onsdag 26. mai 2010
UGRAS PÅ KVELDSBORDET
Skvallerkålen er flokkplante. Han står oppmarsjert på tomtegrensa, ein enorm hær rett nedanfor hagen vår og fleire bataljonar i nabohagane. Me har likevel til no greidd å stanse han ved grensa. Skvallerkålen - Anne kallar han for djevlaklo - har ord for seg å vere ein bra matplante, og det vert sagt at det var munkane som innførte han her i landet. Men munkane har fått skulda for så mangt.
Me har litt nesle og. Dessutan er det ein liten, fin neslelund nedanfor nabotomta. Og neslesuppe er godt; det har me kosa oss med mang ein gong heilt sidan me budde på Husnes og fann ein svær forekomst med brennenesle rett nedanfor ein bøgard.
Her på berget veks det oregano både her og der. Han er truleg forvilla frå hagane, men denne planten skal og vekse vilt her i landet og heiter då bergmynte eller kung. Iallfall dukkar han opp som ugras både her og der.
Vel, i går kveld plukka eg ein god slump friske, nye nesleskot, heiv oppi ein neve skvallerkål, ein dott oregano og nokre stilkar grasløk (grasløken er kultivert i krydderbedet vårt.) Råstoffet vart forvandla til ei herleg ugrassuppe. Synd du ikkje var her og fekk smake!
søndag 23. mai 2010
PINSE
Men feirar gjer me, to heile dagar til ende. Ja, kva er det med denne anden som gjer han fortent til dobbel helgedag på linje med jul og påske? Flaggdag er det og. Og kva tyder ordet pinse? Og kvifor kjem første pinsedag på den 23. mai i år, mens han neste år ikkje kjem før den 12. juni? Og kva slags folk er det som er så oppegsa for denne helga at dei går rundt og kallar seg pinsevener?
Det er altså helg i morgon og, men for meg er det ikkje den heilt store stasen lenger med ekstra helgedagar om måndagane. Sist måndag var det 17. mai, som forresten ikkje er helgedag, men offentleg høgtidsdag. Det har seg slik at eg har fridag om måndagane likevel, anten det no er helgedag eller høgtidsdag, for eg er pensjonist dei dagane. (Eg er AFP-pensjonist med 40 % pensjon og 60 % jobb.) Som om ikkje det var nok, kom 1. mai på laurdag i år. Eg har altså vorte lurt for tre fridagar. Dei har eg tenkt å ta att på ein eller annan måte. Ein mobbar ikkje pensjonistane på den måten, berre så det er sagt!
mandag 17. mai 2010
17. MAI 1960
17 mai 1960.
Sola skein strålande frå ein høgblå, skyfri himmel. Ein maidag kunne ikkje vera venare enn denne, med nyutsprotte lauv på trea. Flagga, symbolet på den frie nasjonen blakra i den friske maibrisen, og det anga så godt frå nyutsprotne hegge- og epleblomar.
Klokka sju small salutten, tre skot som vekte bygda. Etter middag tok folkefesten til. Sverre Fagerheim heldt tale for dagen i ungdomshuset. Talen var interessant, nesten som ein geografitime utan lekser. Etter talen gjekk folketoget med hurraroping og svinging av flagg. Så var det idrottsleikar for skuleborna ved skulehuset. Resultata var svært ujamne, men dei gjorde vel sitt beste. Åskodarane sat kringom og åt på iskrem eller drakk brus, som vart selt. Då idrottsleikane var slutt, gjekk folka derifrå litt etter kvart, og snart var der ikkje fleire att.
Om kvelden var det folkefest i ungdomshuset. Først vart det diktopplesing. Ein mann las av diktet "Emne", av Olav Aukrust. Det handla om korleis folk måtte greia seg med det dei avla og laga sjølve på garden. Det einaste dei kjøpte, var jarn og salt. Etterpå vart det song, og så vart premiane til skuleborna utdelte. Vidare følgde ein gjetekonkurranse mellom høgre og venstre sida i salen, den høgre sida vann med eitt poeng. Der var spørsmål om dikting, matlaging og mykje anna. Så vart skodespelet "Den glade enkjemann" framsynt. Innhaldet var toskut, men skodespelarane spelte godt.
Som vanleg var det dans etterpå, og då var det mange eldre folk som tok seg ein svingom, medan mange av dei unge reiste til Dale. Den syttande mai var over. Nordmennene hadde enno ein gong feira dagen då det store steget til fridom var teki i 1814.
Strand'n tykte at karakteren M minus var passeleg. Forresten trur eg at stilskrivaren gløymde å nemne fyrverkeriet. I Flekke var det vanleg å ha fyrverkeri etter programmet og før dansen. Det er ein skikk eg har sett lite til i andre norske bygder og byar. Men i Frankrike er det eit sjølvsagt innslag på nasjonaldagen!
søndag 16. mai 2010
KRITISK BRUNGRÅE SYTTENDEMAIAR
Det vanlege var at lauvet var nysprotte til den syttande. Men eg hugsar to syttandemaiar på slutten av femtitalet då det var kritisk. Ein sekstande mai stod eit par utsendingar frå festnemnda og parlamenterte med papen om å få hogge pyntebjørk viss dei fann noko som var utsprotte. Skulle dei finne noko, måtte det vere kring dei solvende knausane ovanfor bøgarden vår. På avstand var det ikkje lett å sjå noko, men det skein så vidt i grønt eit par plassar oppe i Røveskòra og under Jota. Så dei vart berga den gongen.
Eit anna år var det verre. Me skimta ikkje eit grønt lauv nokon stad, tvertimot låg det restar av snøfenner på skuggefulle stader. Men då me kom til ungdomshuset og skulle feire den 17., synte seg at syttandemainemnda hadde utretta mirakel. Det hang grønglitrande ungbjørker og skein ved porten og vakkert pynta kvistbundlar med grønt lauv på veggen i festsalen. Nemnda hadde vore føre var denne gongen, gått til skogs og hogge det dei hadde bruk for og sett i vassbytter i ein kyraflor. Kyrne stod nok inne enno, kva skulle dei ut etter når det knapt fanst eit grønt strå? Og i den lune floren narra dei bjørka til å tru at våren var komen.
Så vart det syttandemai det året òg!
lørdag 15. mai 2010
SJØSETJING
Færingen vår heime i Flekke var eit kjært leikety. Han låg i vinteropplag på låven, så det var litt styr med å få han ned på fjorden. Til orientering for dei som ikkje er lokalkjende, kan eg opplyse at det var snakk om ein transport på tre-fire hundre meter. I mange år var det merra Bergfrid (og seinare hesten Berg) som måtte trø til. Og så burde eg ha hugsa om me brukte møkakjerra eller høyvogna. På sjøen kom han som regel kvar vår og heim att utpå hausten. Seinare var det motoriserte greier som frakta han til stranda. Men sjølv var og vart han robåt, utan motor av noko slag.
Papen murra litt dei siste åra båten var på sjøen, for det var som regel eg som masa om å få han ut. "Du kjem og held ein kjølen leik om å få båten ut, men du er aldri her og hjelper til når me lyt ta han i hus."
Den gilde robåten vår, som me aldri kjøpte motor til, enda sine dagar i hagen til bror Arne, der han stod som stas og leikeapparat i mange år.
torsdag 13. mai 2010
SOFIE KAROLINE
Motoren er ein seks hestars Suzuki. Då det tredje barnebarnet kom for fire år sidan, fekk han namnet Sigurd Birk. Eg ymta med Rune om at det var litt leitt at Sigurd ikkje vart med i båtnamnet. "Men då kallar me motoren for Birk!" var hans kommentar.
