mandag 13. september 2010

GUTAR OG KJØLNE KATAR

I går då eg skreiv om lagsavisa i Flekke ungdomslag, tenkte eg fælt på det namnet avisa fekk då ho vart skapt for godt hundre år sidan. (Viss eg ikkje hugsar feil, var det i 1909. Nei, eg hugsar sjølvsagt ikkje at ho vart til, men eg har bladd i den eldste handskrivne avisprotokollen!) Det er den haken med namnet Bondeguten at me ungar av hankjønn i Flekke, var ikkje gutar. Me var katar, anten me no var bønder eller ikkje. Ein kate-katen-kata-katanje. Eg har ikkje granska utbreiinga av dette målføreordet, men eg tvilar på at det var særleg kjent utanfor heimekommunen vår. Og om det var utbeidd i heile Fjaler, er eg òg usikker på. Kanskje lesarar av dette kan supplere med opplysningar? (Sjå kommentarfeltet nedanfor.) Derimot har eg snappa opp at ordet har funnest i fleire bygder på Nordvestlandet, utan at eg har høyrt det i bruk andre stader. I Flekke var ordet gutar stundom brukt om ungkarar, men sjeldan om ungar. Dei tre gamle ugifte brørne på grannebruket ”i Gara” kalla me ofte for garagutane. Forresten er det sagt at gamle far deira, Søren, kalla eldste sonen Ola for sveinen og dei to andre for gutane.
   Viss eg her i Kvinnherad – til dømes i historietimen i morgon – tiltalar ein elev og seier at ”du er ein kjølen kate”, vert nok dei som høyrer etter kva eg seier, nokså undrande i blikket. Adjektivet og gradsadverbet kjøle er sterkt utbreidd blant dei som seier kate. Som adjektiv tyder det fæl, som adverb svært. Det går an å seie at ”dæ kjøle hett” ein glovarm sommardag. Og me kan seie ”ein kjølen varme” utan at me motseier oss sjølve. Det er eit sømmelegare synonym for ordet jævla. Men me flekkingar har ikkje monopol på ordet kjøle. Svigerdotter mi frå Surnadal på Nordmøre brukar kjøle (med tjukk l) i tide og utide. Flott!
   No sit eg her i god avstand frå barndomsbygda Flekke, der eg ikkje har budd fast på 49 år. Kanskje alt dette eg har skrive om ovanfor har endra seg. Kanskje hugsar eg feil på somme punkt. Så viss du har rettingar eller tilleggsopplysningar, lyt du berre bruke kommentarfeltet. Det er forresten fullt lovleg og hjartans velkome for deg som ikkje er flekking å bruke det òg.

søndag 12. september 2010

BONDEGUTEN

I fjor på denne tida nemnde eg i bloggen at det var femti år sidan eg var nykonfirmert, og då kunne jyplingen begynne å gå på dans og vere med i ungdomslaget i Flekke. Vegen var kort, ungdomshuset ligg i lett høyrbar avstand frå heimetunet. Men eg trur ikkje eg skreiv om Bondeguten i fjor.
   Laget hadde ei lagsavis i form av ein tjukk, handskriven protokoll. På kvart lagsmøte var det eit høgdepunkt når siste nummer av bladet vart opplese. Mykje av innhaldet var bygdesladder i kraftig parodiert form. For sarte sjeler var det stundom for mykje, eg vil tru det var enkelte som kvidde seg på å gå og høyre korleis dei vart uthengde. Pressens faglige utvalg vart ikkje kopla inn, men burde stundom ha vore det.
   Redaksjonsansvaret gjekk på omgang, men det var ikkje alle som hadde særleg skriveevne eller fantasi, så innhaldet ymsa litt. Det hende seg at det dukka opp ei avskrift av ei Norsk Ukeblad-novelle. Men det var og folk som knapt hadde fått meir enn Godt i stil hos lærar Årøy, som blomstra når dei sat og dikta i hop skrøner i Bondeguten.
   Lagsbladet til Flekke ungdomslag er ikkje eineståande. Tvertimot, eg har seinare fått høyrt om mange ungsomslag som har hatt nærsagt identiske lagsaviser: tjukk handskriven protokoll, masse sladder, parodiar og satiriske innslag og redaktøransvar på omgang.
   Utpå vinteren 59/60 var det min tur. Eg fekk den tjukke boka med dei mange tomme sidene med meg heim. Men kva skulle eg skrive om?  Eg var tom for idear og full av prestasjonsangst. Så det enda med at eg skofta neste lagsmøte, og der sat folket og gjekk glipp av Bondeguten den sundagen, mens eg gjekk glipp av møtet. Eit par av dei eldre ungdommane tykte nok at dette var for gale og ville hjelpe den stakkars jyplingen, så ein vakker dag kom det ein tjukk konvolutt i posten med ein godt ihoptråkla satirisk reportasje om nyhende i bygda. Men då hadde den ferske lagslemen allereie kvitta seg med skrivekrampen. Eg hadde loge i hop ei lang historie om korleis flekkingane gjorde det i vinterleikane i Squaw Valley. Dei fleste som sat i salen, hadde vore med på ei eller fleire øvingar og hevda seg bra. Dermed vart det ein lang og rikhaldig Bondegut denne sundags kvelden. Ein av dei snille.
 

onsdag 8. september 2010

MØNSTERMAST


Anne og eg er på ein liten kvelds- og sopptur rett ovanfor riksvegen her på Eikeland. Der snor den gamle postvegen seg opp gjennom skogen og over Eikelandshaugen. Kvelden er mjuk og mild, men me må skunde oss før det vert for mørkt til å finne sopp. Forresten, det kunne nesten ha vore det same med soppen, me finn nesten ingen ting.  Me får likevel med oss nokre få eksemplar så me får ein smakebit til kvelds og fylt eit lite beger til frysing.
   Men inne i skogen er det noko anna som dukkar opp. Ein telefonstolpe i eit gammaldags steinfundament. Slik såg pålane ut der dei stod på line innetter Stavsdalen attmed postvegen heime i Flekke. Og her står dei attmed den gamle postvegen mellom Bergen og Stavanger. ”Jag har bott ved den postveg i hela mitt liv…,” kunne eg ha sunge.
   Det slår meg at fundamentet er av den gamle sorten, men stolpen er nokså ny, er fullrigga med kablar og gjer nytte for seg. Pålen fell heilt naturleg inn mellom dei ranke furetrea omkring. Steinmuren som kviler kring foten hans, er lødd opp i ein pynteleg firkant, og steinane kan godt ha vore henta på staden. Mosen gror over dei, nett som på knausane omkring. Kultur og natur i skjønn harmoni.

Ei mønstermast, etter mitt syn.

mandag 6. september 2010

MYKJE LØYE I SJØEN

Dæ mykkje stykt i sjyen, sa gubben, han såg kjerringa bada. Ein idiotisk og ufin vits, meiner du, og eg er hjartans einig.
   Å setje garn er ein terapeutisk hobby, og på slike solfylte dagar som i dag var det ein fest å dra garna og plukke ut fisk og skaldyr. Berre synd at det har vore lite mat i krabbane me har fått i det siste.
   I dag kom det opp eit vesen som eg først trudde var ei flyndre. Men då eg såg den lange halen, skjønte eg at det var noko anna. Fisken har venger, men flyge kan han ikkje. Det var ei lita rokke, også kalla skate. Flat som ei flyndre, men med augehol og kjeft på undersida av hovudet. Piggane på den lange halen skal ein akte seg for.
   Ei dame eg snakka med i dag, fortalde at dei hadde fått ei skate heime hos henne ein gong, men då dei skulle dra henne opp i båten, begynte ho å yngle. Den skatearten før levande ungar, fann dei ut. Så dei vart så rørte at dei sleppte fisken og ungane utpå att.
   Eg er så forherda at eg avliva dyret, skar av hovud og hale, fjerna magen (ikkje teikn til ungar i denne kroppen, nei) og tok beistet med heim. No er ho djupfrosen, og ein vakker dag skal Anne prøve å forvandle henne til ein lekker rett. Skatevenger skal vere ein delikatesse, har me høyrt.
   Men middagen i dag, då? Jau, då var det nytrekt torsk, ein som i storleik var perfekt tilpassa appetitten vår. Endå var det nokre fiskar til ... Og kveldsmat.

søndag 5. september 2010

EPLEHAUSTEN



Eplehausten i år er så som så, og på biletet ovanfor ser du heile avlinga. Håkonsapalen er på full fart opp att etter at han for to år sidan vart skoren ned nesten til bakkenivå. Den halvmeter høge stuven har skote mange nye renningar, og kvar av dei har produsert mange nye skot. Trass i omhyggjeleg beskjering i vår er han tett og frodig. Men det kom ikkje ein einaste blome på han i vår, og såleis er det ikkje å undrast at han ikkje ber frukt



   Den vesle nyplanta discoveryapalen produserte tre vakre og gode eple i fjor, første året me hadde han. Då skreiv eg i bloggen at det vert nok fleire i åra som kjem. I vår blomstra han pent, og det laga seg til nokre knytingar. Men ein sein julidag bles det opp til stiv kuling. Apalen stod og stritta imot lenge, så sleppte han det eine eplet etter det andre før vindròsene tok slutt. Att  heng det eitt einsleg eple, og  eg fryktar at det attpå til er makkete. Men det heng der no. Så me lyt berre vente til neste haust. Kanskje det vert eit kronår for begge aplane?

lørdag 4. september 2010

NATAKNEKKJARSUITEN, TREDJE SATS: I NATASKOG

Då eg voks opp, var sundagane om hausten fulle av sol og frukter. Folk gjekk i flokk og rad langs den trondhjemske postvegen og inn i natateigen vår, som ligg like ved vegen inst i utmarka til Randi niese og gudbarn. Dei fylte lommene, ja, somme hadde med seg ryggsekk eller posar og raska i hop. Det kom til og med folk frå Dale og forsynte seg. Papen mumla rett som det var om kva lova sa om slik åtferd, det var jamvel straffbart. Folk hadde lov å plukke neter som dei åt på staden, men ikkje lov å plukke med seg heim. Sant nok, berrre sjå i straffelova, § 400:  Den, som paa uindhegnet Sted plukker vilde Nødder, som paa Stedet fortæres, eller vilde Bær, Sop eller Blomster eller optager Rødder af vilde Urter, bliver ikke at straffe. Bær og sopp kan du ta med deg, men ikkje neter. Basta! Slik er det framleis. Men eg trur knapt papen hevda sin rett overfor straumen av gode grannar som hadde lyst på neter. Og truleg var det nok til oss alle.
   Papen vart tikjend eigedomsretten over desse skrinne urdene med hatleskog ved utskiftinga av utmarka midt på trettitalet, og var berre småfornøgd med det. Han ville heller hatt meir tømmerskog eller godt beiteland. Men i dei gode nataåra under krigen tente dei seg nokre kroner på nataplukking. Papen fekk jamvel ordna med kjøp av eit par beksaumarar då han selde ein slump neter til disponenten på skofabrikken. Neter var ei bra salsvare før i tida, og det er nok ein grunn til at neter har eit sterkare rettsvern enn bær. I utgravingane på Bryggen i Bergen har dei funne mengder med nataskal frå mellomalderen. Forskarar har snakka om å analysere skala og prøve å finne ut kvar dei kom frå.
   Den enklaste måten å plukke netene på når dei var bra modne, var å riste godt på hatlane så netene datt av. Viss ikkje urda var for grov, kunne me lett plukke netene opp frå grunnen. Heilt oppe under fjellsida, i merket mellom oss og Stav, stod sjølvaste Spanskehatlen, kjend for sine store, flotte neter. Namnet alluderer til dei store kjøpenetene frå Spania som kom i butikkane til jul.
   Når vårsol i bakkane blenkte og snøen forsvann i natateigen, kunne me og finne neter som hadde overvintra. Ikornet, dalingane og flekkingane hadde sjeldan fått med seg alt. Eg var fleire gonger inn i teigen på vårparten og fylte lommane. Dei var nett like gode som om hausten, tykte eg.
   Men no er nataknekkjarsuiten min over. Lukke til med natahausten, Randi!

