og dørene i første etasje framleis ubehandla furu, som rett nok ein gong i tida fekk litt lut på seg. Dessutan panelte me det som før var soverommet i første etasje med vakker, brei liggjande furupanel og opna opp rommet mot stova.
No meiner kvinna i huset at det er på tide å friske opp ein del av dette treverket. Kvitt skal det verte, rettare sagt: magnolia. Magnolia er ein vakker eksotisk blome, ikkje heilt kvit, men mange sortar er noko i den duren. No må det seiast at veggene i den indre delen av stova allereie har fått magnoliafarge, av ferdigmåla huntonittplater som me har spikra opp for eit par år sidan, og som gjev oss eit falskt inntrykk av ståande panel. Skorsteinen og brannmuren har fått den same fargen, det same har dørene på kjøkkenskåpa.
Så no går pensjonistdagane mine (måndagar og onsdagar) til pussing, flikking og måling. Det er eit pirkearbeid som sikkert passar for pensjonistar. Døra og vindaugskarmane i karnappet er allereie i hamskiftet. Meir skal det verte. Her er fleire vindauge, og så skal veggene i spisestova til pers, har eg skjønt.
Men i morgon er eg ikkje pensjonist. Då er det meir eller mindre lærevillige tenåringar, fransk, historie og samfunnskunnskap som står på programmet.

torsdag 10. februar 2011
MAGNETISK LYD
Bror Steinar kjøpte ein av desse nymotens bandspelarane for snart femti år sidan. Det var eit mirakel, han kunne ta opp stemmene våre så me fekk høyre korleis me snakka, og me oppdaga at den stemma andre høyrer, ikkje er nett lik den du høyrer sjølv frå din eigen munn. Han kunne kople spelaren til den nye radioen vår og ta opp musikk, ja, me kunne på det viset høyre opp att og om att den slageren me likte best i augneblinken.
Så budde eg på hybel i Bergen med mellom andre Anders, og han sveid av ein bra snutt av studielånet og kjøpte seg lydbandspelar. Den hadde me mykje glede av. Mellom anna sat han og eg for førtito år sidan ein sein kveld i Lægdene og moroa oss med å lage eit reportasjeprogram om jubilanten Anders i høve tjuetoårsdagen (!) hans, der han no sat på gamleheimen og såg tilbake på eit uvanleg innhaldsrikt liv. Sjølve tykte me at me var løgne.
For snart trettiåtte år sidan hamna eg på noko dei kalla gymnasklassane i Kvinnherad. Ei av dei rause investeringane som nyleg var teken, var innkjøp av to Tandberg lydbandspelarar. Den eine er nok forlengst skrota. Men den andre eksisterer, ein kollega overtok han då me rydda og raserte mykje gammalt før oppussinga av skulen skulle iverksetjast for snart to år sidan.
No står det antikke Tandberg-vidunderet oppe på hemsen vår. Eg har nemleg lånt med meg det uerstattelege bandopptaket frå tjuetoårsfeiringa til Anders og etlar meg til å overføre det til datamaskinen og deretter til ei CD-plate. Så i dag fekk eg utlevert lydbandspelaren med ein tom spole, klar til dyst. Eg sette i gang, men akk oh ve, den herlege lydbandspelaren frå gamle Vebjørn Tandberg sin verdskjende fabrikk er ikkje heilt som han var. Han fuskar med lyden, rett og slett. Eg trur det er ei kopling eller to inni maskinen som sviktar litt. Likevel: Eg fekk ut ein nesten brukbar kopi av bandet til Anders.
Og så har eg liggjande nokre spolar som bror Steinar eig. Dei tok eg med meg for mange år sidan for å kopiere dei over på kassettar. Det gjekk skeis. Men kanskje dei vil late seg digitalisere?
Viss han gamle Tandberg vil, då.

Abonner på:
Innlegg (Atom)