I dag har eg vaska og stelt Sofie Karoline og måla over toftene, som var litt slitne i grønfargen sin. I morgon kjem Tore heim, så i helga skal me smørje og stelle Birk, setje han på båten og få skuta på sjøen.
tirsdag 11. mai 2010
NY HÅRSVEIS
Før eg kom meg til klyppedama i går, var eg nokså lurven på toppen, slik eg lett vert når håret gror for lenge og eg ikkje får somla meg til frisør. Spesielt når det er nyvaska og eg ikkje har hårkrem. For hårkrem likar eg å ha, det er noko eg tykkjer har redda meg sidan eg var nybakt tenåring og forstod at hårsveis var viktig. Til det pinnstive håret mitt var bryltuba eit must. No lesser eg ikkje opp som ein Elvis, men ein centimeter godt innsmurd etter hårvasken held dei mest nyfikne bustene på plass. Problemet no til dags er at det nesten er uråd å få tak i gammaldags hårkrem, det vere seg Wellaform eller Bryl. Men gå på Valen matsenter, der sel dei framleis Bryl!
"Men kvifor ikkje bruke hårgelé?" spør du. Det spør Anne om og. Tja, eg tykkjer ikkje det er så flott. Eller er det berre gammal uvane? I Barcelona no nyleg kom eg i vande. Tenkte å kjøpe undervegs, men fann ikkje tak i. Ikkje på Flesland flyplass. Ikkje i Barcelona heller, så eg kjøpte altså gelé i ein butikk der dei selde allslags småting. Men i ein supermarknad kom eg over noko som likna. Spansken min kunne ha vore meir habil, men eg tok sjansen. Det var iallfall ein krem på tube som låg i lag med ymse sortar herrekosmetikk.
Vel framme på hotellet om kvelden skulle eg pynte meg for Anne og halve Barcelona. Eg vætte håret og tok eit par centimeter av tuba og gneid inn. Duverda så det skumma! Eg sprang og slo opp i den spanske ordboka mi - litt for seint: Crema de afeitar. Barberkrem! Men håret låg no brukbart det, etter at eg hadde tørka vekk det meste og kjemt meg med omhug.
søndag 9. mai 2010
VILLSAU TIL LANDS OG SJØS
Både før og etter spaniaturen var me nokre dagar i Bekkjarvik og gjorde våronn, braut ny potetåker, sette poteter og spadde ned georginerøter. Dette siste er mest til glede for vidlasmalen, som går fritt omkring i hagane der ute og beiter. Georginegras er ein av livrettene deira. Og no når det ikkje bur nokon fast i huset og hysjar dei vekk, er det lett for at det vert i minste laget med blomar. Men villsauene har fått status som eit verneverdig kulturminne, så kva gjer ein stakkars kultur- og blomeelskar då?
Hunden vår, Bobbi, daud for tretten år sidan, såg annleis på fenomenet. Me var og bada og sola oss nede i Leirvikjo bak kyrkja og ante fred og ingen fåre i sommarvarmen for om lag tjue år sidan. Bobba fekk gå fritt, for me såg verken folk eller fe, og ho låg no der og teva med tunga langt ute. Brått fauk ho i rakettfart mot eit kratt og gøydde vilt. Ut or krattet kom ein villsau, og sauen og Bobbi ilte nedover på berget. Hundefilla tok ikkje tukt i ei sådan stund, og sauen, som aldri før hadde opplevd noko så nifst, hoppa beint på sjøen og la på sum mot Tysneslandet. Me stod hjelpelause att, kjefta på hunden, som omsider hadde roa seg, men fatta ikkje korleis me skulle hjelpe sauen. Han seig lenger og lenger ut, endå eg vil tru det var den første symjeturen hans. Men heldigvis for både oss og smalebeistet kom det forbi ein kar i ein påhengs. Han lingsa sauen om bord i båten og fekk han på land. Me venta oss kva som helst om aktløyse og uvitug hundehald, men gubben valde heller å snakke nedlatande om sauen: "Dei har jo ikkje hjerne, desse beista!"
fredag 23. april 2010
JERNBRYLLAUP OG SNØKAVE
Og sjølv sit eg her og gremmar meg over snøen som kjem dalande. Når me ikkje får over oss oske, så sender dei snø. Bloggkamerat Gunnar seier at det ikkje er oske som kjem no, fordi det er kvitt. (Sjå kommentaren han skreiv i går.) Sjølv om argumentet ikkje held, har han nok rett. Eit nytt døme på at ein kan ha rett sjølv om argumenta ikkje held. Ein annan variant av den same syllogistiske bresten er når argumenta er haldbare og konklusjonen steinhakkande gale. Men det let me liggje.
No både håpar og trur eg at me kjem oss av garde måndag til Barcelona, viss det då ikkje vert svære snøhindringar på Flesland - eller kanskje der sør? Me har tre søner. Dei to yngste fekk oppleve studieturar til Praha i ung alder og har masa på oss om å vitje denne vakre byen. Det gjorde me for første gong i september. Gutane hadde rett, det er ein flott by! Den eldste guten har Barcelona som "sin" by og har vore der fleire gonger. Han har spurt oss fleire gonger korfor me ikkje reiser dit når me tek oss ein utanlandstur. Dette er ein viktig grunn til at me fer til Barcelona denne gongen. Og etter det me har lese oss til og høyrt om byen, trur me ikkje at me skal angre.
I morgon føremiddag begynner me reisa med ei helg i Bekkjarvik og derifrå måndag til Flesland. Og eg tek ikkje med datamaskin, så du treng ikkje leite etter ny blogg på vel ei veke.
torsdag 22. april 2010
OSKEDRAMAET
Me har innnretta oss i ein sårbar vev av skjøre livstrådar, og dette er nok ei påminning om at historia ikkje er fastlagd ein gong for alle. Det kan skje svære omveltningar som me vanskeleg kan spå. Kven hadde trudd for eit par veker sidan at det største samanbrotet av europeisk samferdsel etter andre verdskrigen skulle oppstå så brått? Viss me ikkje kjem oss til Barcelona, skal eg gruble meir på dette, men dersom alt går vel, gløymer eg vel heile problemstillinga.
onsdag 21. april 2010
ETTER HESTEN
I dette diktet frå Guten og grenda (1945) skildrar Jakob Sande ein fjelltur sommars tid. "Mest kvar einaste morgon med' slåtten stod på (...)" laut han grytidleg til fjells etter øyken. Eg spør no kva slags jordbruk dei dreiv i klokkargarden i Dale når dei kunne sende hesten til fjells dagleg. Det kunne ikkje me ta oss tid til. Men mellom onnene fekk merra nokre dagars ferie og vart sleppt i marka. Då kunne ho vandre til fjells i lag med granneøykene og nyte fridom og fjelluft. Likså ofte gjekk dei i låglandet og var lette å treffe når me rusla gamle postvegen til skogs.
Eg måtte òg hente merra stundom, og eg har eit minne til at eg gjekk og kvidde meg på om eg greidde å finne det rette dyret. Merrane var no temmeleg like, tykte eg, det var annleis med papen som sikkert på ein blunk kunne ha plukka ut merra si blant alle merrar i heile Sunnfjord viss dei hadde vore samla.
Innanfor Vellegrinda stod ein øykeflokk og blés i nasane, og etter nøye gransking tok eg den merra eg trudde måtte vere vår. Eg la grima på og labba på heimveg med merra etter meg. Eg var ei aning spent; det skulle ta seg ut om eg kom heim med feil merr. Merra følgde med, men var slett ikkje så entusiastisk som øyken til Jakob Sande då han vart henta, spesielt då dei nærma seg heimetunet og hesten la på tråv.
Heldigvis var det rett merr eg kom heim med, eg nemnde sjølvsagt ikkje den nagande tvilen, og papen forstod aldri at eg kunne lure på noko så sjølvsagt.
tirsdag 20. april 2010
MERRAR PÅ MORGONTUR
Ein tidleg morgon tenkte gamlemerra at det hadde vore fint med litt mosjon på morgonkvisten. Difor smatt ho ut av grima ho var festa med, lirka opp stalldøra og kom seg på frifot. Men det å gå morgontur åleine er litt stussleg, tenkte ho. Så då tok ho vegen ned til Finn-stallen og hjelpte finnmerra ut. I roleg joggefart for dei i lag ned Gòta og ut på bryggja, der dampen var ventande inn grytidleg om morgonen.