fredag 3. september 2010

NATAKNEKKJARSUITEN, ANDRE SATS: GRISEMAT OG JULEKNASK

Når netene blir brune og kulda setter inn...ja, då går det mot jul. Og då må me ha neter på bordet. Både valneter, paraneter og hatleneter. Helst sjølvplukka norske, men til nød importerte frå mellomhavsland som Spania, Italia, Marokko eller Tyrkia. Dei norske er sjølvsagt best, men dei er mindre, så me må knekkje desto fleire. Det kan me trygt ta oss tid til i jula.
   Netene haustar me i månadsskiftet september-oktober, eller når dei begynner å sleppe hamsen. Då har dei fått eit vakkert solbrunt skjær og er godt etande. Alle treng ikkje ha sleppt hamsen enno, du raskar med deg det du får opp i sekken din, går heim og spreier dei ut på ein turrlun og luftig stad. Legg dei t.d. opp på nokre gamle eksemplar av bladet Firda eller til nød Bergens Tidende. Etter eit par veker modnast dei slik at du lett får alle netene ut or hamsen. Dei som framleis sit fast, kan du trygt hive; dei er mest truleg tomme.
   No har du minst tre løysingar vidare:
   1) Du kan late dei liggje og turke vidare fram til julafta, ta dei fram og knekkje i veg. Då er kjernene bra innturka, men svært aromatiske.
   2) Du kan faktisk fryse dei. Då vert dei ikkje fullt så innturka, smaken vert friskare, men ikkje så konsentrert og kraftig som om dei får turke i fred. Skal du ha neter til påske, kan dette vere ein tanke.
   3) Du kan ta fram ein høveleg slump innturka neter likkjejulafta og leggje i vatn. Storejulafta om morgonen siler du av vatnet og let dei liggje til om kvelden etter at du har opna pakkane. Då får dei og litt av den ferske smaken som dei hadde då dei var nyplukka, eller om du hadde frose dei.
  Smak og behag får avgjere her. Eg ville nok ha valt gamlemetoden, altså nr. 1. Uansett: Knekk dei helst ikkje med tennene, iallfall viss du har gamle og slitne tenner, eller nykjøpte spinndyre.
   Men grisemat, kva har det med hatleneter å gjere? Jau, i nokre tronge bygder i Møre og Romsdal (kanskje andre stader òg) er det ein del lune, sørvende bratter med mykje hatl. Meir enn folk brydde seg med å hauste. Så tok dei grisene sine og flytte dei ut i marka så dei fekk gå og godgjere seg med neter. Svina kosa seg svært, nøffa, grov, åt og smatta, og feita seg opp på det reinaste kraftfôret før kraftfôr var oppfunne. Bøndene slapp å mòke og mate dei nokre veker, og når tida var mogen (netene hadde vore mogne lenge), fekk grisene kome heim for å verte slakta oppunder jul. Flesket smakte framifrå, det beste flesket sunnmøringane visste.
   Så då vart det dobbelt opp med natasmak på julebordet!

torsdag 2. september 2010

NATAKNEKKJARSUITEN, FØRSTE SATS: HASLAR, HATLAR, NETER OG NØTTER

Randi gudbarn og niese vil at eg skal skrive om temaet i overskrifta. Ikkje underleg; ho er eigar av den kanskje største nataskogen i Flekke. Javel, brått kan det kome minst to bloggar om dette spennande temaet, kanskje tre. Veit du kva du har stelt i stand, Randi?
   I dag vil eg først klargjere nokre språklege tilhøve. Då er eg på trygg fagleg grunn; dette byggjer på eigne røynsler, på timelange studium på Nordisk institutt, Universitas Bergensis, pluss litt ferske oppslag i faglitteraturen min.
   På gammalnorsk var ordet not (eldre norrønt og islandsk: hnot) forma i nominativ eintal, natar i genitiv. I fleirtal heitte det netr eller nøtr i nominativ, i genitiv fleirtal nata. Mange dialektar kallar derfor denne velsmakande godbiten for ei nòt, og har du fleire, vert det neter. Om lag akkurat som i gammalnorsk. Men den norrøne sideforma i fleirtal gav somme stader grunnlag for systemet med nøtt-nøtter, og dermed har dei som rår over rettskrivinga i nynorsk, valt den varianten som hovudform. Kanskje fordi dette er eineformene i bokmål, og så har dei tenkt at det er praktisk å ha det likt. Så nòt-neter er klammeform i nynorsk, altså fullt "lovleg" i til dømes elevarbeid. Dette var godt språk i dialekten som Randi og eg vart oppflaska med, så heretter i utgreiingar om neter, brukar eg dei formene.
   I samansetjingar brukar me sunnfjordingar (og mange andre for den del) nata- i første leddet: nataskog, natakjenne (nøttekjerne) og nataskal. I svært mange samansette ord er det genitivsforma som slår gjennom i første leddet. Og sjå ovanfor kva genitivsformene i eintal og fleirtal var i gammalnorsk!
   Busken som netene veks på, heiter mange stader hatl-hatlar. Derfor har me bygda Hatlestrand her i Kvinnherad. I offisiell rettskriving både på nynorsk og bokmål heiter det ein hassel, fleire haslar. Me må tilstå at formene har god heimel i gammalnorsk: hasl. Men å uttale lydane s+l i slutten av eit ord, er ikkje lett, og ein gong for kanskje fem-seks  hundre år sidan slutta dei med det. Somme skaut inn ein hjelpevokal, ein e, mellom desse to konsonantane. Dei begynte å seie hassel. Og det skal seiast med tonefall 1 (tonem 1, einstava tonelag) som minner oss på at det opphavleg var eit einstavingsord. På store delar av Vestlandet derimot drog dei tungespissen opp i ganen nesten i l-posisjonen istadenfor å seie s. Dermed vart det tl i staden for sl. Berre prøv! Plasser tungespissen opp i ganen og sei tl. Du treng ikkje ta bryet med å flytte tungespissen, slik du må når du seier sl. Nei, eg tullar ikkje, fenomenet er kjent i fonetikken under nemninga assimilasjon. Når austlendingar ikkje greier å seie vatn, men assimilerer til vann, er det uttrykk for ein liknande latskap.
   Men nordfjordingane gjorde noko merkeleg: Dei laga ein lyd som er svært sjeldan. Mens me flytte tunga til ein t, fann dei opp ein ustemt l framfor den vanlege l i ordet der dei før sa s. Ustemt l? Jau, sei l, berre syng på han litt, så slår du av stemmebanda, og ut kjem ei slags kvesing. Denne kvesinga er den ustemte l-lyden som dei brukar i ordet hatl eller hatlerunnar.
   Til slutt i denne språklege klargjeringa seier eg frå om at eg kjem til å bruke dei ikkje-offisielle formene ein hatl-hatlen-hatlar-hatlane i seinare utgreiingar om emnet på bloggen. Meir lovlydig er eg ikkje.  På tavla i klasserommet skal eg skrive hassel. Det same skal eg gjere viss eg skulle kome meir bort i lærebokarbeid eller såvore.
   Det var vel ikkje dette du ønskte deg, Randi, men eg får heller kome tilbake til realia knytt til emnet i morgon.

onsdag 1. september 2010

ENDÅ EIT FEMTIÅRSMINNE

Yngsteguten min har påpeikt at det er dårleg balanse mellom no og då i dei tankane eg kunngjer på denne nettstaden. Her er lite om notida og mykje om gamle dagar. Det får så vere. Eg er vel snart tom for stoff frå femti- og sekstitalet, for ikkje å seie førtitalet.
   Så var det denne gamle sjuande-sansen-dagboka mi frå 1960 då, som opplyser om lite anna enn bursdagar og høylass. Men i dag for femti år sidan står det at eg tok til på nytt skuleår på realskulen/den linedelte ungdomsskulen. I klasse 9g3b, står det. At det var niande skuleåret er greitt, og at det var ein a- og b-klasse hugsar eg. Men kva tretalet står for, er meg ei gåte. Svaret er kanskje at det var ein treårig realskule. Sikker er eg ikkje. I fjor på denne tida skreiv eg fleire innlegg om det første realskuleåret, så det vert ikkje repetert her. No i andre klasse (eller niande, dei var ikkje konsekvente med nemningane)  kom eg i lag med ein del av dei som eg hadde gått i klasse med året før, men det var og ein del frå den andre klassen. Så kom det nokre heilt nye fjes, elevar frå ulike kantar av landet som var innlosjerte på gamle Vevang og var pensjonatskuleelevar.
   Denne hausten flytte me inn i det nye, flotte skulebygget til Fjaler linedelte ungdomsskule. Det meiner eg bestemt, sjølv om det på heimesida til skulen står at skulen vart teken i bruk etter jul i 1961. No hugsar eg fint lite av det som hende og ikkje hende hausten 1960. Det var kanskje slik at  me flytte inn så småningom tidleg på hausten, men at skulen var fiks ferdig og feira seg sjølv med ein opningsfest etter jul. Eg har eit svakt minne til ei slik høgtid, men eg hugsar slett ikkje kva tid det var.
   Den viktigaste endringa eg greier å grave  fram or nokre av dei gamle hjernecellene mine langt der bak i skolten, var at me ikkje fekk kaste vekk ein sløydtime med å gå dei bratte bakkane opp til folkeskulen på Dingemoane og ha sløyd i den kritisk tronge kjellaren der oppe. Der måtte du ha griseflaks om du fann att det produktet du var i gang med å lage veka før. No fekk me fine, nye formingsrom, mellom anna med ein ambolt som me dreiv vektløfting med. Her skulle ein få drive med meir enn berre tresløyd.
   Ei sak til: Då skulen vart opna som ein av dei første ungdomsskulane i landet, stod det ei overskrift i ei osloavis: "Sogn fikk flott skole"  ... Ei overskrift som vekte mykje sinne i bygda og i bladet Firda.

søndag 29. august 2010

MARERITT

Nei, kanskje ikkje så gale. Me kan kalle det sure draumar. Blant alt det vrøvlet som eg drøymer er det eitt tema som går att inn imellom. Ikkje for ofte, trur eg; som folk flest er eg lite i stand til å hugse kva eg diktar opp om nettene (eller i middagskvilda). Form og fasong skifter, men djupstrukturen er grei å fatte: Eg mister kontrollen over klassen eg skal undervise. No ein morgon handla det om at elevane mine - dei er kjekke og greie - vart villeidde til å slå følgje med nokre rakkarar med lærevegring. Og eg som hadde førebudd timane så godt! Kulissar og episk tråd i draumen greier eg ikkje å rekonstruere, det var temmeleg surrealistisk. Det er som regel slik. Truleg fall det meg inn i undermedvitet å vurdere kritisk opplegget mitt, som eg hadde lege og tenkt på før eg sovna om kvelden.
   Liknande draumar kjem att med ujamne mellomrom. Av og til er det slik at eg er vikar i ein klasse eg ikkje kjenner og knapt veit kva eg skal gjere. Og der står eg og tyt på mitt mens elevane surrar med sitt og bryr seg sytten. Ikkje kjenner eg nokon av dei, så eg kan ikkje notere ned merknader eller skremme med at eg gjer det.
   Når eg vaknar etter slike draumar, er eg både letta og irritert. Irritert på meg sjølv for at eg ikkje har brukt nokre av knepa eg plar ty til i beslekta situasjonar i vaken tilstand.
  

tirsdag 24. august 2010

GAMMAL GUBBE?

