torsdag 20. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 3: NYESLOTTET TIL PAVEN

                           Restane av nyeslottet til paven frå 1300-talet.

I folkeskuletida mi i Flekke tok læraren vår tak i hjartesaka si og skipa eit barnefråhaldslag. Me samlast i skulehuset enkelte sundagar, høyrde på læraren som forkynte alkoholens forbanningar, og så hadde me nokre leikar og kosa oss i lag. Han var ikkje glad i Frankrike. "Tenkje seg til," tordna han, "dei tvingar oss til å kjøpe vin i byte mot den fine fisken me sel dei!" Og for å skildre kor gale det stod til der nede, la han til: "Hadde franskmennene produsert mat på all den jorda dei brukar til vindyrking, kunne dei ha brødfødd heile Europa!"
   Eg deler langt på veg den skepsisen han hadde til alkoholmisbruk, men dette med matproduksjon på vinmarkene er eg i tvil om. Mange av dei beste vinhagane er bratte skråningar der ein skurdtreskjar aldri kunne ha utført jobben sin. Og så ser me at vinrankar ofte er  planta på steingrunn - bokstaveleg talt. Dei greier seg godt i urder og gamle elveleie der eit steinlag ligg i overflata og samlar varme, så druene modnast snøggare og betre. Her hadde ikkje kornet hatt mykje til vokstervilkår, mens vinstokken sender røtene sine fleire meter ned i grunnen og finn væte om enn sommaren er gloheit og turr.
Her er me altså like ved nyeslottet til paven og saumfer druerankane, tjuvsmakar på frukta og nyt utsikta. Gradestokken nede i byen viste godt over tretti grader den 7. september. No må eg forklare litt: Châteauneuf-du-Pape er mest kjend for ein særs utsøkt vin. Ikkje minst flaskene er vene, med litt ekstra utsmykking, om du ser etter neste gong du smit innpå polet og spanderer på deg ei slik. Så er det namnet på ein liten landsby med vel to tusen innbyggjarar. Og oppe på ein kolle i landsbyen finn me altså restane av nyeslottet til paven - Châteauneuf-du-Pape.
   På trettenhundretalet fann paven ut at Roma var for utriveleg, så han ville heller bu i Avignon, ved elva Rhône i dagens Frankrike. Oppe i åsane dyrka dei ein utsøkt vin som han la sin elsk på. Han drog vekslar på sin formue og sin autoritet for å stimulere utviklinga av denne geskjeften. Og så bygde han eit sommarpalass der oppe - Châteauneuf-du-Pape. Eg fattar ikkje kva mon han såg i å bu her oppe sommarstid, han som hadde slik ein nydeleg heim nede ved elva i Avignon nokre få mil lenger sør. Der kunne han gå rett ut stovedøra og lauge i elva om han ville. Her oppe hadde han utsikt, men langt til badestranda. Ikkje rart at pavane seinare i hundreåret gav opp heile prosjektet, flytte derifrå og lèt nyeslottet forfalle.
   Men vinbøndene gløymde ikkje kunsten å dyrke og produsere ein av dei mest omtykte vinane i heile verda.




3 kommentarer:

  1. Eit framifrå innlegg, sjølv om eg lurer på sanninga i setninga " Eg deler langt på veg den skepsisen han hadde til alkoholmisbruk,"
    Her i Italia ser vi iallfall ikkje på den nytinga druene velsignar oss med, som alkoholmisbruk.

    SvarSlett
  2. Det handla om fulle fedrar som dengde kjerrring og ungar og drakk seg frå hus og heim.

    SvarSlett
  3. Oi sånne ja. Dei drakk nok ikkje fransk raudvin berre...

    SvarSlett