Og då Audun Hustveit kom syklande ut for å ekspedere dampen, stod begge merrane på bryggjekanten og nikka, mens Atløy kom tutande og prustande til kaia med mjølsekker og dagens post i lasta.
mandag 19. april 2010
GAMLEMERRA
Men tilbake til gamlemerra. Eg trur det er eg som lyt skrive om henne. Papen er den som hadde kunna fylt ei bok om den kjære øyken sin. Mamma kunne ha supplert. Men dei er begge døde. Brørne mine burde ha kunna skrive side opp og side ned, men vil sikkert seie at dei hugsar så lite. Syster Liv hugsar knapt dyret og har aktverdige grunnar til det; ho var fem år då merra forlét oss. Forresten har eg skrive om merra i bloggar i fjor:
http://reidarfk.blogspot.com/2009/01/yker-i-valo-og-flekke.html
http://reidarfk.blogspot.com/2009/02/tobba.html
Gjennom heile barndommen til meg og brørne mine var merra eit fast inventar på garden. Ho vart fødd våren 1941 i Gara (grannetunet) og fekk namnet Bergfrid etter faren, som heitte noko slikt som Berg og var ein spenstig avlshingst. Eigentleg syntest eg ho var litt arrogant, ho såg surt på meg og stritta imot når eg skulle hente henne og spenne henne for høyvogna. Viss ho sprang fritt på beite, var det slett ikkje alltid ho ville late seg ta av andre enn eigarmannen, papen. Ein gong ville ikkje ho at papen skulle ta henne heller, heilt til ho steig på foten til bror Steinar, men då stod ho og planta foten hans fast i bakken. Som å stadfeste kven som eigentleg var sjefen.
Eg forstår henne godt. Å dra ei slåmaskin måtte vere ein einsformig, slitsam og keisam jobb. Og keisamt var det nok å dra ei harv, om ikkje fullt så tungt. Då var det litt meir spenning og variasjon å dra høyvogn eller vere i skogen og dra fram ved.
Ho hadde nok føl i yngre år, men dei hugsar eg knapt. Men i moden alder - eg snakkar om tmidten av femtitalet - vart ho atter sett i avl, og tre år på rad kom det tre føl i tur og orden, først to merraføl, deretter eit hesteføl. Og kva gjer ein hestekar som er vel så kry av ungane sine som av andrepremimerra og føla hennar? Føla vart kalla opp, først Arna, så Steina og til sist Reidar. Litt uvanlege øykenamn, spesielt dei kvinnelege. Men dei fungerte. Då tida var mogen og det var kjøparar å finne, vart dei veksla om til kontantar. Arna hamna i Tyskland, var det sagt. Kvar dei andre vart av, veit eg ikkje. Og no er dei nok forlengst sameina med mora si i Edens hestehage, der dei går og beitar fredeleg side om side, mettar seg på frisk og saftig hå og veiftar fly og fluger vekk med rova.
søndag 18. april 2010
DEN FRUKTBARE MÅNADEN
Det gjer også kvinnene, og ut kjem nusselege, små ungar. Det er i april me har flest fødslar her i landet. Trur eg nokså sikkert. Iallfall meinte eg at eg kunne prova det i 1967. Eg samla bursdagar i den sjuande sansen min, og han ligg her attmed dataskjermen. I april hadde eg 30 noteringar. I mars var det 15, i mai var det 18. I november var det nede i 11. Utanom april var det jamn spreiing på dei andre månadene.
Så for meg ser det ut som om menneskefødslane har ein viss samanheng med lemminga. Men berre ein viss. Av grunnar som eg ikkje kan forklare så godt, finn vi hos homo sapiens sapiens ei viss spreiing over heile året, men sauene er meir (men ikkje heilt) konsekvent vårbære. Spør Harald Eia om dette har biologiske eller miljømessige årsaker. Kanskje sauene òg hadde fått til ein større variasjon viss dei hadde utvikla ein kultur for det?
lørdag 17. april 2010
GRÅVERSDAG
torsdag 15. april 2010
KVA SKAL ME MED ISLAND?
Kva var det sunnfjordingen Ingolfr (i det dåverande Fjaler) tenkte på då han heiv høgsetestolpane i sjøen og slo seg ned der dei rak i land på denne ubygde øya i ei vik der det steig opp røyk or jorda? Berre for at han no kan stå i to utgåver på sokkel og skode ut på sjøen i Rivedal og Reykjavik?
For førtiseks år sidan var eg på veg til Amerika og mellomlanda seint på kvelden på ein liten flyplass ved Reykjavik. Me vart skyssa inn til byen, plasserte på ein kafé eller noko slikt, og fekk fortalt at me sikkert måtte vente ein liten time. Ei stund seinare kom det ny melding: Vent to timar til. Utpå natta kom det endå ei kunngjering: Ny forseinking, fire timar til. Først utpå morgonkvisten kom me på lufta. Men så fekk eg tid og høve til å rusle rundt i den nattstille byen i den grålyse sommarnatta, eg såg Ingolfr der han stod og myste utover, eg undra meg over dei klingande gatenamna, eg takka skjebnen for at eg fekk med meg litt av denne øya og denne byen. Eg burde vel ha uroa meg meir over korrespondansen vestover frå Kennedy-flyplassen i New York til Minneapolis, for flyet eg skulle ta vidare, var sjølvsagt uråd å nå for meg.
Så letta me, ja, men ikkje beint til havs; me fauk berre ein liten stubb og til Keflavik, der det og gjekk eit par timar før me endeleg tok kursen over Nordatlanteren. Men eg kom meg fram. Neste natt (tidleg morgon heime) kom Dave og plukka meg opp på flyplassen ved Minneapolis.
Og kva med heimferda seks veker seinare? Den turen gjekk utan komplikasjonar, og me sveva jamvel rett over Surtsey. Ei øy som hadde dukka opp or havet etter eit vulkanutbrot året før. Eg såg rett ned i eldmørja. Litt av eit land. Hadde ikkje islendingane skrive og teke vare på den gamle historia vår, er eg slett ikkje sikker på om Noreg hadde vore ein sjølvstendig nasjon i dag. Ære vere Island!
tirsdag 13. april 2010
FLYULUKKER
I eit album heime var det eit prospektkort av ei fjellside med eit innteikna kryss og ein lakonisk tekst nedst på kortet: Lihesten. Havørns skjebne. Her i nabokommunen vår styrta eit fly allereie i 1936, den første store flyulukka her i landet. Sju menneske omkom.
I ei anna nabobygd (Lavikdalen) låg det restar etter eit tysk kampfly som vart nedskote under krigen. Me var på skuletur opp dit då eg gjekk i småskulen og såg mellom anna det som var att av flyrestane. Det var spennande og nifst.
Endå nifsare var det då Anne og eg var nett heimkomne frå Mallorca før jul i 1972. (Nei, det var ikkje vanleg at me tok ut på langtur i den tida. Det var vår første utanlandstur i lag, og me kom oss ikkje til utlandet att før i 1980 med englandsbåten.) Då me kom heim, fekk ikkje flyet lande på Fornebu og vart omdirigert til Gardermoen på grunn av tett skodde. Der og då var me nokså irriterte fordi me ikkje rakk nattoget til Bergen. Men nokre få dagar etterpå, på veslejulafta, styrta eit fly like ved Fornebu og 40 passasjerar omkom. Så det var nok det beste å bli omdirigert.
Mens eg var i militæret og sat på vakt på opsrommet på Bodø flystasjon, tok eg plutseleg ein dag imot ei melding om at to jetjagarar hadde styrta i ein fjellvegg. Det vart eit oppstyr utan like, og ei tung stemning på oss. Flygarane omkom. Kjentfolk. Ein annan flygar, ein særs venleg og hyggjeleg kar som eg delte vakt med juledagane i 1970, styrta og miste livet eit par år seinare, såg eg i ei avis. Aller verst var å lese om ein annan flygar i Bodø, ein jovial kaptein som flaug "mjølkeruta" - ei fast militærrute med Twin-otter frå Bodø og nordover ein gong i veka. Alle visste at han supa litt undervegs, til dømes når han hadde pause i Tromsø, tok han seg gjerne eit par øl før han returnerte. Året etter at eg hadde dimma, styrta flyet i ein fjellvegg og sytten menneske omkom.