I mange år var eg yngstebarnet i heimen, heilt til systa kom då eg var nesten elleve år. I klassen min på gymnaset var eg ein av dei tre yngste. Då eg begynte å studere, var eg fleire år yngre enn dei to kameratane eg hadde mest lag med. Eg var ein av dei yngste i den lærargjengen som var pionerar på Kvinnherad gymnas midt på nitten sytti-talet. Derfor trur eg framleis at eg er relativt ung (når eg ikkje ser meg i spegelen, då.)
   Men åra går, og no er eg den eldste på arbeidsplassen. Slik kan det gå. I tur og orden har kollegaer eg har hatt i mange, mange år takka av og pensjonert seg. Enkelte gjer det allereie som sekstitoåringar. Eg går på AFP med om lag 60 % jobb. Det beste med den løysinga er at eg har fri om måndagane. Tenk, då kjenner eg meg fri når fredagen er over og slepp å gå i gang med grubling og førebuing i helga, slik eg har gjort i fleire tiår. Sundagane har ofte vore nokså halvtrasige, især utetter ettermiddagen og kvelden når eg har kjent på at no er skuleveka snart i gang og eg må gjere klart for undervisninga om måndagen.
   Halvt på spøk seier eg til kollegaer at dei må ta meg til sides og finsnakke med meg på tomannshand når dei merkar at seniliteten min er komen for langt, til dømes viss eg går til feil klasse eller begynner å undervise i feil fag - eller begge delar. Så kan dei seie på ein fin måte at det er på tide at eg gjev meg. Så spørst det om eg skjønar alvoret viss dei tek meg på ordet. Forresten er det irriterande at det knapt går ein dag utan at nokon spør meg om kor lenge eg vil halde på. No er eg stundom så frekk at eg læst som eg ikkje forstår spørsmålet. Til dømes slik: "Har du snart tenkt å pensjonere deg heilt, Reidar?"
"Nei, korfor skulle eg det?" Då vert dei ein smule forvirra, og eg lyt trøyste dei med å seie at eg tek eit år i slengen.
   Men eg er berre sekstifem. Eg snakka med ein gammal kjenning på ein annan skule for eit par år sidan, og der hadde den eldre garde på det nærmaste vorte einige om å halde ut til dei når den vanlege pensjonsalderen. "Og korfor sku'kje me det?" la han til. "Far min var bussjåfør og småbrukar og jobba til han var sekstisju."
   I skrivande stund tur eg at det vert løysinga mi og. Den siste veka har eg kome i gang med nytt skuleår og berre nye elevar, nokre i første, nokre i andre og nokre i tredje klasse. Smilande, søte, venlege og kjekke ungdomar til no! Eg gler meg til å halde fram i lag med dei. (Men til våren er me nok luta lei kvarandre...)

søndag 22. august 2010

USIKKER INNTEKTSKJELDE

Då eg tok til med det sjette året på den fådelte Flekke skule, hadde eg opplevd rockens inntog i heimbygda den sommaren. På skulen gjekk me i klasse med sjuande årssteget. Dei jentene var meir enn frelste for dei staute, syngjande gutane ute i den store verda: Paul, Elvis, Tommy, Pat, Cliff, Jerry og Harry. Dei samla på bilete av rockestjerner, på same måten som me gutane samla på bilete av sportstjerner og limte inn i utskrivne skrivebøker. Jentene lovde jamvel pengar om me kunne forsyne dei med bilete av heltane deira frå blad og aviser. Eg tenkte med meg at no skal det verte nokre kroner å tene, pressa var jo smikkfull av slike bilete, og me heldt Bergens Arbeiderblad og Norsk Ukeblad, så her vart det rikdom.
   Det viste seg at det var vanskelegare enn eg trudde. Eg tok til å leite, men fangsten vart mager. Nokre bilete klypte eg nok ut og tok med meg på skulen. Men så var jentene ikkje så lite kritiske. Somme bilete hadde dei frå før, andre var av stjerner som ikkje var  populære nok. Så rikdommen let vente på seg.
   Det gjer han forsåvidt enno.

fredag 20. august 2010

MI FJERNSYNSSOGE

Sjuande sans-dagboka mi frå 1960 har ei kort og lakonisk opplysning om 20. august: Norsk fjernsyn (TV) offisielt opna. Bortsett frå dette skreiv femtenåringen nesten aldri om nasjonale eller internasjonale hendingar. Så kanskje han har oppfatta at dette var eit viktig vendepunkt i historia.
   Heime i Flekke fekk me ikkje fjernsyn før lenge etter at eg hadde forlate bygda. Ikkje ønskte eg det, og kanskje ikkje dei andre impliserte heller. Me kom ikkje heim for å glo på fjernsyn. Hos onkel og tante på Igelkjøn kom det fjernsyn nokså tidleg, men eg kan ikkje hugse at eg misunnte dei.
    Men i studietida i Bergen budde eg eit års tid i lag med Dagfinn og Anders, og sidan det no skulle vere vinterolympiade i Grenoble med mange norske håp, tok me og spleisa på eit apparat, tappa studielånet for kvar sine seks hundre kroner og installerte kassen på rommet til Dagfinn, der det var best plass. Der sat me og heia på Maier og Grønningen, såg detektimar og mykje løye i staden for å lese pensum. Fjernsynsapparetet vart seinare oppkjøpt av foreldra til Anders då Dagfinn og eg flytte frå Lægdene. Etter det fekk det mange gode år i Nordfjord.
   Så gjekk det mange år. Anne og eg (me forlova oss kort tid etter at eg vart deleigar i TV, utan at her var nokon tydeleg samanheng) var ikkje sterkt interesserte i fjernsyn. Heime hos henne i Bekkjarvik hadde dei eit apparat som me såg på når me var på besøk, men når me var heime hos oss sjølve på Natland og seinare på Husnes, sat me heller og las, spelte plater, høyrde på radio, preikte skit eller dreiv med nyttige ting som spøting og stilretting.  
   Men så fekk me ungar som gjorde seg meir og meir gjeldande. Femåringen Rune hadde kameratar med fjernsyn i heimen, og han fekk meir og meir uro i kroppen viss han laut vere heime i sekstida. For kva dreiv vel Colargol på med i kveld? Det enda med at papen hans på ein bytur i januar 1975 etla seg til å sjekke om det fanst eit billeg, brukt svart-kvitt-fjernsyn i ein butikk. Dei aller fleste heldt seg enno til svart-kvitt, sjølv om det dukka opp fargefjernsyn i somme stover. Og me visste at somme bytte inn brukte godt brukande svart-kvittapparat når dei kjøpte nytt i fargar.
   Vel, om kvelden kom eg heim att i Furuvegen på Husnes, stod og fomla med nevane og tilstod for mi kjære frue: "Veit du, eg har gjort noko hakkande gale ..." Eit par dagar etterpå kom den flunkens nye farge-Tv'en frå Tandberg med rutebåten til Husnes kai, og eg fekk Gunnar til å vere med meg og hente han med Citroën-en. Brått var statusen vår snudd opp-ned, ikkje minst for femåringen: Frå å vere ein av dei siste heimane utan fjernsyn i Troåslia vart me ein av dei første med fargefjernsyn.
   Om kona vart arg? Nei, ho tilgav på flekken!

mandag 16. august 2010

BRAKKE PÅ KØYRETUR

Endeleg er Bybanen i Bergen på skjener og går så det susar. Eg har ikkje fått prøvekøyrt enno, eg har ikkje vore i Bergen by sidan bana kom i drift. (No snakkar eg om bygrensene før 1972, eg har vore på Flesland) Men eg gler meg til å prøve.
   Første hausten eg studerte i Bergen, fekk eg oppleve dei siste månadene med trikk der i byen. No hadde eg ikkje mykje bruk for han der han gjekk, men han var grei å ty til når eg skulle vitje bror Steinar på Kronstad.
   Det er underleg kor glade folk er i denne doningen. Det har vore aksjonar og protestmarsjar meir enn ein stad mot nedlegging av trikk. Og eg kjenner at hjartet dulpar litt raskare når eg ser ein trikk i ein eller annan by ute i verda. No er det ikkje akkurat trikk dei har fått i Bergen, men det er iallfall vogner som går på skjener og er drivne med elektrisk straum. Det gjev litt av den same varme kjensla, vonar eg. Berre eg ikkje dundrar i vognene med bilen vår, slik somme bilistar gjer inne i by'n.
   Lærar Årøy på Flekke skule i gamle dagar var ikkje den som slo rundt seg med skrøner og vitsar i utide. Men ei rispe fortalde han av og til, med litt grov og slepande stemme. Soga handla om gubben som var i by'n i lag med sonen sin for første gong og fekk sjå trikken. Eg er ikkje sikker på om eg hugsar alt, men dette vert iallfall sitert: "Da kom ein mannje kjøyrandes med ei brakke. Hovudsageleg styrde han hinnje med stong. Då sa eg til han Albert, son min: Eg tenkje dæ best at me går ned på Børsen og får oss litt graut og mjelk!"

søndag 15. august 2010

DYR OG TUNGVINT MATLAGING

Sjølvsagt skal me grille, det er framleis sommar, og no er godvêret kome. Men me manglar tennvæske, det er sundag og butikkstengt. Nei, ikkje bensinstasjonane. Me har to å velje mellom her i nærleiken, og eg vel den som ligg lengst vekke fordi eg skal prøve den nye bilen til son min, og då duger det ikkje berre å køyre ein kilometer opp på Reset; eg fer fem kilometer til Husnes.
   Eg har god tid i dag, hundre kroner i lommeboka og ikkje så mykje å klage over, så særleg ærerikt er ikkje dette. Hadde eg no fyrt opp med eldstål, knusk og kvister og kvas for å steikje nokre nytrekte, nysløgde aurar, hadde eg hatt litt å skrive om. Men så er det altså kjøpelaks frå Rema, ferdig slakta, filetert og pent oppdelt i  serveringsstykke. Litt villmann skal ein likevel vere, så fram med grillen!
   Men altså: Snart står eg med ei flaske tennvæske på Statoil Husnes og viser fram til ei blid dame bak kassen. "49,50 takk!" "Hæ, er det så dyrt?" datt det ut or meg. "Det er bensinstasjonspris, veit du," sa dama og var like blid der ho talde opp vekslepengane eg skulle ha. På vegen heim spør eg meg kvifor dei må ha meir enn dobbelt så mykje for ei  flaske tennvæske på ein bensinstasjon som på ein butikk. Eg kan tenkje meg at same vara kostar om lag tjue på Rema. Ja ja, til pass åt meg når eg er så fiks i idéane mine at eg absolutt skal grille desse laksestykka istadenfor å gjere det enkelt og billeg og steikje dei på steikjepanna inne på kjøkkenet. Me har faktisk ei grillsteikjepanne med riflete botn. Noko arbeid å spare er det slett ikkje, no må eg springe att og fram, att og fram mellom kjøkken og terrasse for å få alt til å verte ferdig i nokolunde same tid, og det skulle ha teke seg ut om laksen hadde vorte brend.
   No er det måltidet over, maten er fortært, og eg har jamvel vaska grillrista - ein heil jobb, berre det. Og me har meir tennvæske att på flaska. Så kanskje det vert meir grilling i sommar.
  

