Det er ikkje noko nytt at regnet siler ned her me bur. Stundom
kjem det i ofselege fossar, så kan det drople smått og trutt ei stund, og så
hender det at det er opplett nokre minutt. No i haust har det stått på og lagt
grunnlag for sympatiske straumprisar utetter vinteren, noko som forresten
Kvinnherad kommune og sjukeheimen på Varaldsøy lir vondt under. Kommunekassa nyt
som kjent godt av vassløyse, kamp om kilowatta og skyhøge prisar.
Bak på Bergens
Tidende i dag kan me sjå at det har kome 418,4 millimeter
nedbør siste tretti døgn. Lat oss gå ut frå at det har regna like friskt her
heime, noko eg kjenner meg trygg på. Det vil då seie at regnvatnet i september ville
ha stått nesten ein halv meter over bakken dersom det ikkje hadde runne vekk
etter kvart. Det hadde rokke meg nesten til knea. No slepp me den slags. Det
tydelegaste resultatet av nedbørsmengdene er at eg lyt ause båten både tidt,
ofte og mykje.
Så har kalkulatoren
og eg i fellesskap gjort nokre utrekningar: På kvar kvadratmeter har det då
regna 418,4 liter .
Lat oss seie at hustaket vårt dekkjer ei flate på om lag 100 kvadratmeter . Huset har ikkje fullt så stor grunnflate, men
gløym ikkje takutstikkarane. Då har taket teke imot 100 x 418,4 liter , altså 41 840 liter . Desse
vassmengdene har for det meste vorte slukte av dei stakkars takrennene våre,
som altså har svelgt unna over førti tonn vatn og leidd ned i grunnen, og som
truleg deretter har sleppt mesteparten ut i Høylandsundet.
No kunne me kanskje
i teorien ha samla opp alt septemberregnet som me vart velsigna med over
eigedommen vår på knappe sju hundre kvadratmeter. Då hadde me hatt – og no
rundar eg av – 40 000
liter gonger 7 = 280 000 liter .
Eller 280 tonn vatn denne månaden. Viss me hadde hatt 28 titonns tankbilar,
kunne me ha gøymt dette vatnet på lager ei stund framover. Eller grave oss ein
brønn, ti meter brei, ti meter lang og 2,8 meter djup.
Men vatn er ei ryr
vare. Me har vassmålar nede i kjellaren, og han viser at me brukar rundt rekna
150 kubikk på eit år. Det vert 411 liter i døgnet i gjennomsnitt. Då er me
tilbake på den regnmengda som har dropla ned på kvar einaste kvadratmeter i
Bergen – og sikkert i Valo – i september. Og det vatnet eg fantaserte om å ha i
den digre brønnen, ville ha rokke til oss her i huset i knappe to år.
No har eg
ikkje rekna med det regnet som kjem i dei andre månadene i året. Det får vere
måte på statistikkføring. Kalkulatoren går seg varm av den slags.