Ei gammal kjerring heime i Flekke reagerte skarpt på nyhendet om ei flyulukke der fleire kvinner miste livet. Det ho stussa mest på, var at vaksne kvinnfolk for og rak på den måten. "Kunne'kje dei ha halde seg i ro på ræva, fått fat i litt ull og sett seg ned og kara og spunne som andre kvinnfolk, så hadde dei sloppe ditta!" meinte ho.
Men snart skal Anne og eg ut på flytur til Barcelona. Det vil helst gå bra. Me elskar å reise med fly.
mandag 12. april 2010
FLESKEPRODUKSJON OG HAGEBRUK
Men det største arbeidet på denne solrike vårdagen har me lagt ned i hagen, med rydding og luking, grafsing og raking. Dei som ikkje skjønar kva slikt arbeid går ut på, får prøve å finne ei hageside på internett eller eit vekeblad og lese seg opp.
søndag 11. april 2010
GRILLING OG SUNDAGSARBEID
Denne helga gjorde våren eit skikkeleg gjennombrot med kaskadar med sol, fleire og fleire blømande påskeliljer og nye grøne spirer. Me burde ha satsa tungt på hagearbeid. Men først laut eg fikse grillen, så mesteparten av laurdagen gjekk til det arbeidet. Me har ein tønnegrill, og han ser ut som ei svart tønne som er kløyvd på midten og står på eit stativ med fire føter. Me lyfter opp øvre halvdelen og har grillkol og rist i underdelen. No var denne delen av tønna godt rusta på undersida og elles rundt omkring både her og der. Eg bukserte grillen ut or kjellaren og opp på plenen. Der vart boss og skit behørig fjerna, deretter gjekk eg laus med noko rustfjerningsmiddel som dukka opp i ei kjellarhylle. Så feste eg ein stålskrubb på drillen, og drill mot grill freste vekk laus rust. Til sist gjekk fekk tønna seg ein omgang med svart lakk på boks, kjøpt på Europris. Eg laut jamvel til Husnes og kjøpe ein ny lakkboks, og i same farten panta eg flasker, plukka med meg ei flaske vin til rekene me åt i går kveld, margarin, ei avis og sommarkotelettar til den nyoverhalte grillen i dag. No er han altså prøvekøyrd og står der framleis, svart som arvesynda, men blank som ein engel.
Sundagen har eg mellom anna brukt til to arbeid: Eg har fjerna ikkje så lite drit og mose frå stovetaket, og eg har skifta dekk på bilen. Spesielt dette første tok si tid, så eg har nytta sabbaten godt denne gongen.
Dei siste åra mamma levde, ringde eg nesten kvar sundagskveld og prata. Eit innslag som gjekk att i sundagssamtalane våre, var at eg greidde ut om kva eg hadde gjort den dagen, og mamma kommenterte det at eg dreiv med sundagsarbeid. Då forsvarte eg meg med at sjølvaste Jesus og den lurvete flokken hans gjekk og trakka i åkrane om sundagane og stal korn som dei åt. Og at han sa til farisearane: "Sabbaten vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for sabbaten skuld." (Mark. 2, 27.) "Jaja," sa mamma og skratta.
søndag 4. april 2010
PÅSKEDAG
Forresten er denne påskeferien til forveksling lik den i fjor, bortsett frå at me ikkje har pussa opp kjøkken. Du kan til dømes klikke her og sjekke!
God påske!
torsdag 25. mars 2010
PÅSKEFERIE
Så sist fredag hadde me eit svært opplegg i samfunnskunnskap som munna ut i at elevane etter ei samtale- og førebuingsøkt sat og skreiv i fem klokketimar om væpna konfliktar i denne vonde, urettferdige verda vår. Straffa eg fekk for denne botsøvinga var at eg sat att med nokre og tjue maskinskrivne avhandlingar, kvar på tre-fire tette sider i snitt. Men i dag fekk dei tilbake produkta, og eg tok ferie.
I morgon skal Anne og eg til Bekkjarvik og vere nokre dagar. Etter kvart dukkar dei to yngste sønene våre opp der og. Men så fer dei kvar til sitt, og Anne og eg fer heim og feirar sjølve påsken her. Viss ikkje noko heilt uventa skjer, og det gjer det heilt sikkert ikkje. Så då får blogglesarane mine (om dei finst) ha ei gild palmehelg!
tirsdag 23. mars 2010
TURKETID FØR OG NO
Fortel om dei vanskar og ulemper den lange turketida skapte denne vinteren.
Dei siste åra har det sett ut som det minkar med nedbøren. Gamle folk talar ofte om dei snørike vintrane i deira ungdom, og det er kanskje mykje sant i det. Mykje tyder på at vi er inne i eit nytt klimskifte. Dei siste par vintrane har det vore uvanleg lite snø, og den lange turketida siste vinteren skapte mange ulemper.
På grunn av for lite vasstilsig til kraftmagasina har elektrisitetsverka vore nøydde til å føre inn straumsparing, og mange stader utkopling. Vanlege folk har ikkje noko særleg vondt av å spare straum, men litt verre er det ved utkopling. Særleg for dei som berre har elektrisk oppvarming og koking. Men dei ymse verksemdene vert hardt råma av utkopling. Dei må innskrenke produksjonen, og oppseie arbeidarar. Dermed aukar arbeidsløysa, og både fabrikkeigarane, arbeidarane, stat og kommune taper pengar. Det same skjer der industrien er avhengig av stor vasstilførsle.
Vassmangelen var og stor mange stader i vinter. Vi kan ikkje greie oss utan vatn, som dagleg vert nytta til vasking og i klosett, og til matlaging. Og turken førde til vassrasjonering, som kanskje gjekk utover reinhaldet.
Når gatelysa vert sløkte, kan det hende ulukker på vegane. Især gamle folk som har vanskar med synet kan lett dette og slå seg.
I skogen skapte snømangelen og vanskar. Der vegane er dårlege, pla ein køyre tømmeret fram på snøføret. Og i vinter vart dette arbeidet mange stader seinka.
Og når så tømmeret skal fløytast ned til sagbruket eller fabrikken, må elvane helst vere store, noko dei ikkje vert når det har vore nedbørsmangel om vinteren.
Ellers sakna nok mange unge snøen i vinter, sjølv om dei ikkje direkte hadde vondt av det.
Kva skal ein gjere for å stå budd når ein turkeperiode set inn? Det er mange ubrukte kraftkjelder som godt kunne utbyggjast, så dersom det vart bygt fleire kraftverk ville vi sleppe utkopling. Verre er det med vassmangelen. Ein må då ha reservebasseng, som vert sett inn når hovudbassenget er tomt.
søndag 21. mars 2010
VÅRJAMDØGN
Eg var ute fleire småturar og småpusla i hagen. Her er litt av kvart å ta tak i: Visna planerestar, bær- og frukttre som skal kvistast, fjorgammalt lauv som skal ryddast og bed som skal reinskast og stellast. Og så alt det andre som eg ikkje kom på i farten.
Men eg er førti prosent pensjonist, så det må vel verte tid til litt utepusling. Det er greitt med slikt arbeid, det går an å ha tankane ein heilt annan stad mens ein ryddar og grev. Det er verre med det når eg står i klasserommet og er lærar. Eller når eg sit med prøvebunkane mine.
lørdag 20. mars 2010
FEIL APPELSINER
Litt seinare fortalde dei som ordna med gevinstane at Olav Helge Førde (bror til Einar) kom innom hybelen der dei sat og gjorde alt klart. Der sat styreleiar Vidar Keul og fleire med viskelêr og viska på appelsinene. "Men det er jo Outspan, for faen!" ropte Olav Helge og peikte. "Hald kjeft!" sa dei andre og viska godt vekk dei blå bokstavane på det gule skalet. Syndarane som hadde stått for innkjøpet, var skjemde, så klart, men fattige gymnasiastar og eit endå fattigare AUF-lag såg seg ikkje råd til å kaste appelsinene og kjøpe nye. Og nestleiaren i styret, som og hadde hovudansvaret for boikottaksjonen, koste seg lukkeleg uvitande med blodappelsiner frå Sør-Afrika.fredag 19. mars 2010
HEILDAGSPRØVE OG APPELSINER
Desse ungdommane, utruleg jamt kjønnsfordelte, elleve av kvar sort, har vore til litt irritasjon ut gjennom skuleåret, men no sit dei som lysande englar og tastar på peseane sine.