lørdag 14. august 2010

Å BERE STAUR

Å bere staur var eitt av fleire tunge gjeremål i den hektiske sommarsesongen. Hesjestaurane kunne nok køyrast på høyvogna eller møkakjerra, elles bar me dei på plass. Då måtte ein lesse passeleg opp på skuldrane, elles vart det sprik og kaos. Prøvde me med meir enn ti i slengen, visste me at me tok sjansar.
   Statsminister Per Borten (regjeringssjef  hausten 1965 til våren 1971) var bonde og visste kva han snakka om når det gjaldt staurbering. Då den borgarlege firepartiregjeringa hans gjekk i oppløysing, sa han at gjerninga som leiar for ei slik regjering var som å bere staur. Då skal me vite at det var femten staurar (Borten medrekna) i denne staurbøra, fordelte på fire parti og med svært sprikjande syn på EF.
   Men kva med Jens? No er det tjue staurar med, og det skal ei sterk herd og ei mirakuløs koordinasjonsevne til å gå eit stykke veg i kupert lende med eit slikt lass. Rett nok kjem staurane frå berre tre parti, men likevel... Berre han ikkje ramlar så staurane fyk til alle kantar.
   Det er to slags vedgåingar moderne politikarar ikkje kan fordra å kome med, sjølv om pressa og alle andre veit at det burde dei gjere om dei var ærlege: Det eine er at staurane sprikjer. Dei vil ikkje fortelje at dei sant å seie er ueinige. Etter mi meining må ei regjering - som alle andre grupperingar med to eller fleire personar - kunne seie utan å skjemmast at her er det sterkt delte meiningar. Det andre er at ein må kunne skifte syn i ei sak. Det er inga skam å snu, og det kan ein politikar tilstå utan å skjemmast. Eg vil tru at ein politikar veks på å seie at "eg tok feil, no vil me prøve å finne ei betre løysing."
   Så får me sjå om det vert master i Hardanger, og om regjeringa sprekk.

onsdag 11. august 2010

KLAUSTROFOBI

Eg tykkjer det same som folk flest at tortur, lemlesting, avhogging av bein, armar og hovud  så blodet sprutar er ekkelt og motbydeleg, viss eg ein henda gong treffer til å sjå ein film med slike skrekkscenar. Men er det noko som får meg til å gyse og kaldsveitte, er det viss eg ser ein stakkar bli plassert eller plasserer seg på ein stad som er så trong at han knapt kan røre på seg, og slett ikkje reise seg. Viss du vil meg skikkeleg ilt, kan du bakbinde meg, kneble meg, hive meg inn i bagasjerommet på bilen, smekke panseret att og gå derifrå. Eg kaldsveittar med tanken. Det same gjer eg når eg ser på fjernsynet ein holeforskar som pressar kroppen sin inn gjennom ein trong sprekk for å kome seg inn i eit mørkt, kaldt rom der han heller ikkje kan gå oppreist. Eg tykte det var meir enn nok då eg i lag med Anne og to små gutar i si tid følgde gruvetoget inn i sølvgruva ved Kongsberg, to-tre kilometer sitjande i ei vogn som fylte gruvegangen så nokolunde, og der det ikkje var råd å reise seg.
   Og så skriv eg endå litt til om høyet i gamleløa heime. Når det leid på sommmaren og me hadde fylt løa med godt turrhøy eit stykke over betane, oppstod det spennande og hemmelege tunnelar. Ein gong eg kraup under beten, var det litt trongt, noko som sikkert medverka til at eg kom ut av kurs. Eg vasa meg inn i trongare og tettare lende, det var kolmørkt, timoteistråa stakk meg i ansiktet, og eg kava meir og meir, som om eg skulle drukne. Det var ingen å rope til om hjelp, om eg hadde greidd å fylle lungene med såpass luft at eg kunne ha utstøytt eit angstskrik. Puste fekk eg på eit vis, med små, hakkete drag, og pulsen gjekk over to hundre. Det varte ei evigheit, sikkert minst ti sekund, så opna det seg og eg var ute i friluft.
   Nei, takke meg til frie, opne rom.
  
  

tirsdag 10. august 2010

GRASKLYPPAREN

For svært mange år sidan kjøpte læraren heime i Flekke ein liten grasklyppar som han gjekk og skubba på. Eg tykte det såg latterleg ut. Kunne han ikkje bruke ljå, han som andre folk?
   Mange år etter dette budde me på Husnes og hadde ein svær grasbakke å stelle. Då vart det nok til at me og fekk oss grasklyppar, sjølv om eg også hadde skaffa meg ein stuttorv.
   Etter nokre år på Eikeland gjekk me over til elektrisk, ein klyppar som me har hatt i mange år no. Når eg brukar vendinga "mange år", er det fordi eg ikkje har peiling på om det er ti, femten eller nærmare tjue, slikt flyt i hop for meg.
   I det siste har denne klypparen knurra og murra ein del. Han likar ikkje det lett kuperte terrenget her i hagen, der han rett som det er vert lurt til å sneie ein stein eller stubbe så det brakar. Så trass i at bøen er liten, er påkjenningane store. For nokre veker sidan skrudde eg og vølte han litt sidan motor og skjerearmar hang og slang meir eller mindre ukontrollert inne i godset. Eg fekk han ikkje til nett slik eg ønskte, men eg auka innsikta mi i oppbygnad og funksjon av ein elektrisk klyppar, og han  skikka seg brukande ei tid. Men han knurra framleis.
   Det gjorde han sist eg klypte og, heilt til han skambraka i møte med ein bergknatt som eg hadde gløymt låg under det altfor lange ugraset nede på eigedommen. Etter det mol han penare enn på lenge. Men berre til i dag då han sneia nedi ei rot. Så sette eg meg ned, gav meg god tid og skrudde endå meir enn sist. Innsikta mi i det indre livet til klypparen auka sterkt, og no trur eg eg har skrudd han i hop så godt som det let seg gjere. I grunnen skulle eg ha sveisa litt eit par plassar, men det kan eg ikkje. Men no funkar han betre enn på lenge og held truleg ut sesongen iallfall.
   Då Flymoen nærma seg toårsdagen og garantien framleis gjaldt, henta eg han ut or kjellaren, kopla på den raude leidningen og starta for å ta første slåtten den våren. Det kom eit grynt, så var han heilt taus. Heilt daud. Eg stima til Sjø og Land på Husnes, klaga mi naud og viste til garantien. Eg trur eg let skine igjennom at eg var misnøgd med eit produkt som ikkje heldt meir enn knappe to år. Nokre dagar etterpå kom eg att og ville ha klyparen heim, nyvølt og i skikkeleg stand. "Men me fann ikkje nokon feil, han virka då me prøvde han," sa dei. Kva skulle eg seie? Eg tok han heim, full i tvil, prøvde å starte, utan hell. Vel, lat meg no sjekke den raude leidningen, tenkte eg. Dæven! Eit nesten usynleg brot like ved kontakten
   Eg kutta av eit par desimeter av leidningen, sette på ny kontakt, og sidan har både den raude leidningen og den raude glasklypparen fungert. Dagen etter var eg innom Sjø og Land, ba om forlatelse og forklarte tabben.
   Klypparen er altså i beste velgåande, men Sjø og Land er nedlagt for fleire år sidan.

mandag 9. august 2010

SOVEROM MED SVALER

Gamleløa heime i Flekke var i full bruk fram til og med 1962, og me turka alt høyet. Som nemnt har eg ført nøye journal over turrhøytakinga sommaren for femti år sidan i den sjuande sansen min. Der kan ein lese at me hadde fått i hus 86 lass høy den 6. august. Berre fem lass var brøyehøy, resten hes.  Så hesja me litt hå, så til saman kom det nitti lass inn i den store,  gamle løa som Østen Flekke bygde i 1870-åra og sa at "ho vert aldri for lita." No hadde papen bygd på ein ekstra skut, men likevel sleit me fælt for å få inn alt turrhøyet. Her var det lite romantikk inne i biletet, berre steikvarme, høystøv og slit.
   For eit par veker sidan nemnde eg at løa også kunne brukast til dans etter den aller nyaste rockemusikken som kom som ein farsott like inn i Bygde-Noreg mot slutten av femtitalet.  Men dette kunne ikkje gått for seg i august. Då var det ikkje plass til stort meir enn vogna og merra og knapt nok det.
   Før me vart så gamle at brørne mine arrangerte rockefest på løa, kunne ho nyttast til soverom. Me grov oss ned i høyet, kanskje me laga oss leie av tomme mjølsekker, og der låg me og venta på Jon Blund og Ole Lukkøye. I staden fauk det svaler til og frå reira under taket til langt inn i den lyse, lunka julinatta. Og når dei kom med kjeften full av mat inn i reiret, jubla dei små svaleungane og var frå seg av glede. Me høyrde lydar som me ikkje visste om fantest, me snakka om tussar og spøkjelse, og om Tunvorden som vakta gard og tun, men helst heldt til i gamlestova. Det susa stilt frå Hellaren og Jota, ei ugle hukra ovanfor bøgarden og det anga intenst frå nyturka høy.
   Då var det vanskeleg å sova burt sumarnatta. Så noen ganger var det ålrait med turrøy og gisen løe.

søndag 8. august 2010

BLOGGTØRKE OG MATAUK

Stundom går det dagevis utan at eg skriv blogg. Andre gonger kjem det tekstar så å seie dagstøtt. Du kan med andre ord ikkje heilt stole på om her er noko nytt å lese.
   Grunnen til bloggtørke kan vere at eg er utan tilgang på tastatur og nett. Slik var det i veka som gjekk, då me var nokre dagar i Austevoll og stelte hus og hage. Andre forklaringar er at eg ikkje gidd eller ikkje kjem på noko glupt å skrive om. (Om eg nokonsinne skriv noko glupt, kan saktens diskuterast.)  Ei årsak ken vere tidsnaud, men det kan eg ikkje seie eg har hatt i det siste. Vel - både før og etter opphaldet i Bekkjarvik dreiv eg hardt med bærsanking og safting. No er det knapt eit solbær att i hagen, men derimot ei fin samling saftflasker i kjellaren. Dessutan skal me ha nokre porsjonar med sukra rips i frysaren. Og i går kom det på plass ein bra slump blåbærsyltety i den same fryseboksen etter at me hadde hatt oss ein tur opp i sjukehusmarka. Pluss ein boks med forvella sopp. Det skal kome fleire. Kanskje eg nemner det neste gong eg skriv.