Er dei samfunnsinteresserte? Bryr dei seg om pollitikk, religion, krig og sånt? Det ymsar, kan eg love deg. Somme er høflege, følgjer med og seier det er greitt nok, litt kjekt. Andre seier rett ut at dei finst ikkje interesserte i politikk og likar faget nett så passeleg. Ein og annan seier ingen ting. Og nokre er brennande interesserte. Nett no ser det ut som om alle er brennande interesserte, men det er utanpå. Inni er dei ikkje like.
Og litt mimring. På Firda Gymnas var det fleire politiske ungdomslag, AUF, Unge Høgre, Unge Venstre og Senterungdommen. Mange lærarar og leiarar var skeptiske til at me skullle tulle med politikk, og me fekk ikkje bruke skulenamnet i namnet på laget. Nokre få av oss tulla likevel med politikk og sånn. Laget som eg hamna i, heitte Sandane arbeidarungdomslag; Sandane AUL, medlem i AUF. Innvikla? Nei då!
Førstkomande sundag er det nøyaktig femti år sidan Sharpeville-massakrane. Dei kvite styresmaktene i Sør-Afrika opna eld mot svarte demonstrantar og drap minst 69 av dei, deriblant åtte kvinner og ti born. Mange fleire vart såra. Den systematiske raseskiljepolitikken skulle trumfast igjennom, om nødvendig med rå makt.
Eg skjemst ikkje av at me i Sandane AUL drog i gang ein boikottaksjon mot handel med Sør-Afrika. Me møtte mange rare og nokre klart rasistiske motargument, men me fekk mange med oss og. Svein Lundevall var leiar i Unge Høgre og støtta aksjonen. Så fekk han resten av styret sitt imot seg!
Først og fremst var det appelsinmerket Outspan som skulle ut or butikkkhyllene. Hermetisert frukt var og aktuelt. Kjøpmenn som tilfeldigvis ikkje førte slike varer, var positive. Styraren på handelslaget selde Outspan-appelsiner og fnyste.
Tretti år etter Sharpeville slapp Nelson Mandela ut frå fangenskap. Tretti år etter at me forlet Firda, vart han president i Sør-Afrika.
mandag 15. mars 2010
FOTBALLFEBER
Sidan eg var innom kjønnsbalansen hin dagen, kan eg ta opp ein parallell tråd. Her i heimen er dei tradisjonelle og genstyrte rollene litt omsnudde når det gjeld fotball. Anne ser gjerne på allslags kampar, mens eg blir fortare lei av såvoren underhaldning. Den store NRK-guru Harald Eia kunne godt ha sagt noko om dette. Han vil nok ha det til at fotballinteresser følgjer y-kromosomet og mengda av testestoron i kroppen. Men eg føler meg lite kvinneleg, og Anne er slett ingen mannssjåvinist.
Nok om det, Anne er ein ekte Brann-patriot, slengjer ukvemsord mot dommaren og motspelarar som ikkje legg til rette for Brann-siger. Til no har ho ikkje late harmen over Brann-nederlag gå ut over fjernsynsapparatet.
Så var det mimringa. Heime i Flekke hadde Vårherre planert ut ei myrflate og gjort henne lite eigna til dyrkingsjord. Men til fotballbane var ho heilt grei. Så der samlast me gutane om kveldane, improviserte lagoppstillingar og sparka i veg. Sjølv vart eg ingen virtuos med ballen, men moro var det lell.
Ein gong skulle flekkekatane spele kamp mot dalingane. Eg var framleis så ung at eg ikkje kom med i betraktning for lagoppstillinga. Sant å seie hugsar eg litt for lite om det heile til å brette det ut for alt folket på nettet. Difor ber eg bror Steinar om hjelp i kommentarruta. Men me var svært optimistiske før kampen. Det vart dikta kampsong til tonen av Sugar Bush ved Doris Day , og dei to første og den siste linja trur eg eg hugsar: "Det er Flekkes dag i dag, heile Flekkes fotballdag (og så er det eit par linjer eg ikkje hugsar) ...me skal slå Dale ned i skiten!"
Ved kampstart skar det seg litt. Nokon fornærma keeperen vår så han gjekk gråtande heim. Og dalingane hadde forsterka laget sitt med eit par juniorspelarar. Reglane var dessverre så uklare at det ikkje let seg gjere å gripe inn mot det. Det kan hende eg lyg når eg trur det vart fem-femten til gjestene frå Dale. Men der ein stad enda det.
lørdag 13. mars 2010
KJØNNSBALANSEN
Så ser me at i visse miljø og i somme familiar er det slett ikkje eit slikt forhold. På Vellene i Flekke kom det til verda 11 brør og inga syster i tidsrommet 1909 til 1929. Så gale var det ikkje for Arne, bror min, som fekk fem jenter og ingen gut.
Rune fortalde om skuleinnskrivinga til Frida no i veka. Sidan Sigurd vart avbilda i går, får ho sleppe til i dag: Seks år på kongens bursdag og skulejente til hausten. Ho var av garde med foreldra og skreiv seg sjølv inn i ei tjukk bok. Men så var det dette med kjønnsbalansen: I det nyinnskrivne kullet var det 35 jenter og 21 gutar. Så her vert gutane kontrollerte og utkonkurrerte. I nabolaget hos Rune og dei er det og ei klar overvekt av jenter, opplyste han.
Ei sak til: I dei familiane me har hatt mest omgang med her i Kvinnherad, har eg talt opp seks døtrer og tjue søner. Kva er det med oss?
fredag 12. mars 2010
Å LÆRE Å LESE
mandag 8. mars 2010
EKLE SPØRSMÅL
Me vart ekspertar i skeiseresultat, me som voks opp i femti- og sekstiåra og aldri hadde sett ein stjerneløpar i aksjon. Radioen og ei litt forseinka måndagsavis var meir enn godt nok, attåt ivrige diskusjonar og heimelaga spørjekonkurransar. I somme heimar kom det fjernsyn allereie tidleg på sekstitalet. Slik var det ikkje heime hos oss. Men me visste nøyaktig kva Kupper'n meinte med "to indre og vekk me'n". Eg torer påstå at eg vart ein ekspert på temaet, men det var nok mange andre òg.
Fjernsynet serverte forresten allereie tidleg på sekstitalet ein spennande spørjeleik som heitte "Kvitt eller dobbelt" med Gunnar Haarberg. På Firda Gymnas tok eitt av elevlaga etter - mon tru om det var Stella? - og skipa ei lokal Kvitt eller dobbelt-tevling i festsalen ein sundagskveld eller to. Om det var pengepremiar eller andre trofé å vinne, hugsar eg ikkje.
Ein av dei som melde seg på, var Henning Rivedal. I skeiseløp. Nei, han skulle ikkje gå på skeiser i festsalen, han skulle svare på spørsmål. Sjølv var han ein allsidig idrettsgut som òg kunne gå på skeiser. Men no var det skeiseresultat frå høgare nivå det skulle lagast spørsmål om. Olav Helge Førde (bror til salige Einar) og eg vart spurde om å utforme spørsmåla. Me to vart fort einige om at Henning ikkje skulle sleppe billeg. Iallfall eitt av spørsmåla gjekk på kvinnelege skeiseløparar. Men kva visste Henning Rivedal om det? Stakkaren vart vippa ut temmeleg fort.
søndag 7. mars 2010
SKEISELØP I BERGEN
Og då Bergen fekk NM for 55 år sidan, møtte vestlendingane mannjamt opp på Krohnsminde i regnbygene og heia på Hjallis, Aas og Kupper'n. Det hjelpte ikkje Hjallis, han datt på ræva på 5000 meter'n og fekk ikkje gå mila dagen etter. Men då sundagen rann i 1955, rann også resten av isen vekk på Krohnsminde, så heile hurven, både skeiseløparar og tidtakarar, tok toget til Voss og fullførte meisterskapen der. Første NM til Kupper'n!