tirsdag 27. juli 2010

DÅ ROCKEN KOM TIL FLEKKE

I 1955 laga filmen "Blackboard Jungle" bruduljar. I opningssekvensen får me høyre Bill Haleys "Rock Around the Clock", ein låt som mange ser på som startskotet for den høgt elska og djupt forakta musikkforma Rock 'n Roll. Seint på året signerte Elvis sin første platekontrakt. Sommaren 1957 var rocken komen til Flekke, nærmare bestemt inn på løa vår.
   Ein liten analyse kan avsløre to kanalar: Brørne mine gjekk på Falchs Pensjonat- og Realskole i Dale der det kom ungdom frå det ganske land, ikkje minst frå kjempestore byar som Oslo, Bergen og Trondheim. Ein ungdom som vart gripen i rockeopptøyar då filmen Rock Around the Clock gjekk i Bergen i 1956, vart send til skulen i Dale, for eksempel.
   Men den utløysande årsaka til rockemønstringar på løa vår nokre sundagskveldar sommaren 1957 var nok byungdommane som var på ferie i Flekke. Ei heil lita røys av ungdommar frå Bergen og andre fjerne strøk ferierte i bygda hos nære eller fjerne slektningar og vener. Dei fraterniserte villig med oss innfødde og innvigde oss i trendar ute i den vide verda. Somme av dei hadde grammofon - platespelar heitte det no - og bunkar med små 45-plater i ymse fargar. Papen opna for at sønene fekk stå ansvarleg for tilskipingar på løa, og låvegolvet låg vel til rette for danseføtene. I høystålet fanst det mjuke og gode kvileplassar. Snart ljoma rocken utover bygda. Elvis, Tommy Steele, Fats Domino, Paul Anka, Jerry Lee Lewis ... you name it.
   Sjølv var eg berrre tolv år og aller nådigast med på kjøt og flesk ei stund utover kvelden. Ungdommar i Flekke som hadde passert tenåra, kikka innom, riste på hovudet og mumla noko om å få tak i ein trekkspelar. Somme spreidde rykte om usømelege øvingar i høyet.
   Papen og mamma sette lite pris på musikkforma, men var nok fornøgde med at sønene heldt seg heime, så dei fann seg i skrammelet ei stund utover sundagsnatta. Men dei skulle no stå opp klokka seks og mjølke, og så var det slått, slått og atter slått. Så etter midnatt gjekk papen ut på gongen ved soverommet og skrudde ut sikringane til uthusa. "Men trur du ikkje at han dare byfyren hadde batteri på spelaren sin!" avslutta han då han seinare gjorde greie for det nyttelause tiltaket sitt.

mandag 26. juli 2010

RAPPORT FRÅ BÆRHAGEN

For snart åtti år var det Karl Flekke som eit par år åtte garden heime, og han planta nokre bærbusker nedanfor stova. Tretti år seinare planta mamma fleire solbærbusker ovanfor eldhuset. Papen forærte alle buskene ein god klatt møk kvar bidige vår, og dei lønte denne gjerninnga med rikelege mengder rips, solbær og stikkelsbær.
   Så gjekk det om lag femten år, og Anne og eg flytte til Husnes med vår veksande familie. Eg skar ned ein der stiklingar av rips- og solbærbuskene ein vår me var i Flekke, og dei slo rot i hagen i Furuvegen. I 1983 grov me dei opp og planta dei på Eikelandsberget i den nye hagen vår der.
   Men dei var helst pjuskne og gav lite avling i fleire år. Eg var på nippet til å ruske dei opp og hive dei på bålet. Dei fekk likevel ein ny sjanse; eg heiv på rikeleleg med kalk og litt seinare på våren ekstra rikeleg med fullgjødsel. No skjønte buskene at noko stod på, og dei fekk fart på seg. Dei siste åra har dei bore raust med både rips og solbær. Solbæra vert til saft, og mykje av ripsen no til dags vert dessertbær. Safta er høgt verdsett av alle som får smake. Ho har jamvel vore nytta til Kir Royal. Sukra rips er ein bankers når sønene er heime. Barneborna er litt meir skeptiske, iallfall ho eldste, som er hos oss no. Sigurd ville svært gjerne ha sukra rips med vaniljesaus, men utan bæra. Sausen derimot!
   Me har ein heil liten skog med mynte - to sortar - i krydderkassen vår. Eg har komponert ein gele av rips med mynte. Han smakar herleg, problemet er at det berre er eg som vil ha. Svigermor mi var forresten glo etter den vanlege ripsgeleen som eg produserte.
   No er det grenser for kor mykje saft og gele me to gamle treng, og dermed vert noko av ripsen ført tilbake til naturen, til glede for trast og skjor. I fleire år hausta me litt bær ved sjølvplukk på Haktorsens gartneri, og seinare i hagen på Valen sjukehus. Begge delar er avvikla no, så det kjem vel med at me er sjølvforsynte og vel så det.

  

lørdag 24. juli 2010

MENNESKETS BESTE VEN

No i hundedagane er det tida for å sende ein tanke til denne vår beste ven, som det heiter. Ja, hunden kan følgje deg i tjukt og tunt, han stiller opp for deg når du plystrar på han og kan ta på seg dei suraste plikter. Men så kan ein undrast om mennesket er hundens beste ven. Ofte har han vorte omtalt med forakt, ja, det halvveges banneordet "Ka hon'n" (normalisert: "Kva hunden!" ) er nesten sidestilt med ord som er brukte om svært vonde figurar. Ordet kynisk er avleidd frå det greske ordet for hund: kynos, altså er du hundeaktig når du er kynisk. Det har ikkje hunden fortent, spør du meg. Eit hundeliv og gå i hundane er andre uttrykk for hundeforakt, noko gode vener burde avstå frå. Så eg lurer på om me har gjengjeldt venskapen på ein verdig måte.
   Anne er frå øya Selbjørn. Det er eit merkeleg namn, og kanskje avleidd frå (norrønt:) Salbjǫrn, som skulle tyde bjørnen i salen, altså ein bjørn inne i stova. Dette må vere ei omskriving av ordet hund, noko som er typisk for ein type ordbilete i gammalnorsk tid som dei kallar for kjenningar. Dei kunne til dømes kalle silda for sjøpil og pila for bogesild. Skipet vart omtalt som bølgjehest, osb. Men kvifor vart øya kalla Selbjørn og ikkje rett og slett Hund, som kan ha vore det gamle namnet på øya?  Ei anna øy i kommunen heiter Hundvåkøy. Jau, å seie ordet hund på sjøen, var farleg, eit tabuord det følgde ulukke med. Men når dei låg der og pilka pale i heiden tid, kanskje ute med Marsteinen,  kunne dei peike på øya og seie: "Skal me ro inn åt Selbjørn?" og verte forstått. Ei festleg namnetolking, som større fagfolk enn eg har konstruert. Men kvifor kalle øya Hund då, viss heile dette resonnementet held? Tja, det var vanleg å bruke dyrenamn på øyar og fjell, sikkert fordi dei såg likskap. Øya kunne minne om ein kvilande bissevov, tippar eg.
   Men dei tok frykteleg feil når dei trudde at det var farleg å seie ordet på sjøen. Eg har prøvd, og det gjekk fint kvar gong. Dessutan gjekk det fint å ha Bobbi med i båt før i tida. 

fredag 23. juli 2010

HUNDEDAGANE

I dag begynner hundedagane og varer ein månad. Det heiter seg at det var egyptarane som fann opp nemninga på denne varmaste perioden i året. I stjernebiletet Store hund kom den mest lyssterke stjerna Sirius - Hundestjerna - til syne. Egyptarane i oldtida laut lite på teikn i sol, stjerner og måne fordi dei ikkje hadde kalender frå Rema 1000 på veggen og heller ikkje internett og tekst-tv. Slik var det her i landet og. Så prøvde dei etter beste evner å tolke vêr og andre viktige fenomen ut frå primstav og himmelteikn. Ja, nordmennene hadde primstaven dei, det trur eg ikkje egyptarane hadde.
   Når det var snakk om å spå vêret, var det dessverre nokså sprikjande tolkingar dei la for dagen: Kjem hundedagane med godvêr, skal dei gå ut med styggevêr. Alternativt: Det vêret me har når hundedagane år inn, skal vare heile perioden, altså ein månad. Eller: Det vert same vêret når dei går ut som når dei går inn. Elles skal ein vere på vakt mot hundar i den perioden. Dei er utsette for hundegalskap. Maten vert raskare skjemd i hundedagane, mjølka surnar lettare, lik i sjøen flyt opp, i det heile er det ei tid ein må tenkje seg om og vere på vakt mot både trolldom og djevelskap.
   Me fekk iallfall ein flott inngang, sol og godvêr i fleng i dag. Mykje tyder på at godvêret held seg nokre dagar. Eg tenkjer me held fast på variant to ovanfor. Men eg ser mørkt på garnfiske. Det er meldt fare for store mengder maneter i sjøen framover. Og det er noko hundenskap å få i garna.

torsdag 22. juli 2010

HØNS PÅ SOMMARLEIR

Nei, når dette er skrive, kjem det ikkje fleire bloggar om høner. Iallfall ikkje på lenge.
   Mamma, som til vanleg var ei forsiktig, jordnær kone, fann ein gong på noko heilt aparte. Det var sommar, og som før fortalt kunne nokon kvar verte irritert over hønene som gjekk omkring, skeit der det passa dei, var i vegen, kakla og varp i hytt og pine. Så ho fann rett og slett på at dei skulle få flytte opp om bøgarden og bu der om sommaren. Der oppe ligg to kjempesteinar, så store som hus. Me kallar dei Storestaua og Eldstaua. For ikkje-sunnfjordingar legg eg til at staue er det same som stove/stue (>gammalnorsk:  stófa). Storestaua kvilte på eit par andre steinar og berg slik at det var eit godt, turt rom under henne, bra høgt fremst, og smalare lenger innunder. Her kan det ha budd folk i steinalderen, tenkte eg. Men ho kan ha rast ned frå fjellet Hellaren lenge etter den tid. Under Hellaren var det og godt mogleg å bu, der var det eit stort innhukk der regnet aldri nådde til. Men Hellaren ser du ikkje på biletet nedanfor. På toppen var Storestaua flat, og det voks blåbær og buskvekstar. På Eldstaua voks det faktisk liljekonvall. Men ho låg godt nedi bakken utan noko stort, godt opphaldsrom under seg.
   Det var under Storestaua hønene skulle få bu. Dei fekk seg vagl og verpekasse med på sommarleiren, og me bar dei pent og pynteleg på plass. Mat fekk dei og. Sommardagen var på hell, det kvelda og skymdest. Men kva så? Me såg nokre kvite dottar som kom baksande ned bakkane. Hønene ville heim allereie første kvelden. Dei ville såvisst ikkje bu under Storestaua, endå så vel alt låg til rette. Snart hadde dei fleste kome seg heim att. Men det mangla ei. Dagen etter viste det seg at eitt eller anna utyske, bjørn, ulv, rev eller hønsehauk, kanskje ein røyskatt, hadde kverka henne, og berre delar av hamen låg att oppom garden.
   Mamma laut erkjenne at hønsa i motsetning til sauer og kyr ikkje trong sommarferie.

Her ser du hønseruta. Storestaua ligg rett ovanfor bøgarden, og Eldstaua ligg eit lite steinkast unna.

onsdag 21. juli 2010

BLÅ HØNER

Ein dag eg kom bort på låven vår i Flekke i gamle dagar, trefte eg ei av dei frittgåande hønene våre, fin og blå i fjørdrakta kome stolt spankulerande ned låvebrua. Rett etter kom ei til, og endå ei... Dei hadde fått ein dus, blågrå farge, nokså ulik den kvite italienarfargen dei vanlegvis skulle ha. Kva skal dette tyde?
   Jau, inne i ein krok låg det ein sundriven sekk med Odda Trollmjøl, eit gjødningsstoff dei produserte i det som no er nabobygda vår. Denne pulveriserte gjødsla var blå og populært å spreie på snøen der han låg litt for lenge på vårparten. Snøen smelta raskare, og graset fekk ein god start. Av ein eller annan grunn rulla hønene seg der, forfengelege som dei var. Bror Arne forklarte fenomenet slik: "Det var nok ei høne som prøvde det, og så tykte dei andre at ho vart flott og gjorde likeeins."
   Men egga vart ikkje blå.

tirsdag 20. juli 2010

EKLE DYR

Eg støttar bloggkollega Gunnar i synet på egg (18. juni 2010), og eg kjem ikkje unna at egga kjem frå høna. Høner er i og for seg ålreite dyr, men dei kunne vere plagsame stundom. Heime hadde me og nokre få høner, som regel passeleg til eige forbruk av egg. Dei gjekk fritt omkring, og sommars tid kunne du treffe dei på dei mest irriterande plassar i og kring løa. Og når me kom med høylass  og merra tok full peising opp låvebrua, kunne du forlite deg på at det fauk opp ei kaklande høne mellom frambeina på øyken, så det var nære på at både merr og lass kunne hamne utanfor låvebrua. Eller når me ville strekkje oss ei kort stund i ein høydunge, risikerte me eit KAKAKAKA og flaksande hønevenger oppetter dei brune, halvnakne kroppane våre.
   Ein sommar bror Steinar og eg streva som hardast med slått og turrhøy, kvelvde eg meg nedpå i middagskvilda og duppa av ei kort stund. Bror Steinar kunne fortelje då eg atter kom til sans og samling, at eg hadde snakka i søvne og fordømt eggprodusentane våre på det hardaste: "Høner! Ekle dyr!"
   Men egg er godt!

mandag 19. juli 2010

MIDT I SLÅTTEN

Ja, slik var det for femti år sidan og i dei næraste åra før og etter. Sjuande sans-dagboka mi frå 1960 fortel ikkje så mykje, men den sommaren førte eg nøye rekneskap med framdrifta i slåtten, spesielt med dei høylassa me fekk i hus. Og det vart til slutt 86 lass, dei siste to kom i hus laurdag sjette august.  I tillegg hesja me litt hå. Eg har notert at berre fem av høylassa var høy på brøy, altså høy som var turka på bakken. Dei lassa tok me inn allereie onsdag den sjette juli. Det tyder på at sommaren ikkje var av dei mest brennheite. Kanskje noko slikt som i år? Når det var gode høgtrykkperiodar, brøydde me nokså mykje høy, ikkje minst oppe i bakkane. Elles var det hesjing, hesjing og atter hesjing. Så lat meg minne om ein tidlegare blogg.
   For femti år sidan i går var me komne opp i femti lass, og me (rettare sagt merra) var driftige og trilla inn fem lass den dagen. Men for femti år sidan i dag var det ikkje noko turrhøytaking. Det var vel ein regnvêrsdag, tenkjer eg. Og når eg driv og siterer meg sjølv, kan du klikke her og sjå kva turrhøytaking gjekk ut på:
   Til di orientering: Me turka alt høyet fram til 1962, og først i 1963 kom det opp siloar. Då var nyeløa under bygging.
   Slåtten var ei uhyre hektisk tid, men likevel fekk me tid til litt bading, litt fotballspeling om kveldane, litt fisking og litt av kvart. Og så vart me så brune at byfolket misunnte oss. Me misunnte dei som kunne drive dank heile sommaren.

søndag 18. juli 2010

PARTIR C'EST MOURIR UN PEU

Såpass lærte eg i fransk på gymnaset, eit fag eg ikkje var glad i, men som eg seinare studerte, har undervist i gjennom eit par mannsaldrar (viss me reknar unge menn), og til ei viss grad praktisert på om lag femten turar til opphavslandet dei siste femten åra.
   Å reise vekk er å døy litt. Det kan kjennast slik stundom, samtidig som forventningane om å kome til ein annan stad sukrar vemodet med avreisa. Å seie farvel er ein nær slektning av oppbrotet. I dag sa me farvel til to store og to små, som har vore her ei veke. Det gjev oss ei intens lukkekjensle å ha glade barneborn i og kring huset. Dei er fulle av liv og lyst, dei fer høgt og lågt, dei syner begeistring når dei er begeistra og græt når det er grunn til det. Det siste har nesten ikkje skjedd denne veka. Det er både smigrande og undergjerande når folk viser direkte at dei er glade i deg, som når dei kom springande til møtes med oss med sol i fjeset og armane utslegne.
   Rett etter frukost drog både Tore (superonkel), Britt Kristin, Rune, Frida og Sigurd mot Bergen. No er det stille i huset, berre mor Anne som jublar når Brann scorar mot Stabæk eller bannar når bortelaget får mål. Den yngste sonen er og ser kampen. Barneborna med foreldre er nok komne om bord på Hurtigruta som skal ta dei med til Ålesund og meir familiegjesting der, før dei fer heim att til Trondheim.
   Att sit me med ei kjensle av fred og glede. Bra å få litt ro i sinnet så me kan samle og sortere inntrykka. Men og litt sakn. Eit godt sakn. For me kjem til å sjå dei att, om att og om att. Dette var ikkje ei avreise som minner om varig bortgang.
   Til slutt: Hjartelege gratulasjonar skal mor til dei to små ha: Britt Kristin fyller førti år i dag! Me hadde nokre enkle seremoniar på morgonkvisten før dei drog. Pakkar, song og god frukost. I dag har me dessutan fått nokre solstrålar.

lørdag 17. juli 2010

SNIGLEKRIGEN

Eg sveipte innom temaet for nokre veker sidan. Det same gjorde bloggkollega Gunnar, som har sin eigen metode i snigklekrigen.
   Då eg var gutunge og sprang i stuttbukse og leikte med båtar i kjelda borte i tunet, hugsar eg berre to snigleslag: Små gråsniglar og store svartesniglar. Mange år seinare såg mamma ein snigel av eeit nytt slag. Han var stor og nesten kvit, og ho var overtydd om at han måtte vere sjuk. Om ho dermed tykte så synd i han at ho let vere å avlive beistet, veit eg ikkje, men det dukka visst opp fleire slike. No dukkar dei opp i alle regnbogens fargar, så å seie. Og beista med den i og for seg vakre brunfargen skal visstnok vere dei verste.
   Somme betaler barneborn for å plukke sniglar. Andre kjøper i dyre dommar med sniglekverk, sniglefeller, elektrisk sniglegjerde og eg veit ikkje kva. Sjølv har eg ein grei og enkel metode. Eg fyller litt vatn opp i ei bøtte, tek på meg ein plasthanske, plukkar dei og hiv dei i bøtta, kluftar dei tjue-tretti meterane ned til sjøen og hiv bøtteinnhaldet utpå. Seinare fiskar eg lyren som har mykje større glede av utyska enn eg har.
   På turane våre til Frankrike ber me rett som det er om ein forrett med sniglar, seks stykke pent danderte i husa sine oppstilte på eit slags rundt fat utforma med passande søkk til sniglehusa. Innhaldet smakar varmt smør og kvitløk (to ingrediensar som det ikkje er spart på i denne retten), og så ein litt underleg bismak - rettare sagt: sniglesmak. Godt er det, iallfall når me kan skylle dei ned med ein slurk kvit vin.
   Eg las i ei avis for eit par år sidan om nokon som prøvde å stelle til og ete brunsniglar på same måten, utan at det gav meirsmak. Eg seier iallfall nei takk til den retten.

fredag 16. juli 2010

STYLTRENE ER KLARE

Så var det Frida og Sigurd sin tur. Dei var med og gjorde dei ferdige, hjelpte til med å skru klossane på plass og var nyttige assistentar ved høvlebenken i kjellaren.
   Sigurd tykte det var stas, men han ville mykje heller lage ferjer. Jamvel om her er ei røys med heimelaga treferjer i huset, og endå fleire i Bekkjarvik.


Frida var mykje meir villig til å lære å gå på dei, og det tok berre ti minutt før ho meistra kunsten. I mellomtida var både mor, onkel og bestefar oppå ulike styltrepar som finst i heimen.

torsdag 15. juli 2010

HEIME FORLENGST

Ferieturen var over sundag etter tre veker med meir enn 5500 km bilkøyring, eit par ferjeturar og ein togtur. Me var innom seks EU-land og eitt EFTA-land i tillegg til vårt eige land. Temperaturen steig til om lag 36 grader og heldt seg om lag på det nivået nokre dagar. Då var det greitt å sitje i avkjølt bil og suse vidare. Gardasjøen var forresten sval og god å væte seg i.
   Same kvelden som me kom heim, opna me sommarpensjonatet for to born, ei svigerdotter (må me vel seie sjølv om dei ikkje er lovformeleg gifte) og to små barneborn. Og no går dagane med heimekos og besteforeldrelege gleder.
   I dag begynte Sigurd (fire år) og eg å lage styltrer til han og Frida (seks år). Dei skal me gjere ferdige i morgon.  Så vert det leksjonar i styltregåing. Blogglesarar med godt minne vil vite at dette temaet har me vore innom før.

søndag 20. juni 2010

FERIEN ER HER

I går feira eg dag, i sømelege former og med nokre få, velvalde kaffigjester. Det kunne lett ha vorte fleire, men folk er så opptekne no for tida, vekkreiste eller med huset fullt av gjester. I fjor den 19. markerte eg at det var seksti år sidan den første bursdagen eg kan hugse. Og no tenkjer eg at det nære på er den eg hugsar best av alle dei sekstifem bursdagane eg har hatt.
   I dag gjer me oss klare til den store utfarten. Viss alt går som det bør, tek me danskebåten frå Stavanger i morgon, tråklar oss sør gjennom EU og heim att den 11. juli. Du treng sikkert ikkje leite etter nye bloggar på denne sida med det første. Skulle eg kome over ein datamaskin i det store utlandet, kan eg nok finne på å skrive nokre ord. Men dei har så toskje tastatur, dei manglar nokre bokstavar. Ja, danskane har kanskje noko som er brukbart. mest truleg vert det ikkje noko av.
   Truleg vert det telt ein del netter i år og.  Det har vorte mange teltturar fram gjennom åra. Viss me slår opp eit telt på ein norsk campingplass, kjenner me oss skrekkjeleg gamle. I utlandet er det folk i alle aldrar som finn på slikt. For ein del år sidan - eg var nyleg vorten bestefar og var begynt å kjenne på alderen  - var det ei kjerring i naboteltet ein plass i Frankrike som skrytte av at ho var oldemor. Me snakkar no om at den me skal begynne på i morgon, er kanskje siste lange bilturen med telt og greier. Men det har me visst sagt før og. Me får sjå.
  
God sommar!

torsdag 17. juni 2010

STORE OG SMÅ HESJAR

Den første hesa du ser her, er lita, ikkje så høg som ho kan sjå ut til, kanskje sytti-åtti centimeter, og ikkje så mange rom. Men så er ho konstruert til ære og glede for sukkerertene våre, som skal få klatre og tøye seg til vêrs. Her ser du forresten dei fløyelsblomane som ikkje fekk vere med på biletet hin dagen.
   Så dette er ei av dei minste hesjane eg har vore med på å renne opp. Men i femtiåra og inn på sekstitalet hadde me der heime dei lengste hesjane i Flekke, og for det eg veit i heile verda. Oppe i bakkane kunne me strekkje ut hesjar på meir enn hundre rom. Eg meiner å hugse at me hadde ei hes på 139 rom ein gong, men om det var rekorden, er eg usikker på. Eit rom (som var avstanden mellom to hesjestaurar) kunne vel vere om lag ein meter breitt. Og så var me så heldige at øvste bakkane våre syntest over halve bygda, så folk fekk retteleg nyte synet.
   For yngre generasjonar og andre utan allmennkunnskapar kan eg opplyse at hesjane vart brukte til høyturking. Merra, sauene, kyrne og kalvane levde av høyet i vinterhalvåret, og turt måtte det vere skulle det halde seg. Seinare kom siloane og overtok mykje av strevet med hesjing og turrhøy. Og då forhaustaren kom, var slåtten knapt noka skikkeleg onn lenger. For ikkje å snakke om rundballealderen, som me no er inne i.
   Når me hadde stabilt høgtrykk og godvêr, turka me på bakken, me brøydde. Så oppe i bakkane har me sloppe dei lange hesjane i 1956, då dette andre biletet vart teke. (Dette biletet har eg vist fram før, sjå august i fjor.) Dei lengste hesjane du ser midt oppe i bakkane, er vel på tett oppunder hundre rom. Eg er lei meg, eg trur ikkje me har bilete av rekordhesa eller noka hes tett oppunder den lengda. Men du kan no sjå på biletet og tenkje deg om lag kvar ho strekte seg.

onsdag 16. juni 2010

GJEST FRÅ HAMBURG?