I år var det nesten ikkje tilskuarar på Slåtthaug stadion, endå Bøkko og soneson til han som vart norsk meister to år før krohnsmindestemna var blant toppfigurane.
Og så må eg få fortelje at eg og har gått på skeiser i år. På Lade i Trøndelag for ei veke sidan. Ulikt Hjallis i Bergen i 1955 datt eg ikkje. Men eg nøgde meg med fem minutt med lengdeløpsskeisene til Rune.
torsdag 4. mars 2010
TILBAKE TIL KVARDAGEN
Me var i Austevoll nokre dagar og kjempa mot snøplaga. Først skufla me vekk fleire kubikkmeter med snø så me fekk den kjære bilen vår inn til huset. Så opplevde me at neste morgon var det like mykje snø der, og me laut til att å spa og koste. Det same hende
Så kom me oss omsider heim att måndag kveld, og no er det allereie snart fredag
mandag 22. februar 2010
VINTERFERIE
Det har lava ned med snø sidan natt til i går, så i år kjem det til å likne på vinterferie. Men me tek ikkje med oss ski denne gongen, trass i rikeleg med snø. Så får me sjå kva me finn på å fordrive tida med. OL er ikkje over, jamvel om det har vore litt medaljetørke no eit par dagar. Men enno er det håp.
Ein god grunn til å reise til Austevoll i dag, er at feiaren der ute har tenkt å vitje oss i morgon. Så han har nok ikkje teke seg vinterferie enno.
søndag 21. februar 2010
HOPPRENN FØR OG NO
Det gjekk dårleg med hopparane våre i Vancouver. Heldigvis hadde dei noko å skulde på: Oppdrifta i bakken slo negativt ut for nordmennene. Jaja, fem norske gull til no i leikane er ikkje å gråte over. Og surpompen Petter kom eit godt stykke nede på lista igjen. Lukke på reisa!
Så var det mimringa mi. Fram til 21. februar 1960, altså for femti år sidan i dag, har eg ein del notat i den sjuande sansen min for det året. Nokre dagar før (den femtande februar) hadde eg hatt månadslov frå realskulen, og om den dagen skreiv eg:
Hadde månadslov! Stod opp, bygde hopp i Ekrehola. Etter middag var eg med pappa i marka og hogg ved. Så hoppa eg og køyrde slalåm.
Eg hugsar at eg bygde det hoppet. Det var ikkje første gongen me konstruerte hopp der. Me hadde funne oss ein fin bakke med høveleg knekk til eit hopp. Først var det eit rimeleg bratt ovarenn, så slakka det av, og der bygde me hoppet. Så kom det ein grei kul og eit høveleg bratt unnarenn før det flata ut ned mot elva. Og denne gongen, for femti år sidan, brukte eg halve månadslovsdagen på arbeidet med å konstruere hoppet. Eg tippar me hoppa ti-femten meter.
Men så. Dagen etter var eg ikkje sein om å kome meg i hoppbakken etter at eg kom frå skulen og hadde fått i meg middag. Og der sette eg utføre, men landa på ræva og slo meg såpass at eg laut innstille hoppinga for nokre dagar.
Eg hugsar arbeidet med å lage hoppet og det ikkje altfor alvorlege fallet. Men eg hugsar ikkje det som er skrive på dagen i dag for femti år sidan. Då og kom bursdagen til Harald, som då var berre kronprins, på ein sundag - nett som i dag. I boka står det:
Før middag ordna eg hoppet. Etter middag var eg opp til Jan og spela kort.
Eg tippar det var bondebridge, som me var hekta på ein periode.
Og kva er moralen? Tja ... Det er ikkje berre Anders Jakobsen som feilar iblant i hoppbakken. Kanskje han trøystar seg med kortspel i dag? Men han slepp å byggje og å vøle hoppa når det trengst, innbiller eg meg.
lørdag 20. februar 2010
JENTER MED FUTT
I femtiåra var det stort sett russiske jenter som dreiv med langrenn på toppnivå. Me tykte dei var merkelege og ukvinnelege, med store kroppar og latterlege, nesten obskøne namn: Sidoreva, Kusyreva og kva det no var. Me forstod ikkje heilt korleis me låg under for lurvete kjønnsrolletenking og mannsjåvinisme. Så kom hallingjenta Ingrid Wigernæs og rydda vekk fordommane, og snart kom alle jentutn i sporet: vakre, kjappe og humørfylte. No sankar dei medaljer så det klirrar!
fredag 19. februar 2010
PÅ SKITUR MED BØRSE
Men det som kanskje mest skal sitje fast på netthinna, var russaren Kruglov, som sleit børseselen og fauk som ein villmann opp bakkane med børsa i handa! Tankane gjekk til hendingar for nøyaktig sytti år sidan, då russarar i dei endelause kvite karelske skogane med ski og børse jakta på illsinte finnar. Og sidan det er ein historikar med sans for runde tal som skriv, skal eg leggje til at eg òg for av garde på skitur med børse for nokså nøyaktig førti år sidan. Fleire gonger. Eg gjekk rekruttskule i Stjørdalen, det var stabil vinter nesten alle dei ti vekene eg var der (januar til mars 1970), og me fekk røyne oss i dei stjørdalske skogane. På ski, med børse og sekk på ryggen. (Kruglov hadde ikkje sekk i går.) Me tok mellom anna skimerket; tre mil, om eg ikkje hugsar feil. Då skulle det vere ei viss vekt i sekken attåt børsa. Det var vanleg med sandposar for å få rett tyngd. Og somme meinte at dess høgare opp på ryggen du fekk sekken, dess betre. Ein av romkameratane mine, ein litt naiv gut frå Troms, prøvde å byggje opp for sekken med ein vedkubbe som han på ei eller anna vis feste på ryggen. Han ville så gjerne, så gjerne greie skimerket. Då han langt om lenge kom i mål, felte han tapre tårer av smerte, og ryggskinnet flassa etter gnikkinga av kubben. Då lista over merkevinnarane kom, sat han med blanke auge og venta på namnet sitt, som ikkje vart opplese.
Sjølv greidde eg merket og selde det (saman med marsjmerket) til ein kar som heller ikkje rakk opp, men som var meir glad i trofé enn eg, som var meir glad i pengar.
onsdag 17. februar 2010
MARIT SKRID I WHISTLER MOUNTAIN
Kuppern skrid i Squaw Valley
Eg har òg teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.
Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.
Og viss nokon vil sjå rundetidene til milløpet, har eg dei nedskrivne i skriveboka mi.
tirsdag 16. februar 2010
I MEDGANG OG MOTBAKKAR
I går kveld kom vidunderbarnet vårt, Petter Northug i mål som nummer 41 på den same distansen. Beste norske: 28. plass. Den dårlegaste norske skisprinten i noko OL.
mandag 15. februar 2010
SQUAW VALLEY OG VANCOUVER
OL vart halde i Kjerringedalen (Squaw Valley) i California. I god tid før det begynte, kjøpte eg meg ei tjukk skrivebok. No skulle eg få struktur på resultatføringa. Først og fremst var det viktig å få med seg skeiseresultata. Me hadde fått ny radio (sjå blogg frå 3. januar), og på ein eller annan mystisk måte kom det lyd heilt frå Amerika og inn i stova vår i Flekke. Og det kom fyldige reportasjar i Bergens Arbeiderblad.I den fine, nye skriveboka innleier eg kapitlet om OL med ei skikkeleg tittelside, som du ser. Før dette kapitlet har eg eit kort resyme om viktige resultat frå 1959, og dessutan om NM, EM og VM på skeiser i 1960. Og andre vitale opplysningar. Bak i boka er det ei oppsummering av sommarleikane i Roma, og så kjem det skeiseresultat frå 1961.
søndag 14. februar 2010
OLYMPISKE VINTERLEIKAR
torsdag 4. februar 2010
THAILAND
http://gunnares.blogspot.com/
Og du treng ikkje sjå etter noko nytt inlegg på sida mi før over helga, for i morgon forlet me heimen for nokre dagar og kjem att måndag. Men for alt eg veit, kjem Gunnar med kommentar til dette og!