I dag har me prøvemontert teltet vårt, noko me vanlegvis gjer før me dreg på tur med det. Og så plar me slå det opp når me kjem heim frå tur, lufte det og gjere det reint om det trengst.
   For nokre år sidan var det som om det eksploderte med ein ny ugrasvekst i hagen. Me kunne ikkje seie at me hadde sett blomen før, og brått låg han som eit teppe kring solbær- og ripsbuskene. Me prøvde å identifiserte han etter floraen og kom fram til at han heiter korsknapp. I folkemedisin har han gjort underverk, men eg vil helst ha han vekk. Og korfor kom han til oss når naboane ikkje hadde sett han i hagane sine?
   Litt seinare på sommaren var me på campingplassen Wunderbrunnen ved Hamburg. Det var ikkje første gongen me var der. Men denne gongen la eg merke til ein kjend blom som breidde seg i buskaset bak teltet.  I rikelege mengder! Eg ser ikkje bort frå at han har følgt teltet vårt heim frå ferietur. Teorien er at det gamle, tjukke bomullsteltet har fanga opp ein liten slump frø, frakta dei med seg og gitt slepp på dei då det vart lufta og medstelt etter heimkomsten. Me kallar iallfall planten for ugraset frå Wunderbrunnen.
  
  

tirsdag 15. juni 2010

GUDAR FOR SPÅDOMSKUNST

I dag skal eg ikkje repetere det eg skreiv for nøyaktig eit år sidan om flyttinga til Husnes den vakre sommarkvelden den 15. juni 1973. Noko av det første Rune og eg gjorde, var å kjøpe eit knippe fløyelsblomar - tagetes. At det vart nett denne blomesorten, var sikkert heilt tilfeldig og hang kanskje i hop med utvalet dei hadde på blomeutsalet. Me planta dei utanfor dei store panoramaglasa i stova og la nokre kasserte mursteinar som kant på bedet. Så vart det endå koselegare då ho mor  (med Vegard i magen) kom fire dagar seinare. Dette vart den einaste beplantninga denne første sommaren på Husnes. Fløyelsblomane levde og blomstra rikt, dei. Og det viste seg at dei sette frø, som me hausta.   
   Neste vår sådde me frøa og fekk ei mengd med tagetesstiklingar. Dermed voks det snart ei lang rekkje med fløyelsblomar langs vegen inn til huset i Furuvegen. Eg trur me hadde fløyelsblomar alle dei ti somrane på Husnes
   Her på Eikeland har me prøvd fleire gonger å plante tagetes ymse stader i hagen, men utan suksess. Ikkje vil dei vekse skikkeleg, og dessutan har svoltne sniglar lagt sin elsk på dei. Fortredeleg.
   Tages var namnet på ein etrustisk gud for spådomskunst. I fleirtal vert det tagetes. Og eg spør meg kvifor spådomsgudar ikkje likar seg her på Sjøkleiv. Er livet vårt vorte såpass forutseieleg at spåmenn kjenner seg overflødige?
   I år prøver me på ny. To stader. Enno så blømer dei småpent, iallfall desse fire som står på vestsida, litt i skuggen.  Dei andre seks står nedanfor terrassen, med sola rett i augo. Men ingen av dei veks så godt som ønskjeleg. Dei set ikkje nye blad.Er det nokon som har eit godt råd? Skal eg spå at dei er daude når me kjem heim frå ferie?

mandag 14. juni 2010

MED BLIKKET MOT SØR-AFRIKA

I desse dagar er me manisk opptekne av dette landet heilt sør i verda. Somme tenkjer lite på anna enn nett det som skjer på fotballbanene, andre får med seg eit frodig landskap, eit sydande folkeliv og eit samfunn med mange motsetningar.
   Omkring 20. mars i år skreiv eg eit par innlegg om landet slik me såg det då eg var elev på Firda gymnas. I dag går eg tilbake til realskulen då eg sleppte fantasien laus med nokre visjonar. Eg tykt nok at eg tok grueleg hardt i då eg såg heile tjue år fram i tida. No er dette femti år sidan. Men altså: Eg var i Sør-Afrika. Eg gidd ikkje skrive av stilen, så då får du sjå han slik som lærar Strand og eg såg han:


                                                                                                                                                                 

søndag 13. juni 2010

BLOGGTØRKE OG EKLE KULER

Det er på tide å brette opp armane, fyre opp maskina og arbeide seg ut or bloggtørken som har ridd meg i over to veker no. Men har eg noko eg har lyst i  skrive om, då? Sidan bloggkamerat Gunnar skreiv om sniglar hin dagen, kan eg gjere det same, men  med ei anna vinkling. Med fare for at eldste bror min stemner meg for injuriesøksmål eller noko slikt.
   For lenge, lenge sidan, under den store krigen som herja før eg var fødd, var ein liten krabat ute og leika seg i tunet heime i Flekke. Eg kan tenkje meg at det nyss hadde regna, og då var det mykje spennande å finne på for smågutar. Han kom inn att til mamma si noko så dugeleg tilgrisa på  kleda og nevane, ein seig, ekkel skit som ikkje så lett lét seg fjerne. "Kva har du drive på med, Arne?" ville mamma vite. "Eg har leika med kuler," opplyste den seinare så reinslege karen.  "Kuler?" "Ja, kom og sjå!" Og borte i tunet låg det fleire godt ihopkrølla sniglar og kvidde seg på at kuleleikaren skulle kome tilbake.
   Eg trur ikkje nokon av dei var brune, forresten.

torsdag 27. mai 2010

MEIR OM UGRAS OG MAT


Tidleg om sommaren stakk jordnøtta opp av bakken. Me lærte å grave opp rota, og der hang det ein liten knoll, i beste fall så stor som eit stikkelsbær. Knollen var skiten, ofte litt ruglete og kledd med eit tynt skal som var lett å flå av. Og så var det berre å ete. Om det var godt? Tja, ikkje så verst. Det smakte nesten som ei rå potet. Iallfall tok me oss tid og tiltak til å grave fram ei og anna når det var sesong.
   Midt i høgsesongen for denne ville veksten hadde eg bursdag. Det har eg framleis, så å seie kvart einaste år. Og ein gong for om lag femtifem år sidan eller  deromkring kom bror Steinar med ein uinnpakka bursdagspresang til meg. Ein neve med jordnøtter som han hadde teke bryet med å grave opp. Skal tru om han ikkje til og med hadde vaska dei. Syskenbarna mine på Ilkjen var innom og feira seinare på dagen, og Peter'n tykte det var ein kjøle lur presang. Slik presang kunne ikkje han få, han som alltid har bursdag den tjueniande januar.
   Oppe ved riksvegen her på Eikeland har eg sett ein forekomst av jordnøtter. Kanskje eg må ta meg ein tur opp der med ein gravereiskap? Dei sit ikkje djupt.

onsdag 26. mai 2010

UGRAS PÅ KVELDSBORDET

Me har ført ein heroisk kamp mot skvallerkål og løvetann her i hagen vår. Når det gjeld den sistnemnde, held me denne planta nokolunde i sjakk, men langt få heilt. Eg brukar å vippe opp med rota ein god del løvetenner om våren. Men dei er mange og spreidde, så det står alltid nokre att. Eg beundrar dei ikkje så lite. Inne i busker og kratt lagar dei seg til med høge, frodige blad og stilkar for å rage over dei andre plantane. På plenen derimot, lurer dei seg godt ned i graset og prøver å gøyme seg, heilt til det dukkar opp ein gul dott. Tidlegare tok me stundom ein haustingstur om våren og plukka unge lauv, skava av dei det grøne frå bladstilken og laga salat. Heilt greitt råstoff! Men i det siste har me ikkje kome oss til og nytta løvetannblada.
   Skvallerkålen er flokkplante. Han står oppmarsjert på tomtegrensa, ein enorm hær rett nedanfor hagen vår og fleire bataljonar i nabohagane. Me har likevel til no greidd å stanse han ved grensa. Skvallerkålen - Anne kallar han for djevlaklo - har ord for seg å vere ein bra matplante, og det vert sagt at det var munkane som innførte han her i landet. Men munkane har fått skulda for så mangt.
   Me har litt nesle og. Dessutan er det ein liten, fin neslelund nedanfor nabotomta. Og neslesuppe er godt; det har me kosa oss med mang ein gong heilt sidan me budde på Husnes og fann ein svær forekomst med brennenesle rett nedanfor ein bøgard.
   Her på berget veks det oregano både her og der. Han er truleg forvilla frå hagane, men denne planten skal og vekse vilt her i landet og heiter då bergmynte eller kung. Iallfall dukkar han opp som ugras både her og der.
   Vel, i går kveld plukka eg ein god slump friske, nye nesleskot, heiv oppi ein neve skvallerkål, ein dott oregano og nokre stilkar grasløk (grasløken er kultivert i krydderbedet vårt.) Råstoffet vart forvandla til ei herleg ugrassuppe.  Synd du ikkje var her og fekk smake!

søndag 23. mai 2010

PINSE

Dette er ei underleg helg for folk flest, gudelege som ugudelege. Kva er det me feirar? Vel - Den heilage ande, veit somme. Men kven var no det? Det er det vanskelegare å svare på. Faren og sonen gjev ei nokolunde konkret meining. Men Den heilage ande? Eller Den hellige ånd, som det heiter på sidemålet?
   Men feirar gjer me, to heile dagar til ende. Ja, kva er det med denne anden som gjer han fortent til dobbel helgedag på linje med jul og påske? Flaggdag er det og. Og kva tyder ordet pinse? Og kvifor kjem første pinsedag på den 23. mai i år, mens han neste år ikkje kjem før den 12. juni? Og kva slags folk er det som er så oppegsa for denne helga at dei går rundt og kallar seg pinsevener?
   Det er altså helg i morgon og, men for meg er det ikkje den heilt store stasen lenger med ekstra helgedagar om måndagane. Sist måndag var det 17. mai, som forresten ikkje er helgedag, men offentleg høgtidsdag. Det har seg slik at eg har fridag om måndagane likevel, anten det no er helgedag eller høgtidsdag, for eg er pensjonist dei dagane. (Eg er AFP-pensjonist med 40 % pensjon og 60 % jobb.) Som om ikkje det var nok, kom 1. mai på laurdag i år. Eg har altså vorte lurt for tre fridagar. Dei har eg tenkt å ta att på ein eller annan måte. Ein mobbar ikkje pensjonistane på den måten, berre så det er sagt!
 

mandag 17. mai 2010

17. MAI 1960

Ein fin vårdag for femti år sidan laut eg setje meg ned og skrive stil om syttande mai, etter pålegg frå lærar Olav K. Strand, norsklærar i første real. Eg tillet meg å referere stilen nett slik eg skreiv han. Det vil då seie at feil som Strand'n har retta, kjem med her:

17 mai 1960.