Då hadde eg noko å skrive om i dag og! God helg!
onsdag 3. februar 2010
VÅR I SIKTE?
søndag 31. januar 2010
SNØMOKING OG VEGBYGGING
Nede i hustveittunet hadde dei fått tilkøyrt ein kjempediger sandhaug då dei skulle byggje nytt hus. Der heldt eg meg stundom i lag med sonen i huset, Knut David, eitt år yngre enn eg. Mens eg bygde vegar, køyrde han med bilane sine. Grei arbeidsdeling, eg likte best å byggje vegane, han likte best å bruke dei.
Men Knut'n vart ikkje yrkessjåfør, og eg vart ikkje vegingeniør.
lørdag 30. januar 2010
POPULÆRT SAMTALEEMNE
Før me for heim og feira laurdag, var me innom Valen matsenter. Eg ville gjerne ha Dagbladet, for i laurdagsmagasinet er det eit skikkeleg kjekt kryssord som eg plar kose meg med i helgene. Der trefte eg Astrid og Jon-Inge, som eg har kjent godt i ein mannsalder minst, men som eg ikkje treffer så ofte lenger. No har dei fylt sekstito begge. Samtalen kom raskt inn på det populære emnet pensjonering: "Er du i full jobb enno, eller ...? Og så snakka me om stoda, utveksla røynsler og skisserte framtidsplanar.
På skulen går det nesten ikkje ein dag (dei dagane eg er der) utan at nokon spør om kor lenge eg skal halde på, eller ber om råd når det gjeld pensjonering. Jaja. Noko skal ein snakke om. Sjølv kan eg ikkje hugse at eg snakka noko særleg om emnet før eg brått hadde kasta meg ut i AFP-livet.
søndag 24. januar 2010
HEIM MED BOKREOL
Takka vere god og sløydopplæring i Fjaler kom eg heim med sjølvsnikra bokhylle utpå vinteren i 1959. Eg trur mamma og papen tykte ho var bra og, så ho fekk plass i stova og vart kalla bokreol. Det var fortent, det var ei stor hylle. Det trekvite møbelet med mosegrøne kantar stod nok ikkje heilt i stil med dei tunge, mørke eiketremøblane som mamma og eg kjøpte i by'n då eg var seks år. Men ho kom til nytte, og der stod ho i mange, mange år etter at eg hadde flytt or heimen og fått andre bokhyller. Til dømes stod ho der då me laga til konfirmasjon for syster Liv i mai 1971. Her er konfirmanten, Anne og vesle Rune i gang med å brette serviettar, trygt plasserte framfor bokreolen.lørdag 23. januar 2010
I BADSTOVA
Før me gjekk heimanfrå, sette me badstoveomnen på, og etter turen sette me oss inn der og sveitta ei stund før me tok kvelden. Det gjorde inderleg godt både for kropp og sjel, både spaseringa og økta i badstova.
Me har skam å seie ikkje brukt den fine badstova vår på aldri så lang tid. Anne rekna ut at sist ho var brukt, var i påskehelga, og då var det Tore som tok seg eit bad. Då ho var ny, gjekk me der fleire gonger i veka. Det var rett etter påske i 1988. Eg snikra og stod på nede i kjellaren den våren, laga matbu og ei bu til, og så badstova. Eg hugsar eg heldt på med finishen i påskehelga. Og nokre dagar etter påske var omnen og alt på plass og rommet teke i bruk. Samtidig gjorde me oss fortente til ein omgang i badstova med hyppige trimøkter, joggeturar eller skogsvandring. Me vart så spreke at ... Men etter som åra gjekk, vart det sjeldnare og sjeldnare med joggeturar, ja, fjellturane vart det og mindre av. Og endå sjeldnare med badstovebad.
Om det vert ein ny vår med trimming og badstove? Eg lovar ingen ting!
torsdag 21. januar 2010
EIGA BOKHYLLE
Viss du las førre blogg, veit du at bokhaugen min voks. I tillegg til bokpakkar frå Norsk Barneblad kom det stundom ei bok som jule- eller bursdagsgåve. Så hadde eg ein onkel i by'n med ei pen samling, og eg tillet meg å tigge ei og anna bok frå samlinga hans.Sløyd var det faget som hadde desidert høgast status blant gutane på skulen. Mens me gutane var i kjellaren og snikra, hadde jentene syskule - eller kalla dei det handarbeid? Kanskje det faget hadde like høg status blant jentene? Sjølv var eg ein middels god snikrar og hevda meg nok meir i andre fag. Men i sjuande klasse sette eg mykje inn på å sikre Mykje godt og få meg ei skikkeleg bokhylle. For ordens skuld, og for moderne lesarar: Her var det ikkje snakk om å skjere til ei hobbyplate, her var det å skjere opp uhøvla fjøler, høvle dei til og lime i hop. Og trettenåringen, som aldri har kunna teikne, rissa opp sånn sirka korleis han ville at hylla skulle sjå ut. Lærar Wang redigerte og finteikna, godkjende prosjektet og gav gode råd og vink. Og eg høvla og høvla.
Det er få sjølvgjorde produkt eg er meir fornøgd med enn bokhylla, som framleis er i full bruk heime hos yngste sonen, Tore.
onsdag 20. januar 2010
PENGAR OG BØKER
Det kom ikkje berre blod og sveitte ut av vedsaginga på Flekke skule. Når årsoppgjeret kom, sat eg der med ein formue på hundre kroner. Papen overrekte den raude pengesetelen og nemnde i forbifarten at det var han som laut skatte av han. Eg nytta pengane på beste vis: Kandissukker og bøker. Mest det siste, vågar eg å tru. Og litevetta hamna nok på ei raud postsparebankbok. Inger Hustveit limte sirleg inn inskotsmerke, skreiv tekst, signerte og stempla.
Men ein bra slump gjekk til boktinging frå Norsk Barneblads forlag. Eg fylte ut postgiroblankett, skreiv opp kva bøker eg ville ha, gjekk i posten, betalte og gjekk heim og venta. Viss eg tinga for minst førti kroner, fekk eg 25 % rabatt og bøkene portofritt tilsende.
Det var nesten julehøgtid den dagen pakken kom, bøkene utpakka og klare til å slukast. Dei handla om alt mogeleg, frå ville ferder i Sibir, maktkamp i svensk seinmellomalder, ungar i norske skogsbygder og fiskevær, riddarar og røvarar i England og rampungar ved Mississippi. Somme av bøkene las eg om att og om att, og dei vandra på utlån hos andre gutlarvar i Flekke. Det kom mykje varme ut av vedsaginga.
mandag 18. januar 2010
UVØRDEN VEDSAGING
For tre år sidan bles det ned to digre bjørker like attmed tomta vår i Bekkjarvik. Grunneigaren har gjeve oss fullmakt til å nytte alt slikt der oppe ved eigedommen vår, og bjørkene kunne ikkje liggje slik og sprikje. Det vart eit ryse arbeid både i vinterferien og i påska det året med å få alt oppkappa, bore på plass, oppkløyvd og i lad. Kaminomnen der i huset tek berre småved, ikkje store kubbar slik som vår omn heime. Det vart eit svært lad, som seinare om hausten kom i kjellaren. Og etter at svigermor forlét heimen, har det minka krafig på fyringa. Og der ligg veden. Det er godt å vite når me er der no vinterstid at ved har me plenty av.
På Flekke skule i gamle dagar var eg som før nemnt tilsett som fyrbøtar. Og som sagt: Eg kunne verte skikkeleg lei av all vedsaginga som følgde med. Spesielt dei vekene me hadde sløyd på skulen. Då heldt me til i kjellaren, og der var det ikkje elektriske omnar, og kjellaren var stor å varme opp. Rett nok heldt me oss i gang med kroppsarbeid: høvling, saging og pussing med meir.
torsdag 14. januar 2010
SOL OVER TOFTEÅSEN
(Ps: Viss du ser på dateringa på biletet nede til venstre, står det 2006. Det er feil, kameraet var feil innstilt. Skulle vere 2009.)
onsdag 13. januar 2010
KULDEN GJEV SEG IKKJE
Då eg klatra opp i femte klasse (eller femte skuleåret, skulle eg seie,) arva eg jobben som fyrbøtar på Flekke skule. Brørne mine hadde hatt jobben før, men no var Steinar begynt på realskulen. Forresten var både jobben og løna mindre dette året. Dei hadde skrudd opp elektriske omnar, så dei fleste dagane slapp eg fyre. Men høgste vinter heldt ikkje omnane standarden som lærar Sigurd Årøy hadde sett. Var det for kaldt, skulle eg fyre i omnen. Han definerte ein minimumstemperatur som me kunne lese av på termometeret oppe ved tavla. Var det atten grader, tru? Seksten? Hugsar ikkje sikkert. Men det eg hugsar, var at han begynte dagen med å sjekke gradestokken, og låg søyla under det definerte minimum, bles han i hendene, og eg fekk tilsnakk viss det ikkje var fyr i omnen.
Frå min synsstand var dette eit heft. Med til jobben høyrde sjølvsagt vedsaging, og det tok tid og krefter. Og ved skulle berast inn or skytja ved enden på skuleplassen, og så kom putlet med å få fyr i omnen. Det var mange andre gjeremål eg sette meir pris på om morgonen før me skulle begynne med bibelsoga. Så viss eg såg at gradestokken låg rett under den fastsette grensa, lurte eg meg til blåse litt på han nett då Årøyen kom i gangen. Dermed steig søyla litt, Årøyen godtok varmenivået og slapp å blåse i nevane. Ikkje hugsar eg at me sat og fraus heller.
tirsdag 12. januar 2010
MEIR OM DETTE VATNET
Som alle veit, var det mykje meir vinter i gamle dagar når me ser vekk frå denne vinteren. Slik også i Flekke. På ein ungdomslagsfest midt under ein kuldebolk vinterstid hadde Asbjørn og Kåre i Vellereina og Olemann Hellebust ein sketsj, som vanleg. Asbjørn var kjerring og klaga seg for kallen - Olemann - om at vatnet var frose. Om Olemann kunne ordne med det. Etter passeleg med om og men hadde Olemann henta Kåre, som var røyrleggjar. Han kom med utstyr og bad om å få tilvist åstaden for uhellet. Då kom Asbjørn med nattpotta og viste han. Vatnet i potta var frose. Teppefall og applaus.
mandag 11. januar 2010
DETTE VATNET, DENNE FROSTEN ...
Ute i Bekkjarvik står det eit blått hus som Anne og borna våre eig. Huset er bygt på slutten av femtitalet, uisolert og med enkle vindauge. Sist me var der nokre veker før jul, sette me på ei aning med varme i inste stova, kjøkkenet og på det vesle badet nede. På badet oppe er det ein liten lekkasje i sisterna, så det piplar jamt og trutt. Men sidan det vart ein lang og seig vinter i år, tok angsten oss meir og meir, så torsdag ettermiddag drog me ut, gram i hu og med bange aningar. Men takk og lov! Det kom villig vatn ut or alle kranar utanom vasken og badekaret oppe på det største badet. I dassen pipla det som før. Humøret steig kraftig, og no var hovudproblemet å få såpass varme i huset at det var til å halde ut. Det vart koselegare og koselegare utetter kvelden, og omsider kom vatnet att i kranane på badet og.
Før me drog heim i går, sette me på meir varme: ein varmeomn i kjellaren og varme på øvre bad. No trur me nok me slepp engste oss til neste gong, så no kjem det nok skikkeleg mildvêr. Og straumrekninga skal nok auke, det same gjeld elektrisitetskonsumet i landet. Men det som for alvor fekk opp hustemperaturen i helga, var fornybar energi frå sjølvhoggen ved.
søndag 3. januar 2010
IT'S NOW OR NEVER
Men kvar har bloggskrivaren tenkt seg av i dag då, med ein slik tittel? Jau, det handlar om ei femtiårig 7. sans-dagbok, ein skrøpeleg, gammal radio, ein umåteleg populær radiostasjon og ei umåteleg stor rockestjerne. Og ein femtenåring.
Dagboka eksisterer, men har ikkje mykje tekst anna enn dei første dagane i det nye året 1960. Og så er her eit par lister ved slutten av året og starten på det nye året 1961. I heimen til eigarmannen til den sjuande sansen var det kjøpt ny, god radio med FM-band, så no slapp me å leite opp Vigra på mellombylgja når det var skeiselaup eller nyheiter. Den gamle radioen baud på meir skraping og ulyd enn på genuin radiolyd. Men eg fekk på eit vis liv i han og flytte han opp på rommet og bortåt senga. Eg vreid søkjaren heilt ned til høgre og fann stasjonen.
Ute i den vide verda, nærmare bestemt Luxembourg, hadde engelskmennene stasjonert ein radiosendar som spydde ut popmusikk til alle tider på døgnet. Det var ikkje berre i vårt land det var kringkastingsmonopol, men for kreative engelskmenn var dette ei ikkje-sak. Dei laga programma i London og sende dei til vêrs i det vesle, men liberale landet som låg inneklemt mellom Belgia, Frankrike og Tyskland. Og kvar sundags natt, om eg hugsar rett var det frå midnatt til klokka eitt, kom Top Twenty, poplista med dei tjue mest populære låtane den veka.
No skulle denne rapporten ha kome om eit år for å markere femtiårsjubileum, men eg greier ikkje å dy meg så lenge. Juledag 1960 og første nyårsdag 1961 gjekk Elvis Presley til topps med "It's now or never". Elvis var nett komen heim frå militærteneste i Tyskland, og der i landet hadde han mellom anna høyrt den italienske songen "O sole mio". Dermed fekk han laga engelsk tekst (som ikkje liknar det minste på originalteksten) til tonen og song så det ljoma. Han hadde og plukka med seg ei tysk folkevise og song ei blanding av engelsk og eit slags tysk: "Muss i denn, muss i denn zum Stetele hinaus..."
Og der i senga, med den gamle radioen som kjelde, førte eg listene over Top Twenty siste sundagen i 1960 og dei to første sundagane i 1961. Her er dei ti beste den nyårsdagen:
1: It's now or never (Elvis), 2: Save the last dance for me (The Drifters), 3: Poetry in Motion (J. Tillotson), 4: I love you (Cliff Richard), 4: Lonely Pup (Adam Faith), 6: Little Donkey (Nina og Fredrik), 7: Strawberry Fair (Anthony Newly), 8: Goodness Gracious (Sophia Loren og Peter Sellers), 9: Man of Mystery (The Shadows), 10: Rocking Goose (Johnny and the Hurrycanes).
fredag 1. januar 2010
NYTT ÅR
Det vart eit nytt år denne gongen og. I går kveld sat me heime, Anne og eg, til klokka var nesten tolv. Me gjekk ut og ned på berget og såg på fyrverkeri, ønskte gode grannar nytt år og sette oss inn til Beate og Jon ei stund. Der var fleire andre kjenningar samla. Me sat ikkje lenge før me rusla heim til oss sjølve og sette oss til å sjå resten av ein dansk film som gjekk på ein eller annan kanal. Så det vart seint nok før me tok natta.
Dagen i dag har vore lat og svært lik mange andre nyårsdagar: Sein, god frukost, nyttårskonsert frå Wien, hopprenn i Partenkirchen, kokt kald laks med agurksalat og rømme + pluss plommedessert (desserten er ikkje bomfast tradisjon), middagskvild, kaffi og julekaker og talen til statsministeren. Som venta snakka han om sysselsetjing og sjukelønsordninga. Og sidan me har litt rikeleg med mjølk som har gått ut på dato, har eg kokt kakao til kvelds.
I dag har eg hatt litt gangsperr etter ein god skitur i lag med Tore i går. Me burde sjølvsagt ha kome oss ut i dag og, men vips! Så var det kveld og i seinaste laget. Ikkje for det, fullmånen glitrar flott i kveld. I natt lurte han seg bak eit tynt slør av skyer så me såg han nesten ikkje. kanskje for at fyrverkeriet skulle få kome meir til sin rett.
Godt nytt år!