 
Sola skein strålande frå ein høgblå, skyfri himmel. Ein maidag kunne ikkje vera venare enn denne, med nyutsprotte lauv på trea. Flagga, symbolet på den frie nasjonen blakra i den friske maibrisen, og det anga så godt frå nyutsprotne hegge- og epleblomar.
   Klokka sju small salutten, tre skot som vekte bygda. Etter middag tok folkefesten til. Sverre Fagerheim heldt tale for dagen i ungdomshuset. Talen var interessant, nesten som ein geografitime utan lekser. Etter talen gjekk folketoget med hurraroping og svinging av flagg. Så var det idrottsleikar for skuleborna ved skulehuset. Resultata var svært ujamne, men dei gjorde vel sitt beste. Åskodarane sat kringom og åt på iskrem eller drakk brus, som vart selt. Då idrottsleikane var slutt, gjekk folka derifrå litt etter kvart, og snart var der ikkje fleire att.
   Om kvelden var det folkefest i ungdomshuset. Først vart det diktopplesing. Ein mann las av diktet "Emne", av Olav Aukrust. Det handla om korleis folk måtte greia seg med det dei avla og laga sjølve på garden. Det einaste dei kjøpte, var jarn og salt. Etterpå vart det song, og så vart premiane til skuleborna utdelte. Vidare følgde ein gjetekonkurranse mellom høgre og venstre sida i salen, den høgre sida vann med eitt poeng. Der var spørsmål om dikting, matlaging og mykje anna. Så vart skodespelet "Den glade enkjemann" framsynt. Innhaldet var toskut, men skodespelarane spelte godt.
   Som vanleg var det dans etterpå, og då var det mange eldre folk som tok seg ein svingom, medan mange av dei unge reiste til Dale. Den syttande mai var over. Nordmennene hadde enno ein gong feira dagen då det store steget til fridom var teki i 1814.

Strand'n tykte at karakteren M minus var passeleg. Forresten trur eg at stilskrivaren gløymde å nemne fyrverkeriet. I Flekke var det vanleg å ha fyrverkeri etter programmet og før dansen. Det er ein skikk eg har sett lite til i andre norske bygder og byar. Men i Frankrike er det eit sjølvsagt innslag på nasjonaldagen!

søndag 16. mai 2010

KRITISK BRUNGRÅE SYTTENDEMAIAR

Det skal vere nysprotte bjørkelauv den syttande. Me har ein sein vår i år, men lauvet på både bjørk og ymse andre busker og tre har sprotte for fleire veker sidan her i Valen. Det har dei sikkert i Flekke òg, sjølv om våren kjem litt seinare der.
   Det vanlege var at lauvet var nysprotte til den syttande. Men eg hugsar to syttandemaiar på slutten av femtitalet då det var kritisk. Ein sekstande mai stod eit par utsendingar frå festnemnda og parlamenterte med papen om å få hogge pyntebjørk viss dei fann noko som var utsprotte. Skulle dei finne noko, måtte det vere kring dei solvende knausane ovanfor bøgarden vår. På avstand var det ikkje lett å sjå noko, men det skein så vidt i grønt eit par plassar oppe i Røveskòra og under Jota. Så dei vart berga den gongen.
   Eit anna år var det verre. Me skimta ikkje eit grønt lauv nokon stad, tvertimot låg det restar av snøfenner på skuggefulle stader. Men då me kom til ungdomshuset og skulle feire den 17., synte seg at syttandemainemnda hadde utretta mirakel. Det hang grønglitrande ungbjørker og skein ved porten og vakkert pynta kvistbundlar med grønt lauv på veggen i festsalen. Nemnda hadde vore føre var denne gongen, gått til skogs og hogge det dei hadde bruk for og sett i vassbytter i ein kyraflor. Kyrne stod nok inne enno, kva skulle dei ut etter når det knapt fanst eit grønt strå? Og i den lune floren narra dei bjørka til å tru at våren var komen.
   Så vart det syttandemai det året òg!

lørdag 15. mai 2010

SJØSETJING

Så kom Tore heim i går, og i dag har me smurt påhengsen Birk, sett over skuta Sofie Karoline og sett ho på sjøen mens det var flod. Båten flaut i år og, motoren starta på andre eller tredje draget, og alt var i sin skjønnaste orden. Det einaste er årene, som eg har teke heim, fiksa dei litt og smurt dei inn med olje.
   Færingen vår heime i Flekke var eit kjært leikety. Han låg i vinteropplag på låven, så det var litt styr med å få han ned på fjorden. Til orientering for dei som ikkje er lokalkjende, kan eg opplyse at det var snakk om ein transport på tre-fire hundre meter. I mange år var det merra Bergfrid (og seinare hesten Berg) som måtte trø til. Og så burde eg ha hugsa om me brukte møkakjerra eller høyvogna. På sjøen kom han som regel kvar vår og heim att utpå hausten. Seinare var det motoriserte greier som frakta han til stranda. Men sjølv var og vart han robåt, utan motor av noko slag.
   Papen murra litt dei siste åra båten var på sjøen, for det var som regel eg som masa om å få han ut. "Du kjem og held ein kjølen leik om å få båten ut, men du er aldri her og hjelper til når me lyt ta han i hus."
   Den gilde robåten vår, som me aldri kjøpte motor til, enda sine dagar i hagen til bror Arne, der han stod som stas og leikeapparat i mange år.

torsdag 13. mai 2010

SOFIE KAROLINE

For 26 år sidan kjøpte Rune ein snedden fjorten fots plastbåt for konfirmasjonspengar. Skuta var finskprodusert - av alle nasjonar - og merket var Lohi. Stort sett gjekk han under det namnet når me snakka om han. Etter nokre år flytte Rune ut or heimen, og foreldra betalte ut båteigaren og overtok lohien.
   Ti år etter at båten kom, fekk Anne og eg  det første barnebarnet med det klingande namnet Hannah Sofie. Me laut vente endå nesten ti år før det andre barnebarnet kom: Frida Karoline. Begge damene vert til vanleg tiltalte med det første namnet. Men namn nummer to kan brukast og: Bestefaren fann ut at det var på tide å gje lohien eit skikkeleg namn.  Dermed vart han døypt for Sofie Karoline. Sidan det var ein vaksendåp , vart det ikkje flaskeknusing og sjampanje.
   Motoren er ein seks hestars Suzuki. Då det tredje barnebarnet kom for fire år sidan, fekk han namnet Sigurd Birk. Eg ymta med Rune om at det var litt leitt at Sigurd ikkje vart med i båtnamnet. "Men då kallar me motoren for Birk!" var hans kommentar.
   I dag har eg vaska og stelt Sofie Karoline og måla over toftene, som var litt slitne i grønfargen sin. I morgon kjem Tore heim, så i helga skal me smørje og stelle Birk, setje han på båten og få skuta på sjøen.

Skipsrei(d)aren steller skuta Sofie Karoline

tirsdag 11. mai 2010

NY HÅRSVEIS

Nei, ikkje ny i grunnen, "det er vel den gamle", som O.H.Hauge sa om nymånen. Men no er eg nyklypt og med stutt vårsveis. Ikkje så pinnkort som eit par år i tidleg barndom, då eg vart rua heilt ned, som ein nyslegen timeoteiteig eller ein vårfjelga sau. Viss du blar tilbake i bloggen til eit høyvognbilete, kan du kanskje få eit inntrykk. Eg tykte det var fritt og godt å gå rundt med ein såpass snau skolt i sommarvarmen.
   Før eg kom meg til klyppedama i går, var eg nokså lurven på toppen, slik eg lett vert når håret gror for lenge og eg ikkje får somla meg til frisør. Spesielt når det er nyvaska og eg ikkje har hårkrem. For hårkrem likar eg å ha, det er noko eg tykkjer har redda meg sidan eg var nybakt tenåring og forstod at hårsveis var viktig. Til det pinnstive håret mitt var bryltuba eit must. No lesser eg ikkje opp som ein Elvis, men ein centimeter godt innsmurd etter hårvasken held dei mest nyfikne bustene på plass. Problemet no til dags er at det nesten er uråd å få tak i gammaldags hårkrem, det vere seg Wellaform eller Bryl.  Men gå på Valen matsenter, der sel dei framleis Bryl!
   "Men kvifor ikkje bruke hårgelé?" spør du. Det spør Anne om og. Tja, eg tykkjer ikkje det er så flott. Eller er det berre gammal uvane? I Barcelona no nyleg kom eg i vande. Tenkte å kjøpe undervegs, men fann ikkje tak i. Ikkje på Flesland flyplass. Ikkje i Barcelona heller, så eg kjøpte altså gelé i ein butikk der dei selde allslags småting. Men i ein supermarknad kom eg over noko som likna. Spansken min kunne ha vore meir habil, men eg tok sjansen. Det var iallfall ein krem på tube som låg i lag med ymse sortar herrekosmetikk.
   Vel framme på hotellet om kvelden skulle eg pynte meg for Anne og halve Barcelona.  Eg vætte håret og tok eit par centimeter av tuba og gneid inn. Duverda så det skumma! Eg sprang og slo opp i den spanske ordboka mi - litt for seint: Crema de afeitar. Barberkrem! Men håret låg no brukbart det, etter at eg hadde tørka vekk det meste og kjemt meg med omhug.
 

søndag 9. mai 2010

VILLSAU TIL LANDS OG SJØS

Av og til må eg skjerpe meg. Meir enn to veker sidan sist eg var her og skreiv. I mellomtida har me altså vore i Barcelona og smakt på sommaren. Fire dagar med klår himmel og temperaturar godt oppe på tjuetalet. Islandsoska heldt seg såpass på avstand at me kom både til og frå utan problem. Det var sutalause dagar i ein vakker by.
   Både før og etter spaniaturen var me nokre dagar i Bekkjarvik og gjorde våronn, braut ny potetåker, sette poteter og spadde ned georginerøter. Dette siste er mest til glede for vidlasmalen, som går fritt omkring i hagane der ute og beiter. Georginegras er ein av livrettene deira. Og no når det ikkje bur nokon fast i huset og hysjar dei vekk, er det lett for at det vert i minste laget med blomar. Men villsauene har fått status som eit verneverdig kulturminne, så kva gjer ein stakkars kultur- og blomeelskar då?
   Hunden vår, Bobbi, daud for tretten år sidan, såg annleis på fenomenet. Me var og bada og sola oss nede i Leirvikjo bak kyrkja og ante fred og ingen fåre i sommarvarmen for om lag tjue år sidan. Bobba fekk gå fritt, for me såg verken folk eller fe, og ho låg no der og teva med tunga langt ute. Brått fauk ho i rakettfart mot eit kratt og gøydde vilt. Ut or krattet kom ein villsau, og sauen og Bobbi ilte nedover på berget. Hundefilla tok ikkje tukt i ei sådan stund, og sauen, som aldri før hadde opplevd noko så nifst, hoppa beint på sjøen og la på sum mot Tysneslandet. Me stod hjelpelause att, kjefta på hunden, som omsider hadde roa seg, men fatta ikkje korleis me skulle hjelpe sauen. Han seig lenger og lenger ut, endå eg vil tru det var den første symjeturen hans. Men heldigvis for både oss og smalebeistet kom det forbi ein kar i ein påhengs. Han lingsa sauen om bord i båten og fekk han på land. Me venta oss kva som helst om aktløyse og uvitug hundehald, men gubben valde heller å snakke nedlatande om sauen: "Dei har jo ikkje hjerne, desse beista!"